Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021

Nettside for strømming av dag 1 på nettverkssamlingen den 1. desember, og presentasjoner i etterkant.

Nett-tv Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021

Se sendingen her

Se sendingen her

Nettverkssamlinga blir arrangert på Hotel Bristol i Oslo, og første dag av samlinga blir strøyma på denne nettsida. Dag 2 er sett av til parallelle sesjonar der vi dykkar djupare ned i ulike fagtema, med meir tid til diskusjon. Opptak og presentasjonar vil vere tilgjengelege på denne nettsida i etterkant.

Vi har sett saman eit spanande og variert program for årets samling:

  • Til å opne samlinga har vi invitert statssekretær Kjersti Bjørnstad til å snakke om regjeringa sin politikk forplanlegging og arealforvaltning.
  • Vi vil løfte fram dei overordna samfunnsutfordringane som planlegginga må handtere, ramma inn av FNs berekraftsmål.
  • Vi set søkjelyset på klima og klimatilpassing i planlegginga, og vil syne fram korleis digitale verktøy kan effektivisere planprosessane og styrke kunnskapsgrunnlaget.
  • I dei parallelle sesjonane vil vi sjå nærare på samfunnsdelen i små og mellomstore kommunar, arealkonsekvensar av det grøne skiftet, fortetting og transformasjon og planlegging i strand- og kystsona samt masseforvaltning.

Program for nettverkssamling (pdf)

Meld deg på her!

Fristen for å melde seg på er 23. november.