Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 4
Rapportering etter Lov om klimamål (klimaloven)

11 Innleiing

Klimalova tok til å gjelde 1. januar 2018 og skal fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppssamfunn i Noreg i 2050. Klimamåla for 2030 og 2050 vart lovfesta. Lova skal òg styrkje openheit og brei demokratisk forankring av norsk klimapolitikk, då det er lovfesta at Stortinget regelmessig skal få informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål. Klimalova innfører òg ein syklus for gjennomgang av klimamål kvart femte år etter same prinsipp som Parisavtala. For å fremje omstillinga til eit lågutsleppssamfunn skal regjeringa i 2020 og deretter kvart femte år leggje fram for Stortinget oppdaterte klimamål. Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Eit slikt problem kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Klimakonvensjonen vart sett i verk i 1994 og har som mål å unngå «farlig menneskeskapt påvirkning på klimasystemet». Partane vart i 2015 samde om Parisavtala. Temperaturmålet som følgjer av Parisavtala, er å halde auken i den globale oppvarminga godt under 2 grader samanlikna med førindustrielt nivå, og å arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 grader over førindustrielt nivå. Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag, og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei nasjonalt fastsette bidraga sine. Samstundes vil måla i Parisavtala ikkje kunne nåast utan at dei samla nasjonalt fastsette bidraga til landa blir heva samanlikna med det som er meldt inn. Parisavtala er strukturert slik at land skal melde inn nye eller forsterke dei nasjonalt fastsette bidraga sine kvart femte år. Dette skal medverke til at den globale innsatsen blir styrkt over tid. Dei nye eller oppdaterte nasjonalt fastsette bidraga skal representere dei høgaste moglege ambisjonane i landa og utgjere ein progresjon frå førre mål. Første gong landa skal melde inn nye eller oppdaterte mål, er i 2020. Dette er derfor eit viktig år for Parisavtala. I tråd med krava over melde Noreg inn eit nytt og forsterka mål i februar 2020. Til no er det få land som har forsterka måla sine under Parisavtala, men det er venta at fleire vil gjere dette før utgangen av 2020.

I oktober 2018 la FNs klimapanel fram ein spesialrapport om verknadene av klimaendringane ved 1,5 graders global oppvarming og berekningar for kor mykje dei globale utsleppa må reduserast for å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Rapporten viser at det er monaleg lågare risiko for både menneske og natur ved 1,5 grader samanlikna med 2 grader, og at det er nødvendig med raske reduksjonar av CO2 og andre klimadrivarar. For å avgrense oppvarminga til 1,5 grader må dei globale klimagassutsleppa reduserast med 40–50 pst. innan 2030 samanlikna med 2010, og innan midten av hundreåret må det vere balanse mellom utslepp og opptak av klimagassar. Reduksjonar i denne storleiksordenen vil krevje rask og omfattande omstilling i alle sektorar. Rapporten presenterer ikkje samla kostnader, eller nytte ved lågare global oppvarming, men seier at marginale kostnader (karbonprisbanar) ved utsleppsbanar som ikkje, eller i liten grad, overskrid 1,5 gradar, er anslått til å vere 3–4 gonger høgare enn om temperaturauken skulle avgrensast til 2 gradar. Denne rapporten er eit viktig grunnlag i vurderinga av landa sin kollektive innsats for å nå måla i Parisavtala og eit bidrag inn i den vidare utviklinga av klimapolitikken.

Spesialrapporten om klimaendringar og landareal som FNs klimapanel la fram i 2019, tek opp klimaendringane, tap av natur og ulike scenario, mellom anna dei som avgrensar oppvarminga til 1,5 grader. Dei fleste 1,5-gradersscenarioa krev bruk av klimatiltak som i betydeleg grad utnyttar landareal. Dette inkluderer redusert avskoging, påskoging, produksjon av bioenergi og bruk av CO2-handteringsteknologiar kombinert med forbrenning av biomasse (BECCS). Rapporten viser kor viktig berekraftig forvaltning av landareal er for å auke opptaket og redusere klimagassutsleppa, og presenterer klimatiltak som kan gjennomførast på måtar som ikkje konkurrerer om landareal. Eksempel er redusert avlingstap og matsvinn, effektiv matproduksjon, kosthaldsendring, kombinert areal med jord- og skogbruk (agro-forestry), bevaring av karbonrike myrar og torvmarker og auke av karboninnhaldet i jord. Dette er vinn–vinn-løysingar som reduserer utslepp eller aukar opptaket samtidig som dei medverkar til å redusere presset på landareal og berekraftig utvikling.

I 2018 auka dei globale utsleppa av klimagassar med ca. 2 pst. Auken var høgare enn i dei seks føregåande åra, men likevel lågare enn det den årlege veksten var i starten av hundreåret. Auka CO2 utslepp frå bruk av fossil brensel og industrielle prosessar, inkludert produksjon av sement, var hovudårsaka til auken, men det var òg vekst i utsleppa av metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorhaldige klimagassar (HFK-ar, PFK-ar, SF6 og NF3). Førebelse analysar viser òg vekst i CO2-utsleppa for 2019, men då lågare vekst enn i 2018. Den globale utsleppsutviklinga er langt unna ein bane som stemmer overeins med målet i Parisavtala.

Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet, men Noreg må òg kutte eigne utslepp. Noreg melde i februar 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtala. Det inneber at Noreg forpliktar seg til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringen ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Dersom EU ikkje forsterkar sitt mål like mykje som Noreg, vil den delen av målet som går lenger, vere avhengig av tilgang til samarbeid om utsleppsreduksjonar i andre land i tråd med reglane i Parisavtala. Regjeringa arbeider for at EU skal auke sitt klimamål for 2030 til 55 pst. Europakommisjonen har foreslått å auke EU sitt mål for 2030 til 55 pst. Europakommisjonens forslag skal behandlast i Rådet og Parlamentet før det vedtakast.

Regjeringa vil endre klimalovens klimamål for 2030 slik at det er i tråd med det forsterka målet under Parisavtalen (sjå nærmare omtale i kapittel 12.2.1).

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil at Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 pst. samanlikna med 2005 innan 2030. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planlegg for dette. Om strengt nødvendig kan fleksibiliteten i EUs rammeverk nyttast.

Ei etatsgruppe leverte 31. januar rapporten Klimakur 2030. Oppdraget var å greie ut tiltak og verkemiddel for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp med 50 pst. innan 2030 samanlikna med 2005. Ikkje-kvotepliktige utslepp er utslepp frå mellom anna transport, jordbruk, oppvarming, avfall og delar av utsleppa frå industri og petroleum. I tillegg ser utgreiinga på ulike tiltak og verkemiddel for å auke opptaket og redusere klimagassutsleppa i skog- og arealbrukssektoren. Klimakurrapporten kan lesast her https://www.miljodirektoratet.no/klimakur. Som eit tillegg fekk Statistisk sentralbyrå eit oppdrag, i oppgåve å analysere moglege effektar på norsk økonomi av å redusera utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor med 50 prosent. Utsleppskutta i analysa blei oppnådde ved at det ble innført ei avgift på alle klimagassar utanfor kvotepliktig sektor med unntak av metan- og lystgassutslepp frå jordbruket. I scenario ein blir inntekta overført frå CO2-avgifta direkte til befolkninga, medan i scenario to blir inntekta brukt til å redusera skatt på arbeidsinntekt. I det første scenarioet indikerer SSBs analyse eit karbonprisnivå i storleiksorden 3750 kroner per tonn CO2-ekvivalentar i 2030, målt i faste 2020-kroner, medan i scenario to ligg karbonprisen på 4100 kroner per CO2-ekvivalentar. Vidare finn SSB at auka avgift kan ha positiv effekt på BNP, sysselsetjing og privat konsum når inntekta blir brukt til å redusera arbeidsskatt sidan arbeidstilbodet vil auka (dobbel gevinst). Viss avgiftsinntekta ikkje blir nytta til å redusera inntektsskatten, vil auka avgift ha negativ effekt på økonomien. Korleis ein avgiftsauke blir kompensert er derfor avgjerande for kva effekt han har på økonomien. Begge scenaria inneber auka kostnader for samfunnet, men kostnadene er mindre når avgiftsinntekta blir brukt til å redusera skatten på arbeidsinntekt. SSBs analyse er basert på ei rekke usikre føresetnader, spesielt rundt kostnadsutvikling for nullutsleppsteknologi og rensekostnadar i jordbruket. Ei dobling av rensekostnadar i kommersiell transport og jordbruket aukar avgifta i scenario ein med rundt 28 prosent.

Regjeringen tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding i løpet av året. Meldinga skal vise hvordan Noreg kan oppfylle si internasjonale forplikting om å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. Meldinga skal beskrive samarbeidet med EU og korleis vi kan oppfylle ambisjonen om 45 pst. reduksjon i ikke-kvotepliktig sektor.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Dette skal vi klare gjennom brei satsing på klimapolitikk som verkar. I klimalova er lågutsleppssamfunnet skildra som eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. I lova står det at målet skal vere at klimagassutsleppa i 2050 skal reduserast i storleiksordenen 80–95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990.

Regjeringa la hausten 2019 fram ein lågutsleppsstrategi. I tråd med Granavolden varsla regjeringa i lågutsleppsstrategien at ho vil forsterke klimamålet for 2050 og endre utsleppsintervallet i det lovfesta klimamålet for 2050, slik at målet blir å redusere klimagassutsleppa med 90–95 pst.

Granavolden-plattforma gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å redusere utsleppa, og regjeringa vil kontinuerleg vurdere behova for forsterka innsats.

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande i form av klimagassavgifter og omsetjelege kvotar. Regjeringa vil velje verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinaren skal betale, og at klimamåla skal nåast til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg sikkerheit, og vil halde fram arbeidet med eit grønt skatteskifte. Regjeringa vil også støtte utvikling og spreiing av låg- og nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for ny nullutsleppsteknologi. Innfasing av ny teknologi, teknologiutvikling og CO2-prising er sentralt for å nå klimamåla. For å nå dei måla vi har sett oss, må vi styrkje eksisterande og bruke nye verkemiddel, og det er difor behov for ein kombinasjon av støtte, til dømes gjennom Enova, avgifter og reguleringar. Utslepp av klimagassar må få ein gradvis høgare pris, og i Granavolden-plattforma vart det varsla at den flate CO2-avgifta skal trappast opp med 5 pst. årleg for alle sektorar fram til 2025, og at ein skal sjå ei eventuell vidare opptrapping av CO2-avgifta etter 2025 i samanheng med reduksjon i utsleppa og omlegging av bilparken.

Enova støttar prosjekt som medverkar til reduserte klimagassutslepp på kort sikt, og utvikling av teknologi som gir reduserte utslepp på lengre sikt. Satsing gjennom Enova sikrar at midlane blir brukte der dei gir størst mogleg reduksjon per krone.

Regjeringa oppnemnde i oktober 2017 eit breitt samansett utval for å vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi, under dette finansiell stabilitet. Utvalet leverte NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi til finansministeren 12. desember 2018. Utvalets rapport var samrøystes.

Klimarisikoutvalet peiker i sin rapport på nokre overordna prinsipp for å betre samfunnets handtering av klimarisiko. Prinsippa handlar mellom anna om å ha eit godt rammeverk for vurderingar og avgjerder og breie heilskaplege prosessar for handtering av klimarisiko. Med grunnlag i dei overordna prinsippa kom utvalet fram til tilrådingar retta mot både privat og offentleg sektor.

Regjeringa meiner det er viktig med god informasjon, gode analysar, gode avgjerdsprosessar og riktige insentiv for å få ei god handtering av klimarisiko, både i privat og offentleg sektor. Både for privat og for offentleg sektor kan det vere nyttig å få meir informasjon og kunnskap om klimarisiko. Regjeringas oppfølging av klimarisikoutvalets rapport vart omtalt i revidert nasjonalbudsjett 2019 (meld.st 2 2018–2019), Finansmarkedsmeldingen 2019 (meld.st 24 2018–2019) og gjentatt i Noregs lågutsleppsstrategi for 2050 (vedlegg 1, Prop. 1 S 2019–2020).

Omstillinga til eit lågutsleppssamfunn er krevjande, men den byr òg på høve til vekst i fleire næringar. Regjeringa har tett dialog med næringslivet for å skape lønnsame grøne arbeidsplassar i tråd med regjeringa sin strategi for grøn konkurransekraft.

Internasjonalt er Noreg ein stor bidragsytar av klimafinansiering til utviklingsland. Særleg gjennom Klima- og skogsatsinga er vi eit føregangsland i langsiktig og føreseieleg finansiering. Regjeringa har auka nivået på klimafinansering for å medverke til at utviklingslanda oppfyller forpliktingane sine under Parisavtala.

Ifølgje klimalova § 6 skal regjeringa årleg gjere greie for korleis Noreg kan nå klimamåla for 2030 og 2050 og for klimaeffekten av framlagt budsjett. Vidare skal utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar, framskrivingar av utslepp og opptak og gjennomføring av dei lovfesta klimamåla for 2030 og 2050 omtalast. Det skal òg givast eit oversyn som gjer synleg sektorvise utsleppsbanar innanfor ikkje-kvotepliktig sektor og kva type tiltak som vil vere nødvendige for å realisere desse, og status for Noregs karbonbudsjett, også innanfor eit klimasamarbeid med EU om oppfylling av klimamål. Korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane, skal òg inngå i utgreiinga.

Form og innhald ved rapportering etter § 6 i klimalova vil bli utvikla vidare over tid. Det tekniske berekningsutvalet for klima vil mellom anna gi råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar og føreslå metodar for utrekning av klimaeffektar av budsjettet. Det bør medverke til å forbetre metodane og rapporteringa på sikt. Utvalet la fram sin andre rapport i juli 2020, sjå boks 11.1 for meir om dette.

Boks 11.1 Andre rapport frå Teknisk berekningsutval for klima

Teknisk berekningsutval for klima blei nedsett i juni 2018, og har i oppgåve å foreslå metodar for berekning av klimaeffekt av statsbudsjettet og gi råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar. I den første rapporten som vart levert sommaren 2019 så utvalet først og fremst på metoden for tiltaksanalysar. Den andre rapporten som vart levert sommaren 2020 ser nærmare på metoder for virkemiddelanalysar på klimaområdet og metodar for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet.

Av kapasitetsomsyn konsentrerer utvalet sine vurderingar i den andre rapporten til økonometriske metodar og partielle modellar som behandlar avgrensa delar av økonomien. Utvalet har også kome vidare i arbeidet med metode for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet, for meir om det sjå kapittel 14.

I den første delen av rapporten vurderast ulike metodar for verkemiddelanalysar som økonometriske analysar, priselastisitetar og sektormodellar. Utvalet peikar på at økonometriske analysar berre seier noko om effekten av verkemiddel som allereie er innførte, men at resultata frå økonometriske analysar kan brukast til prediksjon. Vidare kan økonometriske analysar brukast til å talfesta viktige samanhengar i sektormodellar. Utvalet påpeikar at evalueringar av verkemiddel i større grad kan forankrast i analysar som utnyttar data, og at analysar som predikerer verknad av verkemiddel bør etterprøvast.

For å kunna vurdera effekten av ulike verkemiddel på klimagassutslepp og andre utfall før verkemiddelet har vorte innført nyttast modellar som predikerer framtidig utvikling. Priselastisitetar anslår storleiken på endringar i tilbod eller etterspørsel som følgje av ei prisendring, og er ein enkel måte å presentera åtferdsrespons på. Enkle partielle priselastisitetar er spesielt eigna i tilfelle der verkemiddelet direkte påverkar prisar, men ikkje grip inn i større delar av økonomien. Utvalet tilrår at det blir utvikla nye anslag på både kortsiktige og langsiktige elastisitetar basert på norske data, og meiner at eit systematisk arbeid med enkle partielle elastisitetar kan vera eit første steg til ein betre representasjon av åtferdsrespons i verkemiddelanalysar. I rapporten vurderar også ulike norske sektormodellar innanfor transport, energi og jordbruk. Dagens modellapparat er primært utvikla for andre formål enn å analysera effektar av klimarelevante verkemiddel. Utvalet meiner at dagens transportmodellar er godt eigna til å vurdera utsleppseffektar av klimaverkemiddel som primært har verknader i transportsektoren. Dei to energimodellane, LIBEMOD og TIMEST, er begge eigna til å studera økonomiske verkemiddel som kvotesystem, avgift, subsidiar samt mål om ein gitt del fornybar energi eller mål om energieffektivisering. Vidare meiner utvalet at den partielle likevektsmodellen Jordmod eignar seg til analysar som ser på utsleppseffektar av økonomiske verkemiddel i jordbrukspolitikken. Modellane som blir vurderte er komplekse, og for nokre klimaformål kan det vera meir formålstenleg med enklare analysar. Modellane er partielle og fangar ikkje opp effektar i andre sektorar, eller verknader på andre delar av økonomien. For analysar av verkemiddel med sektorovergripende effektar meiner utvalet at det trulege er andre modellar som er betre eigna.

Utvalet peikar på at hovudoppgåvene framover, innan verkemiddelanalysar, er å utvikla metodar for å sjå verkemiddel, fysiske tiltak og utsleppsreduksjonar i samanheng, betra empirisk grunnlag for evaluering av åtferda til hushald og bedrifter som respons på verkemidla, og forbetring av modellapparatet for prediksjon av framtidige verknader som verkar hovudoppgåver. Det står òg igjen å evaluera metodebruken for sektorovergripande modellar for heile økonomien, som til dømes generelle likevektsmodellar.

Den andre delen av rapporten, som handlar om metodar for å vurdera klimaeffekten av statsbudsjettet, er nærare beskriven i kapittel 14.

Utvalet skriv til slutt om organisering av analysar på klimaområdet. Utvalet meiner det vil vere ein styrkje for analysearbeidet dersom det blir etablert eit miljø kor oversikt, evaluering av metodebruk og metodeutvikling blir forankra. Dette analysemiljøet kan bestå av forskingsinstitusjonar med høg kompetanse om politikkutforming og politikkevaluering. Samtidig er det naturleg at myndigheitene framleis brukar forskjellige fagmiljø for ulike delar av klimapolitikken. Utvalet meiner at det er viktig at forvaltninga er ein del av analyseutviklingsarbeidet og har kompetanse på bestilling av gode analysar, slik at resultata blir eigna for vidare bruk.

Utvalet leverte eit høringsinnspel til Klimakur. Utvalet påpeikar i sitt innspel at metoden som blir brukt i Klimakur er ein tiltaksanalyse. For kvart tiltak blir det berekna en gjennomsnittskostnad per tonn redusert CO2-ekvivalent. Tiltakskostnaden blir berekna individuelt frå tiltak til tiltak, og analysen ser ikkje på spesifikke verkemiddel. Styrken til tiltaksanalysar er koplinga mellom fysiske tiltak og utsleppseffektar, og at dei kan bidra til mykje teknologiinformasjon. Samspelseffektar med resten av økonomien eller åtferdsresponsar som følgje av bruk av verkemiddel blir ikkje fanga opp. Faktiske kostnader og utsleppsreduksjonar vil avhenga av kva slags verkemiddel som settes inn og korleis aktørane reagerer på desse. Vidare fangar ikkje gjennomsnittskostnader opp korleis kostnadene innanfor eit tiltak varierar mellom teknologiar, installasjonar og aktørar eller over tid. Klimakur 2030 omtaler uvisse i kostnader og reduksjonspotensiale for kvart tiltak. Utvalet påpeikar også at uvissefaktorar som er felles for fleire typar tiltak bør avdekkast for å synleggjera systematisk risiko.

12 Klimamål mot 2030 og 2050 og Noregs karbonbudsjett

12.1 Innleiing

Ifølgje klimalova § 6 skal det gjerast greie for korleis Noreg kan nå klimamåla, og gjennomføring av dei, som nemnt i §§ 3–5, også innanfor eit klimasamarbeid med EU om felles oppfylling av klimamål. Det skal òg ifølgje klimalova gjerast greie for Noregs karbonbudsjett. Med samarbeid med EU får Noreg eit utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp i perioden 2021–2030. I dette kapittelet er det gjort greie for dette.

12.2 2030-målet og klimaavtala med EU

Noregs forsterka klimamål for 2030 under Parisavtala er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået (sjå nærmare omtale av klimaavtala i kapittel 12.2.2 under).

EU er i prosess med å forsterka sitt klimamål for 2030. Det er også venta at dei vil gjere endringar i klimaregelverka. Eventuelle endringar kan få konsekvensar for Noregs forpliktingar i klimaavtala med EU.

Dersom EU ikke forsterkar sitt mål like mykje som Noreg, vil den delen av målet som går lenger, vere avhengig av tilgang til samarbeid om utsleppsreduksjonar i andre land i tråd med reglane i Parisavtala.

12.2.1 Gjennomgang av klimamål kvart femte år

Parisavtala er strukturert slik at landa skal melde inn nye eller oppdatere dei nasjonalt fastsette bidraga sine kvart femte år. Dette skal medverke til å styrkje den globale innsatsen over tid. Dei nye eller oppdaterte nasjonalt fastsatte bidraga skal representere dei høgast moglege ambisjonane til landa og utgjere ein progresjon frå førre mål. Første gong landa skal melde inn nye eller oppdaterte mål, er i 2020.

Det følgjer også av klimalova § 5 at regjeringa kvart femte år skal leggje fram oppdaterte klimamål for Stortinget for å fremje omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Oppdaterte klimamål skal leggje til grunn beste vitskaplege grunnlag og så langt som mogleg vere talfesta og målbare.

Klimamålet for 2030 som no er lovfesta i klimalova, er å redusere utsleppa med 40 pst. innan 2030. Regjeringa vil endre klimalova § 3 (klimamål for 2030) slik at det lovfesta målet samsvarer med det forsterka målet om å redusera utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 under Parisavtala.

12.2.2 Klimaavtala med EU

I mars 2020 tredde ei klimaavtale mellom EU, Island og Noreg i kraft. Klimaavtala inneber at Noreg vil ta del i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030. Stortinget har gitt samtykke til å slutte seg til ei avtale som innlemmar dei relevante klimaregelverka i EØS-avtalas protokoll 31. Å innlemme regelverka i protokoll 31 betyr i praksis at vi ikkje er bundne av regelverka etter 2030. Det vanlege systemet i EØS-avtala for overvaking, domstolskontroll og tvisteløysning vil gjelde for klimavtala. Det inneber at overvaking og domstolskontroll blir utøvd av EFTAs overvakingsorgan (ESA) og EFTA domstolen.

EUs klimaregelverk for 2030 består av tre pilarar: EUs kvotesystem på bedriftsnivå (EU ETS), innsatsfordelinga for ikkje-kvotepliktige utslepp og utslepp og opptak av klimagassar i skog og anna arealbruk (LULUCF). Figur 12.1 gir ei oversikt over dei tre pilarane. Innan kvar av dei tre pilarane er det fleksibilitet. I tillegg er det ulike former for fleksibilitet mellom pilarane.

Figur 12.1 EUs klimarammeverk og fleksibilitetsmekanismar

Figur 12.1 EUs klimarammeverk og fleksibilitetsmekanismar

Kjelde: EU-kommisjonen og Klima- og miljødepartementet

Kvotesystemet

Noreg samarbeider allereie med EU gjennom deltaking i den europeiske kvotemarknaden (EU ETS) om å redusere dei kvotepliktige utsleppa. EUs kvotesystem omfattar i dag utslepp frå verksemder innan industri og kraftproduksjon, og luftfart innanfor EØS-området. Om lag halvparten av norske utslepp er inkluderte i kvotesystemet. Norske kvotepliktige verksemder bidreg på linje med kvotepliktige verksemder i dei andre europeiske landa til at målet blir nådde og utsleppsreduksjonane innanfor kvotesystemet blir vurderte samla for EU, Island og Noreg.

Ein sentral mekanisme i kvotesystemet er den årlege nedjusteringa i samla tal på kvotar som blir utferda. Frå 2021 er det vedteke ei raskare nedskalering av den totale kvotemengda, med ein årleg reduksjon på 2,2 pst. per år. Gjennom årlege reduksjonar i kvotemengda vil utferda kvotar i 2030 vere 43 pst. lågare enn utsleppa frå dei kvotepliktige verksemdene i 2005. Dersom den årlege reduksjonen av kvotemengda held fram uendra etter 2030, vil talet på kvotar tilgjengeleg for dei kvotepliktige verksemdene ha falle til 365 millionar kvotar i 2050. Dette er om lag 84 pst. lågare enn dei kvotepliktige utsleppa var i 2005.

Sidan 2009 har det bygd seg opp ei betydeleg behaldning av unytta kvotar. Dette er hovudsakleg på grunn av lågare aktivitet og utslepp som følgje av den økonomiske nedturen etter finanskrisa, men òg store subsidiar til fornybar energi. Med bakgrunn i kvoteoverskotet har EU vedteke innstrammande tiltak. Det har medverka til at prisen på kvotar i det europeiske kvotesystemet har auka betydeleg dei siste åra frå om lag 5 euro per tonn CO2-ekvivalentar i 2017 til opp mot 30 euro per tonn CO2-ekvivalentar i 2019 og 2020. Covid-19 gav noko ustabilitet i kvoteprisen. Prisoppgangen medverkar til langsiktig omstilling og til at utsleppsreduserande teknologi blir utvikla og teken i bruk raskare. Sjå også nærmare omtale av verkemiddel for å nå klimamåla i kapittel 12.4.

Ikkje-kvotepliktige utslepp (forordning for innsatsfordeling)

Som ein del av klimaavtala med EU vil Noreg i tillegg samarbeide med EU og Island om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa under forordninga for innsatsfordeling. Dette er i hovudsak utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men også ikkje-kvotepliktige utslepp frå industrien og petroleumsverksemda. Forordninga skal syte for at EU reduserer dei samla ikkje-kvotepliktige utsleppa sine med 30 pst. frå 2005 til 2030. Kvart land får eit bindande nasjonalt mål om å redusere utsleppa med mellom 0 pst. og 40 pst. frå 2005 til 2030, avhengig av BNP og kostnadseffektivitet. Forordninga gjer utsleppsmåla til landa for 2030 om til bindande utsleppsbudsjett som seier kor høge utslepp kvart land kan ha i kvart av åra i perioden 2021–2030. Landa kan velje å oppfylle utsleppsbudsjetta ved å redusere eigne utslepp og/eller gjennom samarbeid med andre europeiske land. EU legg ikkje føringar for i kva sektorar innanfor ikkje-kvotepliktig sektor reduksjonane blir gjennomførte, men vil forsikre seg om at summen av utsleppa, etter at det er teke omsyn til bruk av fleksible mekanismar, er i tråd med forpliktinga. Noreg tek på lik linje med EUs medlemsstatar, del i regelverket som EU har vedteke for å kutte utsleppa i Europa.

Noreg har gjennom klimaavtala med EU fått eit mål om å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 40 pst. frå 2005 til 2030, og eit utsleppsbudsjett for åra 2021–2030. Det nøyaktige utsleppsbudsjettet Noreg vil få for kvart år i perioden 2021–2030, blir likevel ikkje endeleg avklart før i 2020. Endeleg budsjett vil avhenge av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i Noreg i åra 2005 og 2016–2018. Desse tala blir ikkje endeleg fastsette før mot slutten av 2020, når ein større revisjon av utsleppstala er gjennomført.

Førebels anslag gir eit utsleppsbudsjett, som vist ved stolpane i figur 12.2, på om lag 210 millionar tonn CO2-ekvivalentar over tiårsperioden. Samanlikna med førre anslag i klimalovrapporteringa i 2019 inneber dette ei nedjustering av utsleppsbudsjettet. Med det talgrunnlaget vi har i dag, er forskjellen mellom framskrivne utslepp i Noreg baserte på ei vidareføring av dagens klimapolitikk, og Noregs antekne utsleppsbudsjett, anslått til i storleiksorden 8 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030 sett under eitt. Dette er om lag 4 millionar tonn lågare enn anslaget for utsleppsgapet i klimalovrapporteringa for 2019. Framskrivingane blir oppdaterte annakvart år, og det er laga ny framskriving til nasjonalbudsjettet 2021, sjå nærmare omtale i kapittel 13.2. Både framskriving og utsleppsbudsjett er usikre. Utsleppsbudsjettet kan dekkjast opp med utsleppsreduksjonar nasjonalt og samarbeid med EU-land om utsleppsreduksjonar gjennom bruk av ulike former for fleksibilitet. Noregs årlege høve til å nytte kvotar frå kvotesystemet er avgrensa til 2 pst. av 2005-utsleppa under innsatsfordelinga, og vil ifølgje usikre berekningar utgjere knapt 6 millionar kvotar over perioden 2021–2030. Summert inneber det formelle målet Noreg får frå EU, at Noreg må redusere dei europeiske utsleppa innanfor innsatsfordelinga tilsvarande 40 pst. av Noregs 2005-utslepp.

Figur 12.2 Framskriving og førebels anslag på utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp 2021–2030 (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Figur 12.2 Framskriving og førebels anslag på utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp 2021–2030 (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Kjelde: Finansdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet

Klimaavtala med EU reduserer likevel ikkje høvet til å gjennomføre utsleppskutt utover dei bindande fastsette nasjonale måla. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil at Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 pst. samanlikna med 2005. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planlegg for dette. Om strengt nødvendig kan fleksibiliteten i EUs rammeverk nyttast. I figur 12.2 er det òg vist eit utsleppsbudsjett i tråd med regjeringa sitt mål i Granavolden-plattforma om å redusere dei ikkje kvotepliktige utsleppa med 45 pst.

Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje klimatiltak og styrkt klimapolitikken. Det er mange verkemiddel på plass, og det er sett ambisjonar og målsetjingar som vil medverke til utsleppsreduksjonar framover. I ikkje-kvotepliktig sektor er transportsektoren den største utsleppskjelda, og det er i denne sektoren dei største utsleppsreduksjonane må gjennomførast. Regjeringa prioriterer dette arbeidet høgt og har ei rekkje måltal for nye nullutsleppskøyretøy i 2025 og 2030. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa òg vil ha sektorvise ambisjonar for kutt i klimagassutsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor, under dette halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Desse måltala er baserte på betringar av teknologisk mogning i ulike delar av transportsektoren.

Sektorane som står for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, har ulikt utgangspunkt og står overfor ulike verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa. I tillegg til den generelle verkemiddelbruken finst allereie særlege verkemiddel for den enkelte sektor. Kapittel 12.4 går gjennom den generelle verkemiddelbruken i Noreg. Det er betydeleg uvisse knytt til utsleppa framover, utsleppseffekten av verkemiddel og kostnader ved nasjonale utsleppsreduksjonar innanfor den enkelte sektoren. Den økonomiske aktiviteten svingar, og folketalet blir endra. Utviklinga av klimavennleg teknologi, og dermed kostnadene ved å ta slik teknologi i bruk, er usikker. Difor veit vi at det er vanskeleg å finstyre klimagassutsleppa frå år til år. I Stortingsmeldinga om klimamål for 2030 vil regjeringa legge fram ein plan for vise korleis den planlegg å nå klimamåla for 2030. Planen vil, i tråd med klimaloven § 6 andre ledd bokstav c, gi en oversikt som synleggjer sektorvise utsleppsbaner innanfor ikkje-kvotepliktig sektor og kva type tiltak som vil vere nødvendig for å realisere desse.

Skog og anna arealbruk (LULUCF)

EU-regelverket for skog og anna arealbruk (LULUCF) gir landa ei forplikting om at utsleppa ikkje skal overskride opptaka frå sektoren (den såkalla netto null-forpliktinga) over perioden 2021–2030.

Regelverket omfattar arealkategoriane forvalta skog, nye skogareal, avskogingsareal, beitemark, dyrka mark og våtmark (frå 2026).

Alle land, inkludert Noreg, har utarbeidd ei referansebane for forvalta skog for perioden 2021–2025. Eit avvik frå referansebana skal ein bokføre høvesvis som eit opptak eller eit utslepp. Hogstnivået er den enkeltfaktoren som har størst effekt på nettoopptaket. Det er etablert ei kompensasjonsordning for land som får bokført utslepp frå forvalta skog, som kan brukast på visse vilkår. Kompensasjonsordninga gir landa eit rom for å auke hogstnivået til eit visst nivå samanlikna med nivået i referansebanen. I 2024 skal landa sende inn ei referansebane for perioden 2026–2030.

Forpliktinga om netto nullutslepp frå sektoren kan ein oppfylle både gjennom nasjonale tiltak og fleksibilitet innanfor sektoren og gjennom ytterlegare utsleppsreduksjonar i sektorar under forordninga for innsatsfordeling. Dersom ein ikkje oppnår netto null utslepp gjennom nasjonale tiltak i skog og arealbrukssektoren, må det bokførte utsleppet dekkjast inn ved ekstra tiltak i ikkje-kvotepliktig sektor eller kjøp av skog- og arealkredittar eller utsleppseiningar frå andre land. Førebelse og usikre berekningar syner at Noreg kan komme ut med eit utslepp på 12 millionar tonn CO2 frå skog- og arealsektoren for perioden 2021–2030.

12.3 2050-målet

Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Formålet med å lovfeste målet om lågutsleppssamfunnet er å leggje til rette for ei langsiktig omstilling i klimavennleg retning i Noreg. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er reduserte for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala.

Målet om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 er forankra i klimaforliket frå 2012 (jf. Innst. 390 S (2011–2012)). I klimaforliket peikte stortingsfleirtalet samtidig på at ein ambisiøs politikk nasjonalt må vere fornuftig i ein global samanheng der det overordna målet er å redusere dei samla globale utsleppa av klimagassar. Dette inneber at det blir teke omsyn til konsekvensane av kvotesystemet, til faren for karbonlekkasje og til konkurranseevna til industrien når politikken blir utforma. Dette gir føringar for verkemiddelbruken for å redusere nasjonale utslepp. Noreg som lågutsleppssamfunn er avhengig av at verda rundt oss går i same retning, slik at vår evne til full og effektiv bruk av arbeidskraft og andre ressursar blir halden ved lag og vi når våre klima- og miljøpolitiske mål.

Som det går fram av § 4 i klimalova, skal målet vere at klimagassutsleppa i 2050 blir reduserte til i storleiksordenen 80–95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gjere Noreg til eit lågutsleppssamfunn i 2050, der klimagassutsleppa er reduserte med 90–95 pst. samanlikna med 1990. Regjeringa vil endre utsleppsintervallet i klimalova § 4, slik at målet blir å redusere utsleppa med 90–95 pst. innan 2050 samanlikna med 1990.

Klimalova er ikkje til hinder for at Noreg kan gjennomføre målet om å bli eit lågutsleppssamfunn saman med EU. Eit klimasamarbeid med EU kan gi eit viktig bidrag til utsleppsreduksjonar nasjonalt og til den langsiktige omstillinga av det norske samfunnet som klimalova fremjar.

Det er viktig med tydelege signal om kvar utsleppsutviklinga skal på lengre sikt. Det er viktig at styresmaktene fører ein truverdig klimapolitikk som gir tydelege og føreseielege signal til privat sektor om kostnadene framover ved å sleppe ut klimagassar. Regjeringas strategi mot 2030 og dagens verkemiddel legg derfor eit viktig grunnlag for å gjere Noreg til eit lågutsleppssamfunn i 2050. Kapittel 12.4 overordna beskriving av dagens verkemiddel for å redusere utslepp.

Mange verkemiddel er på plass for å medverke til den langsiktige teknologiomstillinga som må til for å bli eit lågutsleppssamfunn. Å setje ein pris på utslepp er eit hovudverkemiddel i den langsiktige klimapolitikken. Kvotesystemet er eit slikt verkemiddel, sjå nærmare beskriving om kvotesystemet i kapittel 12.2.

Årlege reduksjonar i talet på utferda kvotar gjer at kvotesystemet vil medverke til vesentleg reduksjon av utsleppa. Etter 2020 vil dei årlege kutta i kvotemengda utgjere nesten 50 millionar tonn. Gjennom årlege reduksjonar i kvotemengda vil utferda kvotar i 2030 vere 43 pst. lågare enn utsleppa frå dei kvotepliktige verksemdene i 2005. Dersom den årlege reduksjonen av kvotemengda held fram uendra etter 2030, vil talet på kvotar som blir gjorde tilgjengeleg for dei kvotepliktige verksemdene, ha falle til 365 mill. kvotar i 2050. Dette er om lag 84 pst. lågare enn dei kvotepliktige utsleppa var i 2005.

Figur 12.3 Utvikling i kvotemengd i EU ETS 2005–2050

Figur 12.3 Utvikling i kvotemengd i EU ETS 2005–2050

Kjelde: EU-kommisjonen og Klima- og miljødepartementet

Kvotesystemet vil medverke til å tvinge fram betydelege utsleppsreduksjonar på felleseuropeisk nivå, samtidig som utsleppskostnaden må ventast å auke ytterlegare. Det betyr at også norske kvotepliktige verksemder må omstille seg. Ei omstilling av kvotepliktig verksemd til produksjon med betydeleg lågare utslepp enn i dag føreset langsiktige teknologiutviklingsløp. Lovfesting og talfesting av målet om lågutsleppssamfunn gir eit tidleg og tydeleg signal til industrien og andre avgjerdstakarar om at ei betydeleg styrking av dette teknologiløpet er nødvendig. Det er etablert fleire ordningar for å støtte langsiktig teknologiutvikling, sjå mellom anna avsnitt 12.4.

Noregs lågutsleppsstrategi for 2050

Parisavtala seier at alle land bør søkje å formulere og melde inn langsiktige strategiar for lågutslepp av klimagassar i lys av dei langsiktige målsetjingane i Parisavtala. I Paris-vedtaket er landa inviterte til å kommunisere slike strategiar innan 2020. Å leggje fram ein slik strategi er frivillig, vil ikkje innebere nye internasjonale forpliktingar og har ingen rapporterings- eller bokføringskrav.

Regjeringa la hausten 2019 fram ein lågutsleppsstrategi, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon 2019–2020 vedlegg I.

I lågutsleppsstrategien blir Noreg beskrive som lågutsleppssamfunn i 2050 med følgjande overordna karakteristikkar:

  • Lågutsleppssamfunnet er eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar.

  • Areal, skog og ressursar blir forvalta på ein berekraftig måte som legg til rette for høgt opptak og låge utslepp. Areala våre lagrar karbon og forsyner oss med materialar, mat og energi.

  • Eit grønt næringsliv med låge utslepp av klimagasser.

  • Byar og lokalsamfunn legg til rette for låge klimagassutslepp og gode levevilkår for innbyggjarane.

Noreg må ta kloke val på vegen til eit lågutsleppssamfunn, der det er rom for eit mangfald av løysingar innanfor langsiktige og stabile rammevilkår. Regjeringa vil styrkje grunnlaget for klimapolitikken og medverke til langsiktige og føreseielege rammer, slik at alle aktørar kan dra i riktig retning. Med lågutsleppsstrategien la regjeringa fram dei overordna prioriteringane og viktige omsyn for vegen til lågutsleppssamfunnet fram mot 2050.

Overordna prioriteringar for vegen til lågutsleppssamfunnet

Noreg fører og vil halde fram med å føre ein ambisiøs klimapolitikk. Regjeringa har eit langsiktig mål om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv.

Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at ho vil omstille norsk økonomi og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn før midten av hundreåret. Denne omstillinga må òg medverke til ei utvikling som sikrar det biologiske mangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn.

Klima- og miljøpolitikken skal medverke til at Noreg når klimamåla og andre miljømål. For å skape minst mogleg konflikt mellom klima- og miljømåla og andre samfunnsmål, blir det kravd god koordinering i bruken av verkemiddel. Det inneber at klimapolitikken nasjonalt er basert på følgjande prinsipp:

  • Forureinaren skal betale. Verkemiddel bør veljast ut frå kriteriet om at den som forureinar eller skadar miljøet, skal betale for skaden som skjer.

  • Effektive verkemiddel. Miljøavgifter, omsetjelege kvotar, direkte reguleringar, avtaler, informasjon og subsidiar må kombinerast mest mogleg effektivt.

  • Støtte til teknologiutvikling. Å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og klima- og miljøvennlege energiteknologiar er viktig for å møte klima- og miljøutfordringane, og kan òg gi norsk næringsliv nye marknadsmoglegheiter.

  • Globale effektar avgjerande. Verkemidla i klimapolitikken må medverke til at globale utslepp går ned.

  • Eit lågutsleppssamfunn, ikkje eit låginntektssamfunn. Verkemidla bør innrettast slik at miljømåla blir oppnådde med størst mogleg sikkerheit og til lågast moglege kostnader for samfunnet. Vi må utnytte høva som ligg i det grøne skiftet.

I tillegg er det viktig at arealplanlegging, utviklinga av infrastruktur og offentlege investeringar tek omsyn til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

Med utgangspunkt i prinsippa for klimapolitikken og at den blir styrkt over tid, vil regjeringa gjennom måloppfølging, prising av utslepp, og andre rammevilkår for lågutsleppsutvikling i næringsliv, kommunar og for kvar og ein av oss leggje til rette for at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Politikken for å nå klimamålet i 2050 må styrkjast og tilpassast over tid. Dette vil skje i tråd med klimalova og Parisavtalas dynamikk om at alle land kvart femte år skal leggje fram eit bidrag som utgjer ein progresjon samanlikna med førre bidrag og vere uttrykk for høgast mogleg ambisjonsnivå.

Lågutsleppsutreiinga 2050

Som varsla i lågutsleppsstrategien vil ein del av den vidare oppfølginga av arbeidet for 2050 vere å setje i gang eit arbeid med ei lågutsleppsutgreiing for 2050. Hovudformålet er å få fram eit godt fagleg grunnlag som viser korleis ein kan leggje til rette for langsiktig utsleppsutvikling innan relevante sektorar og samfunnsområde i Noreg i tråd med klimamålet for 2050.

Bakgrunnen er at klimapolitikken må baserast på best tilgjengeleg kunnskap. Eit godt kunnskapsgrunnlag er ikkje berre viktig for at politikken skal gjennomførast på ein så effektiv og relevant måte som mogleg, men vil òg tene til å redusere uvisse og setje oss betre i stand til å handtere klimarisiko. Mellom anna peiker Klimarisikoutvalet på dette i sin rapport1. Utvikling av verkemidla må følgje kunnskapsutviklinga om kva som er nødvendig for å nå mål som skal oppfyllast. Det som kan framstå som fornuftig og effektiv politikk i eit kortsiktig perspektiv, er ikkje alltid det som gir ei utvikling mot låge utslepp på lang sikt. Vidare kan avgjerder ein tek i dag, medverke til at høge utslepp vedvarer og dermed hindrar at vi når klimamålet for 2050. Analysar av korleis politikk, verkemiddel og tiltak bør innrettast for å bidra til langsiktig lågutsleppsutvikling fram mot 2050, er difor svært viktig.

12.4 Verkemiddel for å nå klimamåla

Verkemiddelbruken i klimapolitikken bør vere transparent, føreseieleg og innretta slik at måla for klimapolitikken blir nådde med størst mogleg sikkerheit og til lågast moglege kostnader for samfunnet. For å skape minst mogleg konflikt mellom klimamåla og andre samfunnsmål er det krav om god koordinering i bruken av verkemiddel. Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet.

Klimapolitikken har redusert nasjonale utslepp betydeleg. I samband med Noregs nyaste rapport til FNs klimakonvensjon vart det rekna ut at norske utslepp av klimagassar ville ha vore rundt 40 pst. høgare i 2020 utan dei verkemidla og klimatiltaka som er gjennomførte sidan 1990.

Over 80 pst. av klimagassutsleppa i Noreg er i dag dekte av sektorovergripande økonomiske verkemiddel i form av avgifter og/eller kvoteplikt. Desse hovudverkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og medverkar dermed til å endre produksjons- og forbruksmønster og stimulerer til utvikling og spreiing av klimavennleg teknologi. Pris på utslepp av klimagassar er avgjerande for å redusere utsleppa i tilstrekkeleg omfang på ein kostnadseffektiv måte.

Nær 70 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er pålagde avgift. Det generelle avgiftsnivået på utslepp av klimagassar i 2020 er 544 kroner per tonn CO2-ekvivalentar. Regjeringa har sidan 2013 heva det generelle avgiftsnivået på utslepp av klimagassar frå 400 til 544 kroner per tonn CO2-ekvivalentar og oppheva ei rekkje reduserte satsar og fritak. Avgiftsnivået på utslepp av klimagassar er derfor vesentleg høgare og jamnare i 2019 enn i 2013. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil trappe opp den flate CO2-avgifta med 5 pst. årleg for alle sektorar fram til 2025. Provenyet skal regjeringa bruke til å redusere skattar og avgifter for berørte grupper for å lette omstillinga. Andre relevante avgifter (mellom anna HFK/PFK) skal aukast tilsvarande.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil at unntaka for landbruk og fiskeri blir fjerna om det partssamansette utvalet for fiske og forhandlingane mellom staten og jordbruksorganisasjonane om ei klimaavtale ikkje kjem fram til tiltak som gir reelle og tilstrekkelege utsleppsreduksjonar. Dette skal ein sjå i samanheng med kompenserande tiltak i samråd med næringane.

I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbrukets organisasjonar ei intensjonsavtale om å arbeide for reduserte klimagassutslepp, og auka opptak av karbon frå jordbruket. Regjeringa legg til grunn at avtala vil føre til tilstrekkelege utsleppsreduksjonar frå sektoren. Det er sett eit mål om å redusere utsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Måltalet omfattar klimatiltak som kan tilskrivast jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, oppvarming av bygg og arealbrukssektoren (avgrensa til arealkategoriane dyrka mark og beite) i den offisielle klimagassrekneskapen. Klimaavtala vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, men skal ikkje gi bindingar for framtidig verkemiddelbruk eller jordbruksforhandlingar. Klimaavtala kan heller ikkje setje vilkår om auka subsidiar.

Rapporten frå det partssamansette utvalet, nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet, som har vurdert auka CO2-avgift på mineralolje, naturgass og LPG levert til fiske og fangst, og andre klimatiltak som kan utløyse utsleppsreduksjonar i fiskerinæringa, blei ferdig våren 2019. Hovudtilrådinga frå eit samla utval var å auke CO2-avgifta til generell sats, men samstundes introdusere ei ny kompensasjonsordning. Utvalets rapport har vore på høyring. Regjeringa har avgjort å følgje opp hovudtilrådinga i rapporten og har frå 1. januar 2020 innført full CO2-avgift for mineralske produkt for fiske og fangst i nære farvatn. Samstundes er det bestemt å introdusere ei kompensasjonsordning for å lette omstillinga. Kompensasjonsordninga er delt inn i tre grupper som vil bestå av kystflåten, havflåten og kystrekeflåten. Kompensasjonen er knytt til den delen det enkelte fartøyet har av total fangst innanfor kompensasjonsgruppa fartøyet tilhøyrer. Den nye innretninga på ordninga søkjer å gi fleire insentiv til å drive meir klimavennleg ved at dei mest energieffektive og klimavennlege i kvar fartøygruppe sannsynlegvis vil komme betre ut enn med tidlegare regime med refusjonsordning.

Om lag halvparten av norske utslepp er dekte av det europeiske kvotesystemet for bedrifter (EU ETS), i hovudsak utslepp frå landbasert industri og petroleumssektoren. Kvoteprisen har det siste året for det meste lege over 250 kroner per tonn CO2-ekvivalentar. Prisen fall kraftig, men kortvarig etter stenginga av samfunnet i samband med koronautbrotet i midten av mars, men tok seg rask opp igjen. Petroleumssektoren og innanriks luftfart står overfor både CO2-avgift og kvoteplikt.

Både dagens og venta framtidig pris på utslepp har betydning for avgjerder hos aktørane. Det offentlege investerer i vegar, kollektivtransportsystem, energisystem, vass- og avløpssystem og bygningar. Dette er investeringar som potensielt kan ha stor betydning for framtidige klimagassutslepp. For å innarbeide klimaomsyn må ein prise inn framtidige utslepp i investeringskalkylane.

Direkte regulering, standardar, avtaler og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak er brukte som eit tillegg til kvotar og avgifter. På område underlagde generelle verkemiddel skal ein som hovudregel ikkje samstundes bruke ytterlegare regulering. Avgifter og kvotar set ein pris på kostnaden ved utslepp. I nokre tilfelle er det likevel også andre former for marknadssvikt eller barrierar som kan hindre at kostnadseffektive miljøtiltak blir gjennomførte. Dette kan for eksempel vere kunnskapseksternalitetar, nettverkseffektar, mangelfull informasjon eller åtferdstrekk. I slike tilfelle kan ein nytte andre verkemiddel i tillegg til prising av utsleppa.

I enkelte tilfelle kan det vere vanskeleg å prise ein miljøskade gjennom avgifter eller kvotar. Dersom avgift er vurdert til ikkje å vere høveleg, skal andre verkemiddel vurderast som gir tilsvarande sterke insentiv for utsleppsreduksjonar, under dette direkte reguleringar. Utslepp av klimagassar er i dag regulerte av ei rekkje sektorovergripande og sektorspesifikke lover. Gjennom forureiningslova er mellom anna utslepp av lystgass frå fullgjødselproduksjon og diffuse utslepp frå petroleumsverksemd regulerte. Forureiningsstyresmakta vurderer fortløpande behovet for å stille krav etter forureiningslova for å medverke til å redusere klimagassutslepp.

Forsking på og utvikling av null- og lågutsleppsteknologiar er viktig for å møte klimautfordringa, både i eit 2030- og i eit 2050-perspektiv. Noreg er avhengig av teknologiutviklinga internasjonalt. Satsing på teknologi kan gi norske verksemder nye marknadsmoglegheiter og medverke til globale utsleppsreduksjonar dersom også andre land tek i bruk teknologiar utvikla i Noreg. Grøn skattekommisjon framhevar mellom anna at ein bør støtte miljøteknologi spesielt fordi det historisk sett er forska mindre på slike teknologiar, slik at kunnskapsbasen dermed er mindre. Teknologi som medverkar til å redusere utslepp, har ei særleg ulempe om utsleppa er prisa lågare enn skaden utsleppa utgjer. Grøn skattekommisjon peiker òg på at støtte åleine ikkje vil vere tilstrekkeleg. Ein pris på utslepp medverkar til meir forsking og at betre teknologi blir teken i bruk.

For å fremje auka bruk og utvikling av null- og lågutsleppsløysingar er det etablert ei rekkje offentlege støtteordningar. Eksempel på slike ordningar i statleg regi er Enova og fleire ordningar under Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Verkemiddelapparatet er styrkt frå den grunnleggjande forskingsinnsatsen, der dei nye ideane blir skapte, og heilt fram til marknaden.

Det offentlege medverkar no med større ressursar enn tidlegare i alle delar av FoU-kjeda. Sidan 2013 har regjeringa auka støtta til næringsretta forsking og innovasjon med over 3 mrd. kroner, inkludert budsjettert skattefrådrag frå Skattefunnordninga. Dette er støtte til FoU generelt, ikkje berre støtte til klimarelatert forsking og innovasjon, men auken medverkar til at større ressursar blir tilgjengelege også til klimarelatert FoU.

I tillegg vedtok Stortinget i 2020 å opprette Grøn plattform under Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA. Ordninga skal vere ein felles konkurransearena for å fremje grøn omstilling i næringslivet. Grøn plattform skal med andre ord medverke til å akselerere opptaket av eksisterande grøne prosessar og produkt og til at nye klima- og miljøvennlege løysingar blir utvikla. Det er lagt opp til at det skal løyvast 1 mrd. kroner fordelt over 3 år frå 2020 til 2022 til Grøn plattform. I 2020 blei det totalt løyvd 333 mill. kroner til plattforma, og regjeringa forslår å løyve same beløp i 2021.

Regjeringa vil halde fram å støtte utvikling av teknologi. Overgangen til lågutsleppssamfunnet gjeld alle næringar og sektorar, og det er derfor viktig med ei brei tilnærming. Regjeringa legg vekt på både målretta satsing og vektlegging av klima og miljø i offentleg finansiert forsking, innovasjon og teknologiutvikling der det er relevant.

Boks 12.1 Eksempel på Enova-støtta prosjekt

  • Fullskala demonstrasjon av flytande havvind (2019): 2,3 mrd. kroner til Equinor for å byggje det som vil bli verdas største flytande havvindpark. Vindturbinane skal forsyne oljefelta Gullfaks og Snorre med fornybar kraft. Prosjektet er eit viktig ledd i å bringe flytande havvind eit steg nærmare kommersialisering.

  • Elektrifisering av Bastø-ferjene (2019 og 2020): 168 mill. kroner til ny elektrisk ferje og ombygging til batterielektrisk drift for Bastø Fosen IV og VI, inkludert ladeinfrastruktur i Moss og Horten.

  • Kvitebjørn Varme (2019): 91 mill. kroner for å utvide fjernvarmenettet i Tromsø og ta i bruk innovativ sesonglagring. Varmen vart lagra i 300 meter djupe brønnar, slik at varme produsert om sommaren kan utnyttast på årets kaldaste dagar. Dette inneber at meir av varmen blir utnytta.

  • Ruter (2020): til saman 74 millionar kroner til ladeinfrastruktur for elektriske bussar i Oslo sør. Ladeinfrastrukturen vil forsyne utsleppsfrie bussar som kvart år køyrer nesten sju millionar kilometer. Dette vil spare over 10 000 tonn CO2 årleg.

  • Landstraum i fleire hamner (2016, 2017, 2018, 2019 og 2020): Om lag 650 mill. kroner til om lag 100 landstraumprosjekt i både offentlege og private hamner langs heile kysten. Mellom anna landstraum til Hurtigruten i Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Ålesund og landstraum til cruise i Bergen, Haugesund, Flåm og Ålesund.

Mellom anna har Noreg fleire ordningar gjennom Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg som kan støtte teknologiutvikling i industrien og petroleumssektoren. Framtidas klimanøytrale industri er valt ut som eitt av to nye tema for Pilot E-ordninga. Regjeringa har styrkt samhandlinga mellom næringslivet, forvaltninga og forskinga gjennom å opprette strategiforumet Prosess 21. Hovudoppgåva for Prosess 21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis prosessindustrien best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. I 2018 blei det løyvd midlar til eit nytt forskingssenter for reduksjon av klimagassutslepp på norsk kontinentalsokkel. Målet med senteret er å utvikle ny kunnskap og teknologi som kan medverke til betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa på sokkelen på kort og lang sikt. Under leiing av Sintef Energi vann Research Centre for a low-emission petroleum industry on the Norwegian continental shelf konkurransen om midlane. Årleg finansiering frå Forskingsrådet er 15 mill. kroner. Senteret vil ha ei levetid på inntil åtte år. Regjeringa vil også medverke til å utvikle teknologi for fangst, transport og lagring av CO2 og legge til rette for ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg som gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Regjeringa foreslår å gi støtte til å etablere eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Prosjektet har fått namnet Langskip, og omfattar Norcem som første CO2-fangstprosjekt og deretter eventuelt Fortum Oslo Varme sitt CO2-fangstprosjekt, under føresetnad av at Fortum Oslo Varme får tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Northern Lights skal realisere skipstransport og eit lager med tilhøyrande infrastruktur.

I spreiingsfasen for nye lågutsleppsløysingar kan marknadssvikt vere grunn til at styresmaktene går inn med mellombels støtte for å medverke til at teknologiane blir tekne i bruk. Subsidiar til bruk av ny teknologi inneber òg risiko for at det blir produsert eller konsumert for mykje av vara. Det fører til eit samfunnsøkonomisk tap som blir forsterka ved at slik støtte må finansierast med skattar. Det er derfor viktig at støtte blir utforma og innretta kostnadseffektivt. Kostnadseffektivitet vil også avhenge av at det er ein marknad for teknologien, og at teknologien som blir utvikla, er treffsikker i høve til miljøproblemet.

Offentlege anskaffingar er òg eit viktig verkemiddel for å medverke til grøn omstilling og reduserte klimagassutslepp. Regjeringa vil syte for at offentleg sektor som kunde medverkar til å ta i bruk og utvikle nye miljø- og klimavennlege teknologiar og løysingar. Regjeringa utarbeider ein handlingsplan for å auke delen av klima- og miljøvennlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon.

Informasjon er eit verkemiddel som kan påverke åtferda til bedrifter og privatpersonar. Grøn skattekommisjon viser til at prissignala gjennom avgiftssystemet kan verke noko dårlegare under visse forhold, og at informasjon, som eit supplement til økonomiske verkemiddel, kan medverke til at prissignala kjem fram, og at nye teknologiar blir spreidde i marknadene.

Regjeringa har oppretta Nysnø Klimainvesteringar AS, eit statleg investeringsselskap med formål å medverke til reduserte klimagassutslepp. Selskapet skal gjere investeringar i unoterte selskap og gjennom såkalla fond-i-fond-løysingar, i hovudsak retta mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering.

Mot 2030 og vidare mot 2050 må verkemiddelbruken vurderast og tilpassast. Det er ikkje mogleg i dag å seie eksakt kva verkemiddelbruk som vil oppfylle klimamåla.

13 Utslepp og opptak av klimagassar

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar, og for framskrivingar av utslepp og opptak. I dette avsnittet blir det gjort greie for dette.

13.1 Historiske utslepp og opptak

Dei norske utsleppa av klimagassar var i 2019 på 50,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette er ein nedgang på 1,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar i forhold til 2018, eller 3,4 pst. Dette kjem i stor grad av nedgang i utsleppa frå vegtrafikk og n transport. Tala for 2019 er førebelse, endelege tal for 2019 blir publisert av SSB i november 2020. Utsleppa frå vegtrafikken blei redusert med 7,7 pst. frå 2018 til 2019. Dette kom av auka bruk av biodrivstoff, nedgang i total køyrelengde og ein betydeleg auke i bruken av elbilar. Ein del av biodrivstoffet som har gitt denne nedgangen, er likevel konvensjonelt biodrivstoff som er knytt til risiko for avskoging. Det er eit mål at mest mogleg av biodrivstoffet i framtida skal vere av avansert type som ikkje gir slik risiko.

Utslepp frå luftfart, sjøfart, fiske og motorreiskap med meir gjekk ned med 6,5 pst. frå 2018 til 2019. Aktivitetsendring, effektivisering og elektrifisering er dei viktigaste årsakene til nedgangen i utsleppa.

Utsleppa frå industrien gjekk ned med 0,25 millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2018 til 2019, eller 2 pst. Hovudårsaka var at utsleppet frå raffineriet på Mongstad gjekk ned med 0,46 millionar tonn CO2-ekvivalentar, i hovudsak på grunn av ein omfattande vedlikehaldsstans.

Klimagassutsleppa frå olje- og gassutvinning gjekk ned 1,7 pst. frå 2018 til 2019. Til samanlikning gjekk den samla produksjonen målt i oljeekvivalentar ned med 6 pst. på grunn av lågare gassproduksjon.

Frå 2018 til 2019 auka utsleppa frå oppvarming med 15 pst. Ifølgje SSB ligg auka bruk av naturgass og propan i primærnæringane bak denne auken. Utsleppa frå jordbruk og energiforsyning heldt seg relativt stabile frå 2018 til 2019.

Dei førebelse berekningane viser at dei resterande utsleppa var relativt stabile frå 2018 til 2019. Hovudkjeldene til utslepp i denne kategorien er utslepp av metan frå avfallsdeponi og HFK brukt som kjølemedium i utstyr som mellom anna air condition-anlegg i bygningar og køyretøy. For berekning av endelege 2019-tal vil ein oppdatert versjon av modellen for berekning av HFK-utslepp verte nytta.

Figur 13.1 viser utslepp frå 1990 fordelt på sektorar og framskrivne utslepp til 2030, sjå meir om framskrivne utslepp i avsnitt 13.2.

Utslepp av CO2 utgjorde 84 pst. av dei samla utsleppa i 2019, mens resten kjem av utslepp av metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorhaldige klimagassar (HFK-ar, PFK-ar og SF6).

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Kjelde: Finansdepartementet, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå

Utsleppa i 1990 var på 51,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa i 2019 ligg 2,3 pst. under 1990-nivået. I same periode har befolkninga auka med om lag 20 pst. (1 mill. personar) og BNP er dobla. Dermed er utsleppsintensiteten (utslepp per produksjon i kroner) blitt redusert med 55 pst. sidan 1990. Norsk økonomi er òg blitt mindre energiintensiv i og med at energiforbruket har auka med 12 pst. sidan 1990.

Skog tek opp store mengder CO2. I 20182 var nettoopptaket på 23,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i sektoren for skog og annan arealbruk.

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2019

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2019

Figur 13.2 viser kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig utslepp fordelt på sektor. Omtrent halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar er kvotepliktige, som inneber at dei er omfatta av EUs kvotesystem (EU ETS), sjå nærmare omtale i kapittel 12.2. Dei kvotepliktige utsleppa er størsteparten av utsleppa frå olje- og gassutvinning og industri, større anlegg i energiforsyning og størstedelen av luftfarten. Dei kvotepliktige utsleppa var i 2019 på 25,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er i hovudsak utslepp frå anna transport og jordbruk. I tillegg kjem småskala energiforsyning og andre kjelder som oppvarming, produkt med fluorgassar, avfallsbehandling og ikkje-kvotepliktige utslepp frå industrien og petroleumssektoren. I 2019 stamma 24,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar av utsleppa frå ikkje-kvotepliktige kjelder.

13.2 Framskrivingar av utslepp og opptak av klimagassar

I Nasjonalbudsjettet 2021 (Meld. St. 1 (2020–2021) er det lagt fram oppdaterte framskrivingar av norske klimagassutslepp.

Framskrivingane byggjer på vurderingar av underliggjande utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi, blant anna forhold knytta til økonomi, teknologi og befolkning. I tråd med internasjonale retningslinjer er framskrivingane baserte på vidareføring av dagens innretning av klimapolitikken, både i Noreg og internasjonalt.

Klimapolitikken internasjonalt er per i dag ikkje tilstrekkeleg for å nå måla i Parisavtalen. For internasjonal økonomi er det derfor i berekningane lagt til grunn at den økonomiske veksten og den generelle betringa i teknologi utviklar seg i om lag same tempo som fram til i dag. Det inneber at utviklinga av ny klimavennleg teknologi internasjonalt, som Noreg er heilt avhengig av for å bli eit lågutsleppssamfunn, verken går raskare eller meir langsamt enn det vi har observert historisk.

Uvissa er stor og aukar dess lenger fram i tid framskrivingane spring. Dersom lågutsleppsløysingane til konkurransedyktige prisar blir utvikla raskare enn lagt til grunn, vil utsleppa kunne minke raskare enn framskrivingane viser. Gjennom avgifter, kvoteplikt og anna regulering har norske hushald og bedrifter allereie insentiv som gjer at dei vil ta ny teknologi i bruk når den er tilgjengeleg. På den anna side kan også teknologiutviklinga gå langsamare enn lagt til grunn i framskrivingane.

Framskrivingane er ikkje ei skildring av måla til regjeringa, og inkluderer ikkje effektar av framtidig ny politikk og nye verkemiddel. Vedtatte mål utan tilhøyrande forslag til endra verkemiddel eller tiltak som ikkje er ferdig utgreidde i form av forskrift, avgiftsvedtak eller avtalar mv., er ikkje innarbeida i framskrivinga.

Utsleppa av klimagassar er vurdert å minke med rundt 2 pst. i året frå 2019 og fram mot 2030. Utsleppa vil i så fall liggje om lag 9 ½ mill. tonn CO2-ekvivalentar lågare i 2030 enn i 2019. Litt over halvparten av utsleppsreduksjonen er vurdert å kome i ikkje-kvotepliktige utslepp, der utsleppa er vurdert å gå ned med i overkant av 5 mill. tonn frå 2019 til 2030, sjå tabell 13.1. Kvotepliktige utslepp er vurdert å gå ned med i overkant av 4 mill. tonn i same periode.

Som omtalt i Nasjonalbudsjettet 2021 fører koronapandemien og smitteverntiltaka som blei innførde her heime og i resten av verda, til at aktivitetsnivået i norsk økonomi truleg vil vere lågare enn normalt i 2020 og dei nærmaste åra. Også utsleppa blir påverka av lågare aktivitetsnivå, og i framskrivingane er det lagt til grunn ein mellombels nedgang i utsleppa som ein følgje av koronapandemien. Nedgangen heng primært saman med redusert transport og noko lågare industriproduksjon.

Ein kan ikkje utelukke at pandemien kan føre til langsiktige, strukturelle endringar, som har tyding for utsleppsutviklinga på lenger sikt. Reiseverksemda, både arbeidsreiser og fritidsreiser, kan vise seg å bli varig redusert, for eksempel som ein følgje av at digitale løysingar og heimekontorløysingar blir tekne i bruk i større grad. På den anna side kan auka bruk av privatbil fortrengje kollektivreiser. Uvissa er stor om kva effektar som vil dominere og vare over tid.

I Nasjonalbudsjettet 2021 vurderer ein at dei samla norske utsleppa av klimagassar vil minke med nær 1 mill. tonn frå 2019 til 2020. I tråd med den andre utviklinga i norsk økonomi er det lagt til grunn at nedgangen knytta til koronapandemien og smitteverntiltaka i hovudsak blir reversert i 2021. Dei samla utsleppa er likevel vurdert å minke noko mot 2025, sjølv om utsleppa frå transport er venta å vere litt høgare i 2025 enn 2020. Ein vidare nedgang i transportutsleppa som følgje av fleire nullutsleppskøyretøy, blir i aukande grad synleg i tala fram mot 2030. Også kvotepliktige utslepp er vurdert å minke kraftig fram mot 2030, primært som ein følgje av lågare utslepp frå petroleumsverksemda.

Tabell 13.1 Utslepp og opptak av klimagassar i Noreg etter sektor. Mill. tonn CO2-ekvivalentar

1990

2005

2018

20192

2020

2025

2030

Utslepp av klimagassar

51,5

55,4

52,0

50,3

49,4

49,1

40,8

Kvotepliktige utslepp

23,2

27,7

26,3

25,6

25,5

25,1

21,3

– Olje- og gassproduksjon

7,2

12,9

13,4

13,2

13,4

13,1

9,7

– Industri og bergverk

15,2

13,7

11,0

10,7

10,4

10,8

10,3

– Andre kjelder

0,7

1,1

1,9

1,7

1,7

1,2

1,3

Ikkje-kvotepliktige utslepp

28,3

27,71

25,7

24,7

23,9

24,0

19,4

– Transport

12,3

15,5

15,3

14,3

13,7

13,9

10,4

– Under det: Vegtrafikk

7,2

9,3

9,1

8,4

8,0

8,2

5,3

– Jordbruk

4,7

4,5

4,5

4,4

4,5

4,5

4,5

– Andre kjelder

11,3

7,7

5,9

5,9

5,7

5,6

4,5

Netto opptak i skog og andre landareal

-10,1

-25,3

-23,7

-23,7

-21,7

-20,8

-20,3

Utslepp av klimagassar medrekna netto opptak i skog

41,4

30,1

28,4

26,6

27,7

28,3

20,5

Memo:

Fastlands-Noreg

43,3

41,3

37,9

36,4

35,1

36,2

30,3

1 Utgangspunktet for det norske utsleppsbudsjettet under innsatsfordelingsforordninga er førebels vurdert til 28,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar.

2 For opptak i skog og andre landareal er det brukt 2018-tal.

3 Inkluderer kvotepliktig energiforsyning og luftfart.

4 Inkluderer ikkje-kvotepliktige utslepp frå industri, petroleumsverksemd og energiforsyning i tillegg til oppvarming og andre kjelder.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Finansdepartementet.

FN Klimakonvensjons reknereglar ligg til grunn for berekningane av netto opptak i skog og andre areal. Nettoopptaket av klimagassar i skog og andre landareal er vurdert å minke noko framover. Det ligg likevel an til at opptaket av klimagassar i skog og andre landareal vil fortsetje å svare til om lag halvparten av utsleppa i andre sektorar også i 2030, sjå tabell 13.1. I klimaavtalen med EU er det ei eiga forplikting for skog og arealbruk, der utslepp ikkje skal overskride opptak frå sektoren (den såkalla «netto null-forpliktinga»). Det er eigne reknereglar for utslepp og opptak frå skog og arealbruk, der ikkje alt opptak frå skog blir rekna inn. Berekningar baserte på desse reglane viser at Noreg kan få eit samla utslepp frå skog og andre landareal over perioden 2021–2030. Uvissa knytte til berekningane for skog og andre areal er stor, og enda større enn i andre sektorar.

Utsleppa av klimagassar per person var i 2019 på i overkant av 9 tonn. Utsleppa frå fastlandsøkonomien og medrekna skog var utsleppa monaleg lågare. Framover er utslepp per person vurdert å minke med i underkant av 2½ pst. årlege, og utsleppa per person vil då vere om lag 23 pst. lågare i 2030 enn i 2019.

Om dagens politikk og verkemiddelbruk blir vidareførde og befolkning, økonomi og den generelle forbetringa i teknologi utviklar seg i om lag same tempo som til 2030, både i Noreg og internasjonalt, er utsleppa vurdert å gå vidare ned fram mot 2050. Stor uvisse gjer at framskrivinga må sjåast på som ein grov illustrasjon. Årlege forbetringar i teknologi og anna effektivisering er vurdert å meir enn å utlikne verknadene av økonomisk vokster og ei større befolkning. I tillegg er det vurdert at lågare utslepp frå produksjon av olje og gass og vidare fase ut av bruk av fossil energi til oppvarming og i transport også vil hjelpe til å redusere utsleppa. Alt i alt vurderer ein utsleppa i 2050 til å vere om lag halvparten av dagens nivå. Framskrivingane er usikre og uvissa aukar dess lenger fram i tid framskrivingane går. Målet om å bli eit lågutsleppssamfunn er i tråd med Granavolden-plattforma at utsleppa i 2050 skal reduseres i storleiksorden 90-95 pst. Noreg som lågutsleppssamfunn er avhengig av at verda rundt oss flytter seg i same retning slik at evna vår til full og effektiv bruk av arbeidskraft og andre ressursar blir, samtidig oppretthalde som vi kan nå klimaet og- dei miljøpolitiske måla våre. Om politikken globalt ikkje blir stramma til slik at utsleppsutviklinga framover nærmar seg ei bane som er i samsvar med Parisavtalens mål, vil utviklinga av klimavennleg teknologi kunne gå tregt. Dermed vil også kostnadene ved å redusere utslepp i Noreg bli høge, noko som vil gjere gjennomføringa av Noregs klimamål for 2050 vanskelegare. Samtidig vil behovet for og kostnadene ved å tilpasse Noreg til eit klima som endrar seg, auke. Med ei utsleppsutvikling globalt i tråd med temperaturmålet i Parisavtalen vil også Noreg vere eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar i 2050.

Nærmare om framskrivingane for 2030

Framskrivingane av utslepp av klimagassar er oppdatert med utgangspunkt i dei makroøkonomiske berekningane i Meld. St. 1 (2020–2021). Utslepp avheng av handlingane til nokre hundre tusen bedrifter og fleire millionar personar. Framskrivingane prøver å fange opp dei overordna utviklingstrekkane og tendensane i desse handlingane.

Framskrivingane vidarefører dagens innretning av klimapolitikken både i Noreg og internasjonalt. Det inneber at omfang og satsar for CO2-avgifta og andre avgifter blir vidareførde på dagens nivå, og at dei observerte prisane i EU sitt kvotesystem for framtidig levering blir lagt til grunn. Satsinga på teknologiutvikling, for eksempel gjennom Enova, blir vidareført. Sjå avsnitt 3.7 i Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021 for ein nærmare omtale av sentrale føresetnader.

Tabell 13.2 Utslepp av klimagassar i Noreg. Mill. tonn CO2-ekvivalentar

1990

2005

2018

20191

2020

2025

2030

Sum klimagassar

51,5

55,4

52,0

50,3

49,4

46,7

40,8

CO2

35,3

43,9

43,8

42,2

40,9

38,9

33,3

Andre klimagassar

16,1

11,5

8,2

8,1

8,4

7,9

7,4

CH4

6,0

5,6

4,8

4,6

4,7

4,3

4,2

N2O

4,1

4,1

2,4

2,4

2,4

2,4

2,4

F-gassar

6,0

1,9

1,0

1,1

1,4

1,1

0,9

1 Førebels utsleppsrekneskap for 2019.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet og Finansdepartementet.

Mens utsleppa av CO2 er vurdert å gå ned med i overkant av 20 pst. i 2030, vurderer ein reduksjonen i utslepp av andre klimagassar å vere prosentvis lågare. Utsleppa av andre klimagassar enn CO2 blir samla forventa å minke frå 8,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2019 til i 7,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030, sjå tabell 13.2. Nedgangen i utsleppa av metan (CH4) heng blant anna saman med antakande utslepp frå avfallsfyllingar. Utslepp av metan frå jordbruket er vurdert å fortsetje omtrent på dagens nivå, som følgje av at jordbruksproduksjon er vurdert å halde følgje med befolkningsutviklinga, samtidig som det blir forventa noko lågare utslepp per produsert einskap.

Metan er ein svært potent klimagass, men med relativt kort levetid i atmosfæren. Det tyder at oppvarmingseffekten av metan har tett samanheng med utsleppsnivået til ein kvar tid. Dei skiljar seg frå langlevde klimagassar som CO2 der oppvarmingseffekten stadig aukar som følgje av at utsleppa blir akkumulerte i atmosfæren. Lystgassutsleppa (N2O) er vurdert å halde seg stabile framover, mens utsleppa av fluorgassane HFK er vurdert å gå ned etter 2020 som ein følgje av innføringa av EU sin reviderte f-gassforordning. Utsleppa av fluorgassen SF6 er likevel venta å gå opp.

Anslaget for klimagassutslepp i 2030 er i Nasjonalbudsjettet 2021 justert ned med 4½ mill. tonn CO2-ekvivalentar samanlikna med førre framskriving, som blei presenterte i nasjonalbudsjettet for 2019. Det aller meste av justeringa heng saman med lågare utslepp frå olje- og gassutvinning. Nedgangen har særleg samanheng med auka elektrifisering av petroleumsinnretningane.

Utsleppa frå vegtransport er vurdert å minke frå 8,4 mill. tonn i 2019 til 5,3 mill. tonn i 2030. Nedgangen skuldast fyrst og fremst at det er lagt til grunn at innfasing av låg- og nullutsleppsbilar vil auke ytterlegare framover. Delen elbilar av nybilsalet har auka med opp mot 10 prosentdelar årleg dei siste par åra og er dei fyrste åtte månadene i 2020 kome opp i 48 pst. Det blir lagt i denne meldinga til grunn at delen kjem opp i 90 pst. i 2025 og 95 pst. i 2030. Til samanlikning blei det i Nasjonalbudsjettet 2019 lagt til grunn ein elbildel på 75 pst. i 2030. Sidan dei førre framskrivingane blei lagde fram hausten 2018, har voksteren i elbildelen gått raskare enn forventa. Som i Nasjonalbudsjettet 2019 er det lagt til grunn at delen elvarebiler av nybilsalet i 2025 er halvparten av elbildelen for personbilar. Det inneber at også salet av elvarebilar er vurdert høgare enn tidlegare. Det er vidare lagt til grunn at teknologiutvikling for tunge køyretøy etter kvart vil bli sterkare, men at denne kjem seinare og langsamare enn for lettare bilar. Det finst få nullutsleppsløysingar i dag, og den vidare utviklinga er usikker.

I framskrivingane er det lagt til grunn at innblandinga av biodrivstoff i vegtrafikk frå og med 1. januar 2021 vil vere på 15,5 pst. reell volumprosent i tråd med omsetningskravet.

Utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske har blitt markant redusert dei seinare åra. Nedgangen heng truleg saman med lågare aktivitet for offshore supplyskip, overgang til mindre utsleppsintensive drivstoff og bruk av ny teknologi. Det kan også skuldast auka del fartøy som bunkrar drivstoff utanlands. I framskrivingane er det lagt til grunn at nedgangen er varig og at vidare teknologiutvikling hjelper til at utsleppa fortset å minke etter 2020. Rundt ein tredel av landet sine ferjer vil ha batteri om bord i løpet av 2021. Enova bruker monalege midlar på stønad til introduksjon av null- og lågutsleppsteknologi i maritim sektor. Nedgangen i utsleppa er om lag som til Nasjonalbudsjettet 2019.

Utsleppa frå bruk av mineralolje til oppvarming i næringar og hushald har gått ned med 88 pst. sidan 1990. Forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygg, som trådde i kraft i 2020, inneber at oppvarming av bustader, offentlege bygg og næringsbygg (yrkesbygg) framover ikkje vil ha utslepp frå bruk av mineralolje. Det vil likevel framleis vere utslepp frå bruk av gass og frå metanutslepp frå vedfyring. Det er berekningsteknisk lagt til grunn at det også vil vere noko utslepp frå fyring med mineralolje igjen, som følgje av at forbodet opnar for unnatak, blant anna i område der kraftsituasjonen tilseier det. I 2030 er utsleppa vurdert til å vere til ¼ mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det er på same nivå som i Nasjonalbudsjettet 2019.

Utsleppa frå ikkje-kvotepliktig energiforsyning kjem frå brenning av fossilt karbon i avfall og bruk av fossile energiberarar i mindre energianlegg. I framskrivingane er vurdert utsleppa frå ikkje-kvotepliktig energiforsyning å halde seg om lag på dagens nivå. Utsleppa frå avfallsdeponi er som tidlegare vurdert å gå vidare ned som følgje av forbodet mot deponering av våtorganisk avfall. Utsleppa frå jordbruket er vurdert å liggje relativt stabilt framover. Regjeringa og jordbruksorganisasjonene inngjekk i 2019 ein intensjonsavtale om å redusera utslepp av klimagassar frå jordbruket og å auke opptaket av karbon i jordbruket.

14 Klimaeffekten av framlagt budsjett

14.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett. I dette kapittelet blir det gjort greie for dette. Det er metodisk krevjande å anslå klimaeffekten av statsbudsjettet, og dette er noko som må utviklast over tid.

Det er fagleg krevjande å anslå den fulle effekten av både ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa og å tidfeste effekten på utsleppa på kort og lengre sikt. Forsking og utvikling og bruk av klimavennleg teknologi er eit døme. Slik teknologi er viktig for å løyse klimaproblemet, og Noreg bruker betydelege ressursar på utvikling av klimavennleg teknologi. Det er vanskeleg å anslå klimaeffekten av denne ressursbruken. Det er til dømes usikkert når, i kva grad og i kva sektor auka innsats på forsking og teknologiutvikling resulterer i nye teknologiar og løysingar som reduserer utsleppa. I tillegg er det vanskeleg å anslå kor stort spreiingspotensialet for teknologiane er.

I tilfella der ein manglar treffsikker metodikk, vil ein derfor, i tråd med forarbeida til klimalova, måtte oppfylle dette punktet gjennom kvalitative beskrivingar etter beste faglege skjønn av dei satsingane i budsjettet som ein meiner har vesentleg effekt på klimagassutsleppa.

Det er behov for å vidareutvikle den faglege metodikken for å gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett på ein god måte. Regjeringa har sett ned (15. juni 2018) eit teknisk berekningsutval for klima som mellom anna skal sjå på metode for betre å vurdere og eventuelt berekne klimaeffekten av statsbudsjettet. Sjå boks 14.1 for ei oversikt over arbeidet deira.

Boks 14.1 Teknisk berekningsutval for klima

Den første rapporten blei levert i juni 2019 og hadde hovudvekt på vurderingar av metode og tiltaksanalysar. I første rapport peiker utvalet på at det ikkje ligg føre enkle og handterbare metodar for korleis klimaeffekten av budsjettet kan bli anslått. Det inneber at før ein kan berekne klimaeffekten av budsjettet, er det behov for å ta stilling til ei rekkje val og avgrensingar, mellom anna spørsmål om kva som skal vere referansen når utsleppseffekt blir berekna, kva for utsleppseffektar som skal takast med, og kva tidshorisont effektar skal bereknast for. Utvalet peiker også på andre spørsmål som reiser seg, slik som korleis ein skal ta omsyn til at budsjettpostar samspeler med kvarandre og anten kan forsterke eller svekkje effekten av utsleppa.

Den andre utvalsrapporten vart levert i juni 2020 og vurderte metodar for verkemiddelanalysar på klimaområdet og utgreiing av klimaeffekten i statsbudsjettet. Som eit første skritt i arbeidet med klimaeffekten av statsbudsjettet har utvalet vurdert ulike tilnærmingar til korleis ulike løyvingar på statsbudsjettets inntekts- og utgiftsside kan kategoriserast. Utvalet peiker vidare på at kategorisering i seg sjølv gir ingen informasjon om klimaeffekten og bør berre brukast til å sortere ut postar det bør gjerast nærmare utsleppsutrekningar av. Utvalet tilrår å arbeide vidare med metodeutvikling for isolerte «nedanfrå og opp»-utsleppsutrekningar for ulike kategoriar av budsjettpostar, og at det blir vurdert om det skal utviklast ein supplerande metode for heilskapleg «ovanfrå og ned»-evalueringar med formål å fange opp dobbeltteljing og synergiar og anslå ein samla klimaeffekt av budsjettet.

Statsbudsjettet er komplekst både på utgifts- og på inntektssida. Budsjettet inkluderer over 1700 ulike budsjettpostar, og beskrivingane som er utarbeidde av dei ulike departementa er prega av at det er stor variasjon mellom ansvarsområda til dei forskjellige departementa. Samstundes er det likevel nokre likskapstrekk med omsyn til eventuelle klimaeffektar. Alle departementa har driftsutgifter til eige departement og underliggjande etatar. Den største delen av desse midlane går til lønn, men midlar kan også gå til transport, mellom anna flyreiser, som gir utslepp. Desse utsleppa er likevel vurderte som relativt små samanlikna med effektar frå andre delar av budsjettet. Budsjetta inkluderer også overføringar til andre organisasjonar eller institusjonar der det kan vere vanskeleg å vite nøyaktig kva aktivitetar som blir utløyste og utsleppseffekten av desse aktivitetane. Omtalt her er derfor ei skjønsmessig vurdering av dei delar av budsjetta som kan ha vesentleg effekt på klimagassutsleppa.

Vidare i dette kapittelet følgjer ei overordna omtale av budsjetta i dei respektive departementa, inkludert ei beskriving av budsjettpostar og satsingar som har vesentleg effekt på klimagassutsleppa eller er særleg retta mot reduksjon av klimagassutslepp.

14.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Totalbudsjettet for Arbeids- og sosialdepartementet i 2021 er på 507,0 mrd. kroner ekskludert lånetransaksjonar. Grovt sett går omlag 92 pst. av det samla budsjettet til ytingar frå Folketrygda, der dei største utgiftene er til alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar, Arbeidsavklaringspengar og dagpengar. Rundt 3 pst. går til direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, under dette Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og sosialdepartementets eige budsjett utgjer om lag 0,1 pst. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Budsjettpostane omfattar komplekse samanhengar som det vil vere krevjande å anslå klimaeffektar av.

14.3 Barne- og familiedepartementet

Totalbudsjettet på Barne- og familiedepartementets område i 2021 er på om lag 56 mrd. kroner på utgiftssida. I underkant av 39 pst. av dette er stønadsordningar ved fødsel og adopsjon, drygt 37 pst. går til familie og oppveksttiltak, der størsteparten er barnetrygd og kontantstøtte, 17 pst. går til barnevernet, rundt 6 pst. er tilskot til Den norske kirke og trus- og livssynssamfunn, og rundt 0,4 pst. går til forvaltning av forbrukarpolitikken. Drift av Barne- og familiedepartementet utgjer om lag 0,3 pst. Det er krevjande å berekne klimaeffekten av desse løyvingane.

På BFDs budsjett er tilskota til arbeidet med miljømerking, arbeidet med å redusere matsvinn og samarbeidet med Høgskolen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap om forbrukarundervisning relevante for arbeidet med å redusere utslepp.

14.4 Finansdepartementet

Over Finansdepartementets budsjett (utanom løyvingar til konstitusjonelle institusjonar) er det for 2021 føreslått å løyve 150,5 mrd. kroner. Betening av statsgjeld, renter og avdrag med meir utgjer 98,2 mrd. kroner. Kompensasjon for meirverdiavgift og nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift utgjer 39,7 mrd. kroner. 12,4 mrd. kroner går til drift av departementet, Finanstilsynet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Tolletaten, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Det er krevjande å lage anslag på klimaeffekten av desse løyvingane.

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innrettinga av særavgifter i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer samfunnets kostnader ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusere dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar. Dette gjeld først og fremst CO2-avgifta på mineralske produkt, avgifta på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen og avgiftene på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK). Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO2-komponent. Den skal påverke forbrukarar til å ta meir klima- og miljøvennlege val ved bilkjøp.

I tillegg er det avgifter som ikkje er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar, men som likevel medverkar til reduserte utslepp. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta og grunnavgifta på mineralolje.

I budsjettet for 2021 føreslår regjeringa fleire endringar som forsterkar klima- og miljøinnretninga av avgiftssystemet. Regjeringa føreslår å fjerne fritak i CO2-avgifta samtidig som den generelle satsen blir auka med 5 pst. Dette gir ei meir lik prising av CO2-utslepp og ein meir kostnadseffektiv klimapolitikk. Vidare aukar også CO2-avgifta for petroleumsverksemda og innanriks kvotepliktig luftfart med 5 pst. Regjeringa fremjar òg forslag om å innføre ei ny avgift på forbrenning av avfall, med ein sats på 149 kronar per tonn CO2 i 2021. Avgifta skal mellom anna ha som føremål å redusere utslepp av klimagassar frå avfallsforbrenningsanlegg. I tråd med Granavolden-plattforma er det føreslått reduksjonar i vegbruksavgifta som følgje av at auka CO2-avgift og auka omsetningskrav for biodrivstoff gir auka prisar på drivstoff. Nye utsleppsverdiar (WLTP) i eingongsavgifta blir innført provenynøytralt ved å nedjustere satsar og oppjustere innslagspunkt i CO2-komponenten.

Særavgiftene er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021.

14.5 Forsvarsdepartementet

Regjeringas forslag til forsvarsbudsjettet for 2021 er på om lag 64,5 mrd. kroner. Denne summen er fordelt på om lag 20 budsjettpostar. Grovt sett går i overkant av 2 pst. til Forsvarsdepartementets eige budsjett, rundt 53 pst. til Forsvaret, om lag 32 pst. til Forsvarsmateriell, om lag 12 pst. til Forsvarsbygg og litt under 1 pst. til Forsvarets forskingsinstitutt og ulike tilskotsordningar. Det er krevjande å lage anslag på klimaeffekten av desse løyvingane. Nedanfor er det gjort greie for nokre særlege område som kan ha effekt på klima.

Forsvarsdepartementet har frå og med 2012 utarbeidd årlege miljø- og klimarekneskapar for forsvarssektoren. Trass i at dette ikkje er direkte kopla til utsleppeffekt av budsjettet er det ei klar kopling, og det er difor relevant med ei beskriving av hovudtrekka. Klimarekneskapen som er utarbeidd, følgjer metodikken og retningslinjene i Greenhouse Gas Protocol (GHG-protokollen) og fordeler utsleppa i overordna kategoriar (scope). Klimarekneskapen i sektoren er under kontinuerleg utvikling for å forbetre presisjonen og omfanget av rekneskapen. Rekneskapen er utgitt som rapport frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i FFI-rapport 20/01849, som kan lastast ned frå nettsida til FFI. Rapporten gir mellom anna oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt, mellom anna avfall, energidrivstoff, ammunisjon og kjemikaliar.

Scope 1 omfattar direkte utslepp frå materiell som verksemda eig eller kontrollerer sjølv. For forsvarssektoren er dette mellom anna fartøy, luftfartøy og køyretøy i tillegg til bruk av fossil energi til oppvarming. Scope 2 omfattar indirekte utslepp knytte til forbruk av elektrisitet og fjernvarme frå eksterne leverandørar.

Næringsavfall blir rapportert direkte til Miljødatabasen (MDB) frå avfallselskapa i dei ulike regionane i Forsvarsbygg (FB). Det vart generert totalt 18 894 tonn næringsavfall i 2019, som utgjer ein auke på 13 pst. frå 2018. Det vart òg registrert ei betydeleg auke i farleg avfall i 2019. Hovudårsaka til dette kjem frå havariet av fregatten KNM Helge Ingstad. Det vart òg rapportert inn 456 tonn eller 13,5 pst. meir bioavfall og slam samanlikna med 2018.

Energiforbruk knytt til bygg og anlegg i forsvarssektoren i Noreg i 2019 er henta frå FB via statistikk frå leverandørar. Samla energiforbruk knytt til bygg- og anlegg i 2019 er rekna til 718 GWh. Dette er ein reduksjon på 1 pst. frå 2018. Forsvarsbygg (FB) er Noregs største offentlege eigedomsforvaltar og forvaltar 13 012 bygg og anlegg med bruttoareal på om lag 4,1 millionar kvadratmeter. Redusert energibruk er ein sentral ambisjon for forsvarssektoren. FB har sidan tidleg på 2000-talet jobba med å redusere bruk av olje til fyring. Ved årsskiftet 2019/2020 er det berre tre etablissement som har dispensasjon for framleis bruk av mineralolje til oppvarming av bygg: Evenes, Haakonsvern og Bodø flystasjon.

Forbruk av drivstoff knytt til køyretøy, luftfartøy og fartøy var 93 185 kubikkmeter. Dette er ein auke på 4,6 pst. samanlikna med 2018. Forbruk på fartøy og luftfartøy står for 92 pst. av det samla forbruket av drivstoff i sektoren.

Det blei i 2019 rapportert inn eit forbruk på 18 211 210 einingar med ammunisjon, som er ei auke på 10 pst. samanlikna med 2018. Årsaka til auken kan mellom anna vere at rapporteringa av ammunisjon for handvåpen er blitt betre. Det blir skote mykje med slik ammunisjon, og det vil difor gi utslag på den totale graden av rapportering. Det er viktig å halde greie på mengda av forureining som blir deponert på skytebanar. Dette er viktig i samband med tiltak for opprydding.

