Forsida

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

14 Ny metode for måling av avgassar (WLTP) i eingongsavgifta for varebilar

Eingongsavgifta for person- og varebilar vert berekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOX. EU har over ei tid fasa inn nye reglar for måling av avgassar som skal leggjast til grunn ved typegodkjenning av nye motorvogner. Dei nye reglane inneber mellom anna at det skal nyttast ein ny køyresyklus (Worldwide harmonized Light vehicles Test Procedure (WLTP)) ved målinga. Målinga gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn den gamle New European Driving Cycle (NEDC), som no vert fasa ut. Dette får mellom anna konsekvensar for eingongsavgifta.

Dei nye reglane har vorte fasa inn gradvis. Frå 1. september 2018 er alle nye personbilar målte etter WLTP. For varebilar gjeld fristane eit år seinare. Fram til 2021 vil det òg verte fastsett CO2-utslepp rekna etter NEDC for alle nye person- og varebilar.

I budsjettet for 2020 vart overgangen til WLTP for personbilar gjennomført innanfor ei provenynøytral ramme. Satsane og innslagspunkta i CO2-komponenten i eingongsavgifta vart justerte slik at omlegginga vart om lag provenynøytral. Regjeringa varsla i Revidert nasjonalbudsjett 2019 at for varebilar og campingbilar skal NEDC-verdiar nyttast ved utrekninga av CO2-komponenten i eingongsavgifta ut 2020, og at WLTP vil gjelde frå 1. januar 2021.

Regjeringa vil gjennomføre overgangen til WLTP for varebilar og campingbilar i budsjettet for 2021. Overgangen vil følgje mal frå overgangen for personbilar, ved at den vert gjort innanfor ei provenynøytral ramme og i hovudsak gjennom justeringar av satsar og innslagspunkt innanfor CO2-komponenten.

Campingbil er ikkje definert i det køyretøytekniske regelverket, men har ein eigen avgiftsteknisk definisjon. Vanlegvis vert campingbilar bygd med utgangspunkt i køyretøy som teknisk vert klassifisert som varebilar (N1) eller lette lastebilar (N2), men òg personbilar (M1) vert nytta. Reglane for om og korleis utslipp skal fastsettast varierer mellom dei ulike køyretøygruppene, og det er gjeve særlege reglar for spesialbygde køyretøy. Departementet vurderer korleis overgangen til WLTP for campingbilar bør gjennomførast, mellom anna om det vil vere naudsynt med særlege tilpassingar for desse. Regjeringa vil kome attende til den konkrete gjennomføringa i budsjettet for 2021.

Til forsida av dokumentet