Ot.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Til innhaldsliste

2 Situasjonen i dag - omfanget av vald i nære relasjonar, krisesentertilbodet og anna hjelp til valdsutsette

2.1 Omfanget av vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er ei fellesnemning for relasjonar prega av valdsbruk der overgriparen og offeret er knytte til kvarandre gjennom familie- og slektskapsband eller på annan måte har nære band til kvarandre. Tidlegare blei dette omtalt som privat vald, og det fanst inga oversikt over kor utbreidd slik valdsutøving var. I dag er det allmenn semje om at samfunnet har eit ansvar for å medverke til å førebyggje og motarbeide bruk av vald i nære relasjonar. Dette har ført til auka merksemd og auka rapportering. 1 Sjølv om det stadig er fleire som melder frå, er det framleis mange som teier om det dei blir utsette for. Det kan vere ein langvarig prosess å vedgå at ein sjølv er eit valdsoffer. Vald i nære relasjonar er framleis tabulagt.

I mai 2005 presenterte Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) den første landsdekkjande omfangsundersøkinga om vald i parforhold i Noreg. Undersøkinga fann at i overkant av fem prosent av befolkninga hadde opplevd at ektemaken eller sambuaren minst éin gong hadde brukt fysisk makt det siste året. Det er ikkje store forskjellar mellom kvinner og menn når det gjeld å bli utsett for psykiske og fysiske overgrep frå ein partnar. Men når ein ser alle former for vald og maktmisbruk i parforhold under eitt, er det prosentvis fleire kvinner enn menn som blir ramma. Kjønnsforskjellane kjem klarast fram når det gjeld personar som har vore utsette for vald med stort skadepotensial frå noverande eller tidlegare partnar i eit livsløpsperspektiv. Mange fleire kvinner enn menn blir påførte alvorlege fysiske og psykiske skadar som følgje av valdsbruken. Etter fylte 15 år har nesten éi av ti kvinner opplevd at partnaren har brukt våpen, teke kvelartak eller banka hovudet hennar mot golvet eller mot ein gjenstand. Det same gjeld om lag éin av førti menn. 2

Ei anna omfangsundersøking, gjennomført i 2007 blant 18- og 19-åringar i den vidaregåande skulen, viser at ni prosent hadde opplevd partnarvald mot mor si gjennom oppveksten, og at fire prosent hadde opplevd partnarvald mot far sin. Kvar tiande ungdom oppgav at dei gjennom oppveksten hadde sett eller høyrt minst éin av foreldra bli utsett for vald. Av denne undersøkinga går det også fram at barn er like utsette for grove fysiske krenkingar frå mødrer som frå fedrar. 3

Valdsmålingar gjennomførte av Justisdepartementet i 2003, 2005 og 2008 gir også eit bilete av kor utbreidd det er med vald i nære relasjonar. 4 I ei tilfeldig vald veke i 2008 blei det registeret 1357 meldingar til politiet og andre delar av hjelpeapparatet om vald i nære relasjonar. 274 barn under 18 år blei registrerte med eigne saker. Dette utgjer 20 prosent av meldingane og er dobbelt så mange som ved valdsmålinga i 2005. I tillegg til barn registrerte med eigne saker, budde 1382 barn i heimar der ein vaksen var utsett for fysiske og/eller psykiske overgrep.

I 2007 innrapporterte politidistrikta totalt 4844 familievaldssaker. Det omfattar både saker der den fornærma sjølv melde frå om forholdet, og saker der politiet oppretta sak ved offentleg påtale. 92 prosent av valdsutøvarane var menn, åtte prosent var kvinner. Blant dei fornærma var 83 prosent kvinner og 17 prosent menn.

Drap er den mest brutale forma for valdsutøving. Tal frå Kripos viser at 32 personar blei drepne i 2007. Åtte av gjerningspersonane var noverande eller tidlegare partnar til offeret. I tiårsperioden 1997 til 2007 blei 76 kvinner og fem menn drepne av den noverande eller tidlegare partnaren sin. I 20-30 prosent av alle drap er det ein noverande eller tidlegare kjærast, ektemake eller sambuar som er gjerningsperson. 5

I ein rapport frå Reform - ressurssenter for menn - kjem det fram at senteret i 2007 tok imot 45 meldingar frå menn som var utsette for vald i nære relasjonar. Mange fortalde om valdsbruk av alvorleg karakter. 6 Krisesenteret for Nord-Østerdal, som også har hatt eit tilbod til menn gjennom mange år, har etter det eigne statistikkar viser, hatt 41 mannlege bebuarar i perioden frå 1994 til 2006. Det er mykje som tyder på at menn har ein svært høg terskel for å søkje hjelp.

Når det gjeld tvangsekteskap og menneskehandel, finst det tal på registrerte meldingar berre i delar av hjelpeapparatet. I 2006 blei det registrert totalt 350 saker om tvangsekteskap, og desse sakene involverte 389 personar. Fleirtalet av sakene gjaldt jenter/kvinner mellom 15 og 25 år. Ein del menn søkte også hjelp, men primært i følgje med ein kvinneleg kjærast. 7 I 2007 tok Rosa-prosjektet imot førstegangsmeldingar frå eller på vegner av 90 personar som ein reknar med var utsette for menneskehandel, av dei to menn og 88 kvinner. 8

2.2 Krisesenterverksemda 9

2.2.1 Krisesentertilbodet i dag

«Krisesentrenes opprinnelige visjon var at alt kvinner trengte, var et trygt husvære og støtte fra andre kvinnelige beboere og krisesentermedarbeidere. Man trodde dette ville være nok for å gjenvinne kontrollen over sitt liv». 10 Gjennom praksis i tretti år har krisesentra utvikla fleire tilbod til brukarane.

Det eksisterer i dag inga lov som regulerer tenestene eller arbeidsområdet til krisesentra. Rundskrivet frå Barne- og likestillingsdepartementet som gir retningslinjer for statstilskot til krisesenter og valdtektssenter, blir revidert årleg og regulerer til ein viss grad det faglege innhaldet i og oppgåvene til krisesentra. Andre retningslinjer for krisesentertilbodet har krisesentra utvikla sjølve gjennom paraplyorganisasjonane sine. Krisesentersekretariatet har utarbeidd minimumsstandardar for innhald og hjelpetilbod ved sine medlemssenter, i tillegg til etiske retningslinjer og retningslinjer når det gjeld teieplikt. Norsk Krisesenterforbund har utvikla yrkesetiske retningslinjer for sine medlemssenter.

I dag finst det 51 krisesenter, fordelte på alle fylke i landet. Krisesentra er ulike når det gjeld eigarskap og organisering. 11 senter er kommunale eller interkommunale, mens dei resterande 40 er private. Med unntak av to er alle krisesentra organiserte i ein av dei to paraplyorganisasjonane. 34 senter er organiserte i Krisesentersekretariatet og 15 i Norsk Krisesenterforbund.

Basert på den kunnskapen departementet har gjennom forvaltninga av statstilskotsordninga, årsrapportar frå krisesentra og fleire undersøkingar og utgreiingar utførte på oppdrag frå departementet, består det tilbodet krisesentra gir i dag, av desse elementa:

  • Døgnope tilbod om råd og rettleiing per telefon

  • Trygt mellombels butilbod

  • Dagtilbod - til tidlegare brukarar av butilbodet og andre som ikkje har behov for butilbodet

  • Samtaletilbod, individuelt og i form av sjølvhjelpsgrupper

  • Hjelp til å ta kontakt med og følgje til hjelpeapparatet

  • Oppfølging i reetableringsfasen

I tillegg driv sentra utoverretta verksemd i form av opplæring og informasjon om vald i nære relasjonar til publikum, hjelpeapparatet og offentlege styresmakter.

Kjernetilbodet til brukarane varierer frå senter til senter, og ein del senter har også andre tilbod til valdsutsette. 11 Kva tilbod det enkelte krisesenteret gir, er mellom anna avhengig av dei økonomiske og organisatoriske rammevilkåra til senteret, kor stort senteret er, og kva brukargrupper som oppsøkjer senteret. Kor godt utbygd andre delar av hjelpeapparatet er i dei områda krisesenteret dekkjer, påverkar også kva tilbod sentra gir.

Døgnope tilbod om råd og rettleiing per telefon

Ein viktig del av verksemda ved krisesentra er samtalar med personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Dei fleste krisesentra har eit døgnkontinuerleg tilbod om råd og rettleiing per telefon.

Trygt mellombels butilbod

Alle krisesenter i Noreg gir eit tilbod om overnatting til valdsutsette kvinner og medfølgjande barn. Fire krisesenter tek imot menn for overnatting. Dei sentra som tek imot menn for overnatting, har anten eigne bueiningar, som leilegheit eller gjennomgangshusvære, eller dei tek berre imot menn under gitte vilkår.

Mens talet på krisesenter har vore relativt stabilt sidan midt i 1980-åra, er opningstida ved sentra gradvis blitt utvida. Dei fleste krisesenter er bemanna heile eller tilnærma heile døgnet. Åtte krisesenter oppgir at dei ikkje har bemanning heile døgnet. Dei sentra som har avgrensingar i opningstida, kan kontaktast gjennom telefon (bakvaktordning) eller via politiet. Dei fleste krisesentra har ei grense for butid på tre månader, men somme brukarar nyttar overnattingstilbodet gjennom ein lengre periode på grunn av særlege forhold knytte til bakgrunn eller overgrepsforhold. Lengda på opphaldet er ofte avhengig av bustadmarknaden eller av kva tilbod om overgangshusvære kommunen kan gi. Mange, særleg kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn, har vanskar med å finne ein stad å bu etter eit opphald på eit krisesenter. Krisesenterorganisasjonane peikar på den lange butida til somme brukarar som eit problem.

Ni av krisesentra disponerer til saman 15 overgangshusvære. Med overgangshusvære er her meint ei bueining som krisesenteret disponerer, der tidlegare bebuarar kan bu i ein mellomfase mellom opphald på krisesenteret og innflytting i eige husvære. 12

Krisesentra skal vere lett tilgjengelege. Det er derfor ikkje tillate å krevje betaling av brukarane, utover eit mindre beløp for å dekkje utgifter til mat. 13 Ei kartlegging gjennomført av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i 2006 viste at 28 krisesenter ikkje krev betaling, mens dei resterande sentra tek betalt frå ca. 50 kroner til i overkant av 100 kroner per døgn i matpengar.

Dei fleste krisesentra held til i større einebustader eller leilegheiter i bustadstrøk i tettstader eller byar. Somme senter disponerer to husvære, oftast eit hus og ei leilegheit. Dei færraste av dei eksisterande krisesentra er bygde for formålet. Storleiken på lokala varierer frå ei leilegheit på 80 m2 med to soverom til ein bygard med 2800 m2 buflate og med 25 soverom. Dei fleste sentra har frå to til fem soverom for bebuarar, og gjennomsnittet er 15 sengeplassar til bebuarar.

Lokala til krisesentra skal dekkje det behovet brukarane har for husvære i ein avgrensa periode. Så langt råd er får bebuarane eigne soverom, men ved somme senter må brukarane dele rom dersom det er mange bebuarar. Alle krisesenter har stove og kjøkken som bebuarane kan disponere. Bad er oftast felles. 53 prosent av sentra har ikkje samtalerom, og 82 prosent har ikkje besøksrom. Ved dei mindre sentra er lokala lite fleksible når det bur fleire husstandar på senteret; det gjeld sanitære forhold, opphaldsrom og plass til innandørs og utandørs aktivitetar for barn. Små og dårlege lokale kan vere eit reelt hinder for ei god og effektiv drift.

I mange tilfelle held truslar om vald fram også etter at den valdsutsette har brote ut av valdsrelasjonen. 42 av 51 senter oppgir at dei arbeider spesielt med å skape tryggleik for brukarane. Det inneber tiltak for å sikre den fysiske tryggleiken til brukarane på sentra, og å gi råd og informasjon om korleis brukarane best kan verne seg mot trugande overgriparar i framtida. I 2007 hadde åtte prosent av dei kvinnene som budde på krisesentra, valdsalarm.

I 2006 hadde 25 krisesenter skjult adresse, 10 senter delvis open adresse og 16 senter open adresse. Det er også stor variasjon mellom sentra når det gjeld korleis lokala er sikra reint fysisk.

Dagtilbod

Det dagtilbodet krisesentra gir, er for brukarar som treng råd og rettleiing, eller som har behov for oppfølging etter opphald på sentra. Ein stor del av arbeidet ved krisesentra dreier seg om oppgåver av dette slaget. Denne verksemda har auka mykje i omfang i dei seinare åra, med eit unntak for utviklinga frå 2006 til 2007, då det var ein nedgang i talet på dagbesøk.

Støtte, samtaletilbod og praktisk hjelp til bebuarar og dagbrukarar

Brukarar av bu- og dagtilbod ved krisesentra tek imot ulike former for hjelp og støtte. Brukarstudiar viser at krisesenterbrukarane særleg legg vekt på den omsorga og medkjensla dei blir møtte med på sentra, og på at nokon tek seg tid til å lytte. 14

Samtaletilbodet ved krisesentra består av ulike former for individuelle samtalar, gruppesamtalar og nettverksgrupper. 41 av 51 senter hadde eit tilbod om individuelle samtalar i 2007. I tillegg hadde 47 senter utarbeidd rutinar for mottak av mor og barn, mens 39 senter også hadde samtalar med mødrer for å auke foreldrekompetansen. I 2007 var det 93 prosent av dagbrukarane og 81 prosent av bebuarane som nytta tilbodet om individuelle samtalar. Når det gjeld konkret praktisk hjelp, fekk 16 prosent av bebuarane hjelp til barnepass og hjelp til å finne husvære, mens 11 prosent fekk hjelp til flytting.

Eit viktig aspekt ved krisesentra er det høvet valdsutsette kvinner har til å møte andre kvinner i same situasjon. Særleg på større senter med mange bebuarar har kvinnene høve til å dra vekslar på dei erfaringane andre har, og dei meistringsstrategiane andre har nytta. På små stader er grunnlaget for å opprette sjølvhjelpsgrupper og andre gruppeorienterte tilbod ikkje til stades i same grad. 18 av 51 senter hadde tilbod om sjølvhjelpsgrupper, og 15 senter hadde tilbod om nettverksgrupper i 2007. I 2007 oppgav 10 prosent av bebuarane og seks prosent av dagbrukarane at dei hadde delteke i slike grupper/nettverk.

I tillegg arrangerte åtte senter ulike kurs for brukarane, mens 34 senter dreiv med miljøarbeid, til dømes i form av utflukter.

Hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet

Mange krisesenterbrukarar har behov for oppfølging utover det krisesentra kan ta på seg. Ein viktig del av oppgåvene til krisesentra er derfor å hjelpe brukarane i kontakten med andre delar av tenesteapparatet. I 2007 var det særleg fire instansar krisesentra viste bebuarane til. 40 prosent av bebuarane blei viste til advokat, 36 prosent til sosialkontor, 31 prosent til politiet og 24 prosent til lege. Om lag 20 prosent av bebuarane blei ikkje viste til nokon annan instans for å ta imot spesiell hjelp.

Bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn får i større grad hjelp i form av følgje til hjelpeapparatet enn kvinner utan slik bakgrunn (41 mot 26 prosent). Totalt oppgav 36 prosent av bebuarane at dei fekk følgje til andre delar av tenesteapparatet. Dette gjaldt berre fem prosent av dagbrukarane.

Ein viktig føresetnad for at krisesentra skal kunne gi god hjelp til brukarane, er kjennskap til og samarbeid med andre hjelpetenester. Gjennom mange års arbeid har krisesentra utvikla god kunnskap om rettar og rutinar i hjelpeapparatet. Dei fleste krisesentra tek på seg rolla som koordinator og pådrivar i samband med hjelpetiltak for enkeltbrukarar (47 av 51 senter). Samarbeidet går oftast føre seg med enkeltpersonar i andre tenester, sjølv om ein del senter har formelle samarbeidsavtalar med desse tenestene.

20 av 51 krisesenter oppgir at dei har formalisert samarbeid med andre aktørar i hjelpeapparatet, til dømes i form av faste møte. 16 krisesenter hadde formalisert samarbeid med politiet. Elles har sentra mest formalisert samarbeid med barnevernet, bistandsadvokatar, legevakt, barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP), barnehagar, skulefritidsordninga (SFO), helsesystrer og arbeids- og velferdsetaten (NAV). Nokre få senter har slikt samarbeid med skular, flyktningkontor, vaksenpsykiatri, Utlendingsdirektoratet (UDI), regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) og andre helsetenester.

29 av 51 krisesenter deltek i ansvarsgrupper som gjeld eigne brukarar. Andre oppgåver og funksjonar i forhold til andre delar av hjelpeapparatet er utviklingsarbeid i form av prosjekt saman med konfliktråd, politiet og barne- og familieavdelinga i ein kommune. Mange krisesenter er også representerte i tverretatlege team som arbeider med vald i nære relasjonar. Andre instansar som deltek i slike team eller i jamlege møte mellom tenester, er politiet, familievernet, barnevernet, sosialkontor og helsetenester.

Krisesentra har opplysningsplikt til barnevernet. Det går fram av barnevernlova § 6-4a at også medarbeidarar ved private krisesenter som får driftskostnadene dekte av det offentlege, har opplysningsplikt som nemnt i § 6-4 andre ledd. Det inneber at krisesentra skal gi opplysningar til barneverntenesta i kommunen når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller dersom det er grunn til å tru at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. 45 av 51 senter opplyser at dei har etablert rutinar for kontakt med barnevernet. 18 prosent av krisesenterbrukarane blei viste til barnevernet i 2007.

Krisesentra må samhandle med instansar i like mange kommunar som brukarane representerer, og dei fleste sentra har kontakt med meir enn éin kommune. Dette kan vere ei utfordring når ein skal følgje opp enkeltbrukarar.

Oppfølging i reetableringsfasen

I 2007 hadde 48 av 51 senter eit tilbod om oppfølging av tidlegare bebuarar. 46 senter gir tilbod om oppfølgingssamtale, og 32 senter medverkar med sosiale tiltak etter eit opphald ved senteret. 34 senter har tilbod om heimebesøk.

Verksemd retta utetter

I tillegg til den brukarorienterte verksemda, driv krisesentra også ulike former for verksemd retta mot omverda. Dette arbeidet omfattar både informasjon om tilbodet til aktuelle brukargrupper og opplæring av og informasjon til andre instansar i hjelpeapparatet og rettsvesenet om korleis dei skal oppdage og møte personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det har også tradisjonelt vore ei viktig side av verksemda ved sentra å gi informasjon om og drive haldningsskapande arbeid mot vald i nære relasjonar, retta mot folk flest.

2.2.2 Kven bruker krisesentra?

Kontakt per telefon

Krisesentra skil mellom krisetelefonar og andre typar av telefonsamtalar. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si rapportering frå krisesentra for 2007 hadde krisesentra det året 13 796 registrerte krisetelefonsamtalar. 15

Bebuarar og dagbrukarar

I 2007 overnatta 1797 kvinner på krisesentra, og det blei til saman registrert 2234 opphald dette året. 16 Det totale talet på overnattingsdøgn var 62 509. 17 Talet på opphald ved krisesentra har vore nokså stabilt frå midten av 1980-åra og fram til i dag, mens den gjennomsnittlege lengda på opphalda har stige frå om lag 20 døgn i 2003 til om lag 28 døgn i 2007. Alle bebuarar i 2006 var kvinner. I 2007 blei sju bebuarar registrerte som menn. Tre av desse var under 18 år og dermed barn. Fire senter hadde menn over 18 år som bebuarar dette året.

I 2007 hadde 45 prosent av bebuarane med seg barn, og for 1420 barn blei det registrert totalt 1766 opphald. Av alle opphalda til barn var 20 prosent opphald som gjentok seg. 18 26 prosent av bebuarane med barn drog tilbake til overgriparen. Tilsvarande tal for bebuarar utan barn var 21 prosent. Kvinner med barn budde i gjennomsnitt i 29 døgn på krisesenteret, mot 27 døgn for kvinner utan barn. 53 prosent av barna var fem år eller yngre, 35 prosent var mellom seks og 12 år, mens 11 prosent av barna var 13 år eller eldre. Unntaksvis tek krisesentra imot barn under 18 år som ikkje er i følgje med mor eller nokon annan omsorgsperson.

Statistisk sentralbyrå si rapportering frå krisesentra for 2007 viser at 92 prosent av bebuarane hadde vore utsette for gjentekne overgrep før dei oppsøkte eit krisesenter. Berre åtte prosent kom på grunn av ei eingongshending. 68 prosent av bebuarane melde om psykiske skadar, mens 37 prosent oppgav fysiske skadar. 82 prosent oppgav den noverande eller tidlegare ektemaken, sambuaren eller kjærasten som overgripar. 15 prosent oppgav at dei hadde vore utsette for fleire enn éin overgripar.

I 2007 hadde 58 prosent av krisesenterbebuarane etnisk minoritetsbakgrunn. 19 Av desse rapporterte éin av tre at overgriparen hadde etnisk norsk bakgrunn. Bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn er gjennomgåande yngre enn bebuarar med etnisk norsk bakgrunn. Nærmare tre av fire krisesenterbebuarar var under 40 år. Éin av ti bebuarar på sentra var 50 år eller eldre, mens to prosent var under 18 år.

Fleirtalet av bebuarane ved krisesentra står utanfor arbeidslivet. I 2007 hadde 32 prosent av bebuarane inntektsgivande arbeid (heiltid eller deltid), mot to til tre gonger så mange blant kvinner i tilsvarande aldersgrupper i befolkninga sedd under eitt. Mange bebuarar er økonomisk avhengige av ektemaken eller sambuaren. Dette gjeld i noko større grad for bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn enn for bebuarar med etnisk norsk bakgrunn. Blant bebuarar med etnisk norsk bakgrunn tok om lag halvparten imot stønad, trygd eller pensjon, mens dette berre gjaldt 17 prosent av bebuarane med etnisk minoritetsbakgrunn.

Talet på dagbrukarar auka med 9,6 prosent frå 2003 til 2006, og talet på dagbesøk steig med heile 41,7 prosent i den same perioden. Årsstatistikken for 2007 viser at 2093 personar oppsøkte krisesentra på dagtid, med til saman 7693 registrerte dagbesøk. Dette var ein nedgang på åtte prosent frå 2006. 20 Ein tredel av dagbrukarane oppgir at dei ikkje har hatt kontakt med eit krisesenter tidlegare.

Statistisk skil dagbrukarar seg frå bebuarar på fleire område. Det er også relativt fleire med etnisk norsk bakgrunn blant dagbrukarane (57 prosent) enn blant bebuarane (42 prosent). 21 Det kan komme av at kvinner med etnisk norsk bakgrunn i større grad har kjennskap til dagtilbodet, i tillegg til at dei har alternative løysingar når det gjeld overnatting. Også språkbarrierar kan føre til at personar med minoritetsbakgrunn i mindre grad enn personar med etnisk norsk bakgrunn oppsøkjer rådgivingstenesta ved dagtilbodet. Samanlikna med bebuarane var dagbrukarane i snitt eldre og fleire hadde barn. Fleire dagbrukarar (53 prosent) enn bebuarar (33 prosent) oppgav å vere einslege, separerte eller skilde, eller å ha flytta frå sambuar eller ektemann.

Det er også etter måten noko fleire menn som er dagbrukarar (95 personar) enn bebuarar (4 personar). Tala frå SSB viser at dei 95 mennene utgjorde fem prosent av dagbrukarane. Når det gjeld menn som er dagbrukarar, er informasjonen sprikjande. I Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) si kartlegging frå 2007 oppgav sju senter at dei tek imot menn utsette for vald i nære relasjonar og gir dei råd og rettleiing på dagtid. SSB si rapportering frå krisesentra for 2007 viser at nærmare halvparten av sentra (24 av 51) hadde dagbrukarar som var menn. 22

Krisesentra er i varierande grad tilrettelagde for brukargrupper med særlege behov.

Barn

Gjennom eitt år er om lag 40 prosent av dei som bor på krisesentra barn. Barn vil som hovudregel komme til eit krisesenter saman med mor si. Fleirtalet av krisesentra oppfattar i dag barn som ei eiga brukargruppe med eigne behov, og fleire senter har i dei siste åra utvikla nye tiltak for barn. I 2007 hadde 88 prosent av krisesentra her i landet eigne leike-/aktivitetsrom, ein firedel hadde eigne samtalerom, og ein firedel hadde eigne uteareal for barn.

Nesten 80 prosent av krisesentra oppgir at dei har tilbod retta spesielt mot barn. I 2007 hadde 44 av 51 senter eit tilbod om individuelle samtalar med barn, med eller utan mora til stades. Åtte senter hadde gruppesamtalar med barn.

Eit fleirtal av sentra organiserer fritidsaktivitetar for barna, til dømes kulturbesøk, turar og symjing. I 82 prosent av tilfella var det krisesentra sjølve som stod bak desse aktivitetane. Over halvparten av sentra tilbaud hjelp i samband med samvær med far. I tillegg hadde ein del krisesenter tilgang til eigne barnehageplassar (12 prosent) og/eller avtale om eigne skuleplassar (8 prosent). Somme senter hadde skyssordning til skule (46 prosent) og/eller barnehage (40 prosent). 29 av 51 senter følgde opp barna etter avslutta opphald på senteret, anten ved heimebesøk eller ved å aktivisere dei og danne nettverk rundt dei.

I 2007 hadde halvparten av krisesentra eigen/eigne tilsette som arbeidde primært med barn. Av desse hadde fleirtalet (70 prosent) éin tilsett, dei andre to tilsette. Talet på årsverk varierte frå 20 prosent av eit årsverk til meir enn to fulle årsverk. 20 senter hadde tilsette med minimum treårig høgskuleutdanning, mens 15 senter hadde tilsette med kortare utdanning eller kurs. Barnefaglege tilsette gir råd og rettleiing og har ansvar for tilrettelegging av daglege rutinar, omsorg, aktivitetar og andre tiltak for barn på krisesentra. I mange tilfelle deltek dei også i oppfølginga av barna etter opphaldet.

Brukarar med etnisk minoritetsbakgrunn

Kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn er ei veksande brukargruppe ved krisesentra. 23 Denne gruppa utgjorde 58 prosent av bebuarane i 2007, mot 51 prosent i 2005 og 45 prosent i 2003.

Fire femdelar av krisesentra hadde hausten 2007 sett i gang eigne tiltak for kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn. 40 av 51 krisesenter hadde eit tilbod om opplæring i bruk av bank, post o.a. for framandspråklege. Om lag seks av ti senter hadde eigne brosjyrar og andre former for presentasjon av krisetilbodet retta mot denne gruppa.

Blant bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn var det i 2007 22 prosent som oppgav at dei ikkje snakka norsk, mens 34 prosent oppgav at dei snakka litt norsk. Dei resterande snakka godt norsk. Samanlikna med 2006 var dette ein auke i prosentdelen som ikkje snakka norsk, som då låg på 15 prosent. Når det gjeld behov for tolk, rekna ein i 2007 med at 65 prosent av brukarane med etnisk minoritetsbakgrunn ikkje hadde behov for tolk. Av dei resterande 35 prosent, som altså hadde behov for tolk, fekk om lag to tredelar hjelp av tolk, mens ein tredel ikkje fekk slik hjelp.

I 2007 rapporterte over halvparten av krisesentra om at dei hadde hatt behov for tolk utan å få tilgang til tolketenester. Årsakene var mellom anna for få tolkar i ein del språkgrupper, knapp tid til å få tak i tolk, at brukarane vegra seg for å bruke tolk, eller økonomiske avgrensingar. Kommunane dekkjer utgifter til tolketeneste ved krisesentra i avgrensa grad. I 2007 dekte 26 prosent av kommunane utgifter til tolk, mens 36 prosent ikkje dekte slike utgifter. 38 prosent av kommunane dekte tolkeutgifter «delvis».

Samisk krise- og incestsenter i Karasjok er eit spesielt tilrettelagt tilbod for samisktalande brukarar. Senteret tek i hovudsak imot brukarar frå dei tre samarbeidskommunane, inkludert den finske grensekommunen Utsjok, men er ope for å ta imot brukarar frå heile det samisktalande området (Sapmi). Den daglege leiaren ved senteret må etter retningslinjene for senteret vere samisktalande, og det må alltid vere personell til stades som meistrar både samisk og norsk. Det samiske krisesenteret seier i sin årsrapport for 2005 at det samiske samfunnet tradisjonelt er meir lukka enn majoritetssamfunnet når det gjeld vald, mishandling og overgrep i familien. Terskelen for å oppsøkje krisesenteret kan dermed opplevast som særleg høg for samiske brukarar. Det samiske krisesenteret peikar på at det å bli møtt av medarbeidarar ved krisesenteret som snakkar eins eige språk og kjenner eins kulturelle bakgrunn, er svært viktig for brukarane.

Tvangsekteskap

I 2007 oppgav seks prosent av bebuarane tvangsekteskap som hovudårsak til opphaldet ved krisesenteret.

Institutt for samfunnsforskning (ISF) har evaluert butilbodet til unge som bryt med familien på grunn av tvangsekteskap. 24 Evalueringa viser at 12 krisesenter har teke imot brukarar utsette for tvangsekteskap i dei siste åra. Av desse har dei fleste hatt berre nokre få slike brukarar, mens ei handfull senter har hatt nokså mange kvinner som har vore i ein slik situasjon, buande. Dette kan komme av at desse sentra blir rekna som spesielt eigna, anten fordi dei på grunn av lokaliseringa blir rekna som særleg trygge for trusselutsette kvinner, eller fordi sentra har ein særskild kompetanse. Eitt krisesenter har oppretta eit eige bukollektiv for denne gruppa i tilknyting til krisesenteret.

Trass i mange fellestrekk med andre brukarar, og trass i individuelle variasjonar, er det visse særtrekk som krisesentermedarbeidarane møter i arbeidet med dei unge som er utsette for tvangsekteskap. Ifølgje krisesentra slit denne gruppa spesielt med eteforstyrringar og sjølvskading. Når det gjeld traume og psykisk helse elles, har dei mykje til felles med dei andre brukarane. Eit anna fellestrekk er at mange av kvinnene er svært unge, og at dei har spesielle hjelpebehov. Mange har så stort hjelpebehov at det kan komme i konflikt med sjølvhjelpsideologien til krisesentra, i den forstand at tilboda ved krisesentra føreset at brukarane i stor grad skal greie seg sjølve i dagleglivet.

Menneskehandel med sikte på seksuell utnytting

Menneskehandel er ei relativt ny problemstilling for hjelpeapparatet i Noreg. I 2005 blei Rosa-prosjektet oppretta. Prosjektet blir finansiert av Justis- og politidepartementet og administrert av Krisesentersekretariatet. Prosjektet koordinerer eit landsdekkjande tilbod med trygge opphaldsstader til kvinner som er utsette for menneskehandel. Gjennom Rosa-prosjektet har krisesentra fått ei aktiv rolle når det gjeld å hjelpe kvinner som er blitt utsette for menneskehandel.

