Historisk arkiv

Utprøving av katamaranferje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 60/2001
Dato: 11.05.01

Utprøving av katamaranferje

Samferdselsdepartementet meiner at ferjer av katamarantypen kan høve godt for ein del ferjesamband og vil derfor leggje til rette for utprøving av ei slik ferje i riksvegsamband.

Vegdirektoratet skal arbeide vidare med dette og vil mellom anna sjå nærmare på budsjett- og miljøverknader og kva for ferjesamband som kan vere aktuelle for utprøving av katamaranferjer.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på området til Samferdselsdepartementet. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

I orienteringa blir det vist til at ferjer av katamarantypen høver best for lange samband med stor trafikk og i skjerma farvatn. Det er elles mest aktuelt å setje ei katamaranferje inn i eit samband der farten til ferja kan gi ein kapasitet og eit rutemønster som kan svare til to vanlege ferjer på dei mest trafikktunge tidene.


For nærmare opplysningar – sjå St.prp. nr. 76 (2000-2001) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område