Tillegg til rettlaiar om offentleglova

Unntak for lønsoppgåver og for fødselsnummer og tilsvarande nummer.

Ved lov 16. desember 2011 nr. 62 vart det lagt til to nye unntak i offentleglova. Førearbeida til denne lova er Prop. 125 L (2010-2011) og Innst. 66 L (2011-2012).

Unntak for lønsoppgåver

Overskrifta på offentleglova § 25 vart endra, og det vart føydd til eit nytt unntak i § 25 fjerde ledd. Etter fyrste punktum her kan det gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna løn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Dette utgjer det ein gjerne omtalar som lønsslippar. Unntaket omfattar oppgåver som det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-15 femte ledd at arbeidstakarar skal ha ved lønsutbetalingar, og i tillegg oppgåver over utrekna løn, trekk osv. gjennom eit kalenderår eller ein annan periode. Unntaket gjeld oppgåver over utbetaling frå organ som er omfatta av offentleglova, men òg oppgåver som gjeld utbetaling frå andre aktørar er omfatta av unntaket.

Andre punktum slår fast at unntaket i fyrste punktum ikkje omfattar opplysningar om bruttoutbetalingar. Dette gjeld for det fyrste utbetaling av alle typar løn, og vidare andre godtgjeringar som møtegodtgjering og reisegodtgjering og gode som fri bil, fri telefon og liknande. Det har ikkje noko å seie her korleis løna eller godtgjeringa er fastsett eller kva for aktør som står for utbetalinga. Opplysningar om løn eller godtgjering frå private aktørar kan derimot vere omfatta av teieplikt, jf. punkt 6.2.3.1 om teieplikt. Bakgrunnen for denne skilnaden er at slike utbetalingar frå organ som er omfatta av offentleglova, handlar om direkte overføringar av offentlege middel, og det er viktig at det er høve til innsyn i slike disponeringar.

Tredje punktum seier at innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan gjevast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument. Den som krev innsyn i lønsinfor­ma­sjon har såleis ikkje krav på å få utlevert ein versjon av sjølve lønsoppgåva, men må godta å få utlevert ei oppstilling av dei utbetalingane innsynskravet gjeld i eit anna dokument. Bakgrunnen for dette er at lønsoppgåver typisk vil innehalde både opplys­ningar som er omfatta av teieplikt, opplysningar det kan gjerast unntak for på anna grunnlag, og opplysningar som det kan vere uklart om er omfatta av teieplikt eller ikkje. Ved å gje opplysningar om bruttoutbetalingar i ei eiga oppstilling, kan organet unngå å måtte ta stilling til vanskelege vurderingar om teieplikt.

Det vil vere plikt til å vurdere meirinnsyn etter § 11 på vanleg måte når det blir kravd innsyn i lønsoppgåver, men føremåla bak unntaket tilseier at dette normalt vil vere lite aktuelt. Eit organ står likevel fritt til å gje meirinnsyn i opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt.

Unntak for fødselsnummer og tilsvarande nummer

Ved lov 16. desember 2011 nr. 62 vart òg overskrifta på § 26 endra, og det vart føydd til eit nytt unntak i § 26 femte ledd. Etter dette kan det gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon. Unntaket gjeld i alle tilfelle der heile fødselsnummer går fram av eit dokument. I tillegg omfattar unntaket tilfella der personnummer, som er dei fem siste sifra i norske fødselsnummer, går fram utan at fødselsdatoen er med. Dokumentet elles er ikkje omfatta av unntaket, og unntaket gjeld heller ikkje tilfelle der ein fødselsdato går fram utan at resten av fødselsnummeret er med. Utanlandske fødselsnummer er derimot omfatta av unntaket.

Nummer med tilsvarande funksjon vil vere identifikasjonsnummer som fungerer tilsvarande som fødselsnummer. Dette omfattar til dømes D-nummer, DUF-nummer og tilsvarande utanlandske nummer. Organisasjonsnummer og liknande nummer som gjeld føretak og næringsdrivande, er ikkje omfatta av unntaket.

Plikta til å vurdere meirinnsyn etter § 11 gjeld på vanleg måte, men omsyna bak unntaket, som faren for identitetstjuveri og annan misbruk av fødselsnummer, tilseier at det ofte ikkje vil vere aktuelt med meirinnsyn her.