Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

18 Supplerande stønad til uføre flyktningar

Ordninga med supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg vart innført frå 1. januar 2006 for å sikre personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda ei minste samla inntekt, jf. lov 29. april 2005 nr. 21. Ytinga vert skattlagt som pensjonsinntekt.

Det er vedteke at ordninga med supplerande stønad skal utvidast til òg å omfatte uføre flyktningar under 67 år. Bakgrunnen for endringa er at dei fleste særreglane for flyktningar i folketrygdloven knytte til butid, vert oppheva, jf. Prop. 10 L (2019–2020) kapittel 7 og Innst. 80 L (2019–2020) punkt 1.7. Flyktningar hadde tidlegare rett til fulle minsteytingar for pensjon og uføretrygd, uavhengig av butid. Endringane i folketrygdloven får verknad for krav om uføretrygd som vert sette fram frå 1. januar 2021, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Det inneber at dei berre vil gjelde for nye mottakarar.

Full supplerande stønad til uføre flyktningar skal svare til minste årlege yting for uføretrygd.

Departementet meiner at supplerande stønad til uføre flyktningar bør skattleggjast som uføretrygd og andre uføreytingar, dvs. som lønsinntekt. På denne bakgrunnen foreslår departementet enkelte endringar i skatteloven og i reglane om trygdeavgift i folketrygdloven.

Etter skatteloven § 5-42 bokstav a er «uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12» og «uføreytelser fra andre ordninger» skattepliktig inntekt. Minstefrådraget for slike ytingar skal reknast ut frå satsane for lønsinntekt etter skatteloven § 6-32 første ledd bokstav a. Departementet legg til grunn at supplerande stønad til uføre flyktningar går inn under omgrepet «uføreytelser fra andre ordninger», og at det ikkje er behov for å endre desse føresegnene.

Etter skatteloven § 12-2 bokstav i inngår «støtte etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg» i personinntekta til mottakaren. Vidare inngår «uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12 og uføreytelser fra andre ordninger» i personinntekta etter bokstav j. Supplerande stønad til uføre flyktningar er dermed famna av både bokstav i og j.

Skatteloven § 16-1 inneheld reglar om frådrag i skatt for pensjonsinntekt. Etter skatteloven § 16-1 første ledd bokstav c vert det gjeve skattefrådrag for skattytar som «mottar stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg». For å sikre at det berre vert gjeve skattefrådrag i ytingar som skal skattleggjast som pensjonsinntekt, må bokstav c avgrensast til å gjelde supplerande stønad til personar som har fylt 67 år.

Folketrygdloven § 23-3 regulerer satsane for trygdeavgift. Etter § 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a skal det betalast låg sats av pensjon mv. Det omfattar òg «støtte etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg». Departementet foreslår endringar i folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a, slik at det uttrykkeleg går fram at det berre skal reknast låg trygdeavgift av supplerande stønad til personar som har fylt 67 år. Supplerande stønad til uføre flyktningar under 67 år vil då gå inn under § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav b. Der framgår det at det skal betalast mellomsats av «uføreytelser fra andre ordninger», på same måte som av uføretrygd frå folketrygda.

Departementet viser til framlegg om endringar i skatteloven § 16-1 og folketrygdloven § 23-3.

Endringane vil ikkje ha nemneverdige administrative følgjer eller verknader for provenyet. Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2021.

Til forsida