Meld. St. 3 (2019–2020)

Statsrekneskapen 2019

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 1 889,1 mrd. kroner i 2019, frå 9 767,0 mrd. kroner til 11 656,1 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 3,2 mrd. kroner i 2019, frå 695,4 mrd. kroner til 692,2 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 892,3 mrd. kroner, frå 9 071,6 mrd. kroner til 10 963,9 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane under.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2018

31.12.2019

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

187 653

187 727

74

61. Spesielle fond og forsikringar

2

8 504 428

10 373 538

1 869 110

62. Verdipapir

3

178 966

178 963

-3

63. Utlån og uteståande krav

4

480 846

506 959

26 113

64. Ordinære fond

5

128 703

129 951

1 247

65. Forskot

6

218

1 309

1 091

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

-

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

238 521

243 856

5 335

69. Eigenbehaldning statspapir

9

59 130

42 113

-17 017

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-5 437

-4 042

1 395

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-6 666

-4 906

1 760

Sum eigedelar

9 766 982

11 656 088

1 889 105

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

523 869

510 625

-13 244

81. Kontolån frå ordinære fond

13

141 315

141 120

-195

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

19 862

20 372

510

84. Deposita og avsetjingar

15

-6 489

3 763

10 252

87. Overførte unytta løyvingar

16

16 811

16 289

-522

Sum gjeld

695 369

692 170

-3 199

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

9 071 614

10 963 918

1 892 304

Sum gjeld og eigenkapital

9 766 982

11 656 088

1 889 105

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 74 mill. kroner i 2019. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 869,1 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 1 842,8 mrd. kroner for Statens pensjonsfond utland (SPU) og 29,5 mrd. kroner for Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund minka med 3,2 mrd. kroner i 2019. Av dette var 1,4 mrd. kroner tilført grunnfondskapital. Av resterande netto nedgang på 4,7 mrd. kroner, utgjer endra rekneskapsprinsipp for føring av tilknytte selskap i Norfund knapt 5,9 mrd. kroner. Tidlegare vart resultatandel frå desse selskapa førte som overskot og eigenkapital i Norfund (eigenkapitalmetoden). Frå 2019 er tilknytte selskap omklassifisert i rekneskapen ut frå historisk kost-prinsippet. Prinsippendringa gjev ein rekneskapsteknisk negativ effekt på eigenkapitalen i 2019. Sjå tabell 5.8 i vedlegg 5 for balansetal for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med netto 3 mill. kroner. Dette kjem for ein del av sal og tilbakekjøp av aksjar for Entra ASA med 0,5 mrd. kroner, medan kapitalen i Investinor AS auka med 350 mill. kroner etter overføring av midlar frå Investeringsfondet for Investinor AS. DNB ASA og Telenor ASA minka båe med ca. 0,2 mrd. kroner ved tilbakekjøp av aksjar. Nysnø klimainvestering AS auka med 325 mill. kroner. Innskot i Den asiatiske investeringsbanken førte til ein auke på 0,2 mrd. kroner i 2019. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 26,1 mrd. kroner. Av dette kjem 10,7 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 3,8 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 3,0 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 4,3 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 1,0 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg auka med 0,1 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS (Statleg eksportfinansieringsordning) auka netto med 3,8 mrd. kroner. I dette beløpet inngår òg ein auke på 0,4 mrd. kroner ved omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen. Det var òg ein nedgang på utlåna til Avinor AS med 0,4 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond auka med 1,2 mrd. kroner. Klima- og energifondet auka med netto 1,3 mrd. kroner medan Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,2 mrd. kroner. Under Nærings- og fiskeridepartementet minka fonda samla med 388 mill. kroner. Det meste kjem av Investeringsfondet for Investinor AS som vart redusert med 350 mill. kroner som følgje av omdanning til kapital i Investinor AS, jf. note 3. Fond for OPS-prosjekt på veg auka med 350 mill. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot auka med 1,1 mrd. kroner. Oppgjersordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0740, er netto balanseført med ein nedgang på 47 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen auka med 1,1 mrd. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2019.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 5,3 mrd. kroner i 2019. Kapitalen i SDØE auka med 2,2 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 3,1 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 8,8 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 17,0 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med 2,6 mrd. kroner, og statskassevekslar minka med 14,4 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 1,4 mrd. kroner, frå -5,4 mrd. kroner i 2018 til -4,0 mrd. kroner i 2019, slik at verksemdene har 4,0 mrd. kroner til gode per 31.12.2019.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gitt Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2019 ikkje gjort nokon føringar på konto for forskyving i balansen mot kontogruppe 70/72.

