Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om avlingsskade

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Iversen (Sp) om statsråden vil gjere endringar i regelverket om avlingsskade.

Spm. nr. 1849 frå stortingsrepresentant Geir Iversen 

Representanten Geir Iversen har stilt følgjande spørsmål:

"Vil statsråden gjøre endringar i regelverket for å gjera at ein ikkje vert straffa økonomisk for å gjera en ekstraordinær innsats for å unngå avlingsskade?" 

Bønder er sjølvstendig næringsdrivande. Dei har eit sjølvstendig ansvar for eiga inntekt og driftsresultat innan dei rammer som gjeld til ei kvar tid. Det vil mellom anna seie at bønder må sørgje for å optimalisere resultatet sitt òg når vêret og andre tilhøve påverkar avlingsnivået. 

Over jordbruksavtala har vi ei ordning som har som føremål å hjelpa bønder økonomisk i ein vanskeleg situasjon når dei uforskyldt opplever store klimabetinga avlingsskadar. Ordninga erstattar berre eit berekna tapt kvantum, og ikkje redusert kvalitet på avlinga. I forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon § 9 heiter det mellom anna: 

Hele eller deler av erstatningen kan avkortes dersom foretaket
1. ikke har drevet på en faglig forsvarlig måte og har gjort det som normalt kan forventes for å forebygge tap, eller 
       […]     

Det vil vere umogleg å lage eit klårt skilje mellom å gjera det som "normalt kan forventes" og det representanten kallar ei "ekstraordinær" innsats. I dette konkrete høvet som representanten syner til, dreier det seg om å reparere eng som er råka av isbrann. Normalt vil ein husdyrprodusent trenge det fôret som kan produserast på den enga han disponerer. Å reparere enga så raskt som mogleg vil difor òg vera i produsentens eiga interesse.

I desse dagane er det også mange bønder som er råka av tørke, og difor vatnar åkeren for å hindre/avgrense avlingsskade. Dei bøndene som har høve til kunstig vatning vil nytte dette, sjølv om det krev både kostnadar og arbeid. At bøndene gjer tiltak for å redusere omfanget av skade, er viktig òg av omsyn til legitimiteten til avlingsskadeordninga.

Endringar av ordninga må skje i samband med jordbruksforahndlingane. Jordbruksorganisasjonane fremja ikkje forslag om å endre regelverket i år. Eg vil heller ikkje ta initiativ til å endre regelverket.

Med helsing

Jon Georg Dale