Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Fritak for meirverdiavgift på djupnejournalistikk

11.1 Innleiing og samandrag

Frå 1. juli 2019 vart fritaket for meirverdiavgift for tidsskrift utvida til òg å omfatte fritak for tidsskrift i elektronisk format. I arbeidet med føresegna for elektroniske tidsskrift vart det frå fleire høyringsinstansar peikt på at framlegget ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til dei moglegheitene til mellom anna fleksibel publisering, som ligg i elektronisk publisering.

Fritaket for aviser, både i trykt og elektronisk format, er i dag mellom anna avgrensa til aviser som har ei brei dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Departementet gjer framlegg om at fritaket for aviser vert utvida til òg å omfatte aviser som har ei djuptgåande dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Framlegget er meint å gje medium som driv denne typen journalistisk produksjon og publisering høve til å gjere seg nytte av moglegheitene som ligg i elektronisk publisering.

Departementet gjer framlegg om at endringa vert gjennomført ved ei endring av merverdiavgiftsloven § 6-1 om fritak for aviser, slik at lova ikkje berre omfattar aviser trykt på papir, men òg aviser i elektronisk format (elektroniske aviser). Dei nærare krava til kva som vert rekna som ei avis i merverdiavgiftsloven si forstand gjer departementet framlegg om vert regulert i ei ny forskrift til merverdiavgiftsloven § 6-1. Departementet gjer difor framlegg om eit nytt andre ledd i merverdiavgiftsloven § 6-1 som gjev departementet høve til å fastsetje forskrift om kva ein meiner med aviser, irekna om vilkår for fritak.

Departementet legg opp til at det i forskrifta vert fastsett at det med aviser meinast redaktørstyrte medium som vert publisert ein gong i veka eller oftare og er retta mot allmenta. I tillegg legg departementet opp til at avisa anten må ha brei journalistisk produksjon og publisere i hovudsak nyheiter og aktualitetsstoff frå ulike samfunnsområde, eller djuptgåande journalistisk produksjon og publisere i hovudsak nyheiter og aktualitetsstoff frå eit avgrensa samfunnsområde.

Framlegget til ny § 6-1 i merverdiavgiftsloven, som omfattar elektroniske aviser, dekkjer delar av fritaket i gjeldande § 6-2 i merverdiavgiftsloven om fritak for elektroniske nyheitstenester. Departementet gjer framlegg om å endre merverdiavgiftsloven § 6-2 slik at det avgrensast mot tilfelle der fritaket vil følgje av merverdiavgiftsloven § 6-1 om aviser.

Departementet legg opp til enkelte endringar i merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1 om elektroniske nyheitstenester for å oppnå einsarta omgrep med dei nye forskriftene til merverdiavgiftsloven § 6-1 om aviser. Endringane i merverdiavgiftsloven § 6-2 eller merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1 er elles ikkje meint å innebere endra rekkjevidde av fritaket for elektroniske nyheitstenester.

Departementet legg til grunn at framlegget til utvida omfang av fritaket for aviser ikkje inneber statsstønad som må notifiserast etter EØS-regelverket. Departementet viser til framstillinga i punkt 11.5.

Departementet legg opp til at endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2020. Endringane vil gje eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 15 mill. kroner bokført i 2020. Det understrekast at tala er usikre. Dei langsiktige verknadene på provenyet er truleg betydeleg større. Departementet viser til omtalen av de økonomiske og administrative følgjene av framlegget i punkt 11.5.6.

Departementet viser til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven §§ 6-1 og 6-2.

11.2 Gjeldande rett

11.2.1 Generelt

Det skal bereknast meirverdiavgift ved innanlandsk omsetjing, innførsel og uttak av varer og tenester frå avgiftspliktig verksemd. Avgifta bereknast og vert betalt av dei registrerte næringsdrivande. Den generelle meirverdiavgiftssatsen er 25 pst.

Omsetjing av einskilde varer og tenester er friteke for meirverdiavgift (nullsats). Fritaka er fastsette i merverdiavgiftsloven kapittel 6, med nærare fråsegner i merverdiavgiftsforskriften.

Fritak inneber at registrerte avgiftssubjekt har rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på varer og tenester som er til bruk i verksemda, men at det ikkje skal bereknast utgåande meirverdiavgift ved omsetjinga (satsen er null), jf. merverdiavgiftsloven § 1-3 første ledd bokstav h. Dersom inngåande meirverdiavgift overstig utgåande, skal overskytande inngåande avgift utbetalast, jf. merverdiavgiftsloven § 11-5. Fritak inneber dermed ein indirekte stønad via meirverdiavgiftssystemet.

Det er eit vilkår for meirverdiavgiftsplikt at det ligg føre ei omsetjing, det vil seie levering av varer eller tenester mot konkret vederlag. Fritaket vil med det berre omfatte varer og tenester som vert omsette mot betaling. Dersom seljar tilbyr varer og tenester både gratis og mot betaling, er disse å rekna som separate ytingar.

11.2.2 Fritak for aviser trykt på papir

Omsetjing av aviser trykt på papir er friteke for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsloven § 6-1. Fritaket gjeld tilsvarande ved innførsel av aviser, jf. merverdiavgiftsloven § 7-1. Fritaka vart opphavleg grunngitte med at det «i et lite språksamfunn som det norske er sterke grunner for at det trykte ordet skal være fritatt for den omkostningsbelastning som en avgift vil bety for den trykte publikasjon», og at «en eventuell avgiftsplikt kan virke hemmande for en fri opinionsdannelse og at kulturelle hensyn vil bli skadelidende» (Ot.prp. nr. 17 (1968–69)).

I merverdiavgiftsloven er det lista opp visse vilkår for kva som skal reknast for å vere ei avis. For det første må den vere trykt på papir. Elektroniske aviser er likevel friteke etter merverdiavgiftsloven § 6-2, jf. omtale nedanfor. For det andre må avisa vidare kome ut regelmessig med minst eitt nummer i veka.

Kva som nærare vert kravd for å vere ei avis går ikkje fram av lova, men i lovforarbeida til merverdiavgiftsloven § 6-2 om elektroniske nyheitstenester. I Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 8.3.2 vert følgjande uttalt:

«Ved vurdering av om det foreligger en avis som er omfattet av fritaket, har man i praksis benyttet de kriterier som Dagspresseutvalget i 1966 foreslo som grunnlag for tildeling av produksjonsstøtte til dagsaviser. Kriteriene er:
  • 1) Aviser som er opptatt som medlemmer av Norske Avisers Landsforbund (NAL) og som kommer ut minst to ganger ukentlig.

  • 2) Andre aviser som etter sitt opplag og innhold har karakter på linje med NALs medlemsaviser, bl.a ved at de kommer ut regelmessig og minst to ganger per uke, gjennom nyheter og kommentarer orienterer allmennheten om begivenheter og aktuelle spørsmål i inn- og utland, eller innen den kommune/de kommuner som regnes som avisens utbredelsesdistrikt, har en ansvarlig redaktør med status overensstemmende med redaktørplakaten av 1933, tar betaling for abonnement, løssalg og annonser etter offentlig tilgjengelige pristariffer.

  • 3) Aviser som bare utkommer en gang ukentlig, men som ellers innfrir kravene i pkt. 2, skal likevel kunne betraktes som tilhørende dagspressen dersom de har et idémessig eller politisk grunnlag […].»

Kriteria har lenge tent som rettleiing ved vurderinga av kva som er ei avis etter merverdiavgiftsloven. Det sentrale elementet i vurderinga er innhaldet i publikasjonen. For å ha rett til fritak, må publikasjonen hovudsakleg innehalde nyheiter og aktualitetsstoff, og dette stoffet må vere frå eit breitt spekter av samfunnsområde. Publikasjonar som inneheld stoff henta frå berre ein sektor eller som er retta mot berre ei interesse, til dømes sport, politikk, religion eller underhaldning, har ikkje rett til fritak etter fritaket for aviser. Aviser som har brei dekking av ein noko smalare del av nyheitsbiletet, til dømes DN, Finansavisen, Morgenbladet, reknast likevel som ei avis etter merverdiavgiftsloven og er omfatta av fritaket.

I praksis legg departementet til grunn at vilkåra som gjeld for aviser, gjeld tilsvarande for elektroniske nyheitstenester i merverdiavgiftsforskriften § 6-1-2. Departementet viser til Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 8.3.3 tredje avsnitt, der det om fritaket for elektroniske nyheitstenester vert uttalt følgjande:

«Det er departementets utgangspunkt at definisjonen av elektroniske nyhetstjenester i størst mulig grad bør samsvare med definisjonen av papiraviser og at hovedkriteriet må knyttes til tjenestens innhold. Departementet legger derfor til grunn at det er et vilkår for fritak at tjenesten hovedsakelig inneholder nyheter og aktualitetsstoff og dette stoffet er fra et bredt spekter av samfunnsområder som for eksempel politikk, økonomi, kultur mv. Nyhetstjenester som i hovedsak omhandler saker fra kun én sektor eller er rettet mot én interesse, for eksempel kultur, religion, sport eller yrke, vil ikke være fritatt.»

Dette inneber at aviser i hovudsak må dekkje nyheits- og aktualitetsstoff breitt, vere retta mot allmenta og ha ein ansvarleg redaktør.

11.2.3 Fritak for elektroniske nyheitstenester

Omsetjing av elektroniske nyheitstenester er friteke for meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven § 6-2 første ledd. Fritaket vart innført 1. mars 2016 og er godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) fram til 1. mars 2022. Fritaket er meint å sikre lik behandling ved at nyheits- og aktualitetsstoff er friteke for avgift uavhengig av plattform. Det vart difor lagt til grunn at fritaket i størst mogleg grad skal avgrensast i tråd med fritaket for papiraviser. Aviser trykt på papir er varer, medan elektroniske nyheitstenester fell inn under omsetjing av tenester etter merverdiavgiftsloven § 1-3 første ledd bokstav c. Omsetjing av elektroniske tenester, medrekna elektroniske nyheitstenester, som er kjøpt frå utanfor meirverdiavgiftsområdet (fjernleverberre tenester), er i utgangspunktet òg avgiftspliktig. Fritaket gjeld generelt og omfattar dermed òg fjernleverbare tenester.

Det følgjer av lovforarbeida, Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 8.3.3, at fritaket gjeld uavhengig av plattform eller distribusjonsform, det vil seie at det gjeld for nyheiter «på PC, mobiltelefon, nettbrett, radio og fjernsyn».

Etter merverdiavgiftsloven § 6-2 andre ledd kan departementet gje forskrift om kva som meinast med elektroniske nyheitstenester. Slike føresegner er fastsette i merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1. Føresegna bokstav a fastset at fritaket omfattar elektroniske nyheitstenester som i hovudsak inneheld ei brei dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Etter føresegna bokstav b er det eit vilkår at nyheitstenester er retta mot allmenta og etter bokstav c er det vilkår at nyheitstenester har ein ansvarleg redaktør. Fritaket omfattar berre nyheitstenester som vert publisert ein gong i veka eller oftare, jf. føresegna bokstav d.

11.2.4 Fritak for tidsskrift

Omsetjing av tidsskrift, medrekna elektroniske tidsskrift, er på visse vilkår friteke for meirverdiavgift i siste omsetjingsledd, jf. merverdiavgiftsloven § 6-3. Etter § 6-3 første ledd omfattar fritaket tidsskrift som hovudsakleg vert omsette til faste abonnement eller som hovudsakleg vert delte ut til eller på annan måte vert gjort tilgjengeleg for foreiningsmedlemmer. Omsetjing av tidsskrift, medrekna elektroniske tidsskrift, med hovudsakleg politisk, litterært eller religiøst innhald er friteke etter § 6-3 andre ledd utan omsyn til omsetjingsform. Med heimel i merverdiavgiftsloven § 6-3 tredje ledd er det gjeve forskrifter til fritaket i merverdiavgiftsforskriften.

Merverdiavgiftsforskriften § 6-3-1 inneheld ein definisjon av kva som meinast med tidsskrift. Tidsskrift er etter føresegna ein kvar annan publikasjon enn avis dersom:

  • «a) den kommer ut periodisk med minst to nummer i året etter en fast utgivelsesplan

  • b) den er nummerert og er ledd i en ikke tidsbegrenset rekke

  • c) den omsettes til en forhåndsbestemt pris eller utdeles til foreningsmedlemmer og

  • d) alle numrene har samme tittel.»

Merverdiavgiftsforskriften § 6-3-2 inneheld ei opplisting av publikasjonar som likevel ikkje skal omfattast av fritaket for tidsskrift. Dette gjeld mellom anna kalendrar, notehefte, utstillingsprogram, trafikkruter og prislister.

Elektroniske tidsskrift vart omfatta av fritaket for tidsskrift frå 1. juli 2019 og er definert i merverdiavgiftsforskriften § 6-3-9. Det omfattar elektroniske publikasjonar som hovudsakleg består av tekst eller stillbilete som:

  • «a) ikke er en elektronisk nyhetstjeneste

  • b) kommer ut periodisk med minst to og maksimalt 51 nummer i året etter en fast utgivelsesplan

  • c) er nummerert og er ledd i en ikke tidsbegrenset rekke

  • d) har samme tittel for alle nummer

  • e) ikke har et innhold som nevnt i § 6-3-2.»

Etter merverdiavgiftsforskriften § 6-3-9 andre ledd kan publikasjonen kvar veke på førehand publisere inntil to enkeltartikler til det førstkomande nummeret.

11.3 Utanlandsk rett

EU-landa er forplikta til å ha eit meirverdiavgiftssystem, og systemet er i stor grad harmonisert gjennom Rådets direktiv 2006/112/EF (meirverdiavgiftsdirektivet). Direktivet har krav til, og rammer for, medlemslanda sine regelverk. Direktivet regulerer mellom anna høvet medlemslanda har til å bruke reduserte satsar og fritak for meirverdiavgift. Direktivet listar opp dei vare- og tenestetypane som kan ha redusert sats eller fritak. Ei rekkje trykte publikasjonar inngår i lista av varer og tenester som kan ha redusert sats eller fritak, mellom anna aviser, tidsskrift og bøker. Elektroniske publikasjonar har derimot ikkje vore blant dei tenestene som er lista opp, men den 18. november 2018 vart direktivet endra slik at medlemslanda kan innføre reduserte sats, og i visse tilfelle fritak, for elektroniske publikasjonar av same type som dei trykte. Publikasjonar som heilt eller hovudsakleg består av reklame eller heilt eller hovudsakleg består av video eller høyrleg musikk, kan ikkje ha redusert sats eller fritak.

Ei rekkje EU-land har no innført redusert sats eller fritak for elektroniske publikasjonar. Dette gjeld mellom anna Sverige, Danmark og Finland. Sverige har lenge hatt redusert sats med 6 pst. for ei rekkje trykte publikasjonar, og har nylig innført redusert sats med 6 pst. òg for motsvarande elektroniske publikasjonar. Danmark fritek aviser for meirverdiavgift, men har elles 25 pst. sats for alle andre publikasjonar. Frå 1. juli 2019 er elektroniske aviser fritatt for meirverdiavgift. Danmark har ikkje redusert sats for andre typar publikasjonar, korkje trykte eller elektroniske. Finland har vedteke redusert sats på omsetjing av elektroniske bøker, aviser og tidsskrift. Den reduserte satsen er på 10 pst.

11.4 Høyringa

Den 21. februar 2020 sendte Finansdepartementet på høyring eit framlegg om å utvide fritaket for meirverdiavgift for aviser i merverdiavgiftsloven § 6-1 frå å omfatte aviser i trykt format til òg å omfatte aviser i elektronisk format. Framlegget omfatta òg ei mindre endring av merverdiavgiftsloven § 6-2 om elektroniske nyheitstenester som følgje av at dette fritaket omfattar aviser i elektronisk format.

Høyringsnotatet vart sendt til 109 høyringsinstansar og lagt ut på heimesida til Finansdepartementet. Høyringsfristen vart sett til 31. mars 2020. Til saman 24 høyringsinstansar har svart.

Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har svart utan merknader.

Domstolsadministrasjonen har valt å ikkje uttale seg i saka.

Altibox AS, Amedia AS, Den norske Revisorforening, Fagpressen, Hovedorganisasjonen Virke, Mediebedriftenes Landsforening, Landslaget for lokalaviser, Landsorganisasjonen Norge (LO), Medietilsynet, NITO, Norsk Lokalradioforbund, Norsk Jounalistlag, Norsk Redaktørforening, Nynorsk kultursentrum, Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), Schibsted, Skattedirektoratet, Teknisk-naturvitenskapelig foreining (Tekna) og Teknisk Ukeblad Media har kome med merknader til framlegget.

Alle høyringsinstansane som har kome med merknader, med unntak av Skattedirektoratet, støtter eller er positive til framlegget.

Fagpressen uttaler mellom anna følgjande:

«Det er med glede vi registrerer at regjeringen nå åpner for en endring i merverdiavgiftsloven med den hensikt at digital dybdejournalistikk får likeverdige avgiftsmessige rammevilkår som breddejournalistikk og som dybdejournalistikk publisert på papir.»

Medietilsynet støttar òg framlegget og uttaler:

«Slik Medietilsynet ser det, er endringane som blir foreslått framtidsretta. Dei vil ha positive verknader for mediemangfaldet, ytringsfridommen og den demokratiske funksjonen media har i samfunnet.
Medietilsynet stør framlegget og har ingen innvendingar til gjennomføringa av regelendringane.»

Norsk Redaktørforening er nøgd med framlegget, men meiner at regelverket ikkje framstår som lett tilgjengelig og at det ideelt sett burde ha vore rydda opp i. Landslaget for lokalaviser sluttar seg til de lovtekniske merknadane i høyringsfråsegna frå Norsk redaktørforening. Departementet meiner at ein større gjennomgang og revisjon av reglane i tilfelle må omfatte alle føresegnene i merverdiavgiftsloven kapittel 6. Den mindre endringa som følgje av framlegget tilseier ikkje ein slik gjennomgang. Departementet viser òg til at det er eit ønskje om at endringane tek til å gjelde raskt.

Landslaget for lokalaviser støtter framlegget, men «vil understreke behovet for en justering av mediestøtten slik at det i større grad kan legges til rette for en levedyktig lokalradiobransje». Vilkår og behandling av mediestøtte er ikkje tema for framlegget, og vil difor ikkje verte nærare vurdert eller kommentert.

Amedia AS og Altibox AS støtter òg framlegget, men meiner at fritaket bør utvidast til å omfatte all journalistikk som er redaktørstyrt. Departementet meiner at ei slik løysning vil ha økonomiske og administrative konsekvensar som krev ytterligare utgreiingar og vurderingar. Departementet tilrår difor ikkje eit meir omfattande fritak enn framlegget som var på høyring.

Skattedirektoratet støtter framlegget om å samle fritaket for aviser trykt på papir og i elektronisk format i ei føresegn, jf. framlegget til § 6-1 i merverdiavgiftsloven. Dei uttrykkjer likevel skepsis til at fritaket byggjer på kriterier som opnar for skjøn då dette vil medføre «subjektive vurderinger, og vil resultere i avgjørelser med begrunnelser som vanskelig kan etterprøves». Dei viser òg til konklusjonen i NOU 2019: 11, Enklere merverdiavgift med én sats, om at fritaka for aviser, tidsskrift og bøker bør avviklast.

