Historisk arkiv

Noreg slutta seg til ei EU-erklæring om bruk av dødsstraff i Iran(27.01.11)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg slutta seg 27. januar 2011 til ei EU-erklæring om bruk av dødsstraff i Iran.

EU er djupt uroa over bruken av dødsstraff i Iran. Det vert gjennomført avrettingar i eit skremmande tempo. I tillegg vert det brukt avskyelege metodar som offentlege avrettingar og henging frå heisekran, i strid med dei internasjonale forpliktingane til Iran.

EU oppmodar dei iranske styresmaktene om straks å stanse alle føreståande avrettingar og om å erklære eit moratorium på dødsstraff snarast råd. EU går imot dødsstraff under alle omstende i alle land og har difor som mål at dødsstraffa skal avskaffast over heile verda, med innføring av eit verdsomspennande moratorium som eit første steg.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.