Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Midtausten (11.07.2006)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Midtausten

(03.07.06)

Den europeiske unionen er svært uroa over den situasjonen som har utvikla seg dei siste dagane mellom Israel og palestinarane, og oppmodar alle partar om å avstå frå alle handlingar som er eit brot på folkeretten. Unionen ber om at den kidnappa israelske soldaten blir sett fri straks og utan vilkår. Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste drapet på det israelske offeret for ei kidnapping på Vestbreidda. Unionen ber den palestinske leiinga om å gjere slutt på vald og terrorhandlingar, mellom anna avfyring av rakettar mot israelsk territorium.

Den europeiske unionen er særleg uroa over at personar som er valde inn i den palestinske regjeringa og i den lovgjevande forsamlinga, er blitt fengsla. Dei som er blitt fengsla, bør få alle dei juridiske rettane dei har krav på.

Den europeiske unionen minner alle partane om det ansvaret dei har for å verne om sivile liv. Utan omsyn til den legitime retten Israel har til å forsvare seg, bør dei militære operasjonane som pågår, vere i samsvar med folkeretten. Unionen ber Israel om å vise det største atterhald og å unngå urimelege tiltak. Unionen seier seg lei for at viktig infrastruktur er blitt øydelagd, då dette verkar med til å forverre den humanitære situasjonen i Gaza. For å unngå ei humanitær krise må gjenoppretting av elektrisitets- og vassforsyninga og tilgang for humanitære organisasjonar no prioriterast.

Den europeiske unionen understrekar at diplomatiske middel må ha forrang, og ber alle partar i regionen om å gjere det dei kan for å løyse den noverande situasjonen med fredelege middel.

Den europeiske unionen stadfester på nytt at dei er overtydde om at det berre er ei framforhandla tostatsløysing som kan føre til fred og tryggleik for det israelske og det palestinske folket. Difor er det svært viktig å vende attende til fredsprosessen og til gjennomføringa av Vegkartet. Den europeiske unionen ber om at begge partane oppfyller det ansvaret dei har og straks viser at dei aktivt går inn for å prøve å forhandle fram ei løysing.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.