Historisk arkiv

Riksveg 5 Knapstad - Kvalvik: Anleggsarbeidet skal ta til i haust

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 54/2001
Dato: 11.05.01

Riksveg 5 Knapstad – Kvalvik: Anleggsarbeidet skal ta til i haust

Samferdselsdepartementet går inn for at arbeidet med vegprosjektet Knapstad – Kvalvik, på riksveg 5 i Sogn og Fjordane, skal ta til hausten 2001. Prosjektet er no rekna å koste i alt 70 millionar kroner, og omfattar 3,3 kilometer ny riksveg utanom Eikefjord sentrum. Det er lagt til grunn at midlane i 2001 blir stilte til rådvelde som forskot frå bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS. Prosjektet er ein del den vidare utbygginga av riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på området til Samferdselsdepartementet. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.


Sjå elles: St.prp. nr 76 (2000-2001) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område.