Forsida

Prop. 107 LS (2019–2020)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

4 Etablering av ei eiga mellombels skattemessig saldogruppe for skip i nærskipsfart – oppmodingsvedtak nr. 446 (2020)

4.1 Innleiing og samandrag

Departementet viser til vedtak 446 frå Stortingets behandling av Innst. 216 S (2019–2020):

«Stortinget ber regjeringen etablere en egen midlertidig skattemessig saldogruppe for skip (utenfor tonnasjeskatteordningen) i nærskipsfart, med en avskrivningssats på 20 pst., og ber regjeringen komme tilbake med dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»

Med ei eiga saldogruppe for skip i nærskipsfart med ein avskrivingssats på 20 pst. aukar avskrivingane for skip på denne saldogruppa frå den satsen som no gjeld på 14 pst.

Innføring av ei eiga mellombels skattemessig saldogruppe for skip i nærskipsfart med høgare avskrivingssats kan innebere statsstøtte etter EØS-avtalen. Det er naudsynt å få tiltaket godkjend frå EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Det er etablert ein prosess med ESA for å klarleggje dette.

Framlegget vil komplisere skattesystemet og gje potensielt særs høge administrative kostnadar i høve til nytten av framlegget for støttemottakarane. Departementets tilrår difor at framlegget ikkje vert gjennomført. Departementet gjer likevel framlegg om at det vert gjeve ein forskriftsheimel til at Finansdepartementet kan innføre ei mellombels saldogruppe for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst. for nyerverva skip i 2020, som er erverva frå uavhengig part frå og med eit slikt framlegget tek til å gjelde. Det vil gje departementet høve til vidare naudsynte utgreiingar.

4.2 Vurderingar og framlegg

Skip er omfatta av saldogruppe e, som også omfattar fiske- og fangstfartøy, flytedokker, riggar mv. Etter gjeldande rett vert skip generelt avskrive med ein sats på 14 pst. Denne satsen er truleg for høg i høve til det faktiske verdifallet på driftsmiddel i denne saldogruppa. Departementet viser til Skatteutvalets utgreiing i NOU 2014: 13 Kapitalbeskatning i en internasjonal økonomi punkt 10.4.

Då Stortinget behandla Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020) punkt 1.2, uttala fleirtalet i finanskomiteen at:

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rødt, viser til at det på det nåværende tidspunkt er lite økonomisk aktivitet som følge av virusutbruddet og de tilknyttede statlige smitteverntiltakene. På et senere tidspunkt, det regjeringen omtaler som fase 3, vil det være viktig å igangsette tiltak for å bidra til å stimulere aktiviteten i den norske økonomien. I den fasen vil det også være viktig å se på tiltak knyttet til skatter og avgifter.»

Komiteen gjorde deretter framlegg om at det vert innført ei eiga mellombels skattemessig saldogruppe for skip i nærskipsfart og oppmoda regjeringa om å kome tilbake med dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. vedtak 446.

Innstillinga til finanskomiteen viser at føremålet med tiltaket er å auke aktiviteten i økonomien. Framlegget inneber at den skattemessige avskrivinga for inntektsåret 2020 vert 20 pst. av kostprisen på skip som kan verte ført på denne saldogruppa og vert erverva i år.

For skip som allereie er erverva, vil ikkje auka avskrivingssats ha nokon verknad på aktiviteten i økonomien. I tråd med intensjonen til stortingsvedtaket bør auka avskrivingssats difor berre gjelde skip som vert erverva frå og med tidspunktet framlegget tek til å gjelde. For å redusere uønskte tilpassingar ved at skip vert selde berre for å kunne oppnå høgare avskrivingssats, bør skip som er kjøpt frå nærståande part, ikkje kunne førast på den mellombelse saldogruppa. Departementet tilrår på denne bakgrunn at den nye saldogruppa eventuelt berre gjeld for skip som er erverva frå og med tidspunktet framlegget tek til å gjelde, og ikkje frå nærståande part. Som nærståande part bør reknast part som er nærståande etter definisjonen av nærståande i reglane i skattelova § 6-41 femte ledd.

Det er ingen offisiell norsk definisjon av kva som er skip i nærskipsfart, men departementet antar at dette i hovudsak gjeld transportskip som seglar i Noreg og mellom Noreg og Europa. For eit mellombels tiltak kan ein enkel definisjon truleg vere høveleg. Ei enkel avgrensing av kva for fartøy som skal vere omfatta, kan vere alle typar transportskip for passasjerar og gods som går mellom hamner i Noreg og mellom hamner i Noreg og andre hamner i Europa. Reglane i EØS-avtalen om etableringsfridom kan innebere at reglane også må gjelde for transport mellom hamner i andre EØS-land. Dette vil verte avklara i dialog med ESA. Departementet gjer framlegg om at det nærare innhaldet i omgrepet nærskipsfart vert regulert i forskrift.

