Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den auka spenninga mellom Georgia og Russland (06.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU er alvorleg uroa over dei mange hendingane som har auka spenninga mellom Georgia og Den russiske føderasjonen den siste tida.

EU er alvorleg uroa over dei mange hendingane som har auka spenninga mellom Georgia og Den russiske føderasjonen den siste tida.

Mellom desse er kunngjeringa frå det russiske forsvarsdepartementet 29. april om at ein ville auke talet på fredstryggjande styrkar frå Samveldet av uavhengige statar i Abkhasia og opprette 15 nye kontrollpunkt langs den administrative grenselinja, og nedskytinga av eit ubemanna georgisk luftfarty i georgisk luftrom 20. april.

EU oppmodar alle sidene i konflikten om å avstå frå handlingar som kan auke spenninga ytterlegare, og ber partane innstendig om å gjere det dei kan for å gjenreise tilliten.

EU understrekar på nytt at unionen står fast ved si støtte til Georgias suverenitet, sjølvråderett og territoriale integritet innanfor landets internasjonalt godkjende grenser, som seinast vart stadfeste i resolusjon 1808 frå FNs tryggingsråd 15. april 2008. 

EU stadfester på nytt si støtte til det internasjonale arbeidet for å få til ei fredeleg løysing på konfliktane i Abkhasia og Sør-Ossetia, særleg arbeidet til FN og FNs spesialutsending til Georgia, med hjelp frå vennegruppa til FNs generalsekretær og bistand frå OSSE.

Den europeiske unionens spesialutsending og Europa-kommisjonen vil halde fram med å gjennomføre pakken av tillitsskapande tiltak, for å medverke til å finne ei løysing på konfliktane.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.