Det samla forbruket av vatn i sektoren i 2019 var 2,05 millionar kubikkmeter, ein auke på 12,4 pst. samanlikna med 2018. Om lag halvparten av auken kjem av eit brot i ein leidning. Forsvaret vil setje i gang tiltak for å redusere og effektivisere forbruket av vatn i sektoren.

Forbruk av kjemikaliar blir rapportert frå anlegg i sektoren der det blir nytta store mengder kjemikaliar, men er med unntak av kjemikaliar for å fjerne is frå fly og rullebanar rapportert inn med relativt store manglar. Forbruk av kjemikaliar til å fjerne is frå fly og rullebanar blir kvart år rapportert til Miljødatabasen. Ved mange flystasjonar i Noreg er det både sivil og militær aktivitet.

Minimumskrava for registreringar som er gitt i retningslinjene for miljøstyringa i sektoren, er i stor grad tilfredsstilt i 2019. Registreringa av forbruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar har framleis manglar, men nye rutinar for innkjøp vil betre grunnlaget for slik rapportering. Arbeidet med miljødatabasen inneber etablering og forankring av rutinar for rapportering av data, kvalitetssikring av tal i samarbeid med etatane og samarbeidspartnarar, og vedlikehald og utvikling av miljødatabasen som verktøy i arbeidet med miljøleiing.

Forsvarssektorens samla verksemd er svært variert og har brei påverknad på miljøet. Miljø–klima-rekneskapen samanfattar statistikk over miljøaspekt som blir sett som særskilde utfordringar for sektoren, og som blir organisert i Miljødatabasen i sektoren. Det er ei rekkje viktige miljøaspekt som per i dag ikkje blir behandla i Miljødatabasen. Dette dreier seg mellom anna om støy, biologisk mangfald og skjøtsel av naturmiljø. Denne rekneskapen bør lesast saman med andre miljørapportar i sektoren.

14.6 Helse- og omsorgsdepartementet

Totalbudsjettet for Helse- og omsorgsdepartementet i 2021 er på 239,7 mrd. kroner. Om lag 74 pst. av budsjettet går til finansiering av spesialisthelsetenesta, om lag 5,6 pst. til kommunale helse- og omsorgstenester, og om lag 2,6 pst. til drift av ulike forvaltningsorgan og Norsk helsenett, under dette ligg òg departementets eiga driftsløyving. 14,3 pst. går til ulike ordningar innanfor folketrygda eiga område. Resterande går til ulike tilskotsordningar innanfor folkehelse, tannhelse og kunnskap og kompetanse. Det er krevjande å laga anslag på klimaeffekten av desse løyvingane.

Klimaeffekt av budsjettet for spesialisthelsetenesta

Budsjettet for spesialisthelsetenesta i 2021 er på om lag 179 mrd. kroner. Løyvinga dekkjer i hovudsak pasientbehandling og drift av sjukehusa og vedlikehald og investeringar.

Ei rapportering av klimarekneskap i spesialisthelsetenesta er under utvikling. Denne blir gitt att i den årlege rapporten for samfunnsansvar frå spesialisthelsetenesta. Årleg rapportering i klimarekneskap medverkar til at helseføretaka overvaker utslepp i større grad enn tidlegare. Dette gir positive gevinstar ved betre oversikt over forbruk og høve til å oppdage feil og lekkasjar. Legg ein tala frå klimareknskapen for 2019 til grunn, viser dei at spesialisthelsetenesta i sum har CO2-utslepp på 453 429 tonn i året.

68 pst. av utsleppa i klimarekneskapen for 2019 var knytt til energiforbruk i helseføretaka. Gammal bygningsmasse, ventilasjonsanlegg og energisystem er ei utfordring fleire stader. I åra som kjem vil det bli bygd fleire nye sjukehus som vil medverke til betre energisystem i helseføretaka. Det er i statsbudsjettet for 2021 føreslått å gi investeringslån til to nye byggjeprosjekt. Det er nytt behandlingsbygg ved nytt sjukehus i Stavanger og ny regional tryggleiksavdeling ved Oslo universitetssykehus. Begge byggjeprosjekta vil ha negativ klimaeffekt, samtidig som dei erstattar gamle og mindre miljøvennlege bygg, og dermed medverkar til lågare utslepp framover.

Det er òg føreslått ei løyving til dei regionale helseføretaka for innkjøp av smittevernsutstyr i samvand med koronapandemien. Produksjon av utstyr og transport vil ha negativ klimaeffekt.

Transport av pasientar og liknande medverkar òg til CO2-utslepp i spesialisthelsetenesta. Som eksempel har Luftambulansetenesta eit utslepp på 19 000 tonn CO2 i året i samband med transport av pasientar med fly og helikopter.

14.7 Justis- og beredskapsdepartementet

Totalbudsjettet for Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 utgjer 42,7 mrd. kroner fordelt på 21 underliggande og tilknytte verksemder. Justissektoren er driftstung med mange verksemder og tilsette, og betydelege utgifter til leige av lokaler. Huvuddelen av budsjettet er dermed knytt opp mot lønn og husleige.

Justis- og beredskapssektoren er ikkje ein særleg utsleppsintensiv sektor. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over.

14.8 Klima- og miljødepartementet

Totalbudsjettet for Klima- og miljødepartementet i 2021 er på 16,9 mrd. kroner fordelt på om lag hundre budsjettpostar. Grovt sett går rundt 4 pst. av dette til Klima- og miljødepartementets eige budsjett. Rundt 49 pst. går til Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Polarinstituttet og dei andre etatane under KLD. Dessutan går rundt 20 pst. til klima- og energifondet (Enova) og i overkant av 20 pst. til internasjonalt klimaarbeid. Resten, om lag 7 pst., går til andre formål, som forsking og overvaking.

Dei delane av budsjettet som særleg kan redusere utsleppa, kan delast i to kategoriar: støtteordningar som går direkte til klimatiltak i Noreg, og middel som går til å redusere utslepp internasjonalt. Klima- og miljødepartementet støttar òg ei rekkje andre tiltak som indirekte har ein effekt på utslepp. Under følgjer ei kort omtale av løyvingane som fell inn under dei forskjellige kategoriane.

Klimatiltak i Noreg

Middel til Enova utgjer brorparten av støtte til direkte klimatiltak i Noreg, og i budsjettframlegget er løyvinga på i overkant av 3,3 mrd. kroner. Enovas støtte til energi- og klimateknologi er retta mot pilotering, demonstrasjon og fullskala introduksjon av nye teknologiar og løysingar. I tillegg har Enova ei rekkje program retta mot tidleg marknadsintroduksjon av umoden teknologi. Ved utforming av verkemiddel retta mot ny energi- og klimateknologi legg Enova vekt på høve til global spreiing og utsleppsreduksjonar. Direkte utsleppsreduksjonar knytte til dei kontraktfesta prosjekta deira i 2019 er på 309 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg i ikkje-kvotepliktig sektor og totalt 809 000 tonn årlege CO2-ekvivalentar i perioden 2017 til 2019. Dei faktiske reduksjonane vil truleg vere større, sidan anslaga ovanfor ikkje inkluderer dei positive langsiktige effektane marknadsendringar og spreiing av teknologi har på klimaet. Enova verkar saman med ei rekkje andre verkemiddel, så det vil vere ein viss overlapp i Enovas resultat.

Klimasats er ei støtteordning for klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar. Støtteordninga blir vidareført i 2021-budsjettet med ei ramme for nye tilsegner på 100 mill. kroner. Utsleppseffekten er ikkje kvantifisert, men ei evaluering av ordninga viser at ho medverkar til utsleppskutt, meir bruk av klimavennleg teknologi, samarbeid om klimatiltak og nyttig kunnskap i kommunane. Midlane har tidlegare vorte brukte til mellom anna ladepunkt for tenestebilar, klimavennleg areal- og transportplanlegging, utsleppsfrie byggjeplassar og tilskot til miljøvennleg skipsfart. Les meir om desse ordningane i kap. 7 under programkategori 12.20.

Reduksjon av utslepp internasjonalt

I underkant av 20 pst. av midlane i Klima- og miljødepartementets 2021-budsjett går til Klima- og skoginitiativet og statens kjøpsprogram for kvotar. Klima- og skoginitiativet prioriterer å betale for gjennomførte utsleppsreduksjonar i tropiske skogland. Klima- og miljødepartementet ventar å betale for om lag 20 mill. tonn reduserte utslepp av CO2 frå skog i 2021. Desse programma gir utsleppsreduksjonar internasjonalt. Mellom januar og august 2020 fekk statens kjøpsprogram levert omtrent 4 millionar kvotar. Under omtala av Utanriksdepartementets budsjett er utsleppsreduksjonar vist som er utløyste av desse midlane i 2021. Les også meir om desse ordningane i kap. 7 under programkategori 12.70. Klima- og miljødepartementet har òg bilaterale samarbeidsprosjekt med Kina, India, og Sør-Afrika. Finansieringa skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett, men det blir òg nytta midlar frå Klima- og miljødepartementets budsjett for igangsetjing av prosjekt. Fleire av desse prosjekta er klimarelaterte, mellom anna eit prosjekt på utvikling av klimakvotesystemet i Kina.

Ulike budsjettpostar med klima som formål

Klima- og miljødepartementets budsjett går til ei rekkje forskjellige formål, som drift og informasjonskampanjar, støtte til forsking, overvaking og kartlegging, tilskot til ulike miljø- og klimatiltak og støtte til frivillige organisasjonar. Det er utfordrande å talfeste korleis desse løyvingane påverkar utslepp av klimagassar. Midlar til forsking og overvaking utgjer om lag 7 pst. av totalbudsjettet. Brorparten av midla til forsking blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, der hovudvekta er lagd på forsking på klimaendringar og klimaomstilling. Desse har ikkje nødvendigvis ein direkte klimaeffekt, men kan medverke indirekte til reduksjonar av klimagassutslepp på sikt. Støtte til forsking driv utviklinga av neste generasjons klimaløysingar som kan vere sentrale for Noregs omstilling til eit lågutsleppssamfunn.

CO2-kompensasjonsordninga blir forvalta av Miljødirektoratet og er på 2,5 mrd. kroner i 2021-budsjettet. Det er ein auke på 74 pst. sidan i fjor, og det kjem av auka kvotepris. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje, det vil seie at auka kraftprisar som følgje av kvotesystemet i EU fører til at bedrifter flyttar til land utanfor Europa med mindre stram klimapolitikk. Ordninga kan påverke utslepp på forskjellige måtar. Ho kan betre konkurranseevna til norsk industri og dermed medverke til auka aktivitet nasjonalt med tilhøyrande auka klimagassutslepp. På den andre sida kan ordninga medføre redusert karbonlekkasje fordi ho gir insentiv til å halde industriproduksjon innanfor EUs klimakvotesystem og medverkar dermed til å redusere utsleppa i eit globalt perspektiv. Thema Consulting Group har greidd ut betydninga av ordninga. Dei meiner at det er tilstrekkeleg godtgjort at ordninga har motverka karbonlekkasje i perioden 2013–2020. Thema kunne likevel ikkje kvantifisere verknadene av ordninga. Les meir om desse postane i kapittel 7 under høvesvis programkategori 12.10 og 12.20.

14.9 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for fornying av offentleg sektor, IT-politikk, elektronisk kommunikasjon, bustad- og bygningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, økonomiske og juridiske rammevilkår for kommunesektoren, gjennomføring av val, planlegging og kart- og geodata, samar og nasjonale minoritetar, oppfølging av berekraftsmål, personvern, statleg arbeidsgivarpolitikk, tryggleik og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg, fylkesmannsembeta og budsjettet for Kongehuset.

Totalt utgjer departementets budsjettforslag for 2021 om lag 227,2 mrd. kroner. Av dette utgjer om lag 84 pst. rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar. Om lag 8 pst. går til Husbanken, 5 pst. til ressurskrevjande tenester, 2 pst. til statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning og 1 pst. til fylkesmannsembeta. Ein stor del av budsjettet består av rammeoverføringar og tilskot der det er vanskeleg å for departementet å anslå om det er utsleppseffektar.

Bustadkvalitet

God byggkvalitet handlar først og fremst om at bustader og bygg er sikre og miljøvennlege. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til at fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant annet på energi. Forskrift om lån til bustadkvalitet skal fremje miljø og tilgjengelegheit i nye bustader. Det kan givast lån til oppføring av bustader med godt inneklima, miljøvennlege materiale og byggjemetodar. For eksisterande bustader blir det gitt lån til å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjengelegheit.

Eigedomsforvaltning

Miljøtiltak i samband med statlege byggjeprosjekt kan handle om redusert energibruk, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadeleg materiale, men også lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald. Statsbygg gjennomfører ei rekkje klima- og miljøtiltak. Klimakorrigert og driftsnormert kWh per kvm er redusert frå 2017. Dette er oppnådd gjennom betydeleg satsing på enøk, god energileiing og systematisk oppfølging i eigedomsforvaltninga. Statsbygg arbeider med å redusere behovet for nye bygg, mellom anna gjennom arealeffektivisering og optimalisering av løysingar i eksisterande bygningsmasse. Lokalisering har stor påverknad på den totale klimagassrekneskapen til eit bygg, og transport, lokalklima og grunnforhold på tomta er viktige faktorar i denne samanheng. Statsbygg skal leggje statlege planretningslinjer til grunn for lokaliserings- og tomteanalysane sine og søkje etter tomter som vil gi minst mogleg miljøbelastning. I tillegg har departementet gitt Statsbygg mandat til å medverke til innovasjoner og utvikling av bruk av tre og andre lågutsleppsmateriale til bruk i statlege byggjeprosjekt dersom det er konkurransedyktig og materialbruken sikrar nødvendig tryggleik.

Offentlege anskaffingar

Offentlege anskaffingar skal innrettast slik at dei medverka til å redusere skadeleg miljøpåverknad, og fremje klimavennlege løysingar der det er relevant. I dette inngår å utvikle verktøy og rettleiingar om korleis miljøomsyn kan sikrast i anskaffingsprosessane. Digitaliseringsdirektoratet (tidligere Difi) hadde fram til 1. september 2020 eit særskilt ansvar for arbeid med miljø- og klimaomsyn og livssykluskostnader i offentlege anskaffingar. Ansvaret for offentlege anskaffingar, under dette miljøomsyn i offentlege anskaffingar, blei frå og med 1. september 2020 overført til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Byvekstavtaler

Tilskot til byvekstavtaler over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett skal bidra til arbeidet med å utvikla og gjennomføra arealtiltak i byutviklings- og byvekstavtaler. KMD har støtta prosjekt som omhandlar fortetting og transformasjon i sentrumsområde og ved kollektivknutepunkt. Dei varierer frå arbeid med konkrete byutviklingsplaner og tiltak, til metodespørsmål og problemstillingar som er viktige for å følgja opp regionale og interkommunale planar. Prosjekta sørger for lokal tilpasning av arealpolitikken og aukar effekten av investeringar i infrastruktur.

14.10 Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehage, grunnskule, høgare utdanning, forsking, kompetansepolitikk og integrering. Dei samla utgiftene i budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet i 2021 er på 91 mrd. kroner eksklusive lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 200 budsjettpostar. Grovt sett går i underkant av 1 pst. til Kunnskapsdepartementets eige budsjett, rundt 42 pst. til statlege og private universitet og høgskular, rundt 15 pst. til utdanningsstøtte, rundt 13 pst. til barnehage og grunnskule, 9 pst. til integrering og mangfald, 5 pst. til Noregs forskingsråd og 3 pst. til kompetansepolitikk og livslang læring. Det resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva slags klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde har vi ikkje oversikt over.

Dei samla løyvingane til forsking og utviklingsarbeid (FoU) frå alle departement er nærmare omtalte i kapittel 5 i Prop. 1 S (2019–2020) frå Kunnskapsdepartementet.

Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten deira på klimagassutsleppa.

Forsking

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2028, jf. Meld. St. 4 (2018–2019), gir dei politiske føringane for regjeringa si satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa legg fram satsingar dei ønskjer å prioritere i dei årlege statsbudsjetta. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er prioriterte vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er derfor klima, miljø og miljøvennleg energi ei av dei fem langsiktige prioriteringane. Eit anna prioritert område i planen er at universitets- og høgskulebygg skal vere kostnadseffektive og medverke til innovative og klima- og miljøvennlege løysingar.

I 2019 var regjeringas samla finansiering av forsking på klima- og miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 3 mrd. kroner. Midlane til denne typen forsking kjem over budsjetta til mange forskjellige departement. Tala omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, også dei som ikkje er særskilt retta mot miljø og klima. Den målretta innsatsen på klima og miljø var om lag 1,8 mrd. kroner. KD medverkar gjennom fleire av Forskingsrådets verkemiddel, under dette til store program slik som KLIMAFORSK. Prosjektet Arven etter Nansen blir òg finansiert over Forskingsrådets budsjett. Raske klima og miljøendringar i nord aukar behovet for kunnskap om sentrale og nordlege delar av Barentshavet. KDs årlege bidrag er 60 mill. kroner. KD bidrar også til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen gjennom midlar som er lagde i ramma til Universitetet i Bergen.

I samband med krisepakke 3 med økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, jf. Prop. 127 S (2019–2020), er det prioritert 110 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett i 2020 til tiltak som mellom anna skal fremje det grøne skiftet, retta spesielt mot område og prosjekt av relevans for næringslivet og der næringslivet er hardt ramma av krisa. Dette skal både støtte opp under forskings- og utviklingsaktivitet som er sett på vent på grunn av pandemien, og styrkje norsk konkurransekraft på lang sikt. Tiltaka er mellom anna retta mot kommersialisering av forsking, regionale forskingsfond og forsking for det grøne skiftet.

Støtte til forsking medverkar ikkje direkte til reduksjon av klimagassutslepp, men kan medverke indirekte ved utvikling av nye teknologiar og løysingar og ved at samfunnet får auka kunnskap om klimaendringane.

Universitets- og høgskulebygg

Universitets- og høgskulesektoren er ein stor eigedomsaktør i statleg sivil sektor og disponerer eit areal på om lag 3,5 mill. kvadratmeter. Samla løyving over programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking utgjorde 50,4 mrd. kroner i 2020. Av dette vart 38,9 mrd. kroner løyvde over kap. 260 Universitet og høgskular. Om lag ein tredel av statlege universitets- og høgskulebudsjett går til drift, forvaltning av og tilskot til bygg og eigedom. Byggrelatert vedlikehald har relativt lågt utslepp. Det er lite samanliknbare tal for klimagassutsleppa for universitets- og høgskulesektoren, men utsleppa frå flyreiser, elektrisitet og fjernvarme står for ein stor del av sektorens klimagassutslepp.

For å stimulere til betre bruk av eksisterande bygg har Kunnskapsdepartementet ei søknadsordning for midlar til oppgraderingar av eksisterande bygg. I 2015–2020 er det løyvd til saman 752 mill. kroner til oppgradering av bygg over kap. 260. Det er eit krav at dei universiteta og høgskulane som får midlar gjennom ordninga, sjølve må bidra med minst 50 pst. finansiering av prosjektet. Kunnskapsdepartementet føreslår i 2021 å vidareføre ordninga med 161 mill. kroner. Dei fleste statlege universitet og høgskular har miljøstrategiar med tilhøyrande handlingsplanar for å redusere utsleppa sine på campus. Ein aukande del har også eigne utsleppsrekneskapar, men med ulik metodikk. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) vurderer på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet om ein kan utvikle eit indikatorsett som vurderer kor miljø- og klimavennleg drifta ved universitet og høgskular er. Eit første forslag til grøne indikatorar blei sendt ut på høyring i februar 2020.

Studentbustader

Studentsamskipnadene fekk i 2020 tilsegn til å byggje 2 200 nye studenthyblar, og alle søknadene om å byggje nye studentbustaer vart innvilga. Ein stor del av bustadene til samskipnadene er frå mellom 1950 og 1980. Sjølv om samskipnadene har plikt til og bidreg med jamleg vedlikehald, er det delar av bygningsmassen som ikkje held mål etter gjeldande krav til funksjonalitet, standard, klima og miljø. Ifølgje gjeldande forskrift om tilskot til bygging av studentbustader § 3 c kan samskipnadene få tilskot til oppgradering i særskilde tilfelle. I samband med koronakrisa vart det løyvd 250 mill. kroner til oppgradering av studentbustader.

14.11 Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.

Totalt utgjer Kulturdepartementets budsjettforslag for 2021 om lag 23,6 mrd. kroner. Tilskotsløyvingar utgjer den klart største delen av Kulturdepartementets budsjett. Om lag 90 pst. av løyvingane på Kulturdepartementets budsjett er tilskot. Meir enn halvparten av budsjettet er fordelt på ulike enkelttilskot (øremerkede tilskot), mens dei andre tilskotsløyvingane er fordelt på ulike søkbare ordningar. Enkelttilskota er forvalta og utbetalte av for det meste av departementet. Dei søkbare ordninga er i huvudsak forvalta av underliggjande verksemder.

Ein stor del av oppgåveløysinga på Kulturdepartementets ansvarsområde skjer av ikkje-statlege aktørar. Statens verkemiddel inngår derfor som del av ein større samanheng. Måloppnåinga er avhengig av innsats frå staten, dei private aktørane og kommunesektoren. Statens rolle er ofte indirekte gjennom å sikre rammevilkår for aktørane. Dette skjer gjennom utforming av regelverk og økonomiske verkemiddel. Det er derfor vanskeleg for departementet å seie noko om det samla klima- og miljøavtrykket til kulturdepartementets budsjett.

14.12 Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for skogbruk, jordbruk og matforsyning. Det finst fleire inntekts- og utgiftskapittel i statsbudsjettet som påverkar aktiviteten i landbruket og tilhøyrande utslepp og opptak av klimagassar. Totalbudsjettet (utgiftspostane) for Landbruks- og matdepartementet i 2021 er på 21,1 mrd. kroner, fordelt på rundt 50 postar. Grovt sett går i underkant av 1 pst. til Landbruks- og matdepartementets driftsbudsjett, 10 pst. til underliggjande verksemder, 3 pst. til Noregs forskingsråd, 82 pst. til gjennomføring av Jordbruksavtala og Reindriftsavtala, og resterande hovudsakeleg til andre mindre tilskotsordningar. Skogfondet består av middel som skogeigarane pliktar å setja av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Kvar skogeigedom har eigen fondskonto, og skogfondsmidla er knytte til skogeigedommen. Landbruks- og matdepartementet har ikkje oversikt over kva klimaeffekt som følgjer av kvart enkelt budsjettområde.

