Meld. St. 30 (2016–2017)

Verksemda til Avinor AS

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Samferdselsdepartementet vil opne for at Avinor sine lufthamner kan kjøpe flysikringstenester frå andre leverandørar enn dotterselskapet Avinor Flysikring. Konkurranseutsetjinga av flysikringstenestene kjem til å krevje auka overvaking og kontroll frå luftfartsstyresmaktene si side. Nye aktørar må godkjennast av Luftfartstilsynet, og marknaden må overvakast. Det gjeld i særleg grad marknaden for tenester som av teknologiske eller økonomiske årsaker framleis må leverast av Avinor Flysikring, som ein del teknisk infrastruktur og datatenester. Det kan bli nødvendig å utarbeide ei forskrift som sikrar nye aktørar tilgang til slike tenester til ein pris som tilsvarer kostnaden ved å tilverke tenestene. Luftfartstilsynet vil eventuelt få i oppgåve å handheve regelverket. Samferdselsdepartementet vil vurdere om det er behov for auka løyvingar til Luftfartstilsynet og eventuelt kome tilbake til Stortinget i dei ordinære budsjettframlegga.

Departementet legg vidare til grunn at Avinor Flysikring skal kunne delta i konkurransar om flysikringsoppdrag i utlandet. Departementet legg òg til grunn at selskapet syter for å organisere den konkurranseutsette delen av verksemda på ein måte som gjer at den finansielle risikoen blir minst mogleg, og samstundes skaper tilstrekkeleg avstand til lufthamnverksemda, slik at konkurrerande flysikringsaktørar kan ha tillit til at konkurransen er reell og rettferdig. Fram mot neste eigarmelding vil Samferdselsdepartementet setje i gang ein prosess med sikte på å sikre god nok avstand mellom flysikringsverksemda og lufthamnverksemda ved at eigarskapen til flysikringsverksemda ikkje skal liggje til Avinor.

Avinor meiner at etablering av fjernstyrte tårn kjem til å redusere flysikringskostnadene med 40–50 pst. Avinor forventar vidare at moderniseringsprogrammet i selskapet skal redusere kostnadene både ved lufthamndrift og ved flysikring. I tillegg kjem innføring av konkurranse truleg til å føre til reduserte flysikringskostnader.

Det er ikkje foreslått andre endringar i denne meldinga som det er forventa at skal gi økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida