Historisk arkiv

Vegsambandet Hitra - Frøya - Fjellværøy: Bomstasjonene på Dolmøy og Ansnes skal leggast ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet går inn for å endre bompengeinnkrevjinga for vegsambanda Hitra – Frøya og Hitra – Fjellværøy i Sør-Trøndelag. (15.11.02)

Pressemelding

Nr.: 141/02
Dato: 15.11.02

Vegsambandet Hitra - Frøya - Fjellværøy: Bomstasjonene på Dolmøy og Ansnes skal leggast ned

Samferdselsdepartementet går inn for å endre bompengeinnkrevjinga for vegsambanda Hitra – Frøya og Hitra – Fjellværøy i Sør-Trøndelag. Frå 1. februar 2003 blir bomstasjonene ved Dolmøy og Ansnes lagde ned. Dolmøy bomstasjon ligg ved tunnelen frå Hitra til Frøya, medan Ansnes bomstasjon ligg ved brua frå Hitra til Fjellværøy.

- Endringa fører til at innbyggjarane på Hitra, Frøya og Fjellværøy ikkje lenger skal betale bompengar for trafikk mellom desse øyane. Dette vil vere positivt for folk og næringsliv i dette området, seier samferdselsministar Torild Skogsholm.

Det vil berre bli kravd inn bompenger ved Sandstad bomstasjon på Hitra, for trafikk gjennom tunnelen frå fastlandet til Hitra.

Innkrevjingsperioden for tunnelen mellom fastlandet og Hitra blir forlengd til 2009/2010, medan det opphaveleg var rekna med at innkrevjinga skulle vere avslutta i 2006. Takstane skal vere uendra.

Bakgrunnen for endringa i bompengeinnkrevjinga er høge innkrevjingskostnader ved Dolmøy og Ansnes bomstasjonar og store bompengekostnader for lokale trafikantar. Nedlegginga av to av tre bomstasjonar vil føre til reduserte innkrevjingskostander, medan lengre innkrevjingstid fører til høgare renteutgifter. Dei totale kostnadene for prosjektet vil bli om lag dei same som tidlegare er lagt til grunn.




Til red.
For meir informasjon, sjå: St.prp. nr. 29 (2002-2003) Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område