Forsida

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

16 Tollfritak på kjøt frå eiga jakt til eige bruk

Departementet gjer framlegg om å lovfeste tollfritak på kjøt frå eiga jakt til bruk i eige hushald.

Eit slikt fritak var tidlegare fastsett i forskrift om administrative tollnedsettelser for landbruksvarer §19. Som ledd i ein større revisjon av regelverket oppheva Landbruks- og matdepartementet føresegna frå 1. april 2016.

Føresegna innebar at tollstyresmaktene kunne frita frå toll innførsel av inntil 75 kg kjøt frå eiga jakt per jeger per kalenderår til bruk i eige hushald. Fritaket kom i tillegg til reisegodsføresegnene. Det tydde at det i tillegg til jaktkjøtet omfatta av tollfritaket kunne verte innført inntil ti kg kjøt toll- og avgiftsfritt per reisande, på vilkår av at verdien på kjøtet ikkje oversteig verdigrensene i reisegodsføresegnene. Jaktkjøt omfatta av tollfritaket var ikkje friteke for meirverdiavgift. Ved innførsel av jaktkjøt omfatta av tollfritaket måtte kjøtet meldast, leggjast fram og deklarerast til tollstyremaktene. I tillegg måtte det leggjast ved ei skriftleg fråsegn om at vilkåra for fritaket var oppfylte.

I dag vert fritaket framleis praktisert medan ein ventar på endra reglar. Ei slik endring var på høyring våren 2019. I høyringa vert det foreslått å vedta ei ny føresegn i tolloven som fører vidare tollfritaket på kjøt frå eiga jakt til bruk i eige hushald. Det vert òg foreslått å gje heimel til at Finansdepartementet kan gje føresegn om vilkår for og omfanget av tollfritaket. Det er etter framlegget ikkje eit krav at det ved innførsel skal leggjast ved ei skriftleg fråsegn om at vilkåra for fritaket er oppfylte. Etter framlegget gjeld fritaket framleis i tillegg til reisegodsføresegnene.

I høyringa støtta Landbruks- og matdepartementet og Norges Jeger- og fiskerforbund framlegget utan ytterlegare merknader. Mattilsynet peika på at det veterinære importregelverket set visse grenser for lovleg innførsel av kjøt. Departementet viser til at tollstyresmaktene framleis vil handheve restriksjonar i anna regelverk. Landbruksdirektoratet peika på at den gjeldande ordninga kan gje eit større insentiv til å overhalde regelverket, då ei fråsegn om at vilkåra for fritaket er oppfylte vert kravd rutinemessig. Departementet viser til at tollstyresmaktene vil følgje opp det nye regelverket for å sikre at reglane vil overhaldast. Om det likevel viser seg mest føremålstenleg at det vert kravd ei fråsegn, kan tollstyresmaktene etter dei vanlege føresegner i tollregelverket framleis krevje ei skriftleg fråsegn ved tollekspedisjonen.

Framlegget vil ikkje ha verknad for provenyet eller administrative følgjer, då framlegget i hovudsaka fører vidare gjeldande praksis.

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks. Departementet viser til framlegg om endring i tolloven § 5-10.

Til forsida av dokumentet