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2019 bokført med -4,9 mrd. kroner. Dette er ei endring på 1,8 mrd. kroner, frå -6,7 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda minka med 13,2 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 8,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 0,9 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands minka med 6,1 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2019 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 minka med 195 mill. kroner i 2019. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein auke i desse fondsmidlane på 1,2 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 minka med netto 1,4 mrd. kroner. Alminneleg garantiordning under GIEK minka med 1,6 mrd. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet minka med 0,4 mrd. kroner, medan Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad samla auka med 553 mill. kroner.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 510 mill. kroner. Midlane utgjer 20,4 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2019 gjeld særleg Noregs forskingsråd med 539 mill. kroner. Universitet og høgskular hadde ein netto nedgang på 509 mill. kroner og Forsvarets forskingsinstitutt hadde ein auke på 201 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar auka med 10,3 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 10,5 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2019 hadde 2,5 mrd. kroner i gjeld til SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 359 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen gjekk ned med 550 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet (Gassnova) auka med 17 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med 23 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2019 til 2020 utgjer til saman 16,3 mrd. kroner, som er 0,5 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2018 til 2019.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2019 auka med 1 892,3 mrd. kroner, frå 9 071,6 mrd. kroner til 10 963,9 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2018

2019

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

-241 686

1 872 360

99. Overskot før lånetransaksjonar

7 001

941

87. Endring avsetjing overførte midlar

-2 305

522

Andre endringar:

14 191

18 481

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

1 858

-4 678

62. Nettovinst verdipapir

2 951

8 895

62. Equinor ASA, utbyteaksjar

1 754

0

62. Investinor

250

350

62. Netto tap, avhending AIM AS

-152

62. Mantena AS

170

63. Auka utlån til helseføretaka

2 323

4 892

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

1 107

959

63. Eksportkreditt AS, valutakurseffekt

2 349

373

63. Anna tap/ettergjeving av lån

-7

0

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

931

1 247

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap. 0740

90

-47

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-91

1 137

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

677

5 335

70–72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

0

Sum

-222 799

1 892 304

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2019 renteinntekter på 14,0 mrd. kroner og renteutgifter på 9,9 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 4,1 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2018 til 2019 minka renteutgiftene med 0,8 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 0,4 mrd. kroner

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2017

2018

2019

1. Renteinntekter i alt1)

12 285

14 409

14 000

Renter frå statsbankane og statsføretaka

8 828

8 842

9 259

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

72

72

86

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

3 384

5 495

4 654

renter av innskot og andre krav

1 856

4 191

3 384

renter av lån til helseføretaka

295

280

283

renter av lån til aksjeselskap

57

46

36

renter frå folketrygda

3

1

0

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

1 173

977

951

2. Renteutgifter i alt2)

8 861

10 675

9 888

Av innanlandsk statsgjeld

8 833

10 636

9 796

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

28

39

92

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

3 424

3 734

4 112

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 41,2 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 9 796 mill. kroner syner programområdet 24 statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjoner på 9 837,2 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2019 på 9,3 mrd. kroner. Av dette er 3,0 mrd. kroner frå Husbanken, 4,5 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,5 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 199 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 17 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 3,4 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 2,3 mrd. kroner renter av inneståande på statens foliokonto i Norges Bank og 0,9 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltninga. Renteinntekter av alminnelege fordringar og driftskreditt til statsverksemder vart høvesvis 61,2 og 116,4 mill. kroner i 2019.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 92 mill. kroner. Renteutgiftene på 9,8 mrd. kroner på kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 8,8 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er 0,9 mrd. kroner i netto utgift som er 2,2 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 1,3 mrd. kroner i inntekter knytte til attkjøps- og rentebyteavtaler. Det er 86,3 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2019 var statsgjelda 511 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2018−2019) Nasjonalbudsjettet 2019, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2019 er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) Statsbudsjettet 2019, kap.7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2018 og 2019. Per 31.12.2019 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 174,9 mrd. kroner. Dette er 8,8 mrd. kroner lågare enn i 2018. Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2019 netto med 8,9 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 0,3 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2019 var på 3,7 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under GIEK, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og byggelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien og Innovasjon Norge, realinvesteringar og driftskreditt.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2018

Utbetalt ved tap i 2019

Garantiansvar per 31.12.2019

Utanriksdepartementet1)

33 005,4

33 328,9

Arbeids- og sosialdepartementet

210,9

206,2

Helse- og omsorgsdepartementet

0,4

0,2

Barne- og familiedepartementet

0,7

0,2

Nærings- og fiskeridepartementet

122 858,0

3 682,5

113 916,4

Samferdselsdepartementet

9 958,9

9 903,3

Finansdepartementet

16 664,6

16 523,0

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

183 698,9

3 682,5

174 878,3

1) Sjå note 1 til tabell 4.1 i vedlegg 4 for forklaring på at garantiansvaret per 31.12.2018 under Utanriksdepartementet avvik frå meldinga i fjor.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder s mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida