Historisk arkiv

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings– og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak for 2019.

Dei norske kvotane er fastsette etter at totalkvotar er avtalt gjennom forhandlingar med EU, og inneber ein reduksjon av totalkvotane. Lavare kvoter i 2019 inneber også at tillatt bifangst av torsk reduserast for fleire flåtegrupper i Nordsjøen og Skagerrak.

For Nordsjøen er det fastsett ein norsk kvote på 4 622 tonn. Av desse er 1100 tonn avsett til bifangst i trålfiske etter andre artar og 400 tonn til bifangst for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap.Det er fastsett maksimalkvotar for dei fartøya som kan delta i både lukka og open gruppe i Nordsjøen.

For Skagerrak er den nasjonale kvoten fastsette til 136 tonn, der 76 tonn er avsett til bifangst mens gruppekvoten til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar blir på 60 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2019