Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Utsett frist for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon

7.1 Innleiing

Etter merverdiavgiftskompensasjonsloven § 3, jf. § 2 får kommunar, fylkeskommunar og einskilde private og ideelle verksemder kompensert meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester, med nokre unntak. Søknad om kompensasjon for betalt meirverdiavgift i januar og februar hadde leveringsfrist 14. april. For kommunar og fylkeskommunar gjeld ein særleg kort frist for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon; kravet som gjeld januar og februar, vert forelda allereie 10. juni. Viss kravet fell bort fordi fristen ikkje vert overhalden, kan det få store konsekvensar for økonomien i einskilde kommunar.

Tiltaka som er sett i verk som følgje av virusutbrotet, påverkar arbeidet til fylkeskommunane og kommunane. Regjeringa ønskjer å avhjelpe arbeidspresset i kommunane og fylkeskommunane, og gjer framlegg om at departementet får høve til å gje reglar i forskrift om avvikande tidspunkt for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon i nokre situasjonar.

Framlegget vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet. Departementet viser til framlegg om endring av merverdiavgiftskompensasjonsloven § 10. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

7.2 Bakgrunn og gjeldande rett

Føremålet med kompensasjonsordninga er å nøytralisere vridingar i retning av eigenproduksjon som kan oppstå som følgje av meirverdiavgift på innkjøpte varer og tenester. Ordninga vert finansiert gjennom reduksjon i overføringane til kommunane.

Den som krev å få kompensert meirverdiavgift, skal levere skattemelding etter skatteforvaltningsloven § 8-7. Grunnlaget for meirverdikompensasjon skal kontrollerast og attesterast av revisor. Det følgjer av skatteforvaltningsforskriften § 8-7-1 at skattemelding for kompensasjon av meirverdiavgift skal leverast periodevis. Kvar skattleggingsperiode omfattar to kalendermånader, den første gjeld månadene januar og februar. Frist for å levere skattemelding om meirverdiavgiftskompensasjon er éin månad og ti dagar etter utlaupet av kvar skattleggingsperiode, med unntak for tredje periode, som har frist 31. august, jf. skatteforvaltningsforskriften § 8-7-2. Fell fristen på ein laurdag, sundag eller høgtidsdag, vert han endra til nærmaste verkedag.

For kommunar og fylkeskommunar vert krav om meirverdiavgiftskompensasjon forelda samstundes med at fristen for å levere skattemelding for neste skattleggingsperiode går ut, jf. merverdiavgiftskompensasjonsloven § 10 andre ledd. Krav om meirverdiavgiftskompensasjon for januar og februar vert såleis forelda 10. juni. Etter denne datoen vil krav om kompensasjon for første periode for kommunar og fylkeskommunar falle bort. For andre verksemder som har rett til meirverdiavgiftskompensasjon, vert kravet først forelda samstundes med at fristen for å levere skattemelding for sjette periode påfølgjande år går ut.

Skattemelding om meirverdiavgiftskompensasjon vert levert elektronisk gjennom Altinn. Når fristen for å levere skattemelding for ein periode har gått ut, er meldinga ikkje lenger tilgjengeleg i systemet. Det er difor ikkje mogleg å levere skattemeldinga for ein periode for seint. Krav om meirverdiavgiftskompensasjon som ikkje vert tatt med i skattemeldinga for den perioden beløpet er bokført, kan likevel inkluderast i skattemeldinga for neste periode. Sjølv om det til dømes ikkje er levert skattemelding for første periode (januar og februar), kan kravet såleis takast med i meldinga for andre periode (mars og april).

Kompensasjonskrav som fylkeskommunen eller kommunen ikkje rakk å sende inn innan leveringsfristen 14. april, kan såleis takast med i kravet for neste periode, som har leveringsfrist 10. juni. Etter gjeldande reglar vil kravet for første periode, det vil seie for januar og februar, òg verte forelda på dette tidspunktet.

7.3 Vurderingar og framlegg

Mange fylkeskommunar og kommunar har mindre kapasitet enn vanleg som følgje av virusutbrotet. Det kan difor verte vanskeleg for kommunane og fylkeskommunane å levere skattemeldinga om meirverdiavgiftskompensasjon for første periode innan fristen for forelding den 10. juni. For å hindre at krav om meirverdiavgiftskompensasjon fell bort som følgje av at kommunane og fylkeskommunane har mindre kapasitet enn vanleg, gjer regjeringa framlegg om eit nytt femte ledd i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 10 som gjev departementet høve til å gje reglar i forskrift om avvikande tidspunkt for forelding av kompensasjonskrav i einskilde situasjonar. Med heimel i den nye føresegna vil departementet fastsetje forskrift om utsett frist for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon for første periode 2020, slik at ny frist fell saman med fristen for å levere skattemelding om meirverdiavgiftskompensasjon for tredje periode, 31. august.

7.4 Administrative og økonomiske følgjer

Utsetting av fristen for forelding av kompensasjon av meirverdiavgift vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet.

7.5 Iverksetjing

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks.

Til toppen
Til forsida av dokumentet