Historisk arkiv

Årets tal for sal av geitemjølkkvoter er klare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I omsetningsrunden 2017 har åtte geitemjølkprodusentar selt om lag 340 000 liter grunnkvote. Det er dobbelt så mange seljarar som i 2016.

Den gjennomsnittlege salsmengda for seljarane gjekk ned frå om lag 74 000 liter i 2016 til 42 400 liter i år. I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at det skal vere ei oppkjøpsordning for geitemjølkkvoter. Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvoter inneber at i omsetningsrunden 2017 og 2018 blir prisen auka frå dagens 2,50 kroner per liter til 12 kroner per liter for delen av grunnkvota som blir seld til staten (minst 20 prosent).

Geit.
Geit. Foto: NIBIO/Oskar Puschmann