Fleire høyringsinstanser har hatt kommentarar og merknader til framlegget til fråsegner i merverdiavgiftsforskriften. Departementet vil vurdere innspela i samband med det vidare arbeidet med forskrifter til meirverdiavgiftsloven § 6-1.

Vesentlege merknader frå høyringsinstansane behandlast under punkter der dei høyrer heime.

11.5 Vurderingar og framlegg

11.5.1 Innleiing og bakgrunn

Frå 1. juli 2019 er utgangspunktet at så vel trykte som elektroniske utgåver av aviser, tidsskrift og bøker er fritekne for meirverdiavgift. Det er oppstilt ulike krav i merverdiavgiftsloven og merverdiavgiftsforskriften til kva som skal reknast som aviser, tidsskrift og bøker i respektive trykt og elektronisk form. I tillegg omfattar fritaket for elektroniske utgåver av aviser òg levande bilete og lyd.

For aviser er det både sett krav til innhaldet og formelle krav for å verte omfatta av fritaket. Aviser i merverdiavgiftsloven er utgjevingar som er retta mot allmenta, og som dekkjer nyheits- og aktualitetsstoff breitt. Til eit tidsskrift i merverdiavgiftsloven er det i utgangspunktet ikkje sett noko krav til innhald, medan det vert stilt visse formelle krav til korleis tidsskrifta vert omsett for å verte omfatta av fritaket. Tidsskriftet må hovudsakleg omsetjast til faste abonnentar eller det må delast ut eller på anna måte gjerast tilgjengeleg for foreiningsmedlemmer. For tidsskrift som har politisk, litterært eller religiøst innhald, gjeld ikkje desse krava til omsetjingsform.

Føremålet med utvidinga av fritaket for tidsskrift og bøker var først og fremst å likestille elektronisk publisering av det som har vore friteke som trykte tidsskrift og bøker i merverdiavgiftsloven. For tidsskrift vart det gjort enkelte tilpassingar i fritaket for tidsskrift i elektronisk format ved mellom anna å opne for førehandspublisering av einskilde artiklar. Elektronisk publisering legg likevel til rette for hyppigare og meir laupande publisering enn det som har vore vanleg for trykte tidsskrift. Det er òg ein tendens til at det har kome til nye medium (nettsider) som publiserer nyheits- og aktualitetsstoff innanfor eit avgrensa fagområde. Mange av desse er i dag gratisutgåver som vert finansierte av reklame og ikkje av brukarbetaling. Som i dagspressa kan stoffet som publiserast, variere frå korte nyheitsartiklar til meir djuptgåande artiklar som tidlegare typisk hadde vore publiserte i eit tidsskrift i trykt format.

Regjeringa meiner at òg dei meir spesialiserte delane av pressa fyller viktige funksjonar i samfunnet. Særleg legg regjeringa vekt på at tidsskrift og fagpresse har ei sentral rolle når det gjeld debatt og utvikling innanfor ulike næringsgreiner, fag, organisasjonar og særinteresser. Meir nisjeprega publikasjonar vil òg kunne gje viktige innspel til den allmenne samfunnsdebatten på områda sine.

Departementet gjer difor framlegg om ei endring i merverdiavgiftsloven som i større grad opnar for å utnytte moglegheitene som ligg i digital publisering innanfor tidsskrift, fagpresse mv. Merverdiavgiftsloven byggjer likevel på at det er hyppigheita i publiseringa som skil aviser frå tidsskrift. Eit fritak som inneber like hyppig publisering som aviser, bør difor regulerast i tilknyting til føresegna i merverdiavgiftsloven om fritak for aviser.

Fritaket for aviser er i dag delt mellom merverdiavgiftsloven § 6-1, som gjev fritak for aviser i trykt form, og merverdiavgiftsloven § 6-2 som gjev fritak for aviser i elektronisk form (elektroniske nyheitstenester). Fritaket for elektroniske nyheitstenester er teknologinøytralt, noko som inneber at det òg omfattar tenester som i hovudsak formidlar levande bilete og lyd. Fritaket for elektroniske tidsskrift omfattar berre tidsskrift som i hovudsak inneheld tekst og stillebilete. Eit utvida fritak for aviser, som vil inkludere elektroniske aviser, bør òg innehalde ei slik avgrensing. Departementet gjer difor framlegg om ei teknisk endring av oppbygginga av fritaket for aviser og elektroniske nyheitstenester. Departementet gjer framlegg om at merverdiavgiftsloven § 6-1 vert endra slik at den omfattar aviser både i trykt og elektronisk format, men avgrensa til publikasjonar som i hovudsak inneheld tekst og stillebilete. Merverdiavgiftsloven § 6-2 vert vidareført og vil regulere fritaket for elektroniske tenester som inneheld levande bilete og lyd i slikt omfang at dei ikkje vert omfatta av framlegget om fritak for aviser.

11.5.2 Aviser

Departementet gjer framlegg om ei endring av § 6-1 i merverdiavgiftsloven om fritak for meirverdiavgift ved omsetjing av aviser. Framlegget inneber at bruksområdet for § 6-1 vert utvida frå å gjelde trykte aviser til òg å omfatte elektroniske aviser. Fritaket for trykte og elektroniske utgåver av aviser vert då regulert i lova i same paragraf, på tilsvarande måte som fritaka for tidsskrift (merverdiavgiftsloven § 6-3) og bøker (merverdiavgiftsloven § 6-4). Departementet gjer vidare framlegg om å ta ut av lovteksten kravet om at aviser må utkome regelmessig med minst eitt nummer i veka. Ein foreslår at nærare føresegner om hyppigheit i publiseringa vert tekne inn i forskrift til merverdiavgiftsloven § 6-1.

Departementet legg til grunn at framlegget vidarefører gjeldande rett for papiraviser, jf. gjeldande § 6-1, og elektroniske aviser (nettaviser mv.) som i dag har fritak med heimel i § 6-2. Samstundes opnar framlegget for å utvide fritaket til òg å omfatte elektroniske publikasjonar (tidsskrift) og fagpresse som driv meir hyppig og laupande publisering enn det gjeldande fritaket for tidsskrift i § 6-3 opnar for.

