Prop. 145 L (2020–2021)

Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til forslaga

6.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-12 tredje ledd

Endringa inneber at føresegna også viser til dei nye § 8-4 og § 15-10.

Til ny § 3-1 a

Føresegna er ny. Føresegna må sjåast i samanheng med den mellombelse utvidinga av ungdomsretten etter § 10 i midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 52 om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskulelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19. Den mellombelse lova § 10 opnar for at ungdom som gjennomfører Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skuleåra 2020–2021 og 2021–2022, seinare kan velje opplæring i bedrift som ungdom og utløyse lærlingtilskot etter satsen for basistilskot I. At dei som går frå yrkesfagleg Vg2 til Vg3 påbygg skuleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje bruker av retten, inneber òg at desse kan ha rett til omval etter dei ordinære reglane seinare. Føresegna omfattar berre ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dei som studerer, skal ikkje overførast til oppfølgingstenesta sjølv om dei har meir ungdomsrett igjen. Sjå elles omtale av den mellombelse regelen i Prop. 102 L (2019–2020), punkt 3.3.15.

Til ny § 3-14

Føresegna er ny og regulerer nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse (NVB). I dag blir databasen omtala som Nasjonal vitnemålsdatabase, med forkortinga NVB. Forslaget til ny regulering medfører at det ikkje lenger vil vere berre vitnemålsopplysningar som blir oppbevarte og behandla i databasen, og det er i føresegna derfor brukt ei generell nemning i forslaget: nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse. Sjå omtale i punkt 2.4.7.

Første ledd reknar opp formåla til databasen. Formåla utgjer rammene for vurderinga av om opplysningar kan registrerast i databasen. Behandling av personopplysningar må vere i samsvar med eitt eller fleire av dei fire formåla til databasen.

Andre ledd fastset ei plikt for alle som tilbyr vidaregåande opplæring, til å levere vitnemål og kompetansebevis til databasen. Kompetansebevis er dokumentasjon på gjennomført og bestått vidaregåande opplæring som ikkje fyller vilkåra for vitnemål eller fag- og sveinebrev. Karakterar frå vidaregåande opplæring er rekna som teiepliktige opplysningar, og det er presisert at deling av opplysningar til databasen kan skje utan hinder av teieplikta. Enkelte skular vil ikkje vere i stand til å levere dokumentasjon til databasen, og departementet har derfor høve til å fastsetje forskrift om unntak frå denne plikta. Dette vil for det første vere aktuelt der kostnadene ved slik innsending blir for store, anten hos sendaren (den som utferdar vitnemål/kompetansebevis) eller hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som mottakar av vitnemåla/kompetansebevisa. Det kan vere skular som av ulike grunnar ikkje kan levere vitnemål eller kompetansebevis elektronisk i eit format som NVB kan importere automatisk. For det andre vil det vere aktuelt der NVB førebels ikkje har på plass den tekniske løysinga for å kunne å ta imot all type dokumentasjon.

Tredje ledd er supplerande rettsgrunnlag for at databasen kan innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring og utdanning. Vilkåret er at eitt eller fleire av formåla i første ledd i føresegna er oppfylte. Eit eksempel er vitnemål frå fagskular. Anna dokumentasjon kan vere karakterutskrifter.

Fjerde ledd er supplerande rettsgrunnlag for at NVB kan kople seg til vitnemålsportalen, slik at den registrerte kan dele opplysningar om kompetansen sin med for eksempel ein arbeidsgivar. Vitnemålsportalen er ei teneste som informasjon kan formidlast gjennom. Vitnemåla skal oppbevarast i NVB og berre formidlast gjennom portalen når den registrerte bestemmer det. Sjølve delinga er dermed basert på samtykke. Før ein person loggar inn og tek i bruk systemet, vil portalen berre innehalde informasjon om kva for institusjonsdatabasar som inneheld resultat frå kva for personar, i dette tilfellet vil det vere fødselsnummer eller D-nummer kopla til ein identifiseringsinformasjon som viser til at personen har resultat registrerte i NVB.

Femte ledd presiserer at opplysningane i NVB kan nyttast til analyse, statistikk og forsking.

Sjette ledd første setning regulerer at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal vere behandlingsansvarleg for databasen. Andre setning er heimel for at departementet kan gi forskrift om behandling og registrering av personopplysningar i databasen. Denne heimelen vil, dersom det skulle bli nødvendig, bli brukt til å regulere nærare kva for opplysningar som kan takast inn i basen. Dette kan særleg bli aktuelt i tilknyting til tredje ledd i forslaget.

Til ny § 8-4

Første ledd set opp vilkåra for at opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning. Vilkåra er at det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, at det vil vere pedagogisk forsvarleg og trygt, og at elevar og lærar kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel. Vilkåra er utdjupa i andre, tredje og fjerde ledd.

At «delar» av opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning, utelukkar at heile opplæringa til ein elev blir gjennomført som fjernundervisning. Delar av opplæringa inneber også at ordinær opplæring av lærarar på skulen skal vere normalordninga. Avgrensinga utelukkar ikkje at ein kan gi opplæring i heile fag som fjernundervisning, for eksempel for å legge til rette for at elevane får større valfridom og kan velje smale fag dei elles ikkje kunne valt. Sjå punkt 3.5.9.

Kravet om at kommunen og fylkeskommunen må «godtgjere» at det er gode grunnar til å gi opplæring som fjernundervisning, og at opplæringa som skjer som fjernundervisning, er trygg og pedagogisk forsvarleg, inneber at det er kommunen og fylkeskommunen som må sannsynleggjere at desse vilkåra er oppfylte. Kravet understrekar at ordinær opplæring er normalordninga, og at avgjerda om å bruke fjernundervisning krev særskild grunngiving. Det vil ikkje vere noko absolutt dokumentasjonskrav, men det er naturleg at det ligg føre noko dokumentasjon frå dei vurderingane som er gjorde. Ved eit eventuelt tilsyn er det kommunen og fylkeskommunen som må sannsynleggjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa slik og at fjernundervisninga er trygg og pedagogisk forsvarleg, og ikkje tilsynsstyresmaktene som må sannsynleggjere at ho ikkje er det. Val av fjernundervisning vil, til liks med val av undervisningsmetode, i stor grad kvile på eit fagleg skjønn. Både lærarkollegiet på den enkelte skulen, rektor og kommunen vil vere sentrale for å sikre kvalitet i den faglege skjønnsutøvinga. Sjå også om kravet til å godtgjere i punkt 3.5.6.

I andre ledd er ei forklaring på kva som er meint med gode grunnar. Første setning forklarer innhaldet i vurderinga, medan andre setning omtalar eksempel på moglege fordelar med fjernundervisning. Vilkåret om gode grunnar inneber at det skal vere ein viss terskel for å organisere opplæringa som fjernundervisning. Ordinær opplæring av lærarar på skulen er normalordninga, medan fjernundervisning krev god grunngiving. Vilkåret om gode grunnar inneber at det må gjerast ei heilskapleg vurdering der fordelane med fjernundervisning blir vegne opp mot ulempene. Fordelane kan for eksempel vere at det blir mogleg å gi elevane eit tilbod dei elles ikkje ville fått, eller at det gir betre høve til å tilpasse opplæringa til det fagleg nivået til den enkelte. Ei ulempe med fjernundervisning er at elevane ikkje møter læraren og kanskje heller ikkje dei andre elevane som deltek i opplæringa. Det er ikkje tillate å bruke fjernundervisning for å spare pengar, og kommunar og fylkeskommunar kan ikkje la vere å prøve å rekruttere lærarar som dei elles ville ha rekruttert, eller la vere å opprette tilbod som dei elles ville ha oppretta. Derimot kan fjernundervisning vere aktuelt dersom det gir elevane valfridom som dei elles ikkje ville fått, for eksempel høve til å velje smale språkfag. Sjå òg punkt 3.5.4.

Tredje ledd konkretiserer kva som ligg i vilkåret om trygt og pedagogisk forsvarleg, og kva som er sentrale moment i desse vurderingane. Sjå òg punkt 3.5.5.

«Trygt og pedagogisk forsvarleg» skal tolkast i brei forstand ved at det blant anna skal takast omsyn til kor gode moglegheiter elevane har for læring, utvikling, trivsel og sosial tilhøyrsle, jf. oppramsinga i tredje ledd første setning. Momenta er ikkje uttømmande. Kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, må vurderast skjønnsmessig basert på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Alderen og kor modne elevane er, vil ha innverknad på vurderinga. I tillegg har det innverknad kor mykje av opplæringa som skjer gjennom fjernundervisning. Om og korleis fjernundervisninga blir kombinert med ulike former for fysisk samhandling, og om ein vaksen har tilsyn med elevane, har òg innverknad på om opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Det skal vurderast særskilt om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi dei yngste elevane opplæring som fjernundervisning. Ein føresetnad er i så fall at eleven får hjelp til å følge opplæringa av ein vaksen på skulen. I vurderinga av om det er trygt for elevane, skal det også takast omsyn til risikoen for personvernet til elevane. Sjå om krav til personopplysningstryggleik i punkt 3.5.15. Dersom ein elev ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av fjernundervisninga, må skulen legge til rette særskilt i samsvar med reglane om spesialundervisning. Sjå punkt 3.5.8.

I tredje ledd andre setning blir det slått fast krav om nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi opplæringa som fjernundervisning. Det er her sikta til den tekniske kompetansen som trengst for å kunne gjennomføre opplæringa som fjernundervisning på ein god måte. Kravet kjem i tillegg til kravet om fagleg og pedagogisk kompetanse i opplæringslova kapittel 10 med forskrifter. Kravet gjeld skulen, ikkje den enkelte læraren. Dersom læraren ikkje har nødvendig teknisk kompetanse, må læraren få hjelp av andre slik at opplæringa kan gjennomførast på ein god måte for elevane. Kva som er nødvendig og eigna utstyr, må vurderast konkret. Sentralt i denne vurderinga er om utstyret gjer det mogleg å kommunisere effektivt, jf. fjerde ledd. Sjå òg punkt 3.5.5.

Fjerde ledd utdjupar kva som ligg i kravet om effektiv kommunikasjon. Kravet inneber at elevane må ha tilsvarande høve til fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande høve til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må legge til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid. Sjå òg punkt 3.5.7.

Femte ledd handlar om kvar elevane skal kunne få fjernundervisning. Første setning slår fast at hovudregelen er at elevane skal få fjernundervisning på skulen. Sjå òg punkt 3.5.10.1.

Femte leddandre setning opnar for at ein elev i grunnskulen kan få opplæring andre stader enn på skulen i særlege tilfelle. Eit særleg tilfelle kan for eksempel vere at ein elev ikkje kan kome på skulen på grunn av sjukdom. Då kan fjernundervisning vere eit nyttig supplement til at læraren kjem heim til eleven ved langvarig fråvær. Eit anna særleg tilfelle kan vere dersom ein elev skal delta i idrettskonkurranse eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Kva som er eit særleg tilfelle, må vurderast konkret. Det er meint å vere ein høg terskel. Sjå òg punkt 3.5.10.2.

Femte ledd tredje setning opnar for at ein elev i vidaregåande skule kan få fjernundervisning andre stader enn på skulen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor. Føresegna inneber at elevar i vidaregåande skule kan få fjernundervisning andre stader enn på skulen utover i særlege tilfelle, men det forutset avtale med rektor. Sjå omtalen av kva som er meint med særlege tilfelle i merknaden til femte ledd andre setning og i punkt 3.5.10.2.

Det er rektor på heimskulen til eleven som kan inngå avtale om at eleven skal få fjernundervisning andre stader enn på skulen. Rektor kan delegere denne kompetansen. Føresegna er ikkje til hinder for at fylkeskommunen avgjer kva praksis skulane skal ha. Om fjernundervisninga skal bli gitt andre stader enn på skulen, må vurderast konkret for den enkelte eleven. Sjå òg punkt 3.5.10.3.

Sjette ledd er ein heimel til å fastsetje reglar i forskrift. Det er ikkje lagt opp til at det skal fastsetjast forskriftsreglar idet lovreglane blir innførte. Forskriftsheimelen skal kunne brukast til raskt å fastsetje ytterlegare avgrensingar og krav dersom det viser seg at dette er nødvendig ut frå måten reglane blir praktiserte på.

Til § 14-4 andre ledd

Andre ledd første punktum gir supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar i Utdanningsdirektoratets informasjonsinnhenting og evaluering etter første ledd og forskriftsreglane gitt med heimel i den. Det fastsette formålet om evaluering av opplæringsverksemder set rammene for kva personopplysningar direktoratet kan behandle. Formålet omfattar all opplæringsverksemd innanfor rammene for opplæringslova, også den opplæringsverksemda som skjer i lærebedrift.

Påpeikinga av formålet er ei gjentaking av formålet som fastsett i første ledd i føresegna. Det må derfor leggast til grunn etablert praksis, der omgrepa er brukte i vid tyding. Det omfattar også styringsinformasjon på fleire nivå.

Formålet om evaluering av opplæringsverksemder må sjåast i samanheng med dei konkrete formåla som er fastsette i forskrift gitt med heimel i første ledd i føresegna.

Andre punktum seier at personopplysningane som er innhenta etter første ledd i føresegna, kan brukast til forsking, analyse og statistikk, også utover det formålet som er ført opp i første punktum. Dette gjer det klart at forsking, analyse og statistikk ikkje er motstridande formål. Dersom personopplysningane skal utleverast til andre, må den som skal ta imot personopplysningane, ha eige behandlingsgrunnlag.

Tredje punktum er heimel for departementet til å fastsette reglar i forskrift om kva for opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.

Sjå omtale i punkt 2.4.6.5.

Til ny § 15-10

Dette rettsgrunnlaget supplerer behandlingsgrunnlaga i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e.

Første ledd regulerer behandlinga av personopplysningar i kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter. Føresegna slår fast at kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Med oppgåver er meint både plikter og oppgåver som kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter er pålagde i og med heimel i lova. Føresegna tydeleggjer at opplæringslova med forskrifter gir supplerande rettsgrunnlag til personvernforordninga artikkel 6 første ledd bokstav c og e.

Føresegna gir ikkje i seg sjølv rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar, men må sjåast i samanheng med dei oppgåvene som er regulert i eller med heimel i opplæringslova. Formålet med føresegna er å tydeleggjere at reglane i opplæringslova kan, og ofte vil, gjere det nødvendig å behandle personopplysningar.

Formålet med dei enkelte oppgåvene som er regulert i opplæringslova set nærare avgrensingar for kva personopplysningar som kan behandlast, inkludert lagringstid og vidarebehandling av opplysningane. Kommunen, fylkeskommunen og lærebedrifter skal derfor berre behandle personopplysningar så langt dette er nødvendig for å oppfylle formålet med den enkelte oppgåva dei er pålagde etter opplæringslova med forskrifter. Føresegna handlar både om kommunar og fylkeskommunar som skuleeigarar, og om andre oppgåver som er lagde til kommunar og fylkeskommunar i opplæringslova med forskrifter. For eksempel er fylkeskommunen pålagd å ha ei oppfølgingsteneste som ikkje er ein del av opplæringsverksemda, jf. opplæringslova § 3-6. Lærebedriftene står for ein sentral del av den yrkesretta vidaregåande opplæringa og er derfor pålagde oppgåver i opplæringslova som gjer det nødvendig å behandle personopplysningar. Føresegna omfattar også statlege og private skular som driv verksemd etter opplæringslova.

Føresegna omfattar også behandling av særlege kategoriar av personopplysningar etter artikkel 9 og artikkel 10 i personvernforordninga. I fleire tilfelle vil det vere nødvendig å behandle særlege kategoriar av personopplysningar, anten direkte eller indirekte, for å utføre oppgåver etter opplæringslova. Eksempel er opplysningar om helsa og den religiøse tilhøyrsla til eleven.

Når det gjeld personopplysningar etter artikkel 10, kan slik behandling bli aktuell blant anna ved opplysningar om straffbare forhold barn er blitt utsette for. Det kan òg vere aktuelt for fylkeskommunen å behandle personopplysningar etter artikkel 10 for å oppfylle plikta til å gi opplæring i fengsel (opplæringslova § 13-2a). Unntaksvis vil også slike opplysningar kunne inngå når skulane oppfyller aktivitetsplikta si i skulemiljøsaker etter opplæringslova kapittel 9 A, eller når kommunen og fylkeskommunen behandlar saker om pålagde skulebyte.

Kven som er behandlingsansvarleg, vil vere avhengig av dei ulike oppgåvene etter lova. Sjå òg omtale av første ledd i punkt 2.4.2.5.

Andre ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved skulebyte. Føresegna gir rettsleg grunnlag for at skular kan innhente personopplysningar som trengst for å oppfylle retten til opplæring og få grunnlag for å utferde dokumentasjon på opplæringa. Formåla som er førte opp, fastset rammene for kva for personopplysningar som kan behandlast etter føresegna og kva for formål opplysningane kan brukast til. Å oppfylle retten til opplæring omfattar også å kunne gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, inkludert å kontrollere om søkaren har rett til vidaregåande opplæring. Formålet omfattar også å kunne overføre opplysningar frå vedtak om pålagd skulebytte etter opplæringslova § 9A-12. Kva for opplysningar som skal kunne overførast vil bli regulert i forskrift med heimel i sjette ledd. Opplysningstypane som skal kunne utleverast, kan innehalde særlege kategoriar av personopplysningar etter artikkel 9 (for eksempel opplysningar om fritak, samisk språkbakgrunn, teiknspråk osv.) og etter artikkel 10 i personvernforordninga.

Føresegna gir samtidig supplerande rettsgrunnlag for at skulane kan utlevere personopplysningar ved skulebyte.

Føresegna opnar for deling av personopplysningar mellom offentlege skular og private skular, både private skular som er godkjende etter opplæringslova, og friskular som er godkjende etter friskulelova. Nemninga «skule» er også meint å omfatte vaksenopplæringssenter som deler personopplysningar om vaksne deltakarar i grunnopplæringa.

Tredje ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring. Føresegna gir rettsleg grunnlag for at fylkeskommunen kan få utlevert personopplysningar frå grunnskulen som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak (opplæringslova § 3-1 og kapittel 6 i forskrifta), førebygge fråvær og følge opp dei som er i målgruppa for oppfølgingstenesta (opplæringslova § 3-6 og kapittel 13 i forskrifta). Føresegna gir samtidig rettsgrunnlag for at grunnskulane kan utlevere personopplysningar til desse formåla.

Fylkeskommunen har eit særskilt ansvar i arbeidet med å hindre fråfall i vidaregåande opplæring. Å førebygge fråvær kan blant anna handle om å tilpasse opplæringa for å betre sjansane for at elevane fullfører vidaregåande opplæring. Det kan også handle om rettleiing av søkarar og elevar om val av utdanningsprogram, programfag og så vidare for å hjelpe dei å gjere val som gir best sjansar til å fullføre vidaregåande opplæring. Dei oppførte formåla fastset rammene for kva personopplysningar som kan behandlast etter føresegna.

Opplysningstypane som skal kunne utleverast, kan vere særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga (slik som opplysningar om fritak, samisk språkbakgrunn, teiknspråk osv.). Føresegna gir derfor også supplerande rettsgrunnlag for å dele opplysningar av særlege kategoriar etter personvernforordninga artikkel 9. Det kan også delast personopplysningar etter artikkel 10 der dette er nødvendig for formåla som oppførte.

Fylkeskommunen kan innhente personopplysningar for dei nemnde formåla både frå offentlege og private grunnskular og frå friskular godkjende etter friskulelova.

Føresegna gir òg supplerande rettsgrunnlag for å utlevere personopplysningar til statlege og private skular for dei to førstnemnde formåla. Avgrensinga følger av nødvendigkriteriet og formålsavgrensinga som følger av første ledd i føresegna.

Fjerde ledd gir supplerande rettsgrunnlag for at skulane kan dele personopplysningar for å legge til rette opplæringa til ein elev, men berre så langt eleven eller foreldra har gitt løyve til det. Opplysningane som det er ønskeleg å dele, kan vere personopplysningar av særlege kategoriar, for eksempel helseopplysningar, fråsegner frå sakkunnige og vedtak om spesialundervisning. Føresegna gir derfor også rettsgrunnlag for å dele opplysningar av særlege kategoriar etter personvernforordninga artikkel 9 og artikkel 10.

Eit krav om løyve vil sikre at det ikkje blir delt fleire opplysningar enn det eleven eller foreldra sjølv ønsker. Eleven og foreldra avgjer dermed sjølv om den nye skulen eller den vidaregåande skulen skal få opplysningar, utover det som er regulert i andre og tredje ledd.

Kravet om løyve frå eleven eller foreldra er eit tilleggskrav til lov som supplerande rettsgrunnlag og inneber ikkje same strenge krav til overdraginga som eit samtykke slik personvernforordninga definerer det. Det inneber blant anna at om eit slikt løyve blitt trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi skulen plikt til å slette personopplysningane han har motteke. Dersom ein skule lèt vere å innhente slikt løyve før personopplysningane blir utleverte, vil dette innebere eit brot på opplæringslova og eventuelt teiepliktreglane i forvaltningslova. Eit slikt løyve vil også utgjere samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1.

Løyve frå foreldra inneber at dersom foreldreansvaret er delt, må begge gi løyve. Dette følger av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman. Sjå punkt 2.2.2.1.

Føresegna utvidar kva for personopplysningar som kan utleverast både ved skulebyte etter andre ledd og ved overgang frå grunnskule til vidaregåande skule etter tredje ledd. Føresegna omfattar berre personopplysningar som er nødvendige for at skulen skal kunne legge til rette opplæringa til eleven. Det er her sikta til opplæring i vid forstand, og det skal omfatte både personopplysningar om det faglege utbytet til eleven og personopplysningar om elevens trivsel, sosiale tilhøyrsle og så vidare.

Femte ledd fastset at personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd i føresegna skal kunne delast utan hinder av teieplikta.

Sjå omtale av andre til femte ledd i punkt 2.4.5.5.

Sjette ledd gir heimel for departementet til å gi nærare reglar om behandlinga i forskrift, blant anna om formålet med behandlinga, vidarebehandling og tilgang til personopplysningar. Heimelen kan brukast til å konkretisere og supplere krava til behandling av personopplysningar etter personopplysningslova og personvernforordninga. Sjå òg punkt 2.4.2.5.

6.2 Endringar i friskulelova

Til § 1-2 tredje ledd

Tredje ledd fører vidare gjeldande rett og fastset at lova ikkje gjeld kjøp av opplæringstenester. Departementet viser til Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) punkt 19 merknaden til § 1-2. I føresegna er det føydd til eit unntak om at lova likevel gjeld kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning i samsvar med vilkåra for dette, jf. forslaget til ny § 3-4c. Føresegna inneber at friskulane har høve til å kjøpe og selje opplæringstenester både til og frå andre skular godkjende etter friskulelova og til og frå offentlege skular i dei tilfella opplæringa blir gjennomført som fjernundervisning i samsvar med krava i friskulelova § 3-4c. Departementet viser til friskulelova § 6-3 og understrekar at det er styret ved skulen som skal sørge for at alt statstilskot og alle skulepengar kjem elevane til gode, under dette har styret ansvar for at all handel med skuleeigarane eller deira nærståande er gjord på marknadsvilkår. Sjå òg punkt 3.5.17.

Til ny § 3-4c

Når det gjeld første til sjette ledd første punktum i føresegna, viser departementet til merknaden til ny § 8-4 i opplæringslova. Sjette ledd siste punktum gir departementet heimel til å gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning. Sjå òg punkt 3.5.17.

Til § 6-1 femte ledd

Etter femte ledd nytt andre punktum kan departementet gi forskrift om at Utdanningsdirektoratet kan innhente personopplysningar frå fylkeskommunar når det er nødvendig for å kontrollere elevtalsrapporteringa. Dette vil gi Utdanningsdirektoratet supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar, så langt det er nødvendig for formålet, det vil seie å kontrollere elevtalsrapporteringar frå friskulane. Føresegna vil også gi fylkeskommunane supplerande rettsgrunnlag for å levere ut opplysningar til dette formålet. Dette vil for eksempel gjelde opplysningar om søkarstatusen til ein elev for å vurdere kva rett eleven har til vidaregåande opplæring, og om han utløyser rett til tilskot for friskulen. Det er heimfylket til eleven som har informasjon om søkarstatusen.

Til § 6A-7

Det er føydd til tre nye bokstavar i føresegna.

Bokstav a fastset at friskulelova § 1-2 om verkeområdet gjeld for skular godkjende etter kapittel 6A så langt føresegna passar.

Bokstav g fastset at friskulelova § 3-4c om fjernundervisning gjeld for skular godkjende etter kapittel 6A så langt føresegna passar.

Bokstav s fastset at friskulelova § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar gjeld for skular godkjende etter kapittel 6A så langt føresegna passar. Føresegna inneber at kapittel 6A-skulane har same supplerande rettsgrunnlag for å behandle personopplysningar som friskulane.

Til § 7-2

Noverande tredje ledd går ut, sidan føresegna er flytta til ny § 7-2c. Noverande fjerde og femte ledd blir nye tredje og fjerde ledd.

Til ny § 7-2c

Første ledd er ei vidareføring av noverande § 7-2 tredje ledd og inneber inga endring i reglane i dag.

Andre ledd første punktum gir supplerande rettsgrunnlag for Utdanningsdirektoratets informasjonsinnhenting og evaluering i samsvar med første ledd i føresegna, og dei nærare forskriftsreglane gitt med heimel i denne. Det fastsette formålet om evaluering av opplæringsverksemder gir rammene for kva personopplysningar direktoratet kan behandle. Formålet omfattar all opplæringsverksemd innanfor rammene av friskulelova.

Påpeikinga av formålet er ei gjentaking av formålet som fastsett i første ledd i føresegna. Det må derfor leggast til grunn etablerte praksis på området, der omgrepa er brukte i vid tyding. Det omfattar òg styringsinformasjon på fleire nivå. Denne føresegna svarer til opplæringslova § 14-4.

Formålet om evaluering av opplæringsverksemder må sjåast i samanheng med dei konkrete formåla som er fastsette i forskrift gitt med heimel i første ledd i føresegna.

Andre punktum seier at opplysningane som er innhenta etter første ledd i føresegna kan brukast til forsking, analyse og statistikk, også utover det formålet som er ført opp i første punktum. Dette gjer det klart at forsking, analyse og statistikk ikkje er motstridande formål. Dersom opplysningane skal utleverast til andre, må den som skal ta imot personopplysningane, ha eige behandlingsgrunnlag.

Tredje ledd gir heimel for departementet til å fastsette reglar i forskrift om kva for opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.

Til ny § 7-9

Dette rettsgrunnlaget supplerer behandlingsgrunnlaga i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e.

Første ledd første punktum regulerer behandlinga av personopplysningar i friskular. Dette gjeld friskular som skuleeigarar. Andre punktum regulerer behandlinga av personopplysningar i kommunar og fylkeskommunar når dette er nødvendig for å oppfylle oppgåvene dei er pålagt overfor elevar i friskular. Kommunar og fylkeskommunar er blant anna pålagde oppgåver i samband med skulebyte (friskulelova § 2-4), særskild språkopplæring (friskulelova § 3-5) og spesialundervisning (friskulelova § 3-6).

Føresegna gir ikkje i seg sjølv rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar, men må sjåast i samanheng med dei oppgåvene som er regulert i eller med heimel i friskulelova. Formålet med føresegna er å tydeleggjere at reglane i friskulelova kan, og ofte vil, gjere det nødvendig å behandle personopplysningar.

Føresegna slår fast at skular, kommunar og fylkeskommunar kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Med oppgåver er meint både plikter og oppgåver som skular, kommunar og fylkeskommunar er pålagde i og med heimel i lova. Føresegna tydeleggjer at friskulelova med forskrifter utgjer supplerande rettsgrunnlag til personvernforordninga artikkel 6 første ledd bokstav c og e. Formålet med den enkelte oppgåva i friskulelova vil dermed setje nærare avgrensingar for kva personopplysningar som kan behandlast, inkludert lagringstid og vidarebehandling av opplysningane. Skular, kommunar og fylkeskommunar kan berre behandle personopplysningar så langt dette er nødvendig for å oppfylle formålet med den enkelte oppgåva dei er pålagde.

Føresegna omfattar også behandling av særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 9 og artikkel 10. I fleire tilfelle vil det vere nødvendig å behandle særlege kategoriar av personopplysningar, anten direkte eller indirekte, for å oppfylle oppgåver etter friskulelova. Eksempel er opplysningar om helsa og den religiøse tilhøyrsla til eleven. Når det gjeld opplysningar etter artikkel 10, kan behandling av opplysningar om straffedommar og lovbrot bli aktuelt blant anna ved opplysningar om straffbare forhold barn er blitt utsette for. Unntaksvis vil også slike opplysningar kunne inngå når skulane oppfyller aktivitetsplikta si i skulemiljøsaker etter opplæringslova kapittel 9 A, eller når kommunen og fylkeskommunen behandlar saker om pålagt skulebyte.

Kven som er behandlingsansvarleg, vil vere avhengig av dei ulike oppgåvene etter lova. Sjå òg omtale av første ledd i punkt 2.4.2.5.

