Forsida

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Reduserte utgifter og kompensasjonar som følgje av reduksjon i den låge satsen i meirverdiavgifta

Den låge meirverdiavgiftssatsen er mellombels sett ned frå 12 til 6 pst., jf. Innst. 216 S (2019–2020). Satsreduksjonen gjeld i tidsrommet frå og med 1. april til og med 31. oktober 2020. Frå og med 1. november 2020 vil den låge satsen igjen vere 12 pst. Den låge satsen i meirverdiavgifta gjeld for enkelte tenester som persontransport, overnatting, allmennkringkasting samt tilgjenge til kino, museum, underhaldningsstader og store idrettsarrangement.

Tidlegare har satsendringar i den låge meirverdiavgiftssatsen ført til justeringar på utgiftssida av budsjettet. Det gjeld både regelstyrte ordningar som nøytraliserer verknader av meirverdiavgifta, og ordningar om kjøp av persontransporttenester. Ved satsreduksjonen no vart det ikkje gjort justeringar på utgiftssida, men Finansdepartementet varsla å kome tilbake med framlegg om justeringar av relevante poster på utgiftssida i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Prop. 58 LS (2019–2020) og Prop. 67 S (2019–2020).

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til NRK. Løyvinga til NRK som er vedteke i saldert budsjett, reflekterer ei meirverdiavgift på 12 pst. Når avgiftssatsen no er mellombels redusert til 6 pst., bør løyvinga òg reduserast. Regjeringa foreslår at kap. 335 post 79 vert redusert med 200,4 mill. kroner, jf. nærare omtale i Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i Statsbudsjettet 2020. Satsreduksjonen medfører òg redusert kompensasjon gjennom regelstyrte ordningar som nøytraliserer verknader av meirverdiavgifta, slik som ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon for kommunesektoren og nøytral meirverdiavgift for statsforvaltninga. Regjeringa foreslår difor òg å justere ned overslagsløyvingane for desse ordningane med samla 90 mill. kroner. Det gjeld mellom anna kap. 1632 post 61, jf. omtale i Prop. 117 S (2019–2020).

Regjeringa foreslår ikkje å redusere løyvingane til kjøp av persontransporttenester. Transportselskapa opplever ein nedgang i reisande passasjerar på mellom 70 og 90 pst. Løyvingane er auka på alle desse områda for å halde oppe minimumstransport under virusutbrotet. Det vil dermed ikkje vere føremålstenleg å redusere desse løyvingane no.

Samla foreslår regjeringa å redusere postar på utgiftssida med 290 mill. kroner. Overslaget på det samla netto provenytapet for staten som følgje av redusert meirverdiavgiftssats, vert dermed 1 490 mill. kroner påløpt og bokført i 2020.

Til forsida av dokumentet