Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2002 - tilleggsforslag: SAS AB: Nærings- og handelsdepartementet skal overta statleg eigaransvar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 131/2001
Dato: 09.11.01

SAS AB: Nærings- og handelsdepartementet skal overta statleg eigaransvar

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at ansvaret for å ta vare på staten sine eigarinteresser i SAS AB skal overførast frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet, med verknad frå 1. januar 2002. Den norske stat eig i dag 14,3 prosent av aksjane i SAS AB.

- Ei slik overføring vil gjere sitt til at ein større del av staten sine eigarinteresser blir samla i eitt departement, det vil seie i Nærings- og handelsdepartementet. Dette gjer det mogeleg å føre ein meir heilskapeleg politikk når det gjeld statleg eigarskap. Dessutan er det riktig med eit klarare skilje mellom dei interessene staten har som aksjeeigar og det ansvaret Samferdselsdepartementet har for rammevilkåra til lufttransporten, mellom anna med omsyn til krav til flytryggleik og statleg kjøp av flyrutetenester, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.