Andre ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved skulebyte. Føresegna gir rettsleg grunnlag for at skular kan innhente personopplysningar som er nødvendige for å oppfylle retten til opplæring og å få grunnlag for å utferde dokumentasjon på opplæringa. Formåla som er førte opp, fastset rammene for kva for personopplysningar som kan behandlast etter føresegna og kva for formål dei kan brukast til. Å oppfylle retten til opplæring omfattar også å kunne gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, inkludert å kontrollere om søkaren har rett til vidaregåande opplæring. Formålet omfattar også å kunne overføre opplysningar frå vedtak om pålagd skulebytte etter opplæringslova § 9A-12. Kva opplysningar som skal kunne overførast vil bli regulert i forskrift med heimel i sjette ledd. Opplysningstypane som skal kunne utleverast, kan innehalde særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 9 (slik som opplysningar om fritak, samisk, teiknspråk osv.) og etter artikkel 10.

Føresegna gir samtidig supplerande rettsgrunnlag for at skulane kan utlevere personopplysningar.

Føresegna omfattar deling av personopplysningar mellom friskular, offentlege skular og private og statlege skular som driv etter opplæringslova.

Tredje ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring. Føresegna gir rettsgrunnlag for at friskular som tilbyr vidaregåande opplæring, kan få utlevert personopplysningar frå grunnskulen som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak og førebygge fråvær. Føresegna gir samtidig supplerande rettsgrunnlag for at grunnskulane kan utlevere personopplysningar til desse formåla.

Å førebygge fråvær kan blant anna handle om å tilpasse opplæringa for å betre sjansane for at elevane fullfører vidaregåande opplæring. Det kan også handle om rettleiing av søkarar og elevar om val av utdanningsprogram, programfag og så vidare for å hjelpe dei å gjere val som gir best sjansar til å fullføre vidaregåande opplæring. Formåla som er førte opp, fastset rammene for kva for personopplysningar som kan behandlast etter føresegna.

Opplysningstypane som skal kunne utleverast, kan vere særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga (slik som opplysningar om fritak, samisk språkbakgrunn, teiknspråk osv.). Føresegna gir derfor også heimel for å dele personopplysningar av særlege kategoriar etter artikkel 9. Dei kan også dele personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 10 der dette er nødvendig for formåla som oppførte.

Friskulane kan innhente personopplysningar for dei nemnde formåla frå både offentlege og private grunnskular.

Fjerde ledd gir supplerande rettsgrunnlag for at skulane kan dele personopplysningar for å legge til rette opplæringa til ein elev, men berre så langt eleven eller foreldra har gitt løyve til det. Opplysningane som det er ønskeleg å dele, kan vere personopplysningar av særlege kategoriar, for eksempel helseopplysningar, fråsegner frå sakkunnige og vedtak om spesialundervisning. Føresegna gir derfor også rettsgrunnlag for å dele opplysningar av særlege kategoriar etter personvernforordninga artikkel 9 og artikkel 10.

Eit krav om løyve vil sikre at det ikkje blir delt fleire opplysningar enn det eleven eller foreldra sjølv ønsker. Eleven og foreldra avgjer dermed sjølv om den nye skulen eller den vidaregåande skulen skal få opplysningar, utover det som er regulert i andre og tredje ledd.

Kravet om løyve frå eleven eller foreldra er eit tilleggskrav til lov som supplerande rettsgrunnlag og inneber ikkje same strenge krav til overdraginga som eit samtykke slik personvernforordninga definerer det. Det inneber blant anna at om eit slikt løyve blitt trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi skulen plikt til å slette personopplysningane han har motteke. Dersom ein skule lèt vere å innhente slikt løyve før personopplysningane blir utleverte, vil dette innebere eit brot på opplæringslova og eventuelt teiepliktreglane i forvaltningslova. Eit slikt løyve vil også utgjere samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1.

Løyve frå foreldra inneber at dersom foreldreansvaret er delt, må begge gi løyve. Dette følger av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman. Sjå punkt 2.2.2.1.

Føresegna utvidar kva for personopplysningar som kan utleverast både ved skulebyte etter andre ledd og ved overgang frå grunnskule til vidaregåande skule etter tredje ledd. Føresegna omfattar berre personopplysningar som er nødvendige for at skulen skal kunne legge til rette opplæringa til eleven. Det er her sikta til opplæring i vid forstand, og det skal omfatte både personopplysningar om det faglege utbytet til eleven og personopplysningar om elevens trivsel, sosiale tilhøyrsle og så vidare.

Femte ledd fastset at personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd i føresegna skal kunne delast utan hinder av teieplikta.

Sjå omtale av andre til femte ledd i punkt 2.4.5.5.

Sjette ledd gir heimel for departementet til å gi nærare reglar om behandlinga i forskrift, blant anna om formålet med behandlinga, vidarebehandling og tilgang til personopplysningar. Heimelen kan brukast til å konkretisere og supplere krava til behandling av personopplysningar etter personopplysningslova og personvernforordninga. Sjå òg punkt 2.4.2.5.

