FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)
Artikkel | Sist oppdatert: 25.02.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Han skal sikre respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.
CRPD står for "Convention on the Rights of Persons with Disabilities". Konvensjonen vart vedtatt av FNs generalforsamling i 2006 og tredde i kraft i 2008.
Noreg ratifiserte FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne i 2013. Frå 1. januar 2026 er CRPD inkorporert i menneskerettslova. Konvensjonen gjeld dermed som norsk lov og skal ved motstrid gå framfor anna lovgiving, jf. menneskerettslova §§ 2 og 3.
Gjennomføringa blir overvaka av CRPD-komiteen. Statane rapporterer jamleg til komiteen. Noregs fyrste rapport om implementeringa av konvensjonen blei sendt til FN-komiteen som overvaker konvensjonen i 2015.
Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) har fått i oppgåve å overvake den nasjonale gjennomføringa av konvensjonen. LDO laga ein eigen rapport til den første norske rapporten. Sivil sektor har òg laga ein alternativ rapport. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) koordinerte dette arbeidet med støtte frå departementet. Sjå også den alternative rapporten fra sivilt samfunn til FN-komiteen (2019) (.pdf)
FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne fastslår at landa som har ratifisert eller signert konvensjonen skal møtast jamleg på såkalla statspartsmøte. Her skal ein ta opp og diskutere aktuelle tema som handsamar implementeringa av konvensjonen og generelle problemstillingar knytte til rettane for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir ikkje fatta vedtak. Statspartsmøtet vel representantar til komiteen som overvakar landa si gjennomføring av konvensjonen. Statspartsmøtet har blitt ein sentral felles møtestad for styresmakter, FN-organisasjonar og sivil sektor på feltet.
Andre aktuelle dokument
- Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) - Se vedlegg 12. Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (norsk oversettelse) - Lovdata.no
- Her finn du konvensjonen på teiknspråk
- Her kan du laste ned samisk versjon av FN-konvensjonen (.pdf)
- Her kan du laste ned samisk EPUB-versjon av FN-konvensjonen
- CRPD-utvalets rapport: Konvensjonen om funksjonshemmedes rettigheter. Inkorporering i menneskerettsloven Del I og II.
- Her kan du laste ned norsk versjon av Noregs fyrste rapport frå 2015 (.pdf)
- Anbefalingane frå FN-komiteen 7. mai 2019 med ansvarleg departement angjeve (norsk versjon) (.pdf)
- Anbefalingane frå FN-komiteen engelsk versjon (CRPD) 7. mai 2019 (.pdf)
- Les meir på FN-sambandets nettsider
- Les meir på FN si nettside