Prop. 145 L (2020–2021)

Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Etter departementets vurdering vil ikkje forslaga ha nokon vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Forslaga i punkt 2 er i all hovudsak meint å tydeleggjere og konkretisere eksisterande plikter for dei dette gjeld. Forslaget om å lovregulere ein nasjonal vitnemålsdatabase og ei plikt for vidaregåande skular til å rapportere vitnemål digitalt til denne databasen vil ikkje gi særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Databasen er i drift i dag, og dei fleste skular rapporterer allereie inn slike vitnemål. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå plikta, og dette vil bli gjort i dei tilfella der skular, i praksis private, eventuelt vil få administrative utfordringar med å kunne oppfylle rapporteringsplikta. Forskriftsheimelen kan òg bli brukt dersom kostnadene ved å ta imot slike vitnemål og legge dei inn i databasen blir uforholdsmessige.

Endringane i regelverket som gjeld Utdanningsdirektoratet, er i hovudsak i samsvar med dagens praksis. Unit (frå 1. juli 2021: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) har i dag ansvaret for nasjonal vitnemålsdatabase. Lovforslaget legg til rette for vidareutvikling og utviding av denne databasen. Tempoet vil bli tilpassa budsjettrammene direktoratet har.

Departementet legg til grunn at forslaga om fjernundervisning i punkt 3 ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar. Forslaget medfører inga plikt til å ta i bruk fjernundervisning, berre høve til dette dersom vilkåra er oppfylte. Det følger av lovforslaget at ordinær undervisning av lærarar på skulen framleis skal vere normalordninga, medan fjernundervisning skal vere unntaket.

Forslaget til ny § 3-1 a gir ikkje nye rettar eller plikter, men er ei presisering av reglar som følger av den mellombelse lova og forskrift gitt med heimel i den. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida