Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Burundi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Astrid Aarhus Byrknes (KrF) om den politiske krisa i Burundi og kva Utanriksdepartementet kan gjere for å støtte Kirkens Nødhjelp og andre aktørar i deira fredsarbeid.

Skriftleg spørsmål nr. 1117 (2015-2016).
Datert 19.05.2016

Frå representanten Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til utanriksministeren:
«Etter det omstridte valet i 2015 er Burundi inne i ei politisk krise med høgt konfliktnivå og store flyktningstrømmar. Kirkens Nødhjelp arbeider saman med kyrkjelege aktørar for fred og forsoning i landet. Kva støtte kan Utanriksdepartementet gje KN og andre aktørar i dette viktige fredsarbeidet?»

Utanriksministeren sitt svar:
Regjeringa er svært uroleg for den valdelege utviklinga i Burundi. Opptøyar og politisk vald som braut ut etter at president Nkurunziza lanserte sitt kandidatur for ein tredje periode våren 2015, har no sendt over 260.000 burundiarar på flukt til nabolanda. Det blir rapportert om omfattande brot på menneskerettane. President Nkurunziza og styresmaktene i Burundi har eit særleg ansvar for å sørge for at situasjonen no ikkje blir forverra.

Samtidig må alle aktørar i den politiske konflikten ta avstand frå bruk av vald, vise varsemd i sine ytringar og gjere alt dei kan for å hindre at konflikten eskalerer. Menneskerettane må respekterast, og overgrep må etterforskast omgåande. Dette har vi understreka i all dialog med styresmaktene i Burundi.

Noreg støttar FN, AU og East African Community (EAC) i deira forsøk på å bidra til dialog og ei politisk løysing på den fastlåste situasjonen i Burundi. Det er positivt at Tryggingsrådet i FN i april kom til semje om ein resolusjon som mellom anna opnar for utplassering av ein internasjonal politistyrke i landet. I regi av EAC går det i desse dagar føre seg ein dialog mellom burundiske styresmaktene og opposisjonen i Arusha under leiing av Tanzanias tidlegare president Benjamin Mkapa.

Situasjonen i Burundi vil stå høgt på dagsordenen under Oslo Forum, den årlege samlinga av fredsmeklarar i regi av Utanriksdepartementet, som finn stad i midten av juni. Det skal arrangerast ein eigen paneldebatt om Burundi der mellom andre Mkapa skal delta. I tillegg har Noreg i fleire år støtta den internasjonale organisasjonen Interpeace og deira lokale partner i Burundi i arbeidet for å legge til rette for politisk dialog og førebygge konflikt på lokalt nivå. Vidare gir vi kjernestøtte til organisasjonen Centre for Humanitarian Dialogue (CHD), som òg er aktiv i Burundi. På den humanitære sida støttar vi burundiske flyktningar og internt fordrivne gjennom naudhjelpsfondet til FN (Cerf).

Noreg kanaliserer ikkje lenger bistandsmidlar direkte gjennom styresmaktene i Burundi, men vi er opptekne av å støtte opp om sivilsamfunnet i landet, der til dømes Kirkens Nødhjelp er ein stor og viktig aktør. Det er sett av ni millionar kroner til Kirkens Nødhjelps program i Burundi gjennom deira rammeavtale med Norad for 2016. I tillegg har Kirkens Nødhjelp fått ein årleg auke på ni millionar kroner i ein ny global fireårig rammeavtale frå og med 2016, med fleksibilitet til å prioritera bestemde landsituasjonar etter behov.