Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Eigedomsskatt

10.1 Auke av minstegrensa for utskriving av eigedomsskatt

Kommunane skal etter eigedomsskattelova § 14 fjerde ledd ikkje skrive ut eigedomsskatt så framt skatten for den einskilde eigedommen vert mindre enn 50 kroner. Grensa er sett for at kostnadane ved innkrevjinga av eigedomsskatten ikkje skal vere høgare for kommunen enn sjølve skatten.

Medan innkrevjingskostnadane ved eigedomsskatten har vorte større, har minstegrensa ikkje vore endra sidan eigedomsskattelova tok til å gjelde i 1976. I nokre tilfelle vil det difor koste meir å krevje inn skatten enn inntekta er for kommunen. Innkrevjing av eigedomsskatt bør vere rekningssvarande. Departementet gjer framlegg om å auke minstegrensa i eigedomsskattelova § 14 fjerde ledd. 50 kroner i 1976 utgjer om lag 280 kroner etter dagens pengeverdi. Departementet gjer framlegg om å auke beløpsgrensa til 300 kroner, og at endringa tek til å gjelde frå skatteåret 2021.

Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil føre med seg store endringar for kommunane. For kommunar med høge innkrevjingskostnadar vil framlegget difor ha ein positiv økonomisk verknad. For dei skattytarane som betaler mellom 50 og 300 kroner i eigedomsskatt, vil skatten falle heilt bort, noko som òg gjer det enklare for kommunane.

Departementet viser til framlegg om endring i eigedomsskattelova § 14 fjerde ledd.

10.2 Maksimal sats for bustad og fritidsbustad i eigedomsskatten

Regjeringa varsla i Prop. 1 LS (2019 – 2020) Skatter, avgifter og toll 2020 at ho tok sikte på å redusere den maksimale eigedomsskattesatsen for bustad og fritidsbustad frå 5 til 4 promille frå og med 2021. Det vart varsla at endringa ville kome i samband med eit opplegg for kommunane sin økonomi i kommuneproposisjonen for 2021.

Regjeringa varslar no at ein tek sikte på å redusere den maksimale eigedomsskattesatsen for bustad og fritidsbustad frå 2022.

Til forsida