Jordbruksaktivitetar er biologiske prosessar som gir både utslepp og opptak av klimagassar. Utsleppa frå jordbruket kjem i hovudsak frå husdyrhald og kjøtproduksjon (metan frå tarmgass og husdyrgjødsel), frigjering av CO2 ved oppdyrking av myr, og lystgass frå husdyr- og mineralgjødsel. Produksjonen av ulike jordbruksvarer har dermed ulikt klimaavtrykk. Ved at generelle støtteordningar held ved lag jordbruksdrift, vil dei også halde ved lag tilhøyrande opptak og utslepp av klimagassar. Det er krevjande å berekne utsleppa av klimagassar frå biologiske prosessar, bl.a. fordi dei varierer og er vanskelege å måle. Endringar i aktivitet og innsatsfaktorar er derfor ofte vanskeleg å fange opp i utsleppsrekneskapen, då dette krev svært detaljert datagrunnlag. Det er svært stor uvisse knytt til utslepp av lystgass.

Jordbrukspolitikken

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er eitt av fire hovudmål i landbrukspolitikken. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbrukets organisasjonar ei intensjonsavtale om reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Det er sett eit mål om at utsleppa samla skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar over perioden 2021–2030. Klimaavtala ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, og i april 2020 la jordbrukets organisasjonar fram sin plan for å oppfylle avtala. Partane har nedsett ei gruppe som skal føre rekneskap for klimaavtala fram mot 2030. Rekneskapen skal gi oversikt over utviklinga. Han skal òg fange opp tiltak, mellom anna nokre av dei som er nemnde i Klimakur 2030, som er venta å ha effekt på utslepp, men som per i dag ikkje kjem fram i den offentlege utsleppsstatistikken. Arbeid med forsking, kunnskapsutvikling og rådgiving, både om utslepp, opptak og gode klimatilpassingar, har også stor betyding og prioritet for å oppnå måla.

Jordbruks- og reindriftsavtala omfattar ei rekkje verkemiddel, primært i form av tilskot. Tilskota til jordbruksdrift kan delast inn i generelle støtteordningar for å halde oppe inntekt og produksjon i jordbruket, og meir spesifikke støtteordningar for å fremje mellom anna meir miljøvennleg driftspraksis. Det er midlar til skogbruket over jordbruksavtala bl.a. til skogsbilvegar, skogkultur og skogplanting.

Fleire av verkemidla over jordbruksavtala medverkar til reduserte klimagassutslepp og til å tilpasse jordbruket eit klima i endring. Dette gjeld mellom anna midlar til drenering av jordbruksjord, miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel, og fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Det er også andre kapittel i budsjettet som påverkar aktivitet og utslepp i landbruket, slik som CO2-avgifta og importvernet. Importvernet kan ha fleire verknader i klimasamanheng. Toll på matvarer medverkar til å sikre marknadsrommet for norskprodusert vare og dermed auke innanlandsk produksjon med tilhøyrande opptak og utslepp av klimagassar. Alternativet er at vi importerer dei same produkta, med tilhøyrande utslepp og opptak i andre land.

Forsking

Forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådets program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Programmet skal mellom anna medverke til berekraftig produksjon innan jordbruk, skogbruk og andre naturbaserte verdikjeder på land. I tillegg medverkar Landbruks- og matdepartementet med forskingsmidlar inn i mellom anna programma Stort program energi (ENERGIX) og Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK), som følgjer opp ulike prioriterte område innan fornybar energi og miljø. Departementet medverkar innanfor tematikken jordbruk i ei felles satsing på klima med Klima- og miljødepartementet (LAVUTSLIPP2030). Løyvingane til desse programma følgjer opp departementets sektoransvar innanfor miljø- og klimaforsking.

Jordbruksavtala

I jordbruksavtala for 2020–2021 vart klima- og miljøprofilen styrkt ytterlegare. Vidare vart utviklinga av kunnskapsgrunnlaget også prioritert, med sikte på å halde fram arbeidet med å skaffe fram betre kunnskap om effektar, kostnader og konsekvensar av eksisterande og nye klimatiltak. Nokre av ordningane med ein særskild klimaprofil blir omtalte under, sjå elles Landbruks- og matdepartementets budsjettproposisjon.

Forsking og utvikling over jordbruksavtala

Ordninga skal medverke til utvikling av ny kunnskap og teknologi til landbruks- og matsektoren. Posten er på 82 mill. kroner i 2021. I utlysing og tildeling av midlar skal det framleis takast omsyn til behovet for kunnskap om klimatilpassing, tiltak som kan medverke til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket og auka lagring av karbon i jord og skog. Det blei òg sett av midlar til eit forskingsprosjekt om fangvekstar som klimatiltak – vurderingar av klimaeffektar. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Ordninga skal mellom anna medverke til å redusere forureininga frå jordbruket. Blant tiltak som er aktuelle for støtte er installering av tak på gjødselkummer for å betre lagerkapasiteten og redusere utslepp, og hydrotekniske tiltak som kan halde betre styr på vatn og medverke til klimatilpassing og reduserte lystgassutslepp. Posten er styrkt med 5 mill. kroner frå 2020 til 2021. Sjå kap. 1150, post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Godt drenert jord har lågare lystgassutslepp enn vassmetta jord. Ordninga gir potensial for auka jordbruksproduksjon og reduserer faren for erosjon og overflateavrenning. Posten er på 68 mill. kroner i 2021, det same som 2020. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Klima- og miljøprogrammet

Ordninga skal medverke til betre kunnskap om potensialet for reduserte klimagassutslepp innanfor ulike produksjonssystem, lagring av karbon i jord og kunnskap om lystgassutslepp frå jord. Eit betre kunnskapsgrunnlag vil medverke til reduserte utslepp på lengre sikt. Ordninga er styrkt med 6 mill. kroner frå 2020 til 2021. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

Behandling av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer metanutslepp frå gjødsla. Sidan 2013 har det vore tilskot for å levere gjødsel til slik behandling. I jordbruksavtala 2020–2021 var partane samde om at ordninga skal stå ved lag. Ordninga blei tilført 9 mill. kroner, ein auke med 4 mill. kroner frå året før. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme til eigen sektor og frå landbruket til andre sektorar gir reduserte utslepp ved omlegging frå fossil energi. Midlane går mellom anna til utvikling av gardsbaserte biogassanlegg, stønad til investering i anlegg for produksjon av biovarme, pilotprosjekt for auka bruk av biodrivstoff i traktorar og maskiner, og satsing på klimavennleg veksthusproduksjon. Innovasjon Noreg fører oversikt over nye bioenergianlegg som erstattar fossile anlegg. Dei medverkar til ein samla reduksjon i CO2-utsleppa på rundt 88 000 tonn per år. Ordninga blir styrkt med 10 mill. kroner frå 2020 til 2021. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Midlane skal medverke til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommar. Posten er styrkt med 30 mill. kroner til 664,5 mill. kroner i 2021, med prioritet til investering i gjødsellager og tak på gjødselkum, som har god verknad mot utslepp. Sjå kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Regionale miljøprogram

Under regionalt miljøprogram er delordninga for miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel trappa opp dei siste åra og får stadig aukande oppslutning. I jordbruksavtala blei regionalt miljøprogram styrkt med 23 mill. kroner, med vekt på høvesvis miljøvennleg spreiing og bruk av fangstvekstar, som begge har god verknad for klima og klimatilpasning. Tiltaka skal òg redusere avrenning til vatn og utslepp av ammoniakk til luft. Sjå kap. 1150 post 74 i Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Skogpolitikken

Verkemidla retta mot skogbruket under budsjettet til Landbruks- og matdepartementet har både indirekte og direkte klimaeffektar. Tiltaka tettare planting etter hogst, gjødsling og styrkt skogplanteforedling er etablerte med det siktemål å gi auka opptak av CO2 (kap. 1149 post 73). Andre ordningar retta mot auka verdiskaping og berekraftig skogforvalting gir òg positive klimaeffektar fordi dei bidreg til ein vekstkraftig skog som utnyttar potensialet på veksestaden. Dette er ordningar som tilskot til utbygging av skogsvegar og tømmerkaiar (kap. 1149 post 71), og ordningane over jordbruksavtala: nærings- og miljøtiltak i skogbruket, skogplanting og anna skogkultur, skogbruksplanlegging og kompetansetiltak. Det er ikkje gjort berekningar som talfestar klimaeffekten av dei sistnemnde tiltaka. Bygging av nye skogsvegar gir utslepp på grunn av avskoging, men dei er òg ein viktig føresetnad for berekraftig skogbruk og hausting av fornybart råstoff som kan erstatte produkt baserte på fossilt råstoff. Desse effektane må bli vurderte opp mot kvarandre. Her legg ein til grunn at naturomsyn også blir vurderte.

Klimatiltak i skog

Tilskot til tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og skogplanteforedling medverkar til auka tilvekst og dermed høgare CO2-opptak. Gjødsling kan potensielt gi eit auka opptak på 0,27 mill. tonn CO2 årleg etter ti år.. Dei andre tiltaka har relativt liten effekt på kort sikt. Det totale potensialet til desse tiltaka er berekna til 3,7 mill. tonn CO2 årleg om 70–100 år. Med gjeldande nivå på løyvinga, medrekna ein auke på 4,5 mill. kroner frå 2020 til 2021, kan dei tre tiltaka til saman gi eit auka årleg opptak på om lag halvparten av potensialet om 70–100 år.

14.13 Nærings- og fiskeridepartementet

Totalbudsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet i 2021 er på 15,6 mrd. kroner eksklusiv lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 90 budsjettpostar. Grovt sett går i underkant av 3 pst. til Nærings- og fiskeridepartementet sitt eige budsjett, rundt 29 pst. til 15 direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, rundt 14 pst. til Noregs forskingsråd, 14 pst. til Innovasjon Noregs innovasjonsverkemiddel, 12 pst. til tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, 8 pst. til romverksemd og 4 pst. til sikring av atomanlegg og trygg handtering av atomavfall. Det resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over. Nedanfor tek vi for oss nokre område som kan ha effekt på klimaet.

Forsking og utvikling (FoU)

Om lag 10 pst. av samla FoU-løyvingar og skattefrådrag er forvalta over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett gjennom ei rekkje ulike satsingar retta mot næringslivet. Felles for desse er at det offentlege bidraget utgjer ein mindre del av FoU-kostnadene til føretaka. Stønaden er innretta slik at han skal utløyse forsking og utviklingsprosjekt. Delar av denne støtta medverkar til utvikling av teknologi som reduserer klimaavtrykket. Tidsspennet frå tildeling av FoU-støtte til ferdigstilling av funn og resultat er langt, og kommersialiseringar av forskinga i form av nye eller betre produkt og prosessar vil gjennomgåande liggje fleire år etter budsjettåret.

Grøn plattform

Grøn plattform er ein ny felles konkurransearena som Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva oppretta i 2020 for å fremje grøn omstilling i næringslivet. Regjeringa foreslo gjennom Prop. 127 (2019–2020) å løyve 1 mrd. kroner fordelt over tre år til plattforma. I samsvar med dette forslaget er det føreslått å løyve 192 mill. kroner til Noregs forskingsråd, 102,5 mill. kroner til Innovasjon Noreg og 38,5 mill. kroner til Siva under Grøn plattform i 2021.

Grøn plattform skal kunne støtte ulike næringar og teknologiar, men det er opp til verkemiddelaktørane å vurdere kva grøne prosjekt som bør støttast. Det er ønskjeleg at heile løpet frå forsking til kommersialisering og marknadsintroduksjon blir sett i samanheng i ordninga, også på tvers av dei involverte verkemiddelaktørane. Plattforma skal tilby éin felles brukarfront mot næringsliv og institutt og ein brei konkurransearena for effektiv fordeling av ressursar og best mogleg resultat for verdiskaping og miljøet.

Grøn plattform kan medverke til å akselerere opptaket av eksisterande grøne prosessar eller produkt og til at nye klima- og miljøvennlege løysingar blir utvikla, men det er for tidleg å seie noko konkret om klimaeffekten av ordninga, ettersom ho blei oppretta i inneverande år.

Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg

Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg gir tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt i norske føretak. Ordninga har som føremål å medverke til fleire vekstkraftige verksemder gjennom kommersialisering av nye løysingar baserte på miljøteknologi. Tilskot frå ordninga gjer det billigare for støttemottakaren å prøve ut eller vise fram nye miljøteknologiløysingar og dermed sikre at produkta blir godt tilpassa marknaden. Mottakarane av støtte omfattar føretak som opererer i ei rekkje ulike næringar. Det føreslåtte tilskotet til miljøteknologiordninga er 583,6 mill. kroner i 2021.

Miljøteknologiordninga har som overordna mål å utløyse bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling. Ordninga vil delvis trekkje ressursar over til produkt og prosessar med lågare klimautslepp og miljøpåverknad enn tilsvarande produksjon tidlegare har hatt, og delvis medverke til at nye produkt og prosessar blir utvikla. Føresetnaden er at resultata blir tilgjengelege for andre, slik at løysinga kan spreiast i marknaden.

Nysnø Klimainvesteringar AS

Investeringsselskapet Nysnø Klimainvesteringar AS («Nysnø») vart stifta i desember 2017 og selskapet var operativt frå hausten 2018. Selskapets formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte medverkar til dette. Investeringane skal i hovudsak rettast mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Investeringsfokus for selskapet skal vere bedrifter i tidlege fasar. Selskapet skal investere i unoterte selskap og/eller fond retta mot unoterte selskap med verksemd i eller ut frå Noreg.

Det er løyvd 1725 mill. kroner i kapital til Nysnø sidan etableringa, og selskapet har gjort fleire investeringar. For 2021 er det gjort framlegg om 700 mill. kroner i ytterlegare kapital til selskapet. Klimaeffekten av statens investering i Nysnø er usikker og avheng av i kva grad Nysnø investerer i selskap og fond som lykkast, og i kva grad Nysnø medverkar til at andre investorar ser lønnsemd i investeringar med positiv klimaeffekt.

Eksportfinansiering og EBRD

Budsjettpostane og fullmaktene som gjeld Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK), kap. 2460 og Eksportkreditt Noreg, kap. 2429 medverkar i hovudsak til å fremje norsk eksport.

Det internasjonale regelverket som må følgjast for eksportlån- og garantiar, legg til rette for grøn energi ved at det blir tilbode gunstigare finansieringsvilkår enn i andre eksportkontraktar. I tillegg er det lagt avgrensingar på kva som kan finansierast av kolkraftverk. Det er òg krav om å vurdere og eventuelt handtere negative miljøeffektar av dei enkelte prosjekta som blir finansierte. Kva slags eksport som blir finansiert, avheng av kva norske eksportørar produserer, som i enkelte tilfelle til dømes kan vere utsleppsreduserande batteridrivne ferjer, og i andre tilfelle kan ha høg miljørisiko og vere negativt for klimaet. Det er vanskeleg å anslå netto utsleppseffekt.

Nærings- og fiskeridepartementet har ein eigarposisjon på 1,25 pst. i utviklingsbanken European Bank for Reconstruction and Development (EBRD). Hovudformålet til banken er å framskunde overgangen til opne, marknadsorienterte økonomiar og fremje utvikling av ein konkurransedyktig privat sektor i dei 38 operasjonslanda til banken. Banken har nådd sitt mål om at 40 pst. av bankens årlege investeringar skulle vere innanfor «grøn økonomi» innan 2020, og vurderar nå å auke målet til 50 pst. innan 2025. Det kan medverke til å redusere globale klimautslepp.

Prosess21

Regjeringa har styrkt samhandlinga mellom næringslivet, forvaltninga og forskinga gjennom å opprette strategiforumet Prosess21. Hovudoppgåva til Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis prosessindustrien best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. Prosess21 har ingen direkte effekt på klimagassutslepp.

Nasjonalt program for leverandørutvikling

Nasjonalt program for leverandørutvikling blei etablert i 2010 av NHO og KS. Sidan har Difi, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet blitt med på eigarsida. Leverandørutviklingsprogrammet har i dag 26 nasjonale partnarar som medverkar med finansiering av programmet, der Nærings- og fiskeridepartementet er den aktøren som gir det største enkeltbidraget. I 2020 var bidraget frå departementet på 10,55 mill. kroner

Programmet har som oppgåve å auke innovasjonseffekten av offentlege anskaffingar, særleg innan klima og miljø, helse og omsorg og digitalisering. Innovative anskaffingar handlar om å utnytte høva som ligg i anskaffingsregelverket og verkemiddelapparatet til å kjøpe betre produkt og tenester. Programmet hjelper utvalde offentlege verksemder i enkelte anskaffingar, som deretter blir nytta som gode føredøme av andre tilsvarande verksemder. Sidan starten i 2010 har programmet hjelpt kommunale og statlege verksemder med over 150 innkjøp.

Programmet har utarbeidd ein modell for å gjennomføre innovative anskaffingar. Metoden legg vekt på betydninga av at stat og kommunar implementerer både prosessar og haldningar som medverkar til innovasjon i anskaffingsprosessen. Formålet er betre og meir effektive tenester, næringsvekst og lågare utslepp.

Sjøfart

Nærings- og fiskeridepartementet deler ansvaret for grøn skipsfart med Klima- og miljødepartementet. Grøn skipsfart er ein viktig del av det grøne skiftet og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk. Handlingsplanen for grøn skipsfart (2019) er eit viktig verktøy for å nå regjeringas mål om å halvere utsleppa frå sjøfart og fiske innan 2030. Stortingsmeldinga om maritim politikk som blei lagt fram hausten 2020 har eit eige kapittel om grøn skipsfart som byggjer vidare på denne. Den offentlege stønaden til maritime forskings- og innovasjonsprosjekt medverkar til å realisere regjeringa sine ambisjonar om grøn vekst i den maritime næringa. Klima- og miljøvennleg verksemd er eitt av dei prioriterte områda i MAROFF-programmet til Noregs forskingsråd. MAROFF støttar prosjekt innanfor miljø, miljøvennleg energiutnytting, krevjande maritime operasjonar og avansert transport og logistikk. I 2020 blei det gitt ei ekstraordinær bevilgning på 65 mill. kroner til forsking og utvikling tilknytta til grøn skipsfart gjennom MAROFF Innovasjon Noreg gir òg betydeleg støtte til innovasjonsprosjekt for grøn skipsfart. I 2020 blei to nye ordningar i Innovasjon Norge oppretta for å styrkje innsatsen for grøn skipsfart i nærskipsfarten. Det er vart bevilga 75 mill. kroner til ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og etablert ei eiga låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten med låneramme på 600 mill. kroner. Ordningane vil bidra til utsleppskutt gjennom flåtefornying i nærskipsfarten. Låneordninga er foreslått vidareført i 2021.

Reiseliv

I budsjettet for 2021 er det føreslått 185,8 mill. kroner til reiselivsformål (kap. 2421 post 74). Midlane skal nyttast til å profilere Noreg som reisemål, gjennomføre operative marknadstiltak og leggje til rette for utvikling og sal av norske reiselivsprodukt. Dersom marknadsinnsatsen utløyser reiser til Noreg som elles ikkje ville ha skjedd, kan desse midlane isolert sett ha ein negativ effekt på klima gjennom klimagassutslepp frå fly, skip og annan transport i tillegg til andre utslepp som følgje av turisme.

Føringstilskotet til fiskerinæringa

Føringstilskotet til fiskerinæringa (inngår i kap. 919 post 75 Tilskudd til næringstiltak i fiskeriene) er eit frakttilskot til frakt av fisk frå eitt område til eit anna for å halde oppe lokale fiskerimiljø og ein variert flåtestruktur. Tilskotet kan truleg ha ein ha negativ klimaeffekt då det stimulerer til auka biltransport. For 2021 foreslås det eit tilskot på 12 mill. kroner over statsbudsjettets kap. 919 post 75. Fiskesalgslaga kan sjølve finansiere ytterligare føringstilskot ved behov gjennom inndregne midlar. Det er vanskeleg å konkretisere klimaeffekten av tilskotet nærare.

Tilskot til kompensasjon for CO2-avgift – fiskeflåten

CO2-avgifta er eit av dei viktigaste klimaverkemidla i dagens klimapolitikk. Avgifta stimulerer til marknadsbaserte og kostnadseffektive tiltak for å redusere utslepp av CO2 gjennom prinsippet om at forureinaren betaler.

Det blei innført full CO2-avgift for fiskeflåten frå 1. januar 2020. Fiskeflåtens tidlegare refusjonsordning for innbetalt CO2-avgift er avvikla og erstatta av ei kompensasjonsordning. Det er gitt ei løyving på 251 mill. kroner til kompensasjonsordninga i 2021 over kap. 919, post 73.

Kompensasjonsordninga er delt inn i tre grupper som vil bestå av kystflåten, havflåten og kystrekeflåten. Kompensasjonen er knytt til det enkelte fartøyets del av total fangst innanfor kompensasjonsgruppa fartøyet tilhøyrer. Den nye innrettinga av ordninga søkjer å gi fleire insentiv til å drive meir klimavennleg, ved at dei mest energieffektive og klimavennlege i kvar fartøygruppe sannsynlegvis vil komme betre ut enn med tidlegare regime med refusjonsordning. Det er vanskeleg å seie sikkert kva for klimaeffekt kompensasjonsordninga vil ha, men det er sannsynleg at ho vil medverke til at utsleppa vil gå ned frå fiskeflåten dei neste åra.

14.14 Olje- og energidepartementet

Totalbudsjettet for Olje- og energidepartementet i 2021 er på om lag 27,4 mrd. kroner. Utanom Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) utgjer budsjettet om lag 3,6 mrd. kroner. Av dette går rundt 7 pst. til OEDs eige budsjett, rundt 24 pst. til Oljedirektoratet og Petoro AS, rundt 32 pst. til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), rundt 25 pst. til forsking og utvikling og rundt 12 pst. til CO2-handtering. Midlar som hovudsakleg går direkte til støtte av klima- og miljøtiltak, utgjer om lag 27 pst. av OEDs budsjett unnateke SDØE. Dette omfattar hovudsakleg midlar til CO2-handtering og forskingsprogram under Noregs forskingsråd.

Forsking

Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal satsinga medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag, vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. På grunn av uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi eller teknologi under utvikling, finst det ingen presise overslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet. Relevant budsjettpost er kap. 18.30 post 50 i Olje- og energidepartementets budsjett.

