Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen for pressefridomen i Aserbajdsjan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for pressefridomen i Aserbajdsjan (20.12.06)

Den europeiske unionen har med uro merkt seg utviklinga den seinare tid når det gjeld pressefridomen i Aserbajdsjan. Det er rapportert om talrike tilfelle av trakassering, vilkårlege tilbakehaldingar, rettssaker og vald mot uavhengige journalistar og folk frå opposisjonen i Aserbajdsjan. EU er òg uroa over rapportane om press mot heile medieføretak.

EU legg stor vekt på prinsippet om pressefridom, som er eit sentralt element i demokratiet. EU oppmodar den aserbajdsjanske regjeringa om å skape eit miljø der media kan arbeide fritt, effektivt og utan frykt. EU strekar under at tiltaka for å avgrense pressefridomen i Aserbajdsjan strir mot ånda i og føremålet med den handlingsplanen for ein europeisk naboskapspolitikk som nett er vedteken, og partnarskaps- og samarbeidsavtalen mellom EU og Aserbajdsjan når det gjeld menneskerettar og grunnleggjande fridomar og det spesifikke som Aserbajdsjan har forplikta seg til i desse instrumenta. EU strekar òg under at desse tiltaka ikkje er i tråd med det Aserbajdsjan har forplikta seg til internasjonalt i samband med medlemskapen sin i mellom anna Europarådet og OSSE.

EU ser på avgjerda til det nasjonale fjernsyns- og radiorådet om å gje ANS TV og radio lov til å gjenoppta sendingane sine til det er blitt ei løysing på uteståande lisensspørsmål, som eit positivt teikn. EU understrekar at det er viktig å løyse uteståande lovgjevingsmessige spørsmål slik at ein sterk og uavhengig mediesektor kan blomstre i Aserbajdsjan.

EU vil halde fram med å følgje situasjonen for pressefridomen i Aserbajdsjan nøye.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.