Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning

Da fagskulelova blei endra i 2016, medførte endringane at studentane sine rettar blei styrkte. Det blei også vedteke å opprette eit nasjonalt klageorgan for fagskuleutdanning.

Grunngivinga for dette er at ei særskild behandling i eit nasjonalt klageorgan vil sikre nasjonal lik behandling og vareta rettstryggleiken for studentane på ein god måte.

Nasjonalt klageorgan for fagskoleutdanning skal behandle klagar på enkeltvedtak for bestemte område knytta til fagskoleutdanning.

Det er Kunnskapsdepartementet som har valt medlemer.

Sekretariatet har ansvar for å førebu og tilretteleggje saker for nemnda, og skal i samråd med leiaren i nemnda innkalle til møte.