Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

17 Meirverdiavgiftsfritak på utolla køyretøy til bruk for ambassadar mm.

Departementet gjer framlegg om å lovfeste meirverdiavgiftsfritak på innanlandsk omsetjing av utolla køyretøy til bruk for ambassadar og konsulat, og deira personell.

Eit slikt fritak har vorte praktisert sidan 1970. Fritaket inneber at ambassadar og konsulat, og deira personell kan kjøpe køyretøy frå forhandlar sitt tollager utan meirverdiavgift.

Når ei vare ligg på eit tollager i Noreg, er ho innført til Noreg. Normalt skal varer tollbehandlast ved innførsel. For varer som ligg på eit tollager skal det likevel først bereknast og betalast toll og avgift, når vara vert teken ut frå tollageret. Eit sal av varer frå tollager vert uansett rekna som innanlandsk omsetjing.

Når ein bilforhandlar sel køyretøy frå tollageret sitt, skal det som hovudregel bereknast og betalast meirverdiavgift. Det er i dag ikkje formell lovheimel for å frita for meirverdiavgift innanlandsk omsetjing av utolla køyretøy til ambassadar og konsulat og deira personell. Fritaket vert difor i dag praktisert ved at det etter søknad vert gitt dispensasjon. Derimot er det formell lovheimel for fritak for meirverdiavgift på innførsel av køyretøy bestemt til bruk for ambassadar og konsulat, og deira personell. Departementet viser til at det er god grunn til å behandle tilfella likt.

Framlegget har ikkje vore sendt på høyring, men departementet legg til grunn at det ikkje er naudsynt. Framlegget vil ikkje ha verknader for provenyet eller administrative følgjer, då framlegget fører vidare gjeldande praksis.

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks. Departementet viser til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven § 6-12.

Til forsida