Historisk arkiv

Svar til Stortingets samferdselskomité - spm 7 ang. disponering av Statens trafikkkflygarskoles eigedelar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Svar til Stortingets samferdselskomité, 05.06.02:

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Spørsmål 7:

I proposisjonen er det orientert om ”Disponering av Statens trafikkkflygarskoles eigedelar”.

Ein be om ei nærare grunngjeving for salet av trenings- og kompetansesenteret; kva argumentasjonen for det, gjeld det heilt eller delvis, kven skal i tilfelle eiga resten.

Svar:

I 1997 vart trenings- og kompetansesenteret overført til Nordic Aviation Resources (NAR), som har vore eit dotterselskap til Luftfartsverket. Sommaren 2001 vedtok styret i Luftfartsverket å selje aksjane i NAR. Grunnen var at forretningsområdet til NAR ikkje passa inn i den strategien som Luftfartsverket la opp til i samband med overgangen frå å vere ei forvaltingsverksemd til å bli meir forretningsorientert. Det synte seg å vere vanskeleg å selje NAR som eit heile då det berre var interesse for kjøp av flyskolen sjølv om den var budsjettert med underskot. NAR selde først flyskolen og deretter skulle Luftfartsverket selje aksjane i NAR. Flyskolen er samla sett selt til North European Aviation Resources – Flight Training Organization AS (NEAR) der den tidlegare samarbeidspartnaren til NAR North American Institute of Aviation (NAIA) er den største aksjonæren. I samband med salet av flyskolen måtte NAR gå med på å gi ein tidsavgrensa opsjon på sal av Trenings- og kompetansesenterdelen som nå vert kalla Training Systems (TS). NEAR har ein frist på 120 dagar rekna frå 1. april 2002. Luftfartsverket seier det er usikkert om selskapet vil bruke retten til å kjøpe. I samband med salet av flyskolen vart det henta inn samtykkje frå Forsvarsdepartementet til salet av utstyret som Trenings- og kompetansesenteret hadde overteke frå Statens Trafikkflygerskole. Dette utstyret gjekk inn i salet av skolen.

Luftfartsverket har no selt 80 % av aksjane i NAR til det nyoppretta selskapet NAR Holding AS der Meridian AS og Klingenberg AS eig majoriteten av aksjane. Dersom NEAR ikkje bruker retten til å kjøpe Trenings- og kompetansesenteret, vil denne verksemda inntil vidare vere ein del av verksemda i NAR.

VEDLEGG