Historisk arkiv

Statsministerens program veke 17

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 23. april
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner møter Muslimsk Dialognettverk, på Statsministerens kontor.


Kl. 19.00: Statsministeren deltek i samtale med preses i Bispemøtet, Helga Haugland Byfuglien, i Trefoldighetskirken i Oslo. Samtalen vil blant anna dreie seg om det å vere leiar i eit samfunn som vert meir og meir fleirkulturelt. Meir informasjon om arrangementet finn du her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987,

e-post tab@smk.dep.no.

 

Onsdag 24. april
Kl. 10.30: Statsministeren møter Jamaicas utanriksminister, på Statsministerens kontor.


Kl. 14.00: Statsministeren er til stades på ein lunsj for deltakarar i Viking Sky-redningsaksjonen på Hustadvika i mars. Det er samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde som har invitert til lunsjen, som går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Presse som ønskjer å delta kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik i Justis- og beredskapsdepartementet, telefon 402 32 454, e-post andreas.bondevik@jd.dep.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen,

telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

 

Torsdag 25. april
Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane.

Kl. 10.20: Statsminister Erna Solberg og eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen besøkjer Gloppen omsorgssenter, der dei får ei orientering om korleis kommunen har jobba med mat og måltid i eldreomsorga. Tema for besøket er kvalitetsreforma Leve hele livet. Adresse: Gotevegen 68, Sandane.

Kl. 12.30: Statsministeren kjem til Loen Skylift på Hoven, der ho skal delta på delar av generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Næringsråd. Statsministeren får først ei omvising og orientering om anlegget, før generalforsamlinga startar kl. 13. Statsministeren taler om lag kl. 13.45.

Kl. 14.40: Statsministeren besøkjer den nye Moods-butikken i Stryn, der ho møter representantar for varehandelen og får ei orientering om Stryn Næringshage. Adresse: Tinggata 17, Stryn.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer Operahuset Nordfjord. 25. april er det 10 år sidan Operahuset vart opna, og statsministeren får med seg litt av generalprøven til bursdagskonserten som skal vere same kveld. Adresse: Sophus Lie-vegen 3,  Nordfjordeid.

Kl. 16.15: Statsministeren besøkjer bedrifta West Mekan i Nordfjordeid, der ho får ei orientering om drifta. Bedrifta produserer blant anna propellar og stolsete til båtar. Adresse: Malakoff 3, Nordfjordeid.

Det er mogleg for presse å delta på heile programmet. Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.