Historisk arkiv

Auka fiskarfrådrag for å kompensere for auka CO2-avgift for fiskeflåten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å auke fiskarfrådraget, samtidig som at satsen for CO2-avgifta blir auka. – Forslaget vil stimulere til eit meir energieffektivt fiske. Avgiftsauken blir kompensert med auke i fiskarfrådraget, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å auke fiskarfrådraget, samtidig som at satsen for CO2-avgifta blir auka. – Forslaget vil stimulere til eit meir energieffektivt fiske. Avgiftsauken blir kompensert med auke i fiskarfrådraget, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

 

For å stimulere til eit mest mogleg energieffektivt fiske, vart fritaket for CO2-avgift på mineralolje til fiske og fangst i nære farvatn oppheva i budsjettet for 2013. I staden vart den innført ein låg sats tilsvarande 49 kroner per tonn CO2. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa at satsen blir auka slik at han tilsvarar 98 kroner per tonn CO2 i 2014. Endringa er rekna å gi om lag 30 millionar kroner meir i avgiftsinntekter.

Regjeringa foreslår at satsen i fiskarfrådraget stig frå 30 til 34 prosent, og at øvre grense for frådraget går opp frå 150 000 til 167 000 kroner. Endringa er rekna å gi ein skattelette for næringa på 30 millionar kroner.

I revidert budsjett 2013 varsla regjeringa at skatten på næringsinntekt for personleg næringsdrivande skal reduserast tilsvarande som for selskap. For fiskarar betyr dette at den nye satsen for trygdeavgift blir redusert frå 7,8prosent til 7,08 prosent. Endringa inneber ein skattelette på om lag 30 millionar kroner.

Regjeringa foreslår at produktavgifta aukar til 3,6 prosent i 2014. Satsen i andre halvår 2013 er 3,0 prosent. Bakgrunnen for avgiftsauken er sterk vekst i berekna kostnader knytt til a-trygd for fiskarar, kombinert med redusert overslag for førstehandsverdien. A-trygd for fiskarar er ei sjølvfinansieriande ordning. Endringa er rekna å auke avgiftsinntektene med 67 millionar kroner.

Frå forskingskvotar til avgift
Regjeringa foreslår å leggje om systemet med forskningskvotar frå 2014. Størstedelen av dagens fiskekvotar til forskings- og overvåkingsformål vil bli frigitt til ordinært fiske. Samstundes skal forsking, overvaking og reiskapsforsøk som tidlegare har vorte finansiert gjennom tildeling av forskingkvotar, finansierast gjennom inntekter frå ei ny fiskeriforskingsavgift. Forskingskvotar skal etter omlegginga berre bli tildelt for undervising, naudsynt fangst på forskingsfartøy og i einskilde andre særtilfelle. Inntektene frå avgifta skal samsvare med gjennomsnittleg førstehandsverdi av forskingsfangsten for åra  2010 til 2012, fråtrekt verdien av dei forskings- og undervisningskvotane som framleis vil bli avsett. Det tilsvarar 151 millionar kroner. Fiskeridirektoratet har vurdert den samla førstehandsverdien frå norske fiskeri i 2014 til 11,2 milliardar kroner. På denne bakgrunnen er avgiftssatsen rekna til 1,35 pst.