Utkastet til § 6-1 første ledd inneheld hovudregelen og slår fast at omsetjing av aviser, medrekna elektroniske aviser, er friteke frå meirverdiavgift. Omgrepet «aviser» skal forståast teknologinøytralt, i motsetning til føresegna i dag. Det, er og meininga å definere omgrepet nærare i merverdiavgiftsforskriften, sjå nedanfor.

Fritaket for aviser vert avgrensa i framlegget til publikasjonar som «i hovudsak inneheld tekst og stillebilete». Fritaket for elektroniske nyheitstenester som inneheld levande bilete eller lyd, vert vidareførd i § 6-2 i merverdiavgiftsloven, jf. nedanfor. Kva som nærare ligg i «i hovudsak» må vurderast konkret. Når bruken av levande bilete og lyd er avgrensa til å utfylle, utdjupe eller supplere ein tekst eller eit stillebilete har vilkåret ikkje vesentleg aktualitet. Levande bilete eller lyd som ikkje har samanheng med ein tekst eller eit stillebilete, det vil seie er sjølvstendige innslag, får ein annan karakter. Når denne typen produksjon utgjer meir enn ein avgrensa del av den samla tenesta som skal vurderast, kan det oppstå plikt til å vurdere tenesta sjølvstendig i meirverdiavgiftssamanheng. Departementet viser til utsegna i punkt 8.3.3 i Prop. 1 LS (2015–2016) i tilknyting til framlegget om fritak for elektroniske nyheitstenester:

«Utgangspunktet er etter departementets oppfatning at hvert tjenesteelement må vurderes for seg. Dette kan imidlertid stille seg annerledes dersom det ene elementet klart er det prinsipale og andre elementer kun understøtter den prinsipale ytelsen eller er av underordnet betydning for kjøper. I denne vurderingen er det også et moment hvor distinkt og separat ytelsen er. Departementet legger til grunn at salg av annonser og reklame skal avgiftsberegnes med 25 %.»

Den konkrete vurderinga av om det er omsett eit eller fleire tenesteelement kan medføre at tenester som skal avgiftsbereknast med 25 pst. dersom dei vert omsett separat, kan omsetjast med nullsats dersom dei vert omsette som del av ein nyheitsteneste. Dette kan medføre ei konkurranseulempe for dei aktørane som sel tenestene separat og må omsetje med allmenn meirverdiavgiftssats.

Departementet legg til grunn at ei tilsvarande vurdering må gjerast for elektroniske aviser. Dette inneber at det er eit visst høve til å ha anna innhald enn tekst og stillebilete, men dersom slikt anna innhald inneber at publikasjonen ikkje lenger i hovudsak inneheld tekst og stillebilete, er den ikkje omfatta av fritaket for aviser. Publikasjonen må då vurderast etter fritaket for elektroniske nyheitstenester, jf. merverdiavgiftsloven § 6-2. Eventuelt kan anna innhald behandlast som ei separat yting, og det skal i slike tilfelle bereknast meirverdiavgift med allmenn sats.

Skattedirektoratet viser i sitt høringssvar til at eit tilsvarande kriterium gjeld for elektroniske tidsskrift etter merverdiavgiftsforskriften § 6-3-9. Direktoratet uttaler vidare:

«[…] vi forutsetter at samme forståelse skal legges til grunn her. I Prop. 115 LS (2018–2019) blir det fremhevet at formålet med å åpne opp for innslag av bevegelige bilder, lyd og annen funksjonalitet ikke er å etablere fritak som kan sies å utvide eller endre en publikasjons bruksområde. Hvis slike innslag medfører at publikasjonen endrer karakter ved at det tekstlige ikke kan sies å utgjøre det sentrale elementet, vil fritaket ikke gjelde. Det blir forutsatt at det innhold som består av annet enn tekst og stillbilder kun skal understøtte eller underbygge det skrevne innholdet. Dessuten må innslaget av lyd og bevegelige bilder mv. rent fysisk være begrenset i omfang. Som utgangspunkt antas at «hovedsakelig» utgjør 80 % eller mer, uten at det på dette området enkelt kan oppstilles presise retningslinjer for hvordan avgrensningen rent faktisk skal foretas.»

Departementet er einig i at det vil vere naturleg å leggje til grunn det same ved vurderinga etter framlegget til § 6-1 i merverdiavgiftsloven.

Departementet gjer framlegg om å ikkje ta inn i lova nærare krav til innhald. I staden gjer departementet framlegg om eit nytt andre ledd i merverdiavgiftsloven § 6-1, som gjev departementet høve til å fastsette forskrift om kva som meinast med aviser, og om vilkår for fritak. Eit framlegg om slike føresegner var ein del av høyringa av endringane i merverdiavgiftsloven § 6-1. Departementet gjev her ei kort utgreiing av kva som etter framlegget til forskriftsføresegnene vil vere å anse som aviser.

Departementet foreslo at det vert oppstilt krav om at fritaket for aviser berre skal gjelde publikasjonar som er redaktørstyrde. Med redaktørstyrt meinast at publikasjonen publiserer under leiing og kontroll av ein redaktør. Redaktør skal forståast som ein fysisk person som treffer avgjerd om innhaldet i publikasjonen eller om delar av dette, jf. straffelova § 270 fjerde ledd og mediefridomslova § 3 andre ledd.

Av høyringsinstansane har Fagpressa, Landslaget for lokalaviser, Mediebedriftenes landsforeining (MBL) og Norsk redaktørforeining uttalt seg om kravet til redaktør. Alle desse støtter at det stilles eit slikt krav for fritak.

Departementet foreslo å vidareføre vilkåret i gjeldande § 6-1 om at aviser, medrekna elektroniske aviser, har ein regelmessig produksjon og vert publisert ein gong i veka eller oftare. Vilkåret inneber at publikasjonar som publiserast sjeldnare, må vurderast etter fritaka for tidsskrift eller bøker.

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) uttaler:

«MBL oppfatter at publiseringskravet i denne sammenheng vil være oppfylt så lenge en nettside oppdateres ukentlig eller oftere med en eller flere nyhetsartikler. Det kan ikke være et krav at «hele» innholdet på fronten til et nettsted endres, for at det kan anses å ha blitt gjort en publisering i mvafritakets forstand.
MBL oppfatter at både aviser og tidsskrifter med dyptgående nyhets- og aktualitetsstoff på et avgrenset samfunnsområde, som publiserer digitalt fortløpende og kontinuerlig, med dette gis fritak gjennom mval § 6-1, mens tidsskrifter som publiserer digitalt med lav publiseringsfrekvens, og maksimalt to oppdateringer/endringer før påfølgende utgave, og utgis etter en på forhånd definert utgivelsesplan, har fritak gjennom mval § 6-3.»

Departementet er einig i det som kjem til uttrykk i høyringsutsegn frå Mediebedriftenes Landsforening.

I høyringa vart det òg foreslått forskriftføresegn om at innhaldet i avisa må vere retta mot allmenta. Det gjeldande fritaket for elektroniske nyheitstenester har som vilkår at tenesta er retta mot allmenta. Det same antar departementet gjeld for aviser trykt på papir. I dette ligg for det første at mediet må leggje til rette for og hjelpe til den allmenne samfunnsdebatten innanfor det geografiske og tematiske nedslagsfeltet sitt. For det andre inneber vilkåret at mediet må ha ein grad av profesjonalitet og drive verksemd på eit nivå som gjer dette mogleg.

Fritaket for aviser, både trykte og elektroniske, er særlig grunngjeve i omsynet til at det i eit demokratisk samfunn er viktig med ein fri samfunnsdebatt. Etter departementet si vurdering er det difor naturleg at det vert satt krav om at publikasjonen er retta mot allmenta. I dette ligg det at publikasjonen må ha som føremål å fremje ein open og opplyst samfunnsdebatt på feltet sitt.

Samstundes er det ikkje noko krav at publikasjonen er meint å nå heile allmenta. Publikasjonar som er retta inn mot eit bestemt tema eller ein bestemt bransje, kan i denne forstanden òg vere retta mot allmenta. Publikasjonar retta mot medlemmer av ein bestemt organisasjon eller foreining er omfatta så lenge dei har eit nedslagsfelt utover medlemsmassen, og ein ambisjon om å leggje til rette for og delta i samfunnsdebatten på feltet sitt. Fritaket omfattar difor som utgangspunkt den typiske fagpressa. På den andre sida vil publikasjonar som i all hovudsak er interne, ikkje vere retta mot allmenta. Det gjeld publikasjonar som er retta mot ei meir eller mindre lukka gruppe som ei foreining, klubb, bedrift e.l. Journalistisk produksjon og publisering som har som føremål å nå medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap vil ikkje vere rette mot allmenta og difor ikkje omfatta av fritaket.

Fagpressa har gjeve følgjande merknad i høyringa:

«Vi vil også peke på at de fleste av våre medlemmer som er forening eller organisasjon, også vil publisere redaksjonelt innhold som ligger åpent for alle, det vil si gratis og tilgjengelig for ikke-medlemmer. Fagpressen mener at det også underbygger organisasjonens eller foreningens rolle som bidragsyter til samfunnsdebatten. Det typiske er kombinasjon er der innhold med bredere nedslagsfelt er åpent for alle og det mer utvalgte innholdet er forbeholdt pluss -abonnenter.»

Departementet viser til at det berre er plikt til å berekne meirverdiavgift av omsetjing av varer og tenester, og ikkje av varer og tenester som det ikkje vert teke betaling for. Og det er publikasjonen som omsettast som skal vurderast opp mot vilkåra for fritak. I det nemnte tilfellet frå Fagpressa vil dette innebere at rolla som bidragsytar i samfunnsdebatten på andre måtar enn gjennom publikasjonen til «pluss-abonnentar» ikkje vil ha aktualitet ved vurdering av om omsetjinga til «pluss-abonnentar» er friteken.

Som i dag vert det oppstilt krav om at publikasjonen i hovudsak må produsere og publisere nyheiter og aktualitetsstoff. Vilkåret inneber ei avgrensing mot medium som har innhald som ikkje er dagsaktuelt, det vil seie at innhaldet ville hatt omtrent same aktualitet og nyheitsinteresse uavhengig av når det vart publisert.

Både for aviser trykt på papir og elektroniske nyheitstenester (elektroniske aviser) er det i dag eit krav om at avisa må ha ei brei dekking av nyheits- og aktualitetsstoffet frå ulike samfunnsområder. Departementet legg opp til å vidareføre dette kravet i forskriftsføresegnene til merverdiavgiftsloven § 6-1.

Departementet legg som nemnt òg opp til ei endring ved at aviser i merverdiavgiftsloven skal omfatte publikasjonar som dekkjer nyheits- og aktualitetsstoff frå et avgrensa samfunnsområde djuptgåande.

Føremålet med denne endringa er å treffe journalistikk som har ein særleg demokratisk funksjon ved at den er ei kjelde til aktuelle hendingar, laupande politisk debatt og generell samfunnsforståing, sjølv om den er avgrensa til eitt tema eller eit avgrensa fagområde. Denne type journalistisk produksjon vert ofte omtalte med omgrepa djupnejournalistikk eller nisjejournalistikk. Departementet viser til at det i dag er praksis for at aviser som har ei brei dekking av ein noko smalare del av nyheitsbilete – til dømes DN, Finansavisen og Morgenbladet – vert omfatta av fritaket for aviser trykt på papir og fritaket for elektroniske nyheitstenester når dei publiserer på nett. Framlegget opnar for at publikasjonar med eit enda smalare nyheits- og aktualitetsbilete, men med djupn i den journalistiske produksjonen, får fritak.

Sjølv om ein i teorien kan tenkje seg «djuptgåande» medium som ikkje òg har ei smal tematisk avgrensing og motsett, vil desse kriteria i praksis verte vurderte i samanheng. Kriteriet omfattar publikasjonar som har som føremål og funksjon å fremje fordjuping innanfor eit avgrensa fag, ein bransje, yrkesgruppe, interesse e.l. Dette inneber ikkje at alt publisert innhald må bestå av lange artiklar prega av teknisk fagsjargong e.l. Det føreset heller ikkje at skattestyresmaktene skal gjere ei konkret vurdering av om enkeltartiklar eller utgivingar har ein tilstrekkeleg kvalitet, fagkunne eller innhald.

