Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om beiting og forflytting av sau i Nordfjella

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) om om beiting og forflytting av sau i Nordfjella kan være ein alvorlig trussel mht. spredning av skrantesjuke.

Svar på spørsmål nr 1870 frå stortingsrepresentant Arne Nævra

Representant Arne Nævra har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"En omstridt utskyting av villreinstammen i Nordfjella ble gjennomført for å stanse en mulig spredning av den alvorlige skrantesjuka. I det siste har det kommet fram sterke begrunnelser fra flere biologer og viltforvaltere om at beiting og forflytting av flere tusen sau i dette området kan være en alvorlig trussel mht. spredning. Vil statsråden granske dette nærmere og innføre tiltak som vil stanse denne trusselen, og hvorfor imøtekom ikke statsråden Mattilsynets anbefaling om å stenge lokale saltsteinplasser?" 

Nordfjella er eit viktig område for fjellbeite for sau. Det nyttast av sauenæringa lokalt, men også sau frå andre områder har tradisjonelt beita her. Det er viktig for sauenæringa fortsatt å ha sau på beite i området.

Vitskapskomiteen for mat og miljø har gjort grundige risikovurderingar av skrantesjuke. Dei har mellom anna uttalt at basert på dagens kunnskap, er det ikkje noko som tilseier at skrantesjuke kan overførast til andre husdyr enn hjortedyr, korkje gjennom direkte kontakt med hjortedyr eller gjennom miljøet. Samstundes veit vi at bruk av saltstein vil kunne føre til at hjortedyr også vil søkje til salteplassane. Derfor er det innført strenge reglar for bruk av saltstein også til småfe i Nordfjella, herunder krav til inngjerding.

Eg ser difor på noverande tidspunkt ikkje grunnlag for å endre forvaltninga på dette området.

 

Med helsing

Jon Georg Dale