Om offentleglova

Føremålet med offentleglova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.

Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.

Offentleglova gjev alle rett til innsyn i saksdokument, journalar og liknande register for alle organ som er omfatta av lova. Lova gjeld for alle statlege organ, kommunane og fylkeskommunane.

I utgangspunktet gjeld lova òg for alle sjølvstendige rettssubjekt (selskap, stiftingar osv.) som er kontrollerte av statlege organ, kommunar eller fylkeskommunar. Slik kontroll kan skje gjennom eigarskap eller rett til å velja eit fleirtal av styremedlemane i rettssubjektet. Her finst det ein del unntak, mellom anna for rettssubjekt som i hovudsak driv næringsverksemd i konkurranse med private.

I tillegg til hovudreglane om innsynsrett og kven lova gjeld for, inneheld lova reglar om unntak frå innsyn. Den klare hovudregelen er at det skal gjevast innsyn, og unntak krev heimel i lov eller i medhald av lov. Elles inneheld lova reglar om handsaminga av innsynskrav og om høvet til å klage på avgjerder i innsynssaker. Ein del utfyllande reglar, mellom anna enkelte unntaksreglar, finst dessutan i offentlegforskrifta.

Sidan offentleglova og offentlegforskrifta tok til å gjelde 1. januar 2009, har hovudregelen vore at spørsmålet om innsyn i dokument skal vurderast ut frå reglane i den nye lova, utan omsyn til kor gamalt dokumentet er. Det kan unntaksvis vera fastsett andre reglar om dette.

Rettleiar

Justisdepartementet har utarbeidd ein rettleiar til lova.

Last ned rettleiaren i pdf-format her.
Opne rettleiar i pdf-format

Den største delen av rettleiaren omhandlar unntaksføresegnene i lova, sidan desse reglane utgjer det området som skapar dei fleste problemstillingane i praksis. Elles er alle reglane i lova omtala. Rettleiaren omhandlar òg reglane i offentlegforskrifta.

Det er òg utarbeidd eit tillegg til rettleiaren. Dette omhandlar to unntak – for lønsoppgåver og for fødselsnummer og tilsvarande nummer – som kom til i 2011.

Tillegg til rettleiar

Kursopplegg frå Lovavdelinga

Under følgjer nokre eksempel på kursopplegg Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har brukt under kurs i offentleglova.

Kursopplegg for heil dag:

Halvdags kursopplegg, særleg tilpassa statlege organ:

Øvrige dokument

Dokument frå forarbeid til og vedtak av offentleglova.

 

Til toppen