Det avgjerande vil i staden vere ei heilskapsvurdering der det mellom anna kan leggjast vekt på publikasjonen sitt definerte (eventuelt vedtektsfesta) føremål. Dersom publikasjonen har som føremål å drive djuptgåande journalistikk og leggje til rette for, og delta i, samfunnsdebatten på eit avgrensa samfunnsområde, vil det vere eit viktig element i heilskapsvurderinga. Eit anna element er korleis mediet presenterer seg utantil, det vil seie om det er utforma og marknadsført som eit nisjeprodukt på eit avgrensa felt. Målgruppa og nedslagsfeltet kan òg gje indikasjonar på om det er tale om djupnejournalistikk, til dømes om mediet er uttrykkjeleg retta mot eller faktisk vert lest av ei avgrensa gruppe, definert av sams fag-, yrkes- eller interessebakgrunn eller liknande. Det vil òg kunne leggjast vekt på samansetjinga av innhaldet. Av omsyn til pressa sin redaksjonelle fridom er det sentralt at økonomiske rammevilkår ikkje vert baserte på ei kvalitetsvurdering av redaksjonelt innhald og redaksjonelle avgjerder. Det kan likevel leggjast vekt på korleis innhaldet er samansett, inkludert forholdet mellom korte og lange artiklar, og forholdet mellom generelt innhald og innhald retta mot publikasjonen sitt særlige interessefelt osv. Dersom mediet har ein stor del lengre artiklar tydeleg avgrensa til eitt og same samfunnsområde, tema, fag eller liknande, vil dette vere ein indikasjon på at vilkåret er oppfylt.

I tillegg legg departementet opp til i føresegnene å presisere at som aviser reknast berre aviser som har journalistisk produksjon og publisering av nyheiter- og aktualitetsstoff. Med «journalistisk produksjon og publisering» meinast ein prosess der nyheiter, aktualitetar og annan informasjon vert innhenta og omarbeidde før innhaldet vert formidla til eit publikum (allmenta). Arbeidet vert føresett å skje etter journalistfaglege metodar og vere basert på presseetiske prinsipp. Tenester som berre formidlar informasjon frå offentlege styresmakter, selskap og privatpersonar, vil falle utanfor fritaket.

Med dette kravet er det òg meininga å få fram at publikasjonen sjølv driv både med journalistisk produksjon og publisering av slikt innhald. Med publisering meinast det same som offentleggjering, det vil seie at ytringa er framsett på ein måte som gjer den eigna til å nå ei større mengd personar. Medium som berre samlar og publiserer journalistisk produksjon frå andre medium, slik som nyheitsaggregatorer osv., er difor ikkje omfatta. Fritaket er heller ikkje meint å omfatta nyheitsbyrå, produksjonsselskap og innhaldsleverandørar som berre produserer og sel innhald for publisering i andre publikasjonar.

Departementet ser at avgrensinga med omsyn til kva for publikasjonar som vert omfatta av vilkåret om djuptgåande journalistisk produksjon og publisering, kan verte krevjande å bruke i praksis. Departementet viser òg til at dette vert påpeika av Skattedirektoratet i deira høyringsutsegn. Med dagens føresegn har avgrensing av fritaket òg vore tema. Departementet viser til omtalen av fritaket for aviser i NOU 2019: 11 Enklere merverdiavgift med én sats, der det vert uttalt:

«Grensen mellom aviser og andre publikasjoner, for eksempel ukeblad, kan være vanskelige å trekke. Et eksempel er Se og Hør, som like etter 2000 definerte seg som avis og unnlot å beregne merverdiavgift på sine utgivelser. Skatteetaten kom imidlertid til at Se og Hør ikke var en avis, men et avgiftspliktig ukeblad.»

Ei slik avgrensing er likevel ikkje ukjend frå andre område. Til dømes er kriteria for å kvalifisere for direkte mediestønad (produksjonstilskot) knytte dels til hovudføremålet til mediet og dels til det publiserte innhaldet, jf.§ 1 i forskrift 25. mars 2014 nr. 332 om produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium, § 3 første ledd punkt 1 og 2. Departementet viser òg til mediefridomslova, som er avgrensa til «journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt» og kringkasting. I framlegget til ny medieansvarslov (Prop. 31 L (2019–2020)) som vart lagt fram 6. desember 2019, er det òg foreslått ei avgrensing av virkeområdet som er basert på føremål og funksjon.

Det er krevjande å trekkje opp klare grenser i lovverket på medieområde, der tenestene er i så rask endring og utvikling. Ei for rigid avgrensing vil kunne verke hemmande på utviklinga av nye tenester. Det er difor naudsynt å opne for eit visst element av skjøn hos skattestyresmaktene. Så lenge skjønet vert utøvt på ein transparent måte og det ikkje skal byggjast på kvalitativ vurdering av det redaksjonelle innhaldet, legg departementet til grunn at ei slik avgrensing ikkje vil gå på tvers av, eller svekkje tilliten til, det redaksjonelle sjølvstendet i media.

Om ei avis vert omfatta av fritaket på bakgrunn av utvidinga til å omfatte aviser med «djuptgåande journalistisk produksjon og publisering frå eit avgrensa samfunnsområde», må avgjerast ut frå ei samla vurdering av alle vilkår for fritak. Der det til dømes er usikkert om stoffet som vert publisert er «dyptgående journalistisk produksjon», bør det kunne stillast strengare krav til at dei andre vilkåra er oppfylte. Stoffet bør i tilfelle ha eit klårare nyheits- og aktualitetspreg og ha ein klår ambisjon om å leggje til rette for og delta i samfunnsdebatten.

Bloggar og andre nettstader drive av enkeltpersonar vil normalt ikkje oppfylle krava til journalistisk produksjon og publisering retta mot allmenta sjølv om det kan tenkjast situasjonar der ein blogg eller liknande har eit nivå som svarer til profesjonell medieverksemd.

Vekepressa, som i dag normalt ikkje er omfatta av korkje fritaket for aviser eller tidsskrift, er heller ikkje meint omfatta. Nokre av desse media vil falle utanfor fritaket fordi vilkåret om «nyheits- og aktualitetsstoff» ikkje er oppfylt. Dei har normalt heller ikkje den djuptgåande journalistiske produksjonen som vil gjelde som vilkår for fritak når nyheits- og aktualitetsdekkinga ikkje er breie. Store delar av vekepressa dekkjer underhalding, sport eller ulike typar hobbyar og har etter departementet si vurdering heller ikkje ei innretting som er meint å fremje samfunnsdebatt på området sitt. Grunngjevinga og føremålet bak fritaket, å fremje ytringsfridomen og den demokratiske funksjonen pressa har, treffer ikkje denne typen medium på same måte.

Teknisk Ukeblad Media AS og NITO tek i sitt høyringssvar opp spørsmål om forholdet mellom fritaket for aviser og fritaket for tidsskrift og uttaler mellom anna:

«Ved at forslaget beholder fritaket for tidsskrifter i mval. § 3-6 [feilskrift for § 6-3], herunder elektroniske tidsskrifter, ser vi samtidig at det vil kunne oppstå definisjonsspørsmål knyttet til hvilke utgivelser som kommer inn under de ulike bestemmelsene.»