CO2-handtering

Regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Det overordna målet er å medverke til at CO2-handtering vert eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka i strategien omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, samt internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som desse tiltaka kan utløyse. Det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-handtering gir utsleppsreduksjonar i Noreg, i tillegg til å etablere infrastruktur for prosjekter som kjem etter. CO2-lageret er planlagt med større kapasitet, og vil også kunne ta imot CO2 frå andre industriaktørar. Prosjektet kan bidra til teknologiutvikling og gjere CO2-handtering mindre kostbart i framtida. Dei direkte nasjonale utsleppsreduksjonane frå prosjektet vil i første omgang vere om lag 400 000 tonn CO2 per år når Norcem sitt fangstprosjekt vert sett i drift i 2024 og auke til om lag 800 000 tonn CO2 per år når eventuelt Fortum Oslo Varme sitt prosjekt vert sett i drift. Av desse vil om lag 200 000 tonn av CO2 frå Fortum Oslo Varme kunne reknast mot forpliktinga Noreg har mot EU om reduksjonar i ikkje-kvotepliktige utslepp. Norcem sin sementfabrikk er ein del av kvotepliktig sektor. Sjå kap. 18.40 i Olje- og energidepartementet sitt budsjett..

14.15 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementets budsjett er på om lag 80 mrd. kroner. Desse utgiftene er fordelte på i underkant av 80 ulike budsjettpostar av veldig ulik karakter. Om lag 10 pst. av utgiftene går til drift av departement og underliggjande etatar (01-postar), mens resten er fordelt på ulike postar som omfattar alt frå investeringar i infrastruktur, drift og vedlikehald, til forsking og tilsynsoppgåver m.m. Det er vanskeleg å seie noko om klimaeffekten av dei ulike postane, mellom anna fordi den enkelte budsjettposten kan innehalde utgifter til ulike formål. I mange tilfelle vil det òg variere frå år til år kva som inngår i dei ulike postane, og for mange av postane er det opp til underliggjande verksemder å avgjere fordelinga av utgiftene. Den samla klimaeffekten av Samferdselsdepartementets budsjett er derfor vanskeleg å fastslå.

Løyvingar over statsbudsjettet medverkar til endra utslepp i både direkte og indirekte forstand. Eksempel på dette er bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur, statleg kjøp av transporttenester. Aktiv bruk av offentlege anskaffingar og støtteordningar medverkar til at rundt ein tredel av bilferjene i landet er venta å ha heilt eller delvis elektrisk framdrift i 2021. Staten har stilt krav til null- eller lågutsleppsløysingar ved utlysing av nye kontraktar for drift av riksvegferjesamband.

På Samferdselsdepartementets budsjett vil det òg vere utgifter som medverkar til å redusere klimagassutslepp. Eksempel på utgifter som kan medverke til å redusere klimagassutslepp er utgifter til drift og investeringar i jernbane, kjøp av persontransport med tog, tilskot til gang og sykkelvegar, premieringsmidlar til bymiljø- og byvekstavtaler og tilskot til overføring av gods frå veg til sjø.

Investeringsprofilen i Samferdselsdepartementets budsjett kan ha betydning for dei samla utsleppa frå transportsektoren ved at den påverkar trafikkomfanget, eller ved at den påverkar konkurranseforholdet mellom ulike transportformer, som f.eks. mellom bil- og kollektivtrafikk, eller mellom godstransport på veg og bane og sjø. Den samla effekten over tid kan vere vanskelig å anslå, då den vil avhenge av mange faktorar. Ved auka overgang frå fossile drivstoff til elektrisitet vil utsleppa kunne gå ned.

I dette kapitlet er utsleppseffekten av Samferdselsdepartementets budsjett omtalt. Anslaga for veg og jernbane kan ikkje samanliknast direkte. For ei generell omtale av historiske og framskrivne utslepp i transportsektoren, og eksisterande verkemiddel, sjå kap. 4.

Utslepp frå trafikk, bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur

Her er det gitt nokre anslag på direkte klimagassutslepp, dvs. utslepp frå forbrenning av fossilt drivstoff, frå bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur for veg og jernbane. Anslaga gjeld store prosjekt som er i gang og store prosjekt som startar opp i 2021. Avinor AS sine prosjekt er ikkje finansierte over statsbudsjettet, og er derfor ikkje rapporterte her. Avinor har relativt få store byggje- og anleggsprosjekt. Dei siste ti åra har dei gjennomført ein handfull slike store prosjekt.

Det nyttast noko ulik reknemåte på veg og jernbane. Samferdselsdepartementet arbeider med å gjere tala meir samanliknbare.

Veg

Trafikkutslepp frå prosjekt med oppstart i 2021

Klimagassutsleppa er berekna til å auke med om lag 91 000 tonn samla over ein 40-årsperiode som følgje av prosjekta det er gjort berekningar for og som har anleggsstart i 2021. Dersom innføringa av nullutsleppskøyretøy skjer raskare enn det som er lagt til grunn i framskrivinga frå Nasjonalbudsjettet 2021, vil utsleppseffekten bli mindre enn dette.

Utslepp frå bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur

Anslaga er berekna ved å multiplisere økonomiske budsjetter med standardfaktorar for utslepp per investert krone. Standardfaktorane er basert på ei gruppe prosjekt som det er gjort detaljerte berekningar for. Nye berekningar basert på ei større gruppe prosjekt tyder på at utslepp frå bygging kan være høgare, og utslepp frå drift og vedlikehald lavare enn det som ligg inne i standardfaktorane. Berekningane må kvalitetssikrast først og kan brukast som grunnlag til neste års estimat.

Statens vegvesen har begynt å krevje klimagassrapportering av entreprenørane. På lenger sikt vil denne rapporteringa føre til meir robuste utsleppsberekningar.

Dei direkte utsleppa i 2021 som følgjer av løyvinga til alle riksveginvesteringar inkludert skredsikring, reknast å liggje i intervallet 120 000 til 150 000 tonn CO2-ekvivalentar. Eit grovt overslag for direkteutslepp frå drift og vedlikehald av veginfrastruktur gir utslepp i intervallet 110 000 til 140 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2021. Eit grovt overslag på samla årleg utslepp frå bygging, drift og vedlikehald av veginfrastruktur vil dermed vere i intervallet 230 000 til 290 000 tonn CO2-ekvivalentar.

Jernbane

Utslepp frå bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur

Jernbanedirektoratet har nytta rapporterte utslepp frå Bane NOR om faktisk forbruk i 2018 og 2019, og det føresettast at utsleppa blir uendra i 2021. Samla direkte utslepp av klimagassar frå pågåande prosjekt og prosjekt som blir starta opp i 2021 er anslått til om lag 28 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2021. Anslaget inkludera berre større utbyggingsprosjekt i tråd med tidlegare rapporteringar. Samla direkte utslepp frå utbygging i 2021 er basert på Bane NORs eigne utslepp, i tillegg til utslepp frå underleverandørar frå gjeldande prosjekter.

Utslepp frå drift og vedlikehald av jernbaneinfrastruktur vart for 2019 rapportert å vere om lag 5000 tonn CO2-ekvivalentar. Dette er utslepp basert på dieselforbruket til Bane NOR sine anleggsmaskiner (på skjene og veg). Føresett eit drifts- og vedlikehaldsbudsjett for 2021 i same storleiksorden som for 2019, vil utsleppa endre seg lite. Utskifting av materiell/ teknologiforbetringar og endringar i aktivitet vil kunne påverke desse utsleppa i framtida, men det føresett ikkje bruk av ny teknologi i berekninga for 2021.

Jernbanesektoren jobbar kontinuerleg for betre utsleppsrapportering av drift, vedlikehald og bygging av jernbanen. Fagmiljø hos Bane NOR og Jernbanedirektoratet har ein løypande dialog på korleis klimarapporteringa kan effektiviserast og optimaliserast. Dette er eit pågåande arbeid og vil gi betre og meir robuste tal i åra som kjem.

Trafikkutslepp jernbane og veg

Nye veg- og jernbaneprosjekt oppstart 2021, trafikkutslepp

Det er venta at trafikkutsleppa gradvis går ned i perioden fram mot 2050 som ein følgje av trafikkoverføring mellom veg og bane. Det er berekna at trafikkoverføringa vil gi ein årleg reduksjon på 1 000 tonn CO2 i gjennomsnitt kvart år mot 2030. Det er ikkje teke høgd for innfasing av null- og lågutsleppskøyretøy i det omfanget vi no ser.

14.16 Utanriksdepartementet

Totalbudsjettet for Utanriksdepartementet i 2021 er på 45,3 mrd. kroner (utgifter med lånetransaksjonar), fordelt med 12,9 mrd. kroner til utanriksforvaltning og 32,4 mrd. kroner til utviklingssamarbeid. Utanriksdepartementets underliggjande etatar Norad og Norec forvaltar deler av bistanden, i tillegg til Norfund. Delar av bistanden blir òg forvalta på utvalde utanriksstasjonar og av statlege etatar i Noreg. Løyvingar til EØS-avtala utgjer 13,2 pst. av departementets budsjett og bistand utgjer 76,8 pst. av departementets samla budsjett for 2021.

Tiltak til klima, miljø, hav og fornybar energi over programområde 03 er for 2021 berekna til ca. 3,3 mrd. kroner. Dette beløpet inkluderer ikkje Klima- og skoginitiativet. Fleire av budsjettpostane, spesielt dei som går til drift, vil mellom anna kunne finansiere transport med fly, båt og bil og dermed bidra direkte til utslepp av klimagassar. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, er det derimot ikkje oversikt over.

Det er ei rekkje klimatiltak i utviklingsland som mottek støtte over bistandsbudsjettet. For tilskot med reduserte klimautslepp som formål og fornybar energi rapporterer stadig fleire tilskotsmottakarar om oppnådde eller forventa utsleppsreduksjonar. Fleire forhold gjer det likevel metodisk utfordrande å berekne og særleg aggregere utsleppsreduksjonar. I tillegg til ulik berekningsmetodikk er det ein stor risiko for dobbeltteljing. Ofte støttar fleire givarar same tiltak. Prosjekt som medverkar til utsleppsreduksjonar, er i mange tilfelle realiserte som følgje av fleire givartiltak, ofte over ein lang tidsperiode.

Norad arbeider på oppdrag frå Utanriksdepartementet med løpande og kvalitetssikra rapportering av oppnådde utsleppsreduksjoner gjennom norskfinansierte utviklingstiltak. Det er gjort ei kartlegging av metodar brukte til berekning og opplegg for rapportering av utsleppsreduksjonar for heile utviklingsporteføljen, inkludert skog, energi og landbruk/mat.

Førebels konklusjonar er:

  • Det blir gjort mykje godt arbeid med å estimere utsleppsreduksjonar og rapportere dette systematisk ved hjelp av robuste metodar hos Noregs samarbeidspartnarar.

  • På grunn av transaksjonskostnadene ved å aggregere utslepp frå mange småprosjekt blir utsleppsreduksjonar i mindre grad rapporterte frå landbrukssektoren. Dette trass i god tilgjengeleg metodikk, t.d. FAOs EX-ACT-metode og verktøy for å vurdera karbonavtrykket av utviklingsprosjekt innanfor land- og skogbruk.

I det vidare arbeidet vil Norad sjå nærmare på dobbeltrapporteringsproblematikk (for felles prosjekter gjennom ulike kanalar) og nokre meir detaljerte avklaringar av metodikk som er nytta av aktørar som ikkje bruker felles retningslinjer for internasjonale finansieringsinstitusjonar (IFI rammeverket), og på systematikk/opplegg for berekning av utsleppsreduksjoner i den bilaterale energiporteføljen. Norad vil også lage opplegg for å beskrive klimarelevans og indikere utsleppsreduksjonar som resultat av støtte i tidleg fase og til utvikling av rammeverket for investeringar, under dette støtte til planlegging og prosjektutvikling, nettinvesteringar, institusjonsutvikling og policyarbeid. Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett retta mot reduksjon av klimagassar, kan i hovudsak delast i to. For det første energiproduksjon eller forbruk, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre kategorien vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar. Bidrag frå sekundære intervensjonsprosjekt vil vere avgjerande for å realisere ein lavkarbonøkonomi som kan sameinast med temperaturmåla i Parisavtala, men er utfordrande å måle. Regjeringa understrekar at det er viktig å halde ved lag støtte også til denne typen intervensjonar sjølv om effektane er meir utfordrande å måle. I tillegg til effektane av tiltak over bistandsbudsjettet retta mot reduksjon av klimagassar, har også resten av bistandsbudsjettet effektar – positive eller negative – for klimagassutslepp og klimatilpassing i mottakarlanda. Eksempel på dette er støtte til infrastrukturtiltak, helse, matsikkerheit og anna. Slike effektar er krevjande å måle, og dei er ikkje inkluderte i denne oversikta.

I tildelingsbrev nr. 4 for 2020 frå Utanriksdepartementet er Norad bedt om å starte eit arbeid for å medverke til at bistandsbudsjettet i endå større grad enn i dag støttar måla i Parisavtala om å styrkje den globale responsen på klimatrusselen. I arbeidet skal det leggjast vekt på at norskfinansierte tiltak aukar evna som land har til å tilpasse seg skadeverknadene av klimaendringane og fremjar klimarobustheit og lågutsleppsutvikling.

Noreg har lenge vore ei leiande kraft i det internasjonale klimaarbeidet. Gjennom Klima- og skoginitiativet og eit stort engasjement for fornybar energi har Noreg vist veg og er ein viktig aktør i arbeidet for globale utsleppsreduksjonar. Det er likevel ei målsetjing innanfor klimakonvensjonen at støtta skal vere balansert mellom utsleppsreduserande tiltak på den eine sida og tilpassing og førebygging på den andre. Regjeringa gjer no klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt til eit hovudelement i utviklingsinnsatsen og skaper på den måten betre balanse i klimaporteføljen vår.

Noreg medverkar til utsleppsreduksjonar i andre land mellom anna gjennom Det grøne klimafondet og støtte over bistandsbudsjettet til fornybar energi i utviklingsland. Sjå tabell 14.1 for ei oversikt over eit utval av slik støtte over budsjettet til Utanriksdepartementet.

14.17 Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Det er ei rekkje tiltak i andre land som får støtte over statsbudsjettet. Tabellen under gir ei oversikt over slik støtte over budsjettet til Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Tabell 14.1 Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Tiltak/ verkemiddel

Ansv. departement

Kort beskriving

Relevante budsj.postar

Årleg klimaeffekt

kort sikt

lengre sikt

Klima- og skogsatsinga

KLD

Støtte (utviklings-bistand) til å redusere utslepp frå tropisk skog i utviklingsland

Kap. 1482 post 73

Det blir betalt for ca. 15 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp i 2020

Det blir betalt for ca. 20 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp i 2021

Kjøp av klimakvotar

KLD

Støtte til FN-godkjende klimaprosjekt i utviklingsland

Kap. 1481 post 22 og 23

Ca. 7 mill. tonn verifiserte utslepps-reduksjonar i 2019

Ca. 47 mill. tonn verifiserte utsleppsreduksjonar for perioden 2013–2020

Det grøne klimafondet

UD

Støtte til klimatiltak i utviklingsland

Kap. 163 post 70

1,6 mrd. tonn (aggr.)1

Global Environment Facility

UD

Støtte til klima- og miljøtiltak i utviklingsland

Kap 163 post 70

923 mill. tonn (aggr.)2

Fornybar Energi

UD

Døme frå nokre norskstøtta prosjekt

Kap. 162 post 72, 75 og 95 (hovudsakleg)

Norfund

Ca. 4,6 mill. tonn

Vil auke betydeleg

Energising Development

Ca. 2,3 mill. tonn

Vil truleg auke noko

Scaling Up Renewable Energy Programme

Ca. 36.000 tonn

Ca. 5,5 mill. tonn

Sustainable Energy Fund Africa

Ca. 5.5 mill. tonn

Get Fit Uganda

Ca. 0,21 mill. tonn

Ca. 0,4 mill. tonn

Mount Coffee Liberia

Ca. 0,25 mill. tonn

Ca. 0,25 mill. tonn

Nordic Climate Facility

0,4 mill. tonn

Klimatilpassing

UD

Støtte til ulike klimatilpassingstiltak, t.d.. klimasmart jordbruk

Fleire kap.

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

1 Noreg bidrar med knappe 4 pst. av samla støtte til Det grøne Klimafondet som gjennom 124 tiltak med ei samla ramme på USD 5,6 mrd. blir forventa å bidra til framtidige inngåtte utslepp på 1,6 mrd. tonn over levetida for prosjekta.

2 Den norske støtta til det Globale miljøfondet (GEF) utgjer 2 pst. av GEFs totale ressursar. Så langt er prosjektet med forventa utsleppsreduksjon på omlag 1,2 mrd. tonn godkjente.

15 Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane

15.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane.

Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge, vedteken av Stortinget gjennom Innst. 47 S (2012–2013), er gjeldande nasjonal strategi og gir føringar for arbeidet med klimatilpassing i Noreg.

Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre policy-dokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, teke opp kva klimaendringane inneber og behovet for klimatilpassing. I 2019 publiserte FNs klimapanel to spesialrapportar om klimaendringar og landareal og hav og kryosfære. Sjå IPCC3 og Miljøstatus4 for meir informasjon om klimaendringar og utslepp i Noreg.

15.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og styresmakter. I tråd med sektorprinsippet har alle departement ansvar for å sikre omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet (KLD) legg til rette for regjeringas heilskaplege arbeid på området. Miljødirektoratet koordinerer det nasjonale klimatilpassingsarbeidet på vegne av KLD. I 2020 blei det i KLDs budsjett sett av 5 mill. kroner til Miljødirektoratets koordinerande arbeid med klimatilpassing. Midlane er nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging på lokalt og regionalt nivå, og til støtte til Norsk klimaservicesenter (KSS). KSS er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, NORCE og Bjerknessenteret. Miljødirektoratet nyttar også eigne midlar til klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet sit i styret i Norsk klimaservicesenter og gir oppdragsbrev og økonomisk støtte til senteret.

Miljødirektoratet stiller i styringsdialogen sin forventningar til at fylkesmannen og sysselmannen arbeider med klimatilpassing. I 2019 har alle embete rapportert til direktoratet om korleis klimaendringar og klimatilpassing blei teke omsyn til i kommunane sine plansaker som var på høyring hos fylkesmennene i 2018.

Tilskotsordninga for klimatilpassing blei vidareført med 6,4 mill. kroner i 20205. I perioden frå 2015 til 2020 blei i overkant av 33 mill. kroner fordelte på om lag 108 ulike prosjekt.

15.3 Oppfølging av arbeidet med klimatilpassing i Noreg

Norsk klimaservicesenter (KSS) har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle landets fylke. I 2019 publiserte KSS klimaframskrivingar for Svalbard6 og klimaprofil for Longyearbyen7. I 2020 vil dei fylkesvise klimaprofilane for Fastlands-Noreg bli oppdaterte, mellom anna med nye tilrådingar om klimapåslag på ekstrem kortidsnedbør. I 2020 blir det lagt planar for nye klimaframskrivingar for Noreg baserte på IPCCs sjette hovudrapport, som blir ferdigstilt i 2021.

Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og lova er sentral i arbeidet med klimatilpassing i kommunane. Det er i all hovudsak kommunane som avgjer arealbruken i landet, gjennom arealplanane sine. Plan- og bygningslova gir kommunar mykje ansvar og eit stort handlingsrom i samfunns- og arealplanlegginga. Klimaendringane vi allereie står overfor, inneber at kommunar må ta omsyn til auka nedbør og større risiko for skred og flaum når dei lager planane sine.

Det ligg eit nasjonalt ansvar på fagstyresmakter og departement når det gjeld å rettleie kommunane i å ta gode avgjerder om klimavennleg arealbruk. For å formidle nasjonale omsyn og politikk knytt til arealbruk utarbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging kvart fjerde år. Regjeringa vedtok dei gjeldande Nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging 2019–2023 ved kongeleg resolusjon 14. mai 2019. Statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing blei fastsette hausten 2018. Rettleiing til delen som handlar om klimatilpassing, blei utarbeidde i 20198. Miljødirektoratet leidde arbeidet, og rettleiaren blei laga i samarbeid med 11 direktorat, fire kommunar, tre fylkeskommunar, tre fylkesmenn, Sametinget, KS og KSS. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har også vore involvert. Rettleiaren er digital og ligg på Klimatilpasning.no.

Våren 2020 sende KMD ut på høyring forslag til endringar i plan- og bygningslova. Miljødirektoratet sende på høyring forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova, og Direktoratet for byggkvalitet sende på høyring forslag til justeringar i byggjesaksforskrifta og byggteknisk forskrift. Formålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn.

På oppdrag frå KLD og KMD gjennomgår Miljødirektoratet kva slags klimarisiko kommunane er eksponerte for, korleis kommunane kan handtere slik risiko, og korleis dette arbeidet kan styrkjast. Arbeidet medverkar til regjeringas oppfølging av Klimarisikoutvalets rapport (NOU 2018: 17)9.

Kunnskapen om klimaendringane i Noreg og verknadene av dei er styrkt dei siste åra. Samtidig er det behov for ny og auka kunnskap for å betre den heilskaplege forståinga av korleis klimaendringane påverkar Noreg. Miljødirektoratet har i 2020 gjort ei vurdering av korleis kunnskapsgrunnlaget kan vidareutviklast i det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet på oppdrag frå KLD.

15.4 Informasjon, kapasitetsbygging og utdanning

Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og webinar for kommunar10 i samarbeid med andre aktørar. Klimatilpasning.no skal medverke til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Direktorata medverkar med innhald på nettsida innanfor sine ansvarsområde. Klimatilpasning.no har i 2020 blitt lagt over på ny hovudnettstad for Miljødirektoratet.

Alle fylke har no fått støtte til å gjennomføre introduksjonskurs i klimatilpassing, Værsmart!, for kommunar.

15.5 Nettverk og samarbeid

Klimatilpassingsnettverket I front blir koordinert av Miljødirektoratet. Første strategiperiode blei avslutta ved utgangen av 2019, og ny strategi definerer mål og rammer for ein ny femårsperiode for nettverket frå 2020 til 2025. Nettverket er utvida frå 11 til 14 bykommunar frå alle fylke i landet. Kommunesektorens organisasjon (KS) har også eit pågåande kommunenettverk for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing. Nettverket har sett søkjelys på integrering av omsynet til klimaendringar i planprosessar.

Nettverket Naturfareforum, med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar og frå KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å redusere Noregs sårbarheit for uønskte naturhendingar.

Miljødirektoratet leier ei gruppe samansett av 14 direktorat og statlege selskap. Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å vidareutvikle det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.

15.6 Forsking

Forskingsrådet støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing. Det er utlyst 70 mill. kroner til forsking på effektar av klimaendringar på natur og samfunn og inntil 60 mill. kroner til forsking på effektar av endringar i Arktis våren 2020 for Forskarprosjekt for fornying.

Klima 2050, eit senter for forskingsbasert innovasjon (SFI), skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. Som del av programmet blir det forska på avgjerdsprosessar og verkemiddel for klimatilpassing.

Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing opna i 2018 og skal få fram og samle kunnskap om korleis vi kan førebu oss på klimaendringane på tvers av sektorar og fagfelt. Senteret får støtte over statsbudsjettet.

Overgangen til lågutsleppssamfunnet gjeld alle næringar og sektorar, og det er derfor viktig med ei brei tilnærming til forsking og innovasjon på dette området. Det blir årleg løyvd betydeleg støtte til heile FoU-kjeda, noko som også fører med seg at ressursar er tilgjengelege for FoU relatert til klimatilpassing gjennom generelle ordningar. I 2019 rapporterer til dømes Noregs forskingsråd at Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), som er ein open konkurransearena for næringsretta prosjekt, forvaltar ein portefølje med 65 «grøne» næringsretta prosjekt med eit samla investeringsvolum på 642 mill. kroner.

15.7 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

Samfunnstryggleik og naturfare

DSB skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet, og naturfarar er ein betydeleg del av risikobiletet. DSB gjennomfører årleg ei undersøking om kommunane sitt arbeid med kommunal beredskapsplikt. Undersøkinga i 2019 viser at kritiske samfunnsfunksjonar er sårbare ved alvorlege naturhendingar11.

Kunnskapsbanken, eit webbasert verktøy som DSB planlegg å lansere hausten 2020, samlar informasjon om naturhendingar frå mange ulike etatar og private forsikringsselskap. Data skal kunne brukast i lokalt og regionalt samfunnstryggleiksarbeid.

DSB gjennomførte i 2019 ein analyse av skogbrannberedskapen i Noreg, sett opp mot erfaringane frå brannane i Norden dei seinare åra og forventa klimaendringar i eit tiårsperspektiv12. Hovudformålet var å gi ei vurdering av om beredskapen i dag kan handtere skogbrannar som vi bør vere førebudde på i framtida, og dersom det ikkje er tilfellet, kva må til for at beredskapen skal vere god nok. Tiltaka som er føreslåtte, har eit nasjonalt perspektiv, men analysen inkluderer òg regionale og lokale problemstillingar av generell karakter.

DSB har gjennomført fleire tiltak som gjer Nødnett betre rusta til ekstremvêr, mellom anna auka reservestraumkapasitet, generell utbetring av aggregat, auka bruk av solcellepanel på basestasjonar utan fast straumtilførsel og transportable basestasjonar i beredskap hos Sivilforsvaret i alle landsdelane. Desse blei mellom anna brukte etter jordskreda i Jølster.

Med klimaendringane har det internasjonalt vore aukande merksemd rundt Natech-ulykker (Natural hazard triggered technological accidents). Slike hendingar kan utløyse til dømes store ulykker med brann, eksplosjon og utslepp av giftige kjemikaliar hos verksemder, og kan skilje seg frå tradisjonelle tekniske ulykker på fleire måtar. DSB har derfor starta arbeidet med å lage ein ny rettleiar i korleis verksemder med farlege kjemikaliar skal vurdere risikoen for ulykker som blir utløyste av naturfarar.

Energi- og vassressursane i Noreg blir forvalta av NVE. I tillegg har NVE statlege forvaltningsoppgåver innanfor skredførebygging. Konsekvensane av klimaendringane har stor betydning for direktoratets ansvarsområde. Direktoratet arbeider etter ein egen klimatilpassingsstrategi, med tilhøyrande handlingsplanar. NVE er partner i Norsk klimaservicesenter og deltar også i Klima2050. Generelt er klimatilpassing godt integrert i NVEs forvaltning.

NVE har god oversikt over kor sårbar kraftinfrastrukturen er for klimaendringar, og analyserer kva klimaendringar inneber for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon.

NVE hjelper kommunane med å førebyggje flaum- og skredskadar gjennom kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. NVE sluttførte 41 sikringstiltak i 2019. Gjennom ei eiga tilskotsordning har NVE i 2019/2020 også medverka til at 19 kommunar har kartlagt bekker med kritiske punkt. Frå 2019 har NVE fått i oppgåve å hjelpe kommunane med å førebyggje skade frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing til kommunal arealplanlegging. I 2020 startar eit nytt FoU-prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd (KLIMAFORSK) med fokus på å ta i bruk nye statistiske metodar for å berekne brukarrelevante dimensjonerande verdiar for klimatilpassa infrastruktur og overvasstiltak.

Klimaendringar er òg integrerte i NVEs arbeid med forskrifter, retningslinjer og rettleiarar der det er relevant, og i eit kost–nytte-verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal beskytte mot flaum og skred. Effekten av klimaendringar på flaum blir mellom anna gjort synleg i NVEs flaumsonekart.

For å byggje kompetanse hos kommunar, konsulentar og eksterne interessentar i det førebyggjande arbeidet mot flaum-, skred- og overvasskadar gjennomfører NVE regionale samlingar og deltek på seminar og møte. Dette er med på å betre samfunnets evne til å handtere desse risikoane i eit klima i endring. I 2020 har NVE vurdert kva innverknad klimatilpassingsdelen av SPR for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing får for NVEs forvaltningsområde.

Kartverket etablerer, forvaltar og formidlar data som har innverknad på klimatilpassing, følgjer opp regjeringa sin geodatastrategi frå 2018 der ei rekkje tiltak relevante for klimatilpassing er under utvikling, og driftar Geonorge. Samordna digital tilgang er vesentleg i nye fulldigitale prosessar som ePlansak og eByggesak der samfunnstryggleik og klimatilpassing skal behandlast. Kartverket koordinerer arbeid med digitalisering av kommune- og reguleringsplanar og arbeid med det offentlege kartgrunnlaget (DOK), for bruk i arealplanlegging og byggjesak. I samarbeid med andre etatar pågår det ei kartlegging for å etablere ein detaljert høgde- og terrengmodell for heile landet. Denne pågår fram til 2022 og styrkjer beredskapsarbeidet ved at ein kan berekne stormflod- og flaumsoner og skredfare meir nøyaktig enn tidlegare. I samarbeid med kommunar blir det utvikla eit meir detaljert elvenettverk der stikkrenner og røyr i grunnen blir inkluderte, noko som sikrar at flaumberekning og overvassanalysar kan utførast betre. Kartverket driftar det nasjonale observasjonssystemet for havnivå og vasstand og formidlar data på Se havnivå. Kartverket tilbyr òg tenesta Se havnivå i kart og deltek aktivt i regionale og nasjonale samlingar med søkjelys på klimatilpassing, og med kompetanse og rettleiing i spesifikke situasjonar slik som stormflodhendingar.

Natur, miljø, landbruk og økosystemer

Miljødirektoratet vedtok i 2018 ein klimatilpassingsstrategi og handlingsplan13. Arbeidet med klimatilpassing innanfor naturforvaltninga er styrkt, mellom anna gjennom ei ny satsing på klima, areal og naturmangfald som går til 2025. Satsinga skal sørgje for at direktoratet har ei meir heilskapleg tilnærming til klima og naturmangfald. Strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde er oppdatert. Den legg til grunn at klimaendringane venteleg vil gi auka stress for mange av artane og naturtypane i verneområda og kan gi endringar i samansetjinga av artar. I 2019 har direktoratet kartlagt alle raudlista naturtypar på land som er påverka av klimaendringar, i utvalde pressområde. Dette vil medverke til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om verknader av klimaendringar for truga artar, truga naturtypar og framande artar.

Forslag til heilskapleg plan for Oslofjorden blei levert i 2019. Klimautviklinga og auka befolkningspress er dei store drivkreftene bak ei negativ miljøutvikling i fjorden og at ein stadig mindre del av strandsona er tilgjengeleg for friluftslivsutfalding for allmenta. Fleire av miljøtiltaka som er føreslått, innan mellom anna avløp/overvatn og landbruk, skal også handtere eit endra klima med høgare temperaturar og meir intensive nedbørsepisodar.

Konsekvensar av klimaendringar på natur og miljø blir formidla i ulike kanalar og forum. Miljødirektoratet har publisert faktaark og kartforteljingar om havets rolle i klimasystemet og om verknader av klimaendringar i hav og kystområde. Miljøgiftkonferansen 2019 tok opp ulike problemstillingar knytte til klimaendringar og miljøgifter, og direktoratet har gjennomført lanseringar av spesialrapportane frå FNs klimapanel om klima og landareal og hav og kryosfære hausten 2019.

Riksantikvaren utarbeider ny strategi og handlingsplan for klimarelatert arbeid. Direktoratet samarbeider med Sverige, Skottland og Island i eit prosjekt om å utvikle arbeidsmetodikk og verktøy for risikovurdering og planlegging av tiltak for å sikre kulturminne og kulturmiljø i eit endra klima. Aurland kommune er med som assosiert partnar, i tillegg er rettleiing testa ut midtvegs på tre andre kommunar. Prosjektet blir avslutta medio 2020. Som ei oppfølging av prosjektet vil Riksantikvaren leggje til rette rettleiingane for bruk i Noreg for både kommunar og eigarar av kulturminne.

Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon og Riksantikvaren samarbeider om bruk av tilskot for oppgradering av klimaskalet på verneverdige kyrkjer. Det blir gjennomført risikovurderingar frå flaum og ras ved bruk av GIS og geologisk kompetanse. Arbeidet vil bli følgt opp med risikoreduserande tiltak på enkeltkyrkjer og formidling om temaet.

Riksantikvaren har fleire miljøovervakingsprogram som kartlegg korleis klimaendringar påverkar kulturminne, kulturmiljø og landskap, til dømes status og tilstandsovervaking av kulturlag i utvalde mellomalderbyar og overvaking av korleis klimaendringane påverkar mellomalderbygningar og bygningar på verdsarvstadene i Bergen og Røros. Etaten har i fleire år sett søkjelys på klimarelaterte skadar på arkeologiske kulturminne ved prioritering av tilskot til sikringsundersøkingar.

Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar areal- og ressursforvaltning generelt og tilpassingar i jord- og skogbruksproduksjonen. Gardbrukarane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, til dømes ved val av vekstar og driftsmetodar som er betre tilpassa eit endra nedbørsmønster og høgare temperatur. Dei må også handtere vanskar som kan dukke opp meir akutt, som sjukdommar og ekstremvêr. Produsentane er igjen avhengige av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv.

Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan medverke til at jordbruket står betre rusta, mellom anna til drenering av jordbruksareal, etablering og utbetring av hydrotekniske anlegg, bygging av landbruksvegar, utvikling og produksjon av klimatilpassa plantemateriale og bevaring av genetiske ressursar. Klima- og miljøprogrammet gir økonomisk støtte til fleire prosjekt innanfor klimatilpassing i landbruket. Prosjekta knyter seg både til førebygging av skadar på jord og avlingar og til moglegheiter for å halde oppe og auke avlingane med endra klima. Forsking på klimatilpassa matproduksjon er prioritert over Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Landbruks- og matdepartementet vil òg gjennomgå beredskapen for å unngå auka førekomst av skadegjerarar i jord- og skogbruksproduksjonen. Beredskapen innanfor klimarelaterte skogskadar, med hovudvekt på skogbrann og stormfelling for å sikre god samhandling mellom dei departement det gjeld, og mellom skogbruket og dei operative beredskapsetatane, vil bli vurdert. Landbruks- og matdepartementet ser på vernskogforskriftene under skogbrukslova som ledd i klimatilpassing av skogbruket.

Landbruks- og matdepartementet vil òg vurdere beredskapen for å førebyggje konsekvensar av ekstremnedbør og overfløyming på jordbruksareal og vurdere om slike areal også kan verke flaumdempande.

Ved planlegging og bygging av landbruksveg blir det no lagt større vekt på tiltak som reduserer risiko for ras og flaumskadar. Linjeføring, stikkrennedimensjon og vassfordeling ved flaum får større merksemd.

Prosjektet NiN – skog i skredfarekartlegging skal avklare omgrep som skildrar naturgitte eigenskapar ved skog som er viktige for skogens funksjon som vern mot skred. Rapporten peiker òg på dei økonomiske og politiske utfordringane ved bruk av skog til dette formålet.

Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjon medverkar til å redusere økonomisk tap ved klimabetinga produksjonssvikt. For skadeåret 2019 er det per 28. april 2020 utbetalt omtrent 30 mill. kroner. Til samanlikning blei det som følgje av tørkesommaren i 2018 utbetalt nærmare 2 mrd. kroner i erstatning for avlingssvikt. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar.

Mattilsynet har ansvar for tryggleik i hele matkjeda frå jord/fjord til bord, og for trygt drikkevatn. Endra klima vil mellom anna endre sjukdomspanoramaet hos plantar, dyr, fisk og menneske og føre til utfordringar for dyrevelferda. Reindrifta har store utfordringar med fôrmangel som følgje av ekstreme snømengder i vinter, særleg i Nord-Noreg. Snøsmelting og flaum kan true drikkevassforsyninga. Villsvinbestanden er i vekst. Handlingsplanen mot villsvin, som Miljødirektoratet eig, omfattar viktige tiltak som kan førebyggje innførsel av nye sjukdommar via villsvin.

Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for regnflaum, skred og stormflod gir utfordringar for transport og samferdsel. Nasjonal transportplan (2018–2029) gir føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er også ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i samferdselssektoren, som blei lansert i 2015. Strategien blir følgd opp av underliggjande etatar.

Kystverket samarbeider med relevante aktørar i arbeidet med klimatilpassing, både ved utarbeiding av kunnskapsgrunnlag og i samband med førebygging, varsling og handtering av hendingar. Videre tek Kystverket høgd for klimaendringar ved planlegging, dimensjonering og drift av eigen infrastruktur og system. Det blir arbeidd med å integrere klimaomsyn i relevante planprosessar, utgreiingar og analysar. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt (MET) for framskriving av miljølaster for planlegging og dimensjonering av installasjonar og navigasjonsvarsel.

Statens vegvesen har fått ny organisasjon i 2020. Etaten følgjer sin «Strategi for samfunnssikkerhet i vegtransport» frå 2017. Ein nyutvikla metodikk for ROS-analysar i vegplanlegging blir implementert på vegprosjekt. Det blir jobba med kostnader og kost–nytte-analysar, mellom anna ved hjelp av pilotprosjekt innanfor klimatilpassing. Implementering av kunnskap om effekten av klimaendringar i normalar og retningslinjer er eit av dei viktigaste verkemidla til etaten. Ny rettleiar for drenering og vasshandtering blir publisert i 2020. Mange av oppgåvene til Statens vegvesen støttar opp under klimatilpassing, slik som skredsikring og skredvarsling, som blir gjort i samarbeid med NVE og MET på varsom.no.

I jernbanesektoren tek Bane NOR hand om det operative arbeidet med klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er integrert i Bane NORs arbeid gjennom fortløpande oppdatering av handbøker, retningslinjer og standardar.

Bane NOR har handlingsplan for klimatilpassing som skal sikre risikobasert og kostnadseffektive klimatilpassingstiltak. Bane NOR deltek i Naturfareforum. I 2020 skal det arbeidast vidare med systematisk skredfarekartlegging som grunnlag for heilskapleg, risikobasert tiltaksgjennomføring. Klima 2050 gjennomfører ein pilot frå 2019 til 2022, Skredvarsling basert på instrumentering. Målsetjinga er å teste ut moglegheita for varsling av auka fare for jordskred og kollaps av jernbanefyllingar basert på instrumentering og fysisk modellering av stabilitetsforholda for skråningar og fyllingar.

Tilpassing til klimaendringar inngår i Avinors arbeid med tryggleik og risikoførebygging, og blir følgt opp strategisk som ein del av konsernets klimaprogram. Avinor har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing sidan 2001. Selskapet integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i byggjeprosjekt gjennom styringssystemet, standardar og masterplanutviklinga på kvar enkelt lufthamn. Det er planlagt ei oppdatering av konsernets klimarisiko- og sårbarheitsrapport frå 2014. Avinor deltek i forskingssenteret Klima 2050.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) skal fremje byggkvalitet på område som ikkje er regulerte og fremje løysingar utover minimumskrava i byggteknisk forskrift. Dette er ei rolle som er under utvikling. Det er utarbeidd ein strategi for betre byggkvalitet i eksisterande bustader der klimatilpassing er eit sentralt tema. Med bakgrunn i dette arbeider DIBK med å utvikle råd retta mot bustadeigaren. Dette skal gjere det lettare for bustadeigarar å gjere val som gir betre byggkvalitet når dei held ved like, pussar opp eller byggjer om. I tillegg til klimatilpassing er energi og tilgjengelegheit sentrale tema i prosjektet. DiBK har også fått i oppdrag å følgje opp overvassutvalets forslag til endringar i TEK 17 og SAK. Arbeidet blir gjennomført i 2020 og er koordinert med KMD. Funksjonsbaserte reglar i teknisk forskrift inneber at byggverk skal tole dei påkjenningane dei blir utsette for i levetida si, inkludert endra klima. Døme er krav knytte til plassering, fukt, inneklima, konstruksjonssikkerheit, materialval og val av produkt.

Industri og næringsliv

Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og miljø i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping, i eigardialogen med selskap med statleg eigardel. Det følgjer av eigarskapsmeldinga at staten forventar at selskap med statleg eigardel har ein overordna plan for berekraftig verdiskaping, og at dei arbeider for å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt. Eit berekraftig selskap balanserer økonomiske, sosiale og miljømessige forhold på ein måte som medverkar til langsiktig verdiskaping og slik at dagens behov blir møtte utan å øydeleggje moglegheita for at kommande generasjonar kan få dekt behova sine. Klimaendringar er omtalte i eigarskapsmeldinga som døme på ein verdidrivar som vil medføre risiko og moglegheiter for selskapa. Som kunnskapsgrunnlag i eigardialogen nyttar ein mellom anna selskapa si eiga rapportering, tilgjengelege eksterne selskapsanalysar og ein rapport om klimarelatert risiko for selskap med statleg eigardel som Nærings- og fiskeridepartementet fekk utarbeidd i 2017 i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap, i tillegg til Klimarisikoutvalets rapport, NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi.

Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgitte føresetnader. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram kunnskap om havets rolle i klimasystemet og kva konsekvensar klimaendringane har for marine økosystem og ressursar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiinga av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Derfor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra.

Helse

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som kan verke inn på den, under dette forhold relatert til klimaendringar, som auka ulykkes‐ og sjukdomsrisiko knytt til mellom anna flaum‐ og skredfare, dårleg vedlikehalde leidningsnett for vassforsyning, mogleg auke av vektorborne smitteberarar, nye sjukdommar og utvida pollensesong. Temperaturauken som følgje av klimaendringar vil venteleg gi behov for temperaturregulerande tiltak i sjukehus og andre helseinstitusjonar. Lokalt må ein òg ha beredskap med tanke på moglege posttraumatiske lidingar, depresjon og angstlidingar i etterkant av ekstremvêr og naturkatastrofar.

Folkehelseinstituttet (FHI) deltek i EURO Climate, leidd av WHO, som har årlege møte om helse og klima. På møtet i 2019 blei det lagt vekt på korleis klimaendringar påverkar helse, mellom anna i nordområda. Folkehelseinstituttet deltek også i EU-prosjekt som ser på korleis klimaparametrar og forureining kvar for seg og saman påverkar folks helse i Noreg. Instituttet er vidare oppteke av førekomsten og utbreiinga av zoonosar og eventuelle endringar som følgje av pågåande miljø- og klimaendringar, som på sikt kan innebere human eksponering for «nye» zoonosar og/eller endring i eksisterande human eksponering for desse sjukdommane. FHI deltek også i eit EU-prosjekt der instituttet mellom anna er med på forsking på zoonosar og utvikling av nye metodar og verktøy for infeksjonsovervaking, slik at matborne sjukdomsutbrot kan oppdagast tidlegare.

Utanriks- og tryggleikspolitikk

I Meld. St. 36 (2016–2017) Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk er det peikt på at klimaendringar vil påverke Noregs tryggleik. Klimaendringar utgjer ikkje ein tryggingspolitisk trussel i tradisjonell forstand, men kan forsterke effekten av andre utfordringar som har konsekvensar for fred og tryggleik og medverkar til auka risiko. Framover er det viktig å utvikle ei systematisk tilnærming til å forstå, oppdage og handtere auka risiko for ustabilitet, utryggleik og konflikt som følgje av klimaendringar og korleis dette svekkjer evna til å førebyggje, handtere og løyse konfliktar. Utanriksdepartementet medverkar til å styrkje kompetanse, kapasitet, informasjons- og analysegrunnlag for å bidra til at klimarelaterte tryggleiksrisikoar og -truslar blir integrerte i avgjerdsgrunnlag som blir utarbeidde for diskusjonar, mellom anna i FNs tryggingsråd og i Den afrikanske union. Utanriksdepartementet har vidare i samarbeid med dei departementa det gjeld, sett i gang arbeid for å auke medvitet om tryggingspolitisk risiko knytt til klimaendringar, mellom anna gjennom å halde seminar arrangerte av faginstitusjonar i Noreg.

Klimaendringane skjer spesielt raskt i Arktis. Arbeidsgruppene i Arktisk råd legg jamleg fram rapportar om klimaendringane og miljøtilstanden i Arktis. Rapportane er viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for klimatilpassing, og for IPCCs arbeid med spesialrapportar og hovudrapportar. Arktisk råd har styrkt samarbeidet sitt innanfor klima og meteorologi for å gi betre kunnskapsgrunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord.

Fotnotar

1.

NOU 2018: 17 Klimaririsko og norsk økonomi.

2.

For skog og annan arealbruk blir det ikkje utarbeidd førebels tal for 2019.

3.

https://www.ipcc.ch/

4.

https://www.miljostatus.no/

5.

https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Soknader/Info.aspx?id=32&Menyvalg=SOKNADSSENTER /

6.

https://klimaservicesenter.no/faces/desktop/article.xhtml?uri=klimaservicesenteret/climate-in- svalbard-2100

7.

https://klimaservicesenter.no/faces/desktop/article.xhtml?uri=klimaservicesenteret/klimaprofiler/klimaprofil-longyearbyen

8.

8. https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/ klimaarbeid/klimatilpasning/veiledning-til-statlige- planretningslinjer-for-klimatilpasning/

9.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2018-17/id2622043/?ch=1

10.

https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/webinar

11.

https://www.dsbinfo.no/DSBno/2019/rapport/ku2019/?page=1

12.

https://www.dsb.no/veiledere-handboker-og-informasjonsmateriell/beredskapsanalyse-skogbrann/

13.

http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/2018/April-2018/Klimatilpasning-2018-2022/

Til forsida