Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om nasjonalforsamlingsvalet i Republikken Albania (17.09.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Norsk tilslutning til ei EU-erklæring om nasjonalforsamlingsvalet i Republikken Albania.

Den europeiske unionen merkar seg sluttrapporten frå OSSE/ODIHRs valobservasjonsgruppe om nasjonalforsamlingsvalet som vart halde 28. juni i Albania, og seier seg glad for at gruppa meinte at valet oppfylte dei fleste OSSE-skyldnadene, sjølv om valet ikkje fullt ut realiserte Albanias potensial til å oppfylle dei høgaste standardane for demokratiske val.

Rapporten understrekar at valet viste merkbar framgang, særleg med omsyn til registrering og identifisering av røysteføre, rettsleg ramme, røysting, oppteljing og handtering av tvistar i samband med valet. Han peikar òg på den uheldige politiseringa av tekniske sider ved prosessen, til dømes røysteteljing og tabulering, og brot som vart observerte i valkampanjen.

EU legg vekt på at det er viktig å sikre at manglar ved valet vert undersøkte, at ein dreg lærdom av dei, og at tilrådingane i rapporten vert følgde opp av regjeringa og alle partane det gjeld.

EU oppmuntrar alle politiske parti i Albania til å føre ein konstruktiv politisk dialog. Særleg er det eit nøkkelelement i demokratiet å føre ein permanent dialog i nasjonalforsamlinga. Frie og rettferdige val er eit viktig krav for å oppfylle kriteria for EU-medlemskap. EU er forplikta til å halde fram med å gje støtte til Albania i denne viktige prosessen, og dermed hjelpe Albania på vegen til europeisk integrering.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på EUs nettsider (PDF).