Departementet meiner at det er den enkelte publikasjonen som omsettast mot brukarbetaling som skal vurderas opp mot vilkåra for fritaket. Har same medium fleire ulike publikasjonar er det innhaldet og andre forhold knytt til den enkelte publikasjonen som omsetjas mot brukarbetaling, som må oppfylle vilkåra for fritak.

Departementet viser til framlegg om endring av merverdiavgiftsloven § 6-1.

11.5.3 Elektroniske nyheitstenester

Departementet gjer framlegg om å endre § 6-2 i merverdiavgiftsloven om fritak for elektroniske nyheitstenester slik at føresegna ikkje lenger omfattar elektroniske aviser som framover vil vere omfatta av fritaket i § 6-1. Elles er innhaldet av føresegna meint vidareført som i dag. Det vil seie at føresegna vil omfatte nyheitstenester som i hovudsak distribuerer levande bilete og lyd.

Det er naudsynt å gjere mindre tekniske- og omgrepsendringar i merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1. Desse endringane er berre meinte å vere tilpassingar til omgrepa i forskriftføresegnene som er meint fastsett til merverdiavgiftsloven § 6-1, og vil verte vedtekne samstundes.

Departementet viser til framlegg om endring av merverdiavgiftsloven § 6-2 første ledd.

11.5.4 Iverksetjing

Departementet foreslo i høyringsnotatet at endringane tek til å gjelde 1. juli 2020.

Fagpressa, Landslaget for lokalaviser, LO, Mediebedriftenes landsforeining, Norsk journalistlag, Norsk lokalradio forbund og Norsk redaktørforeining har alle, grunngjeve med mellom anna situasjonen i bransjen knytt til spreiing av koronaviruset, oppmoda om at endringa tek til å gjelde tidlegare.

Departementet viser til at framlegget først kan ta til å gjelde etter at lova er endra og naudsynte føresegner er vedtekne. Skattedirektoratet skal òg utforme informasjon og retningsliner om fritaket. Departementet fastheld på denne bakgrunnen framlegget i høyringsnotatet, og tek sikte på at endringa tek til å gjelde 1. juli 2020.

11.5.5 EØS-regelverket

Som følgje av endringa 18. november 2018 i meirverdiavgiftsdirektivet til EU (Rådets direktiv 2006/112/EC) kan EU-landa på dette området (omsetjing av aviser, tidsskrift og bøker i trykt eller elektronisk form) innføre reduserte satsar eller fritak utan notifikasjon til Kommisjonen og utan å oppfylle andre formelle kriterium eller prosedyrar. Sverige har nytta seg av dette og innført redusert sats på 6 pst. for elektroniske publikasjonar. Danmark har innført meirverdiavgiftsfritak for elektroniske aviser.

Utvidinga av fritaket etter framlegget oppfyller kriteriet for selektivitet og utgjer statsstønad. Departementa viser til at gjeldande fritak for elektroniske nyheitstenester er notifisert. Spørsmålet om notifikasjon reiser spørsmål om Noreg som EØS-medlem er forplikta til å notifisere eit tiltak som EU-medlemmene kan gjennomføre utan notifikasjon på bakgrunn av sekundærlovgivinga i EU. EU-kommisjonens standpunkt er så vidt departementet kjenner til at endringa i EUs meirverdiavgiftsdirektiv, der det no er opna for innføring av redusert sats/fritak for elektroniske publikasjonar, inneber at EU-medlemmene ikkje treng å notifisere innføring av redusert sats/fritak.

Departementet meiner då at det same må gjelde for Noreg sidan det er ein grunnleggjande føresetnad i EØS-avtalen om eit sams regelverk som vert praktisert likt av medlemsstatane i heile EØS. Ulik praktisering av regelverket om offentlig støtte blant EFTA-landa og EU-landa vil rokke ved denne føresetnaden.

Meirverdiavgift er innanfor eit område – skattlegging – som i utgangspunktet er utanfor EØS-avtalen i form av at sekundærlovgivinga på dette området (i dette tilfellet meirverdiavgiftsdirektivet) ikkje er bindande for Noreg. Det taler for at regelverket ikkje kan påleggje Noreg ein langt meir omfattande prosess enn EU-medlemsstatane på eit felt der Noreg som utgangspunkt er meint å ha større fridom.

Etter departementet si vurdering kan fritaket innførast utan notifikasjon til ESA. Departementet viser til at fritaket for elektroniske tidsskrift og bøker som vart gjort gjeldande frå 1. juli 2019, med denne grunngivinga ikkje vart notifisert.

11.5.6 Administrative og økonomiske følgjer

Om endringa i merverdiavgiftsloven § 6-2 tek til å gjelde med verknad frå og med 1. juli 2020 vil det innebere eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 15 mill. kroner bokført i 2020. Departementet understrekar at tala er usikre.

Den langsiktige verknaden på provenyet er truleg monaleg større. Provenytapet vil auke i takt med auke i omsetjinga av dei fritekne tenestene. På lengre sikt vil det òg som regel skje tilpassingar, slik at omsetjing som i utgangspunktet ikkje var tenkt omfatta av avgiftsfritaket, fell inn under fritaket. Næringsdrivande vil tilpasse produkta sine slik at mest mogleg av omsetjinga deira er avgiftsfri. Eit vidt fritak gjer det enklare å tilpasse produkt slik at dei vert avgiftsfrie og provenytapet vert større.

Merverdiavgiftsloven byggjer på eigendeklarering frå dei avgiftspliktige. Bransjen kan få auka administrative kostnadar med regelendringa gjennom avklaring av grensespørsmål og utvikling av måtar å innrette bokføringa, slik at det går fram at avgiftsoverlegget er i samsvar med regelverket.

For Skatteetaten leggjast det til grunn at dei administrative kostnadane er størst i starten knytt til avklaringar av avgiftsplikta. Dette inneber rettleiingsarbeid overfor norske og utanlandske næringsdrivande, og informasjonstiltak og opplæring av tilsette i etaten. Kompleksiteten vil kunne medføre tidkrevjande saksbehandling (både av skriftlege spørsmål, bindande førehandstilsegn og kontrollar) og fleire klagesaker.

Utvidinga av fritaket for aviser vil medføre press for meirverdiavgiftsfritak for andre tenester. Til dømes kan det oppstå ønskje om ei tilsvarande utviding for same innhald i eit TV-format.

Til toppen
Til forsida av dokumentet