Historisk arkiv

Overlevering av rapporten frå elektrifiseringsgruppa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg ved overlevering av rapporten frå elektrifiseringsgruppa. Oslo, 12. mai 2009.

Godtfolk!

Flott å sjå at så mange har teke seg tid til å kome hit i dag – særleg fordi elektrifisering er ein svært viktig del av arbeidet med å få ned klimagassutsleppa frå transportsektoren – blant dei aller største og viktigaste oppgåvene me står overfor i samferdselssektoren. Det er ei stor og viktig oppgåve som ligg framfor oss når det elektrifisering av transportsektoren, og det er heilt naudsynt at alle aktørar, anten det er miljøorganisasjonar, styresmakter eller bilbransjen, er med på dra lasset. Nettopp det var bakgrunnen for at eg sette ned den hurtigarbeidande gruppa som har vore i sving i vinter og i vår, og som no i dag legg fram rapporten sin. Som eg sa då gruppa starta arbeidet sitt: Eg vil at 2009 skal bli eit år som står i elektrifiseringa sitt teikn.

Eg vil starte med å seie tusen takk til gruppa – de har gjort ein kjempejobb, og eg er svært nøgd med resultatet. Det er gjort eit veldig konstruktivt arbeid for å foreine mange meiningar. Me skal no gå nøye gjennom rapporten og alle forslaga som ligg i den, men eg ser allereie no at me har eit veldig godt utgangspunkt for å halde fram med å liggje i front på elektrifisering av transportsektoren. Eg vil jobbe for at me skal vere eit føretrekt testland/introduksjonsmarknad for ladbare bilar framover – og eg meiner Noreg og Norden må ta på seg ei pådrivarrolle i Europa og internasjonalt for å utvikle ein marknad og regelverk for slike bilar.

Eg er ikkje i tvil om at skal me klare å oppfylle klimalovnadane våre må me få fleire nullutslepps- og lågutsleppsbilar. Det er ikkje bilen i seg sjølv som forureinar – men drivstoffet. Difor må me ha fokus på å gjere noko med drivstoffet.
Eg er oppteken av elbilar fordi dei gir null utslepp av CO2 og lokale utslepp, og fordi energieffektiviteten er svært god. Dessutan meiner eg Noreg har eit særleg godt utgangspunkt  for elektrifisering. For det første har me svært høg andel av fornybare kjelder samanlikna med andre europeiske land og det er også spesielt at me har fornybar elektrisitet frå vasskraft. Med ”norsk vasskraftpå tanken” kan ein bil bli heilt utsleppsfri. Regjeringa har fokus på å byggje ut fornybar elektrisitet som vasskraft og vindkraft – óg fordi ve treng elektrisitet til framtidas bilpark. Det er spådd høge oljeprisar i framtida – det gjer at fleire, også av økonomiske grunnar, vil velje el som drivstoff. Prisen på el er under halvparten av prisen på bensin og diesel.

Me har også framståande elbilprodusentar som har spelt og spelar ei viktig rolle for at Noreg skal ligger i front på elbilområdet, og eg tykkjer me har all grunn til å vere stolte av desse.

Og: me som styresmakter har sterke verkemiddel til rådvelde – og me brukar dei. Så vidt eg veit er det ingen andre land som har så gode ordningar for elbilar som Noreg – det er bra – og slik vil eg fortsatt ha det. I tillegg til at me løyvar midlar til forsking og utvikling via Renergi, er elbilen gitt ein rekkje fordelar som gjer dei meir attraktive. Dei er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift, dei har tilgang til kollektivfelt, dei har gratis offentleg parkering og gratis passering gjennom bomstasjonar. I fjor innførte me dessutan gratis ferjeturar for elbilane på riksvegferjer. I statsbudsjettet for 2009 er firmabilskattlegginga for elbil gjort meir gunstig.

Eg er dessutan svært glad for at me i tiltakspakka fekk inn 50 millionar til ladestasjonar for el-bilar. Eg har elles nylig hatt kontakt med min svenske ministerkollega, Åsa Thorstenson, og me har  diskutert korleis me kan samarbeide på området i tida framover.

Og så har vi Transnova, då, som eg må innrømme er min lille ”baby”, og som startar opp for alvor i desse dagar. Me har oppretta eit Transnova fordi me vil at det skal bli mogleg å køyre bil og buss utan å forureine miljøet. Transnova skal gjennom tilskot bidra til å realisere prosjekt som aukar bruken av fornybare og utsleppsfrie drivstoff som el, biodrivstoff og hydrogen. I år har Transnova 100 mill kr til disposisjon. Målet vårt er at Transnova skal bli ein permanent organisasjon, og eg trur Transnova vil bli svært viktig for innfasinga av alternative drivstoffa i åra som kjem.

Likevel: Eg eller regjeringa sit ikkje på svaret åleine. Som eg innleia med å seie: det aller viktigaste trur eg er samarbeid. Her er det mange som må bidra og eg er difor svært glad for rapporten eg no har fått overlevert, og som eg skal setje meg grundig inn i. Eg har allereie fått høve til å smugkike litt i den, og har lyst å kommentere eit par av hovudpunkta. Gruppa føreslår eit mål om 10 pst andel ladbare bilar i personbilparken i 2020. Det er eit godt og konkret mål å strekkje seg mot, og eg vil jobbe for at me skal nå det. Det vil seie 270 000 elbilar. Det er stor usikkerheit kring kva det faktisk er mogleg å få til – faktorar som ikkje den norske regjeringa rår over åleine. Usikkerheita særleg knytta til kva bilprodusentane vil gjere dei komande åra gjer at eg heller ikkje vil utelukke at me kan nå lenger enn 10% ladbare bilar innan 2020.

Gruppa ynskjer at det blir etablert eit råd som skal evaluere og eventuelt føreslå justeringar av verkemiddel fram mot 2020. Eg kan allereie no varsle at eg kjem til å opprette eit slikt råd i løpet av kort tid. Det vil vere nyttig for å sikre at me held fullt trykk på elektrifisering av transportsektoren.

Ressurgruppa tilrår også at det blir oppretta eit nasjonalt nettverk for elektrifisering av vegtransport – ”Grønn Bil Norge”, som koordinerer og driv fram endringar på nasjonal basis. Eg støttar dette forslaget, og me vil kome tilbake til korleis me saman med blant anna EBL og Transnova skal få dette på plass.

Desse grepa trur eg vil vise seg å bli svært nyttige i det store og viktige løftet me har framfor oss. Eg gler meg til å samarbeide vidare med alle aktørar om å få mange fleire utsleppsfrie elbilar på vegane våre. Og: eg har lyst å nemne ein av mine kjepphestar – elbilen er ikkje berre ei byfenomen, slik ein ofte kan få inntrykk av, elbilen kan fungere glimrande også i distrikta! Her meiner eg stat, fylke og kommune bør gå føre som eit godt døme, noko eg også vil jobbe meir med i tida som kjem.

Då vil eg berre oppmode alle om å gjere det same som meg – lese denne rapporten grundig. Og igjen: tusen takk til gruppa, de har ført oss eit viktig steg vidare på vegen mot elektrifisering av transportsektoren!