Historisk arkiv

1,4 millionar kroner i bulystmidlar til utviklingsprosjekt i Nesseby kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta ligg i Nesseby kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta ligg i Nesseby kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet i Nesseby tek utgangspunkt i området sine sterke tradisjonar og ressursar når det gjeld samisk handverk og lokal mat. Dette er eit godt utgangspunkt, både for  ny næringsverksemd og bulyst. Det er særleg interessant det som skal gjerast inn mot ungdom, med eit samarbeid med skular og utdanningsinstitusjonar, slik at unge aktørar lettare kan etablere seg i lokal næringsverksemd.

- Eg har tru på at ei styrking av næringsmiljøet rundt samiske handverkstradisjonar og lokal mat vil innebere ei samla styrking av den samiske identiteten, noko som vil virke positivt for bulyst i heile kommunen, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.