Historisk arkiv

Noreg støttar våpenkvileavtale for Somalia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Eg gratulerer partane i Somalia med våpenkvileavtalen som dei vart samde om måndag. Avtalen er eit viktig steg mot forsoning, og gjev håp i ein situasjon som elles er prega av vald og ein stadig meir desperat situasjon for det somaliske folket, seier statssekretær i Utanriksdepartementet Raymond Johansen.

- Eg gratulerer partane i Somalia med våpenkvileavtalen som dei vart samde om måndag. Avtalen er eit viktig steg mot forsoning, og gjev håp i ein situasjon som elles er prega av vald og ein stadig meir desperat situasjon for det somaliske folket, seier statssekretær i Utanriksdepartementet Raymond Johansen. 

Noreg har støtta opp om FNs spesialrepresentant Ahmedou Ould-Abdallah sitt arbeid og var mellom anna representert i Djibouti med ein medarbeidar frå den norske ambassaden i Nairobi. Den offisielle underteikninga skal etter planen skje i Jeddah i Saudi-Arabia komande helg.  

– Spesialrepresentant Ould-Abdallah har gjort ein viktig innsats for å byggja den naudsynte tilliten mellom partane som har gjort direkte samtalar i Djibouti mogeleg, seier statssekretær Johansen. 

- Partane har vist mot ved å setja seg ned saman, og har ei viktig oppgåve framfor seg med å sikra eigarskap til avtalen hos andre relevante grupper i Somalia. Eg vil samstundes understreka at ein avtale må følgjast av handling viss det skal bli meir enn eit papir. No er det avgjerande at alle partar i Somalia set omsynet til det somaliske folket først, og følgjer opp avtalen, seier statssekretær Johansen.  

Partane forpliktar seg i avtalen til å gjera det som står i deira makt for å sikra at humanitær hjelp kjem fram til dei som treng det, og oppmodar til at det blir organisert ein gjevarkonferanse for Somalia innan seks månader.  Å få ut hjelp til dei to millionar menneska som treng akutt naudhjelp er heilt naudsynt for å kunne handtere den svært alvorlege humanitære situasjonen i Somalia. 

Hovudelementa i avtalen er våpenkvile mellom overgangsregjeringa og opposisjonsgruppa Alliance for Re-liberation of Somalia (ARS) og deira respektive allierte som skal tre i kraft ein månad etter underteikning. I første omgang skal våpenkvila vara i tre månader, men kan deretter fornyast. På grunnlag av dette ber partane FN om å autorisera og utplassera ein stabiliseringsstyrke innan 120 dagar, som kan gjera det mogeleg for etiopiske styrkar å trekkja seg ut av Somalia.