Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om Tisa-forhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Skriftlig spørsmål nr. 787 (2014-2015).

Utanriksminister Børge Brende har svart på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om Tisa-forhandlingane.

Skriftlig spørsmål nr. 787 (2014-2015).
Datert 19.03.2015

 

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:

Har regjeringa skrive eit mandat for Tisa-forhandlingane, og kvifor er det ikkje mogleg for landets folkevalde å få sjå dette mandatet?

Grunngjeving: Då EU offentleggjorde sitt forhandlingsmandat førre veke var mandatet eit offisielt dokument datert 8. mars 2013, før forhandlingane starta. Dokumentet gav informasjon om kva som er EU sine mål i Tisa-forhandlingane. EU gjer i mandatet sitt greie for fleire element i Tisa-avtala. Mellom desse er ei omtale av dei kontroversielle klausulane  «frys» og «skralle», som kan Iåse politisk handlingsrom for folkevalde. I tillegg skriv EU at avtala skal innehalde ei «effektiv tvisteløsningsmekanisme». Om dette vil innebere ei  investor-stat tvisteløysning eller ei stat-stat tvisteløysning synest ikkje klart.

Etter at EU offentleggjorde sitt mandat publiserte regjeringa tysdag kveld «det norske posisjonspapiret» for Tisa-forhandlingane. Det blei skapt eit inntrykk av at dette var det norske mandatet for Tisa-forhandlingane. I det norske «posisjonspapiret» blir Tisa-forhandlingane referert til i framtids form, der det mellom anna står skrive at «Norge skal bidra konstruktivt i forhandlingane (...) og «Norge framlegger sitt opningstilbud i forhandlingane så snart som mulig».

På direkte førespurnad frå Attack har UD vedgått at teksten ikkje er skriven i 2013, men tvert i mot í 2015. Det er altså ikkje eit saksdokument som er «offentliggjort», men ein nyskriven tekst. Teksten er ei utgreiing for alIereie kjende, og uklare, norske posisjoner. Teksten er, i følgje regjeringa, basert på kjelder frå 2013.  

Utanriksministerens svar:  

På grunnlag av semje blant omlag 50 WTO-medlemmar om eit felles rammeverk vedtok regjeringa Stoltenberg II våren 2013 at Noreg skulle ta del i forhandlingane om ei internasjonal avtale om handel med tenester (Tisa-avtala). Regjeringa Solberg stadfesta hausten 2013 denne avgjerda og vedtok å legge fram eit norsk opningstilbod. Tilbodet vart offentleggjort i november 2013 og gjort tilgjengeleg på regjeringen.no. Notatet som vart offentleggjort 17. mars er ei attgjeving av grunnlaget for desse vedtaka og er regjeringa sine posisjoner i Tisa-forhandlingane.