Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Avgift på elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta i datasenter

12.1 Innleiing og samandrag

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 at elektrisk kraft som vert levert til utvinning av kryptovaluta i datasenter, ikkje skal omfattas av redusert elavgift, jf. Innst. 3 S (2018–2019) punkt 13.6. Redusert elavgift til datasenter skal elles vidareførast uendra slik som i dag. Stortinget føresette at Finansdepartementet skulle utarbeide framlegg om avgrensingar og gjennomføring, og sende det på høyring. Departementet fekk fullmakt til å fastsetje endeleg tid for iverksetjing. I Revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det synt til at vedtaket inneber statsstøtte. Avklaring med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) er difor naudsynt før vedtaket kan ta til å gjelde.

Framlegget har vore på høyring. 17 høyringsinstansar har hatt innspel til saka. Instansane er i hovudsak negative til framlegget fordi det er avgiftsteknisk vanskeleg å gjennomføre og kontrollere, EØS-rettsleg usikkert, medfører administrative kostnadar for dei avgiftspliktige nettselskapa, og motverkar eit ønskje om etablering av fleire datasenter i Noreg. Næringa opplever situasjonen som uviss og lite føreseieleg, noko som er uheldig.

Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har hatt dialog med ESA om endringa. I lys av dialogen bør iverksetjing av endringa framleis vurderast som EØS-rettsleg usikker.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om oppheving av vedtaket om at elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta i datasenter vert ilagt full avgift. Departementet viser til framlegg om endring av Stortingets vedtak om avgift på elektrisk kraft romartal II § 1 andre ledd bokstav c.

12.2 Bakgrunn og gjeldande rett

Ved levering av elektrisk kraft til forbrukar skal det i 2020 betalast avgift til statskassa med 16,13 øre per kilowattime (kWh), jf. vedtaket om avgift på elektrisk kraft § 1 første ledd. For elektrisk kraft til store datasenter skal det betalast redusert avgift med 0,505 øre per kWh. Redusert elavgift for store datasenter vart innført 1. januar 2016, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 9.6 og Prop. 1 LS (2016–2017) punkt 10.6. Føremålet er å gjere Noreg attraktivt for lokalisering av store datasenter. Frå den tid departementet fastset skal det for elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta i datasenter betalast full avgift, jf. vedtaket romartal II § 1 andre ledd bokstav c.

Eit datasenter er avgiftsrettsleg eit føretak som har lagring og/eller prosessering av data som hovudsakleg næringsverksemd, jf. særavgiftsforskriften § 3-12-6. Plikta til å betale avgifta til statskassa ligg hos nettselskapa som leverer den elektriske krafta til datasenteret, jf. særavgiftsforskriften § 5-1 bokstav d. Nettselskapa er registreringspliktige for avgifta og skal fastsetje grunnlaget og berekne avgifta i skattemeldinga til Skatteetaten, jf. skatteforvaltningsloven §§ 9-1, 9-2 og 8-4. Avgiftsreduksjonen til datasenter skjer i dag som direkte fritak mot erklæring frå datasenteret til nettselskapet om at vilkår for fritak er oppfylt, jf. særavgiftsforskriften §§ 3-12-10 og 3-12-11.

12.3 Høyringa

Den 16. mai 2019 sendte Skattedirektoratet på høyring eit framlegg om vidareføring av redusert elavgift til store datasenter, men unntatt kraft til utvinning av kryptovaluta som skal betale full avgift. Framlegget innebar avgrensing av «utvinning av kryptovaluta» i forskrift. Framlegget føresette vidareføring av redusert sats i form av direkte fritak mot kvartalsvise erklæringar frå datasenteret til nettselskapet om fordelinga av kraftforbruket i datasenteret. Det vart peikt på at unntaket kunne verte vanskeleg å kontrollere for Skatteetaten fordi forbruket av elektrisk kraft i datasenteret ikkje vert målt etter kva krafta vert brukt til. Det vart òg peikt på konsekvensar for næringa og administrative kostnadar for datasentera og nettselskapa. Høyringsfristen vart sett til 27. juni 2019. I alt har 17 høyringsinstansar hatt innspel. Instansane er i hovudsak negative til framlegget.

NHO, IKT Norge, Abelia, Bulk Infrastructure, DigiPlex, Green Mountain og Industrikommunene tek særleg til orde for at framlegget vil svekkje konkurransekrafta og gje færre investeringar og mindre innovasjon i næringa i Noreg. IKT Norge og Abelia viser òg til ei vurdering frå advokat Christian Hambro med EØS-innvendingar (statsstøtte) om framlegget.

Energi Norge, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Lyse Elnett, Agder Energi Nett, Statskraft SFE Nett, Hafslund nett, Ringerikskraft, TrønderEnergi Nett og NTE Nett framhevar særskilt dei administrative kostnadane framlegget kan påføre nettselskapa som har ansvaret for å betale avgifta til statskassa. Fleire av instansane tek vidare til orde for at det er vanskeleg både for datasentera og nettselskapa å dokumentere og kontrollere ei fordeling mellom forbruk av kraft med full og redusert elavgift. Nettselskapa risikerer økonomisk tap ved feil. Fleire av instansane peiker òg på at framlegget gjer det krevjande for nettselskapa å fakturere kraftforbruket i datasentera.

Bitcoin- og Blockchainforeningen, Bluefjord AS og Vestlandsforsking meiner mellom anna at framlegget inneheld fleire uklare tekniske avgrensingar. Dei tek òg til orde for at styresmaktene heller burde omfamne og leggje til rette for utviklinga av ny teknologi med føreseielege rammevilkår.

Advokatforeningen tek til orde for at framlegget er eigna til å svekkje delar av næringa i Noreg. Dei peiker på at framlegget verkar lite treffsikkert, proporsjonalt, transparent og praktikabelt. Foreininga er òg kritisk til om framlegget er haldbart etter EØS-avtalen (statsstøtte).

12.4 Vurderingar og framlegg

Stortinget har ikkje omtalt føremålet med vedtaket om full elavgift for elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta i eit datasenter, jf. Innst. 3 S (2018–2019) punkt 13.6. Finansministrene og sentralbanksjefane i G20 har peika på at utvinning og bruk av virtuelle valutaer og kryptovaluta kan vere forbundne med utfordringar for samfunnet. Både norske og europeiske styresmakter, samt styresmakter i andre land, har fleire gonger åtvara om desse utfordringane. Dette gjeld spørsmål i samband med mellom anna forbrukar- og investorvern, svindel, kvitvasking og terrorfinansiering. Reint fagleg er det i høve til elavgifta ingen gode argument for ulik behandling av kraftforbruket i eit datasenter etter kva den elektriske krafta vert brukt til. Finansdepartementet kjenner heller ikkje til at andre land med liknande fritak i elavgifta har innført avgrensingar mot utvinning av kryptovaluta, eller at dei har planar om det.

Høyringsinstansane er negative til framlegget. Skattedirektoratet tilrår ikkje framlegget etter høyringa. Det er òg usikkert om og eventuelt når endringa kan ta til å gjelde etter EØS-avtalen. Næringa opplever situasjonen som uviss og lite føreseieleg, noko som er uheldig.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om oppheving av vedtaket om at elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta i datasenter vert ilagt full avgift. Departementet viser til framlegg om endring av Stortingets vedtak om avgift på elektrisk kraft romartal II § 1 andre ledd bokstav c.

12.5 Administrative og økonomiske følgjer

Departementet kan ikkje sjå at framlegget medfører administrative eller økonomiske følgjer av betyding. For budsjettåret 2019 vart endringa anslått å gje meirinntekter på om lag 10 mill. kroner bokført. Departementet anslår på usikkert grunnlag provenytapet som følgje av opphevinga til 10 mill. kroner bokført.

12.6 Iverksetjing

Departementet gjer framlegg om at opphevinga av vedtaket tek til å gjelde straks.

Til forsida