Til ny § 7-10

Føresegna regulerer ei plikt for skulane som tilbyr vidaregåande opplæring, til å levere vitnemål og kompetansebevis til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse (NVB). Karakterar frå vidaregåande opplæring er rekna som teiepliktige opplysningar, og det er presisert at deling av opplysningar til databasen kan skje utan hinder av teieplikta. Enkelte skular vil ikkje vere i stand til å levere dokumentasjon til databasen, departementet er derfor gitt høve til å fastsetje forskrift om unntak frå plikta. Dette vil for det første vere aktuelt der kostnadene ved slik innsending blir for store, anten hos sendaren (den som utferdar vitnemål/kompetansebevis) eller hos mottakaren. Det kan vere skular som av ulike grunnar ikkje kan levere vitnemål eller kompetansebevis elektronisk i eit format som NVB kan importere automatisk. For det andre vil det vere aktuelt der NVB førebels ikkje har på plass det tekniske utstyret til å ta imot alle typar dokumentasjon. Sjå òg punkt 2.4.7.

6.3 Endringar i barnehagelova

Til § 2 a

Nytt siste punktum i føresegna slår fast at ein barnehage må ha løyve frå foreldra til barnet for å utlevere personopplysningar til skulen. Dette er ei vidareføring av gjeldande reglar i rammeplan for barnehagen (forskrift 24. april 2017 om rammeplan for barnehagar) punkt 6. Kravet om løyve frå foreldre er eit tilleggskrav til lov som supplerande rettsgrunnlag og inneber ikkje same strenge krav til overdraginga som eit samtykke slik personvernforordninga definerer dette. Det inneber blant anna at om eit slikt løyve blir trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi skulen plikt til å slette personopplysningane han har fått. Dersom ein barnehage unnlèt å innhente eit slik løyve før personopplysningane blir delt med skulen, vil det vere eit brot på barnehagelova (og eventuelt teiepliktreglane i forvaltningslova). Eit slik løyve vil også vere eit samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1.

Løyve frå foreldre inneber at dersom det er to som har felles foreldreansvar, må begge gi løyve. Dette følger av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman.

Sjå òg punkt 2.3.3.2.

Til ny § 47 a

Føresegna er ei ny og generell føresegn som, saman med dei rettslege forpliktingane som følger av dei ulike føresegnene i barnehagelova, gir supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar. Dette rettsgrunnlaget supplerer personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e.

Første ledd slår fast at kommunar, fylkeskommunar og private barnehagar kan behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Føresegna gir rettsgrunnlag for å behandle personopplysningar så langt som den konkrete behandlinga av personopplysningar er nødvendig for å utføre oppgåvene dei er pålagde i lova. Føresegna tydeleggjer dermed at barnehagelova med forskrifter utgjer supplerande rettsgrunnlag jf. personvernforordninga artikkel 6 første ledd bokstav c og e. Kva behandling av personopplysningar som er nødvendig, må vurderast konkret ut frå dei oppgåvene som kommunar, fylkeskommunar og private barnehager er pålagde i barnehagelova med forskrifter. Sjå òg punkt 2.3.2.

Andre ledd gir rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved byte av barnehage, så langt det er nødvendig, og berre så langt foreldra har gitt løyve. Kravet om løyve frå foreldre er eit tilleggskrav til lov som supplerande rettsgrunnlag og inneber ikkje same strenge krav til overdraginga som eit samtykke slik personvernforordninga definerer dette. Det inneber blant anna at om eit slikt løyve blir trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi den nye barnehagen plikt til å slette personopplysningane han har fått. Dersom ein barnehage unnlèt å innhente slikt løyve før personopplysningane blir delte, vil det vere eit brot på barnehagelova (og eventuelt teiepliktreglane i forvaltningslova). Eit slikt løyve vil òg utgjere samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1. Sjå òg punkt 2.3.3.1.

Løyve frå foreldre inneber at dersom det er to som har felles foreldreansvar, må begge gi løyve. Dette følger av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman.

Tredje ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om behandling av personopplysningar etter denne føresegna.

Til § 48

Føresegna er endra for å klargjere formålet med rapporteringspliktene og kven som skal ha rapportane. Forskriftsheimelen er presisert. Vidare blir det lovfesta at slik rapportering ikkje skal omfatte direkte identifiserbare personopplysningar. Departementet legg til grunn at dagens praksis med at namnet på den som fyller ut rapporteringsskjema, namnet på styraren i barnehagar og, dersom ein privat barnehage er driven som enkeltpersonsføretak, namnet på innehavaren blir registrerte, blir vidareført. Sjå òg punkt 2.3.4.

Til § 50 første ledd

Tillegget i første ledd er teke inn for å presisere formålet med at det skal leggast fram ei erklæring om helsa til barnet. Dette vil gi ei avgrensing av kva for personopplysningar barnehagen kan behandle om det enkelte barnet.

Til forsida