Av dei 90 som vende seg til prosjektet for første gong i 2007, tok 37 personar imot tilbod om verna husvære ved eit krisesenter. 25 Første halvår 2008 var det 93 kvinner og to menn som for første gong vende seg til prosjektet, og av dei tok 25 imot tilbod om opphaldsstad. I alt har 20 ulike krisesenter teke imot kvinner utsette for menneskehandel. Denne gruppa blir ofte buande lenge på krisesentra på grunn av mangel på alternative tilbod om husvære. Gjennomsnittleg butid for kvinner utsette for menneskehandel er 289 dagar. 26

Rosa-prosjektet gir uttrykk for at det er mange utfordringar knytte til det å kunne gi hjelp og oppfølging til denne gruppa. Lang butid kombinert med uvisse når det gjeld opphaldsstatus, helserettar og økonomi, har skapt nye utfordringar for krisesentra.

Brukarar med nedsett funksjonsevne

Til saman blei det i 2007 rapportert om 22 bebuarar med nedsett funksjonsevne fordelt på 15 krisesenter. Det er grunn til å tru at kvinner med ulike funksjonsnedsetjingar er underrepresenterte i forhold til behovet. Det kan dels komme av at krisesentra er lite tilgjengelige for denne gruppa, dels av mangel på informasjon til kvinner med nedsett funksjonsevne om kva tilbod som finst ved krisesentra.

I 2007 rapporterte 55 prosent av krisesentra at det ikkje var mogleg for ein rullestolbrukar å komme inn på senteret ved eiga hjelp. 90 prosent av krisesentra oppgav at lokala var fordelte over fleire etasjar, mens berre 10 prosent oppgav at det var installert ei eller anna form for heis for rullestolbrukarar.

Utover dette var seks krisesenter tilrettelagde for kvinner med sansemessige funksjonsnedsetjingar. Av dei krisesentra som i 2006 enno ikkje var tilrettelagde for personar med funksjonsnedsetjingar, hadde 23 senter planar om å gjere sentra lettare tilgjengelege for denne gruppa.

Brukarar med omfattande rusproblem og/eller psykiske problem

To av tre krisesenter oppgir at dei har brukarar med omfattande rusproblem og/eller psykiske problem. Krisesentra er i prinsippet opne for alle valdsutsette, men dei ulike sentra har ulik tilnærming til personar som har slike tilleggsproblem. Somme krisesenter avviser kvinner med omfattande rusproblem og/eller psykiske problem, eller dei viser dei vidare til ein annan instans.

I 2006 utarbeidde Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ein rapport om personar som blir avviste ved krisesentra i Noreg. 27 I ein registreringsperiode på tre månader i 2005 blei 82 personar avviste ved eller viste vidare frå eit krisesenter. 28 Kartlegginga konkluderer med at krisesentra kvart år avviser minst 15 prosent av dei som ber om overnatting. Det svarer til om lag 355 avvisingar/tilvisingar årleg.

Kvinnene i den ovannemnde kartlegginga blei avviste på bakgrunn av vurderingar gjorde ved det enkelte krisesenteret. Dei mest vanlege årsakene til avvising var store psykiske problem (44 prosent), merkbare rusproblem (28 prosent) eller at personen ikkje hadde vore utsett for fysisk eller psykisk vald (24 prosent). Tre firedelar av dei avviste oppfylte kriteria for målgruppene til krisesentra ved at dei hadde vore utsette for ulike former for vald, overgrep eller andre alvorlege krenkingar. Når det gjaldt rusavhengige personar og personar med store psykiske problem, var årsaka til avvising omsynet til andre brukarar, og at dei tilsette ikkje følte seg kompetente til å handtere dei omfattande problema mange av desse brukarane hadde.

Valdsutsette som ikkje oppsøkjer krisesenter

Dersom ein samanliknar talet på kvinner som er utsette for vald, med talet på kvinner som bruker eksisterande krisesenter, er det mykje som tyder på at mange valdsutsette kvinner ikkje oppsøkjer krisesentra. Forsking i Noreg og internasjonalt viser at valdsutsette kvinner med høgre utdanning, yrkesaktive kvinner, lesbiske og kvinner med nedsett funksjonsevne i liten grad nyttar overnattingstilbodet ved krisesentra. 29 Det kan ha samanheng med kor tilgjengelege krisesentra er, og med kvaliteten og innhaldet i tilbodet i forhold til dei behova desse potensielle brukargruppene har. Ei anna sannsynleg årsak er at dei har andre bu- og meistringsalternativ, og dermed ikkje har behov for å bu på eit krisesenter. 30

Mange valdsutsette menn oppsøkjer ikkje dei krisesentra som finst i dag, for det er allment kjent at dei fleste krisesentra ikkje tek imot menn. Samtidig er det ikkje oppretta eit tilsvarande tilbod til valdsutsette menn. Reform - ressurssenter for menn - meiner at den psykososiale situasjonen til menn framstår som svært lik den som er skildra for kvinner som er utsette for vald i nære relasjonar. Reform meiner at for å kunne hjelpe menn og gutar som søkjer hjelp, må det etablerast og gjerast kjent eit spesifikt tilbod for denne gruppa, samtidig som ein arbeider for å redusere tabu knytte til denne valden. Reform viser til at omfanget av vald mot menn i nære relasjonar tilseier at det er eit behov for å utvikle eit tilbod til menn. 31

2.2.3 Geografisk dekning og behov for plassar

Krisesentra er i all hovudsak etablerte av privatpersonar og organisasjonar gjennom lokale initiativ, ikkje etter ein landsomfattande plan. Det er store forskjellar mellom fylke og internt i fylka når det gjeld talet på krisesenterplassar i forhold til kor stor befolkning dei skal dekkje.

Det finst krisesenter i alle dei 19 fylka i landet, men talet på senter i kvart fylke varierer frå eitt til åtte. Seks av dei 19 fylka i landet - Oslo, Vestfold, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og dei to Agder-fylka - har eitt krisesenter kvar. Nordland fylke har heile åtte senter, mens Østfold har fem. Dette gir også store variasjonar i beredskapen i ulike delar av landet målt i talet på sengeplassar per innbyggjar. Ytterpunkta er krisesenteret i Sør-Trøndelag, som har eit oppland på om lag 25 000 innbyggjarar per plass, mens det tilsvarande talet i Finnmark er 3000.

Det er også store variasjonar frå fylke til fylke i bruken av krisesentra om ein ser på opphald per år i forhold til innbyggjartalet. Tal for 2006 viser at talet på opphald per 1000 innbyggjarar varierer sterkt mellom fylka, frå lågast i Nord-Trøndelag, med 0,26, til høgst i Østfold, med 0,96 opphald per 1000 innbyggjarar. 32

Kor stort område krisesentra skal dekkje, varierer også temmeleg mykje. Somme senter har eit omland der den lengste avstanden for potensielle brukarar er under to mil frå senteret, mens andre har ein lengste avstand for brukarane på over 30 mil. Det er tilsvarande variasjon i den gjennomsnittlege reisetida til sentra. Vista har komme fram til at 86 prosent av alle innbyggjarar i landet har ei reisetid på mindre enn ein time til nærmaste krisesenter, mens nær 99 prosent kan nå eit senter innanfor ei reisetid på tre timar. Dei fleste som har så lang reisetid, bur i Nord-Noreg.

Vertskommunane har relativt sett fleire brukarar enn dei omliggjande kommunane, og bruken minkar med avstanden frå eit krisesenter. Dette gjeld særleg i forhold til dagbrukarane. Både Vista og NKVTS fann at nærleik til sentra fører til auka bruk. Unntaka er ein del store krisesenter med korte avstandar der talet på brukarar per 1000 innbyggjarar er relativt lågt. Eit unntak er også krisesenteret i Kirkenes, der reiseavstandane er svært lange, men der det likevel er svært mange brukarar per 1000 innbyggjarar. Talet på brukarar per 1000 innbyggjarar er størst ved dei sentra som har færrast innbyggjarar å dekkje.

75 prosent av krisesentra oppgir at dei hadde fullt belegg éin eller fleire gonger i 2007. 33

Det er vanskeleg å gi eit estimat over kor mange personar det er som kan ha behov for eit krisesentertilbod. Europarådet tilrår éin familieplass per 10 000 kvinner i dekningsområdet til eit krisesenter. 34 I Noreg svarer ein familieplass til sengeplassar til 2,8 personar (1 kvinne og 1,8 barn). Med ei gjennomsnittleg dekning på 1,5 familieplassar per 10 000 kvinner på landsbasis ligg Noreg godt an i forhold til den europeiske norma.

2.2.4 Drift og finansiering av eksisterande krisesenter

Organisering og drift

Den interne organiseringa av krisesentra har endra seg nokså mykje gjennom dei siste tretti åra. Då krisesentra starta opp, var dei fleste medarbeidarane frivillige som arbeidde gratis. I dag har stadig fleire krisesenter fast tilsette. Organisatorisk er mange krisesenter på veg bort frå ein flat struktur til ein meir hierarkisk modell; dei fleste har såleis ein dagleg leiar.

Dei fleste krisesentra blei etablerte av ei krisesentergruppe som var ansvarleg for drifta. 35 Somme krisesenter blei etablerte av religiøse eller politiske organisasjonar, det gjeld til dømes krisesentra i Fredrikstad og Skien. Per i dag er 11 senter kommunalt drivne (åtte av desse er interkommunale selskap), 12 er organiserte som stiftelsar, mens 28 er sjølvstendige organisasjonar.

Dei aller fleste krisesentra, nesten 80 prosent, leiger dei lokala krisesenteret held til i. 70 prosent leiger av vertskommunen, resten av private (19 prosent) eller av ein stiftelse (11 prosent).

I 2003 hadde tre firedelar av sentra eit styre med ekstern representasjon, og om lag ein firedel av sentra hadde både lokale politikarar og representantar for det kommunale hjelpeapparatet med i styret.

Til saman arbeidde 914 personar ved dei 51 krisesentra her i landet hausten 2007. Halvparten av sentra har framleis ei ordning med «frivillige vakter», men har samtidig ordinært tilsette. Berre eitt krisesenter har per i dag ingen ordinært tilsette.

Frå 1986 til 2007 har det vore ein stadig nedgang i bruken av frivillige vakter, frå nærmare 3000 til i underkant av 500. Talet på medarbeidarar med ordinær tilsetjing har i den same perioden auka frå ca. 100 til ca. 400 personar. Sentra har frå fire til 50 medarbeidarar, med hovudtyngda mellom 10 og 19 medarbeidarar. Dei frivillige medarbeidarane ved krisesentra dekkjer ettermiddag, kveld og natt, og tek som regel få vakter i månaden. I 2007 utførte 481 frivillige medarbeidarar totalt 109 årsverk.

Det blir arbeidd mykje deltid på krisesentra. Av totalt nærmare 400 tilsette arbeidde 65 prosent deltid i 2007. Talet på årsverk i ordinære stillingar auka frå om lag 150 i 1995 til 280 i 2007. 92 prosent av dei ordinært tilsette arbeider i brukarretta stillingar, åtte prosent i merkantile stillingar.

Miljøarbeidarstillingane utgjer flest årsverk ved krisesentra, med 41 prosent av dei brukarretta stillingane. Stillingane som dagleg leiar utgjer 30 prosent og stillingane som barneansvarleg medarbeidar 6 prosent. Dei 19 sentra som har barneansvarlege medarbeidarar, har frå éin til seks personar i slike stillingar. 36 Åtte krisesenter rapporterer at dei har mannlege tilsette, til saman 13 menn, av dei tre frivillige vakter, to heiltidstilsette og åtte deltidstilsette.

Krisesentra ønskte opphavleg ikkje fagfolk på sentra, men la vekt på at medarbeidarane måtte ha dei rette personlege eigenskapane for å kunne utføre arbeidet. Den erfaringsbaserte kunnskapen var den viktigaste føresetnaden for arbeidet. Dette har endra seg i dei siste åra. Om vi ser på utviklinga i utdanningsnivået til daglege leiarar frå 1986 til 2007, finn vi at prosentdelen personar med høgre utdanning har auka i takt med auken i utdanningsnivået i samfunnet generelt. 37 Prosentdelen daglege leiarar med høgre utdanning er nærmare tredobla, frå 24 prosent i 1986 til 68 prosent i 2007. Utdanningsbakgrunnen er likevel samansett. Halvparten av leiarane har fagutdanning i form av yrkesretta utdanning i sosial- eller helsefag, eller dei har høgre utdanning i fag som psykologi, pedagogikk, sosialantropologi eller statsvitskap. Andre har utdanning i økonomiske fag, administrasjon og leiing.

Av dei 411 tilsette i ordinære stillingar i 2007 var 360 tilsette i brukarretta stillingar. Av desse hadde 17 prosent ungdomsskule eller lågare utdanningsnivå, 33 hadde vidaregåande skule, 38 prosent universitet/høgskule og 11 prosent anna utdanning. Utdanningar som gjekk att, var sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar, førskulelærar, lærar, spesialpedagog, sjukepleiar med og utan psykiatriutdanning, psykolog og psykotraumatolog. Det fanst også tilsette med universitetsbakgrunn i sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi og økonomisk-administrative fag. Vel halvparten av dei tilsette i dei brukarretta stillingane hadde erfaring frå sosial- eller helsefagleg arbeid.

I dag stiller halvparten av sentra formelle krav om kompetanse i relevante fag ved nytilsetjingar. Fleire daglege leiarar meiner at dette er særleg viktig for stillinga som barneansvarleg medarbeidar.

Finansiering og kostnader

Krisesentra er i hovudsak offentleg finansierte. Det offentlege tilskotet til krisesentra har sidan 1981, med berre mindre endringar, vore delt mellom staten og kommunane, i somme tilfelle fylkeskommunane, og private bidrag og gåver. Statstilskotet dekte i utgangspunktet opptil 50 prosent av driftsbudsjettet. I 2004 vedtok Stortinget at det statlege tilskotet skulle aukast til 80 prosent frå 2005. Bakgrunnen var eit ønske om å prioritere krisesenterverksemda og gi ho ein tryggare økonomisk situasjon.

Den statlege øyremerkte tilskotsordninga for krisesentra blir regulert gjennom eit årleg rundskriv frå Barne- og likestillingsdepartementet (Q-1). Tilskotet blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Statstilskotet på 80 prosent blir gitt på vilkår av at vertskommunen, det vil seie den kommunen krisesenteret ligg i, godkjenner eit budsjett som dokumenterer tilskot tilsvarande 20 prosent av driftsutgiftene frå vertskommunen og eventuelt andre kommunar eller andre offentlege bidragsytarar. Andre offentlege bidragsytarar er i dag nokre få fylkeskommunar og eit par helseregionar. Det var vanlegare før at slike offentlege organ gav noko støtte til krisesentra. Krisesentra får også noko støtte frå private. Private gåver utløyser ikkje statstilskot.

Alle krisesenter må ha ein vertskommune. Dei fleste sentra har i tillegg fleire omliggjande kommunar som er med på å støtte senteret økonomisk. Somme senter har meir enn 20 kommunar som bidragsytarar. I 2007 gav 406 av dei 434 kommunane i Noreg støtte til krisesenterdrift. Talet på kommunar som gir støtte, har auka langsamt, men kontinuerleg, over tid. Dei beløpa dei ulike kommunane støttar verksemda med, varierer mykje.

Mange av krisesentra har etter kvart fått i stand meir systematiske økonomiske bidrag frå omliggjande kommunar. Støtta frå kvar enkelt kommune blir ofte fastsett etter ein fordelingsnøkkel basert på innbyggjartala i dei samarbeidande kommunane. Somme stader bruker ein også ein fast sum, eller ein kombinasjon av desse to måtane å rekne på. Vertskommunen yter så å seie alltid vesentleg meir enn samarbeidspartnarane. Knapt halvparten av sentra har kommunale garantiar for finansiering i fleire år framover.

I 2008 blei utgiftene til krisesenterdrifta kalkulerte til totalt om lag 208 millionar - fordelt på 19 prosent frå kommunane, 75 prosent frå staten og 7 prosent i private gåver. 38 Statsrekneskapen for 2008 viser at dei statlege utgiftene var på i underkant av 159 millionar. Det inneber at kommunane ytte nesten 40 millionar. 39

I 2001 gav Barne- og likestillingsdepartementet Vista Utredning AS i oppdrag å utarbeide ein modell for totalkostnader for krisesenterverksemda. På bakgrunn av rekneskapar, aktivitetar og talet på brukarar ved krisesentra utvikla Vista Utredning AS eit teoretisk omfang på «eit akseptabelt krisesentertilbod» og fann ut frå dette ut kva det ville koste å drive krisesentra per år. Overslaga over ressursbehovet var knytte til dei ulike delane av tilbodet - døgnopen beredskap, opphald/mottak, tilbod til barn, tilbod til kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn, dagbrukarar, informasjonsverksemd, administrasjon osv., og hadde som føresetnad at aktiviteten baserer seg på lønt arbeid. Ressursbehovet blei grovt delt i kostnader til personell, kostnader til lokale og andre driftskostnader. Den første kostnadsmodellen bygde på rekneskapstal for 1999. Sidan har Vista Utredning AS fått i oppdrag å oppdatere kostnadsmodellen basert på rekneskapar frå 2003 og på nytt med utgangspunkt i rekneskapstal frå 2006.

Etter desse overslaga låg dei faktiske kostnadene i 1999 på 57 prosent av det kalkulerte behovet, i 2003 på 62 prosent og i 2006 på 75 prosent. Driftskostnadene steig nokså mykje frå 2006 til 2007, mens ein reknar med ein meir moderat auke frå 2007 til 2008. Dette indikerer at ei oppdatering med rekneskapstal for 2008 kan vise at kostnadene no nærmar seg 90 prosent etter denne modellen. Det må presiserast at det tilbodet som blei lagt til grunn i 1999, neppe vil bli vurdert som eit akseptabelt tilbod i dag. Reine oppdateringar av såpass gamle modellar kan derfor ikkje brukast som meir enn ein illustrasjon på at krisesenterverksemda er prega av nøktern ressursbruk. Vista Utredning AS understrekar også kor usikre overslaga er. Som vist i utgreiinga om kva tilbod som finst i dag, er kvaliteten på krisesentertilbodet ujamn. Den refererte metoden med utrekningar baserte på modellar høver ikkje til å kartleggje avvika på nokon systematisk måte.

Krisesentra er svært ulike når det gjeld storleiken, både med omsyn til talet på sengeplassar og med omsyn til budsjett. Det har vore framheva at det ser ut til at eit komplekst samspel mellom personfaktorar, organisatoriske og strukturelle rammer og den lokalpolitiske konteksten verkar inn på budsjetta til krisesentra. Det minste krisesenteret kan huse to familieeiningar; det største har 25 soverom. Og driftsbudsjetta varierer frå 150 000 for drift av det minste senteret til 13,9 millionar for det største (tal frå 2006).

Det kan synast som om senter med høg døgnpris per plass ligg på små stader med eit lågt befolkningsgrunnlag og lita søking til krisesenteret. Dette må kunne forsvarast i tilfelle der alternativet er svært lang reiseveg for brukarane. Det gjeld ikkje minst fordi det er påvist ein samanheng mellom nærleik til eit krisesenter og kor lett det er å oppsøkje eit. Med det geografiske og befolkningsmessige utgangspunktet Noreg har, er det klart at einingskostnadene vil variere etter måten mykje innanfor ei teneste som blir tilboden på beredskapsbasis.

2.3 Andre delar av tenestetilbodet til valdsutsette

2.3.1 Sosialtenesta og arbeids- og velferdsetaten

Dersom ein kjenner seg sosialt og økonomisk utrygg, kan det vere ein sterk barriere mot å bryte ut av eit tilvære prega av vald. Sosialtenesta i kommunane og arbeids- og velferdsetaten, som saman utgjer arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV), kan i denne samanhengen ha ein viktig funksjon når det gjeld å skape økonomisk tryggleik i ein overgangsfase. 40

Sosialtenesta i kommunen skal etter sosialtenestelova kapittel 3 utføre ein del generelle oppgåver. 41 Ansvaret omfattar førebyggjande verksemd, samarbeid med andre delar av forvaltninga og med frivillige organisasjonar, arbeid for å sikre husvære for vanskelegstilte, og å gi informasjon om dei tilboda sosialtenesta gir, og om sosiale forhold i kommunen. Sosialtenesta skal vidare gi opplysning, råd og rettleiing som kan medverke til å løyse eller førebyggje sosiale problem for den enkelte. 42 Kommunen sitt ansvar omfattar som hovudregel alle som oppheld seg i kommunen.

Personar som er utsette for vald i nære relasjonar, kan oppleve å måtte flykte frå alt dei eig. Ofte kan det å bryte ut av ein valdssituasjon også føre til heilt eller delvis bortfall av inntekt eller forsørging. Mange av krisesenterbrukarane står utanfor arbeidslivet. Jamvel for dei som har vore økonomisk sjølvhjelpte før brotet, kan det vere aktuelt å få økonomisk støtte til ekstrautgifter som følgjer av valden og brotet.