Auka avskrivingssats for nyanskaffa skip i 2020 vil gje høgare frådrag og lågare skatt for selskap i skatteposisjon for 2020. Dei fleste skattytarane tiltaket gjeld for vil vere etterskotspliktige og med det betale mindre skatt ved skatteoppgjeret hausten 2021. Høgare avskrivingar i 2020 vil redusere grunnlaget for avskriving for dei åra som følgjer etter, og gje auka skatt for åra etter 2020. Fordelen ved tiltaket utgjer renteverknaden ved utsett skattebetaling. Med ei nominell rente på 6 pst. svarer ein mellombels auka avskrivingssats frå 14 til 20 pst. i 2020 til ein stønad på opp mot 0,4 pst. av investeringsutgifta for eit selskap i skatteposisjon, målt på investeringstidspunktet.

Departementet anslår på usikkert grunnlag at ein mellombels auka avskrivingssats for nyerverva skip i nærskipsfart i 2020, vil auke avskrivingsfrådrag for selskap i skatteposisjon med om lag 70 mill. kroner. Det vil gje eit påløpt provenytap i 2020 på 20 mill. kroner. Provenytapet vert bokført i 2021.

Med desse føresetnadane vil dei samla nyinvesteringane som får nytte av auka frådrag med verknad for betalbar skatt, utgjere om lag 1 000 mill. kroner. Dersom ei diskonteringsrente på 6 pst. svarer om lag til ei rente som reflekterer relevant risiko for dei påverka selskapa, vil den samla rentefordelen for selskapa utgjere om lag 4 mill. kroner.

Departementet går ut frå at framlegget vil innebere noko meirarbeid for både skattytarane og skattestyresmaktene. Departementet gjer merksam på at den samla verknaden av støttetiltak gjennom avskrivingssystemet kan gjere skattesystemet mindre oversiktleg og meir administrativt krevjande. Dei administrative kostnadane ved tiltaket vil ikkje vere spesielt høge samanlikna med andre skatteendringar, men etter departementets vurdering vil kostnadane være høge samanlikna med verknadene til tiltaket for støttemottakarane. Departementet har innanfor den tilgjengelege tidsramma ikkje fått greidd ut dei administrative kostnadane grundig, men meiner 1–2 mill. kroner vil vere eit rimeleg intervall for dei samla administrative kostnadane for skattytar, Skatteetaten og departementet. Viss tiltaket byr på uføresedde administrative kostnadar, til dømes klagesaker, fleire rettingar av skattemeldingar eller at prosessen overfor ESA vert meir krevjande enn pårekna, så kan ikkje departementet utelukke at dei administrative kostnadane ved tiltaket vert høgare enn den samla fordelen tiltaket vil gje til dei verksemdene tiltaket vil gjelde for. Departementet legg til grunn at det er eit klårt mishøve mellom dei administrative kostnadane ved tiltaket og fordelen selskapa får gjennom tiltaket, til dømes samanlikna med framlegget om auka avskrivingssats for nyerverva maskinar mv.

Ein høgare avskrivingssats for nærskipsfart utgjer enn selektiv fordel i høve til EØS-avtalen. Tiltaket må difor dekkjast av ein av unntaksheimlane i EØS-avtalen for statsstøtte, for at det skal kunne verte gjennomført. Tiltaket må i tilfelle notifiserast. Departementet har innleia ein prosess for å få dette avklart.

For såkalla «bagatellmessig stønad», som kan utgjere inntil 200 000 euro delt over tre år, er slik notifisering ikkje naudsynt. Det kan oppstå spørsmål om samanlegjing av stønad frå fleire hold, til dømes stønaden administrert av Kystverket med tilskot for å få ført over gods frå veg til sjø.

For reiarlag som ikkje vert råka av EØS-begrensningar, kan tiltaket svare til ein stønad på opp mot 0,4 pst. av investeringsutgifta for eit nybygd skip. Samstundes vil ei stønadsordning som er basert på prinsippa for bagatellmessig stønad, truleg krevje stor administrasjon som ikkje står i eit rimeleg høve til den fordelen reiarlaga oppnår.

Sidan framlegget vil komplisere skattesystemet og gje potensielt høge administrative kostnadar relativt til verknadene av framlegget for støttemottakarane, er regjeringas tilråding at framlegget ikkje vert gjennomført.

For å følgje opp vedtak 446 frå Stortinget gjer departementet likevel framlegg om at det vert gjeve ein forskriftsheimel slik at Finansdepartementet kan innføre ei mellombels saldogruppe for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst. for nyerverva skip i 2020, som er erverva frå uavhengig part frå og med tidspunktet eit slikt framlegg tek til å gjelde. Det vil gje departementet høve til vidare naudsynte utgreiingar. På bakgrunn av desse utgreiingane vil departementet vurdere om eit slikt støttetiltak gjennom avskrivingssystemet likevel bør gjennomførast.

Departementet viser til framlegg om nytt sjette ledd i skatteloven § 14-43.

Til forsida av dokumentet