Historisk arkiv

E39 Teigen - Bogen: Utbygging fjernar rasutsett strekning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

(11.10.2001)

Pressemelding

Nr.: 115/01
Dato: 11.10.2001

E39 Teigen - Bogen: Utbygging fjernar rasutsett strekning

Regjeringa har gjort framlegg om at eit bompengeselskap skal få høve til å krevje inn bompengar på ferjestrekninga Oppedal – Lavik for å finansiere delar av kostnadene for vegprosjektet Teigen – Bogen, på E39 i Sogn og Fjordane. I framlegget er det rekna med at innkrevjinga av bompengar kan ta til i 2002.

Prosjektet omfattar bygging av ein 3,4 kilometer lang tunnel og 650 meter med ny veg i dagen. Den nye vegen vil fjerne ei av dei mest rasutsette strekningane på E39 langs Sognefjorden. Det er lagt opp til at anleggsarbeidet komme i gang i 2002, og at den nye vegen skal opnast for trafikk i 2004.

Dei samla kostnadene for prosjektet er rekna til 160 millionar kroner, og det lagt til grunn ein bompengedel på 50 prosent. Resten av kostnadene skal finansierast ved løyvingar over statsbudsjettet.

Framlegget om bompengeinnkrevjing for å finansiere delar av kostnadene for prosjektet Teigen – Bogen, er tatt inn i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2002.