Mange har også behov for hjelp til å finne husvære. Som vist i kapittel 2, er det særleg kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn som kan ha vanskar med å finne eit høveleg husvære etter avslutta opphald på eit krisesenter. Sosialtenesta skal hjelpe til med å skaffe husvære til personar som ikkje sjølve kan ta vare på sine eigne interesser på bustadmarknaden, mellom anna å skaffe husvære med særleg tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dei som treng det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. 43 Vidare har sosialtenesta plikt til å finne mellombels husvære for dei som ikkje greier det sjølve. 44

Andre økonomiske støtteordningar enn sosialstønad kan også vere aktuelle. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar mellom anna arbeidsmarknadslova og folketrygdlova, og har ansvaret for å sikre rett yting til den enkelte. Til dømes kan personar som har utvikla helseproblem i eit mishandlingsforhold, ha rett til trygdeytingar. 45 Kvinner med barn kan ved eit samlivsbrot ha rett til overgangsstønad. Tilgang til økonomisk stønad kan vere avgjerande for om kvinna opplever det som realistisk å bryte ut av eit mishandlingsforhold. Andre som har vore i ein situasjon der dei har vore økonomisk avhengige, kan ha behov for arbeidsmarknadsretta tiltak og hjelp til å finne høveleg arbeid.

2.3.2 Helsetenesta

Helsetenesta speler ei viktig rolle når det gjeld å førebyggje og behandle skadar som følgjer av vald i nære relasjonar. Ein studie viser at kvinner på norske krisesenter har mykje dårlegare helse og livskvalitet samanlikna med soldatar som deltok i Golfkrigen, og samanlikna med andre grupper som har opplevd å vere i livsfare. 46

Hovudoppgåva til helsetenesta er å yte nødvendig helsehjelp. I pasientrettslova er helsehjelp definert som «handlinger som har forebyggende, diagnostisk, behandlende, helsebevarende, rehabiliterende eller pleie- og omsorgsformål og som er utført av helsepersonell». 47 Skadar og andre forhold som er vesentlege for den som får helsehjelp, og for den helsehjelpa som blir gitt, skal dokumenterast. 48 Kvinner, menn og barn som er utsette for vald i nære relasjonar, kan ha behov for hjelp og tiltak både frå primærhelsetenesta, som i hovudsak er eit kommunalt ansvar, og frå spesialisthelsetenesta, som dei regionale helseføretaka er ansvarlege for.

Primærhelsetenesta

Kommunane skal sørgje for at alle som bur eller oppheld seg i kommunen, har tilgang til nødvendige helsetenester. 49 Kva oppgåver som ligg under den kommunale helsetenesta, er nærmare presisert i kommunehelsetenestelova. 50 Kommunen skal planleggje, organisere og leggje til rette for at kommunen, helsetenesta og helsepersonell kan oppfylle rettsleg bindande krav. 51 Det følgjer av dette at kommunen må ha eit fagleg forsvarleg tilbod til offer for overgrep og vald i nære relasjonar. Kvar kommune har ansvaret for at primærhelsetenesta fungerer som eit lågterskeltilbod i samband med overgrep og vald i nære relasjonar.

Primærhelsetenesta omfattar allmennlegeteneste med legevaktordning, fysioterapiteneste, helsestasjonsverksemd, helsetenester i skulen, heimesjukepleie og kommunal jordmorteneste.

Kvinner som er utsette for vald i nære relasjonar, kjem vanlegvis først i kontakt med kommunale tenester som fastlegetenesta eller legevakta. Alle innbyggjarar i Noreg har fått tilbod om å velje ein fastlege som har eit forpliktande ansvar for helsa deira. Fastlegen har ein koordinatorfunksjon overfor pasientane sine, og må derfor halde seg orientert om kva tenester og behandlingstiltak pasienten tek imot. Fastlegen skal kunne ta initiativ til at valdsutsette personar blir tekne vare på på ein adekvat måte ved å vise til, samarbeide med eller medverke til å utløyse rettar i andre tenester.

Gjennom legevaktordninga behandlar primærhelsetenesta lettare skadar som treng akutt tilsyn, mens skadar som treng kirurgisk intervensjon eller vurdering, blir viste til interkommunale legevakter og/eller akuttmottak ved sjukehus. Personar som er utsette for vald i nære relasjonar, kan også få tilbod om hjelp gjennom førebyggjande program i helsestellet.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal utføre helsefremjande og førebyggjande arbeid, og er eit tilbod til barn og unge frå 0 til 20 år og til gravide som går til svangerskapskontroll ved ein helsestasjon. I samsvar med forskrifta om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1 skal tenesta mellom anna ha rutinar for samarbeid med fastlege, med andre kommunale tenester og med spesialisthelsetenesta. Helsestasjons- og skulehelsetenesta har kontakt med nesten alle barn og familiane deira, og kan arbeide førebyggjande og delta i samarbeid om å følgje opp barn som er utsette for vald eller er vitne til vald, og dei føresette til desse barna.

Spesialisthelsetenesta og oppfølging av psykisk helse

Personar som er utsette for vald i nære relasjonar, kan bli behandla i alle delar av spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta omfattar tilbod både i og utanfor sjukehus. For å bli behandla i spesialisthelsetenesta krevst det normalt tilvising frå primærhelsetenesta.

Helseplagene som er knytte til vald og overgrep, kan i somme tilfelle føre til behov for psykologisk behandling. Manglande behandling kan føre til seinverknader som utviklar seg til kroniske helseplager. Kva tilbod som høver best, må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Kortsiktige og langsiktige psykiske skadeverknader etter vald gir ikkje nødvendigvis behov for behandling i det psykiske helsevernet. Kommunehelsetenesta i heimkommunen står sentralt når det gjeld å gi den valdsutsette oppfølging.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) lagar utgreiingar om barn, gir faglege råd til lærarar, tilsette i skulen sine fritidsordningar, barnehagetilsette og foreldre, og skal drive førebyggjande verksemd. PPT skal ta seg av spesielle behov som det enkelte barnet måtte ha, men også vere innretta mot skular og barnehagar på systemnivå. PPT står derfor sentralt i arbeidet med å fange opp elevar med problem knytte til overgrep i familien, og i arbeidet med å hjelpe skular og barnehagar slik at dei blir i stand til å oppdage og ta seg av desse elevane på ein god måte.

Barn og unge som treng spesialisthjelp frå det psykiske helsevernet, blir viste til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP). BUP lagar utgreiingar og arbeider med samspel i familien og med å førebyggje og behandle psykiske lidingar hos barn. I tillegg kan det vere aktuelt å rettleie omsorgs- og støttepersonar i familie og nettverk. Vidare skal BUP ha ein strakshjelp-funksjon ved akutte kriser, og dessutan gi rettleiing til kommunale tenester og instansar.

Etter å ha vore utsette for vald og overgrep kan vaksne trenge tilvising til eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) eller ein til privatpraktiserande terapeut. DPS kan gi tilbod om korttids døgnopphald, behandling over lengre tid og rehabilitering ved døgnopphald, poliklinisk og ambulant behandling, og dagbehandling. I tillegg skal DPS gi råd og rettleiing til kommunale tenester. 52 DPS skal også ha akuttberedskap for kriseintervensjon, mens strakshjelp etter spesialisthelsetenestelova § 3-1 er lagd til dei psykiatriske akuttavdelingane.

Overgrepsmottak

Ved utgangen av 2008 var det etablert overgrepsmottak i alle fylke. Overgrepsmottaka skal tilby personar som har vore utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar, medisinsk og psykososial behandling. Overgrepsmottak kjem dermed offeret sitt behov for både kortsiktig og langsiktig hjelp i møte, og er også viktige når det gjeld å skaffe til veges nødvendig rettsmedisinsk informasjon til bruk i ei eventuell straffesak. Overgrepsmottaka skal ha klare samarbeidsrutinar med instansar utanfor helsetenesta, særleg med sosialtenesta, politiet og rettsvesenet. Overgrepsmottaka skal i utgangspunktet leggjast til interkommunale eller kommunale legevakter. 53

2.3.3 Familievernet

Familievernet er ei statleg finansiert lågterskelteneste med familierelaterte problem som arbeidsområde. Kven som helst kan ta kontakt med eit familievernkontor og be om ein samtaletime. Verksemda er regulert i lov om familievernkontorer (1997). Tenesta skal gi tilbod om behandling og rådgiving der det er vanskar, kriser eller konfliktar i ein familie. I familievernet finst det omfattande kompetanse på behandling av samlivskonfliktar, mekling og konfliktførebyggjande arbeid innanfor familiar.

Det finst i dag 64 familievernkontor i Noreg. Familievernet gir årleg tilbod til over 30 000 par og familiar. Det er familievernkontor i alle fylke, og tilbodet er gratis. 54

Tilbod til par og familiar med valdsproblem høyrer inn under dei tilboda familievernkontora gir om behandling og rådgiving overfor par og familiar. Tilbodet omfattar ulike former for hjelp:

  • parterapi

  • individuell terapi for valdsutsette kvinner og barn

  • gruppeterapeutisk tilbod til valdsutsette kvinner

  • behandling av traume hos barn som har vore vitne til eller sjølve vore utsette for vald

  • grupper for barn som har vore utsette for eller vore vitne til vald

  • mor-barn-samtalar

  • individualterapi for menn som utøver vald

  • sinnemeistringskurs for valdelege menn

  • terapeutisk tilbod til valdsutøvande kvinner

Ni familievernkontor deltok i perioden 2004-2006 i prosjektet «Barn som lever med vold i familien», som var leidd av Senter for Krisepsykologi i Bergen og Alternativ til vold. I prosjektet var ein særleg oppteken av å utvikle tilbod til barn som har vore offer for eller vitne til vald. Det blei i tillegg utarbeidd gruppeopplegg for valdsutøvarar og for valdsoffer, og det blei utarbeidd ei spesiell tilnærming med parterapi. Den spesialkompetansen som dei ni familievernkontora tileigna seg i prosjektperioden, blir no vidareformidla til resten av tenesta.

2.3.4 Barnevernet

Det ansvaret barneverntenesta har, og dei arbeidsoppgåvene og tiltaka som ligg til denne tenesta, er definert i barnevernlova. 55 Hovudoppgåva er å førebyggje og hjelpe. Barneverntenesta skal prøve å avdekkje omsorgssvikt, åtferdsproblem, sosiale problem og emosjonelle problem så tidleg at ein kan unngå varige problem, og setje inn tiltak i forhold til dette. 56 Barneverntenesta skal også gi råd og rettleiing til barn og foreldre som vender seg til tenesta. Barneverntenesta skal samarbeide med andre sektorar og forvaltningsnivå når det kan medverke til å løyse oppgåver som tenesta er pålagde etter lova.

Eit overordna prinsipp for arbeidet til barnevernet er at tiltak som blir sette i verk, skal vere til det beste for barnet. Dersom barn og foreldra deira har ulike interesser og behov, skal omsynet til barnet vere avgjerande.

Ei rad offentlege instansar og profesjonelle yrkesutøvarar har opplysningsplikt til barneverntenesta dersom det er grunn til å tru at eit barn er utsett for fysiske eller seksuelle overgrep, eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, mellom anna å bli eksponert for vald i nære relasjonar. 57 Sjå også punkt 7.1.3. Det er barneverntenesta som, på bakgrunn av ei bekymringsmelding, vurderer om det skal setjast i verk tiltak etter barnevernlova. Etter barnevernlova § 4-6 andre ledd kan det gjerast akuttvedtak om å plassere barnet utanfor heimen dersom det er fare for at barnet blir vesentleg skadelidande ved å bli verande i heimen. Det kan vere tilfellet dersom barnet opplever vald i heimen. Etter barnevernlova § 4-12 bokstav c kan fylkesnemnda vedta å overta omsorga for eit barn dersom barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen. Ein kan ikkje vedta overtaking av omsorga dersom det kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet i heimen gjennom hjelpetiltak. Dette inneber at ein først må ha vurdert og funne hjelpetiltak nyttelause, eller ha prøvd ut hjelpetiltak.

Barneverntenesta tek ofte koordineringsansvaret i det tverrfaglege arbeidet retta mot barn, unge og familiar som tek imot barneverntiltak.

2.3.5 Politiet og rettsapparatet

Politiet har ei sentral rolle i det arbeidet samfunnet driv mot vald i nære relasjonar. Vald i nære relasjonar skil seg frå andre valdssaker på fleire måtar. Offeret og gjerningspersonen har eller har hatt ein nær relasjon, noko som kan gjere at den valdsutsette ikkje ønskjer å melde frå om det som har skjedd. I tillegg skjer valden oftast utan at det er vitne til stades. Desse forholda stiller særlege krav til det arbeidet politiet gjer med slike saker når det gjeld den tekniske og taktiske etterforskinga, og særleg når det gjeld oppfølginga av den valdsutsette personen.

Det ansvaret og dei pliktene som ligg til politiet, kan oppsummerast i desse punkta:

  • Å ta vare på den valdsutsette personen. Det er viktig at politiet møter den valdsutsette på ein måte som skaper tryggleik og tillit, uavhengig av om den valdsutsette vel å melde forholdet eller vitne i ei eventuell straffesak. Politiet skal også kunne setje personen i kontakt med andre delar av hjelpeapparatet.

  • Etterforsking. Politiet skal kunne gjennomføre ei effektiv taktisk og teknisk etterforsking. I somme tilfelle vil den valdsutsette personen nytte seg av den retten vedkommande har etter straffeprosesslova § 122 til ikkje å forklare seg i ei eventuell straffesak. Rundskrivet frå Riksadvokaten om familievald gir retningslinjer for behandling av slike saker og er eit ledd i å betre den innsatsen politi- og påtalemakta gjer mot vald i nære relasjonar. 58

  • Å førebyggje ny vald. Det er ei sentral oppgåve for politiet å hindre at den valdsutsette blir utsett for ny vald. Ei grundig vurdering av risikoen vil stå sentralt i dette arbeidet.

Når det gjeld tryggingstiltak, disponerer politiet ei rad verkemiddel. Desse omfattar vern av vitne, fiktiv identitet, mobil valdsalarm, besøksforbod, adressesperre og ei rad rettslege vernetiltak.

Familievaldskoordinatorar

Ei ordning med familievaldskoordinatorar i kvart av dei 27 politidistrikta her i landet blei etablert 1. juli 2002. Koordinatorane skal sørgje for at den valdsutsette og dei pårørande blir møtte med forståing, kunnskap og innsikt frå politiet si side, både menneskeleg og politifagleg. Det kan senke terskelen for å kontakte politiet og dermed medverke til at fleire forhold blir melde. I tillegg til å vere ein ressursperson og ha ein koordinatorfunksjon for den samla innsatsen politidistriktet gjer for å redusere familievald, skal koordinatoren mellom anna være initierande i arbeidet med gode samarbeidsrutinar med andre etatar, institusjonar og organisasjonar med tilknyting til valdsproblematikk.

Frå 2008 er politidistrikta pålagde ein minstestandard der denne funksjonen skal vere fylt av ein person i full stilling. I dei største politidistrikta skal det etablerast eigne team.

Bistandsadvokatordninga

Staten betaler utgifter til advokat når ein har krav på bistandsadvokat. 59 Den valdsutsette kan rådføre seg med bistandsadvokaten før ho eventuelt melder frå om valdsbruken til politiet. Bistandsadvokaten kan gi støtte gjennom samtale med den fornærma og ved å vere til stades for den fornærma før og etter avhøyr, og seinare ved frammøte i retten. Bistandsadvokaten kan hjelpe til med å skaffe anna hjelp og orientere vedkommande om gjennomføringa og utviklinga av ei straffesak. Bistandsadvokaten står til teneste under etterforskinga av saka og seinare i retten, mellom anna med å utforme erstatningskrav for den fornærma.

I 2007 blei det gjennomført eit prøveprosjekt med hjelp frå advokat ved ein del krisesenter/Dixi Ressurssenter i regi av Justis- og politidepartementet. Frå 2008 er denne ordninga utvida slik at ho kan omfatte alle krisesenter og Dixi-senter i landet. Kvart enkelt senter blir oppmoda om å sende inn søknad om støtte slik at ein kan opprette advokatvakt ved senteret.

2.3.6 Andre tilbod til valdsutsette

Barnehus

For å sikre eit betre hjelpe- og behandlingstilbod til barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep, blir det etablert barnehus i alle helseregionane. Det er blitt etablert barnehus i Hamar, Bergen (2007) og Kristiansand (2008). Det blei tidleg i 2009 også etablert barnehus i Trondheim og Tromsø. Barnehusa skal vere senter der ein kan heve kompetansen til dei som arbeider med barn, og skal betre samarbeidet mellom ulike etatar i samband med overgrepssaker. Dei tilsette skal også gi råd og rettleiing til foreldre, andre pårørande og lokale tenester.

Barnehusa er sjølvstendige institusjonar. Husa er utstyrte for dommaravhøyr og for medisinske undersøkingar, og har rom for samtale/terapi. Barnet skal få alle dei tenestene det har behov for, i barnehuset, ikkje bli sendt frå stad til stad. Barnehusa skal byggje opp kunnskap og kompetanse om overgrep mot barn på alle fagområde, slik at personalet kan gi råd og rettleiing. Kompetansen skal utviklast i samarbeid med dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging.

Incestsentra og incesttelefonen

Det er 20 incestsenter i Noreg. Sogn og Fjordane er det einaste fylket som ikkje har eit eige senter. Sentra gir tilbod om støtte på dagtid til vaksne som har opplevd seksuelle overgrep, og til pårørande til utsette barn og unge. Fleire incestsenter gir også eit eige tilbod til barn og unge. Noen senter har også eit tilbod om overnatting til brukarane. Frå 1. januar 2006 blei det innført same finansieringsordning for incestsentra som for krisesentra, der 20 prosent tilskot frå kommunar, fylkeskommunar og helseføretak utløyser 80 prosent statleg tilskot.

Med statleg støtte blei det hausten 2006 etablert ein landsdekkjande hjelpetelefon for incestutsette. Hjelpetelefonen er døgnopen og blir drifta av incestsenteret i Vestfold.

Ei evaluering av tilbodet ved incestsentra og av korleis slike senter er organiserte og samarbeider med andre delar av hjelpeapparatet, blir gjennomført hausten 2008/våren 2009. Evalueringa kjem også til å omfatte incesttelefonen.

Dixi Ressurssenter

Det finst to Dixi Ressurssenter i Noreg, eitt i Oslo og eitt i Stavanger. Sentra arbeider for å hjelpe valdtektsoffer og deira pårørande, spreie informasjon om seinskadar og følgjeskadar etter valdtekt, og drive haldningsskapande arbeid. Dixi-sentra arbeider etter metoden «hjelp til sjølvhjelp» og er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Sentra gir informasjon og støtte til valdtektsutsette og familiane deira, og hjelper til med å opprette Dixi-samtalegrupper både for valdtekne og for pårørande. I tillegg driv sentra haldningsskapande informasjonsarbeid retta mot hjelpeapparatet, skular og samfunnet elles. Sentra er aktive når det gjeld å skrive innlegg og delta i debattar i media, drive oppsøkjande verksemd og setje i gang kampanjar og markeringar. Dixi-sentra blir finansierte på same måten som krisesentra, med 20 prosent kommunal støtte og 80 prosent statleg støtte.

Alternativ til Vold

Det eksisterer ein del spesialiserte tilbod som tilbyr behandling til kvinner som er blitt utsette for vald. Partnarprosjektet, som blir drive i regi av Alternativ til Vold (ATV), er eit tilbod om samtale retta mot partnarar eller tidlegare partnarar til dei mannlege klientane ved ATV.

ATV er primært eit tilbod til valdsutøvarar og hadde i 2008 behandlingstilbod i åtte norske byar. Fire nye tilbod skal etter planen etablerast i 2009.

Reform - ressurssenter for menn

Reform - ressurssenter for menn - er eit nasjonalt kunnskapsmiljø om menn. Verksemda skal fremje det mannlege perspektivet i den offentlege debatten om likestilling og kjønnsroller. Ressurssenteret initierer og deltek i ei rad ulike prosjekt retta mot menn, både nasjonalt og internasjonalt, og hjelper menn lokalt med ulike tilbod. Reform har etablert ein mannstelefon som er bemanna av personar som har god kunnskap og lang erfaring med å snakke med menn som er i ein vanskeleg livssituasjon, til dømes i eit forhold prega av vald. Reform gir også tilbod om sinnemeistringskurs for menn.

Fotnotar

1.

Merksemda har tidlegare særleg vore retta mot vald i parforhold. I dei siste åra har merksemda også retta seg mot barn som opplever vald, både direkte og indirekte, mot kjønnslemlesting og mot tvangsekteskap. Menneskehandel var eit ukjent omgrep for ålmenta for berre få år sidan. Her kan den utsette ofte ha ein nær relasjon til den som rekrutterer eller utnyttar vedkommande til prostitusjon eller andre seksuelle formål, til tvangsarbeid eller til tvangstenester, ved hjelp av truslar eller vald, jf. kapittel 5.1.

2.

Haaland, Clausen og Schei (red.) (2005) Vold i parforhold - ulike perspektiver. Resultat fra den første landsdekkende undersøkelsen i Norge. NIBR-rapport 3/05. Norsk institutt for by- og regionforskning.

3.

Mossige og Stefansen (red.) (2007) Vold og overgrep mot barn og unge. En selvrapporteringsstudie blant avgangselever i videregående skole. NOVA-rapport 20/07. Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring.

4.

Målinga gir ikkje eit vitskapleg eller representativt bilete av omfanget av vald i nære relasjonar, men er ei «pulsmåling» av korleis trykket på hjelpeapparatet er når det gjeld førespurnader om hjelp i samband med vald i nære relasjonar.

5.

Justis- og politidepartementet (2008) Vendepunkt - Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011).

6.

Bredesen Nordfjell (2008) Menn utsatt for vold i nære relasjoner. En vurdering av omfang og hjelpebehov sett i lys av eksisterende forskning og Reforms erfaringer. Reform-rapport.

7.

Bredal og Orupabo (2008) Et trygt sted å bo. Og noe mer. Evaluering av botilbudet til unge som bryter med familien på grunn av tvangsekteskap. Institutt for samfunnsforsking.

8.

Rosa står for «reetablering, oppholdssteder, sikkerhet, assistanse». Årsrapport fra Rosa-prosjektet i 2007. Krisesentersekretariatet.

9.

Framstillinga er basert på desse rapportane: Kleven og Lien (2007) Rapportering fra krisesentrene 2006, Statistisk sentralbyrå; Hirsch og Nørgaard (2008) Rapportering fra krisesentrene 2007, Statistisk sentralbyrå; Jonassen, Sogn, Mathiesen Olsvik og Hjemdal (2008) Kunnskap - kvalitet - kapasitet. En nasjonal utredning om krisesentrenes kompetanse og tilgjengelighet, Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress; Bredal og Orupabo (2008) Et trygt sted å bo. Og noe mer. Evaluering av botilbudet til unge som bryter med familien på grunn av tvangsekteskap, Institutt for samfunnsforskning; Bufdir (2007) En kartlegging av krisesentrenes tilgjengelighet i Norge. Tiltak 14 i «Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2004-2007)»; Nielsen (2007) Er hjelpen nærmest? Kvinner som avvises ved krisesentrene i Norge, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (upublisert); Jonassen og Stefansen (2003) Ideologi eller profesjonstenkning? En statusrapport om krisesentrene, Kompetansesenter for voldsofferarbeid; Vista Utredning AS (2001) Forslag til kostnadsmodell for krisesentre og incestsentre; Vista Utredning AS (2004) Kostnader for krisesentre og incestsentre; Vista Utredning AS (2008) Oppdatering av kostnadsmodell for krisesentre; årsrapportar for 2006 frå krisesentra og krisesenterorganisasjonane. Referansar til andre rapportar og dokument er oppgitt i fotnotar.

10.

Tove Smaadahl i Storberget, Braathen, Rømming, Skjørten og Aas-Hansen (red.) (2007) Bjørnen sover. Om vold i familien. Aschehoug.

11.

Ein del krisesenter er også incestsenter.

12.

Overgangshusværa er ikkje inkluderte i statistikken som viser bebuarar og overnattingsdøgn.

13.

Rundskriv Q 1/2008 Retningslinjer for statstilskudd til krisesentre og voldtektssentre. Barne- og likestillingsdepartementet.

14.

Jonassen (1989) Kvinner hjelper kvinner. En evaluering av krisesentrene, NIBR; Jonassen (2001) Fra kompetanse til handling, NIBR; Skogøy (2006) De får meg til å føle at jeg hører til blant folk. Krisesentrenes arbeid med kvinner utsatt for menneskehandel. Krisesentersekretariatet.

15.

Med krisetelefonar er det meint telefonsamtalar der det for første gong blir oppretta kontakt mellom ein brukar og krisesenteret, eller tilfelle der ein privatperson eller nokon frå det offentlege tek kontakt på vegner av ein brukar. I tillegg registrerer ein hendingar der det har oppstått nye situasjonar, sjølv om brukaren har vore i kontakt med krisesenteret tidlegare.

16.

Kvinner som overnattar på eit krisesenter ei eller fleire netter, blir omtalte som bebuarar. Med opphald er det meint kor mange gonger bebuarane overnatta på eit senter.

17.

Tilsvarande tal for 2006 var 1899 bebuarar, 2387 opphald og 59 014 opphaldsdøgn. Det inneber ein nedgang i talet på bebuarar og talet på opphald frå 2006 til 2007, men ein auke i talet på opphaldsdøgn. Det vil seie at bebuarane oppheldt seg i snitt fleire døgn på krisesentra i 2007 enn i 2006.

18.

Prosentdelen gjentekne opphald for barn har auka jamt sidan 2005. Då var det 11 prosent som hadde gjentekne opphald, mens det tilsvarande talet for 2006 var 16 prosent.

19.

Prosentdelen bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn på sentra varierer frå 0 til 79.

20.

I gjennomsnitt besøkte ein dagbrukar krisesenteret 3,7 gonger. Det er om lag det same som i 2006.

21.

Prosentdelen dagbrukarar med etnisk norsk bakgrunn gjekk ned frå 65 i 2005 til 63 i 2006.

22.

Ifølgje SSB hadde 20 krisesenter til saman 118 menn på 345 dagbesøk i 2006, men ein tredel av dei 118 mennene var barn under 18 år. Ein del av forklaringa på dette kan vere at gutar som har budd på krisesenter saman med mødrene sine, i ettertid oppsøkjer dagtilbodet.

23.

I krisesenterstatistikken registrerer ein kvinner med «utanlandsk bakgrunn». Departementet har valt å bruke nemninga «kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn». Sjå kapittel 7.2 for nærmare utgreiing om kven departementet meiner denne gruppa omfattar.

24.

Bredal og Orupabo (2008) Et trygt sted å bo. Og noe mer. Evaluering av botilbudet til unge som bryter med familien på grunn av tvangsekteskap. Institutt for samfunnsforskning.

25.

17 av dei 37 kvinnene oppheldt seg illegalt i Noreg. Etter inntaket var det 17 som søkte om refleksjonsperiode, seks var asylsøkjarar, to hadde fått innvilga opphald, fire var frå EØS-land, og sju hadde allereie lovleg opphald på anna vis.

26.

Krisesentersekretariatet (2008) Halvårsrapport ROSA for perioden 1. januar 2008 til 10. juli 2008.

27.

Nielsen (2007) Er hjelpen nærmest? Kvinner som avvises ved krisesentrene i Norge. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (upublisert).

28.

75 prosent av desse blei avviste då dei vende seg til senteret, 25 prosent etter å ha budd på krisesenteret i opptil 36 dagar.

29.

NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner.

30.

Departementet har gitt NKVTS i oppdrag å setje i verk ei undersøking om årsakene til endringar i brukarsamansetjinga ved krisesentra, knytt til kva behov for informasjon, hjelp og oppfølging ulike brukargrupper måtte ha. Rapporten vil liggje føre hausten 2009.

31.

Bredesen Nordfjell (2008) Menn utsatt for vold i nære relasjoner. En vurdering av omfang og hjelpebehov sett i lys av eksisterende forskning og Reforms erfaringer. Reform.

32.

Vista Utredning AS (2008) Oppdatering av kostnadsmodell for krisesentre.

33.

Vista Utredning AS (2008) Oppdatering av kostnadsmodell for krisesentre.

34.

Kelly & Dubois (2008) Combating violence against women: minimum standard for support. Council of Europe.

35.

«Krisesentergruppe» blir brukt som nemning for den gruppa av kvinner som er involvert i krisesenterarbeidet på ulike måtar.

36.

Frå 20 prosent stilling til to heile årsverk.

37.

Sjå statistikk frå SSB: www.ssb.no/aarbok/tab/tab-184.html og www.ssb.no/histstat/aarbok/1995.pdf.

38.

Tala er henta frå statsbudsjettet for 2008, og utrekningar på bakgrunn av søknader om statstilskot.

39.

Det ligg enno ikkje føre tal for private gåver for 2008. Inkludert i desse tala er også tilskot til to valdtektssenter.

40.

Etter lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningslova) skal arbeids- og velferdsetaten og kommunane ha felles lokale kontor, og kontora skal dekkje alle kommunar. NAV-kontoret skal utføre oppgåver for arbeids- og velferdsetaten (tidlegare Aetat og trygdeetaten) og som eit minimum dei kommunale oppgåvene etter sosialtenesteloven kapittel 5 og 5A, jf. arbeids- og velferdsforvaltningslova § 13.

41.

Jf. lov 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester m.v. (sosialtenestelova).

42.

Jf. sosialtenestelova § 4-1.

43.

Jf. sosialtenestelova § 3-4.

44.

Jf. sosialtenestelova § 4-5.

45.

Det følgjer av lov 28. februar nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) § 1-1 at formålet med folketrygda er å gi økonomisk tryggleik ved å sikre inntekt og å kompensere for særlege utgifter ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, åleineomsorg, sjukdom og skade, uførleik, alderdom og dødsfall.

46.

Alsaker (2008) Quality of life among women who have experienced intimate partner violence. A one year follow-up study among women at Norwegian women's shelters. Avhandling for dr.polit.-graden. Universitetet i Bergen.

47.

Jf. lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter (pasientrettslova) § 1-3 bokstav c.

48.

Jf. lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) §§ 39 og 40.

49.

Jf. lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunen (kommunehelsetenestelova) § 1-1.

50.

Jf. kommunehelsetenestelova § 1-3.

51.

Jf. kommunehelsetenestelova § 1-3a.

52.

St.prp. nr. 63 (1997-1998) Om opptrappingsplan for psykisk helse (1999-2006).

53.

Sosial- og helsedirektoratet (2007) Overgrepsmottak - Veileder for helsetjenesten.

54.

Ei oversikt over alle familiekontor i landet finst her: http://www.bufetat.no/familie.

55.

Jf. lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernlova).

56.

Jf. barnevernlova § 3-1.

57.

Jf. barnevernlova § 6-4.

58.

Rundskriv 3/2008 Familievold, RA 08-348. Riksadvokaten.

59.

Jf. lov 22. mai 1981 nr. 29 om rettergangsmåten i straffesaker (straffeprosesslova) kapittel 9a.

Til forsida