Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

10 E6 Helgeland nord (Bolna – Korgen) i Nordland – auka kostnadsramme

Prosjektet er m.a. omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013), side 312–313, Prop. 1 S (2015–2016), side 115, og Prop. 1 S (2016–2017), side 125–126. Prosjektet er føresett delvis bompengefinansiert, jf. Prop. 55 S (2013–2014) og Innst. 178 S (2013–2014).

Styringsramma for prosjektet er fastsatt til 1 807 mill. kr og kostnadsramma til 1 953 mill. kr, rekna om til 2017-prisnivå. Som omtalt i Prop. 1 S (2015–2016), er prognosen for sluttkostnad auka til 2 440 mill. kr rekna om til 2017-prisnivå. Dette inneber ein kostnadsauke på 633 mill. kr i forhold til styringsramma og 487 mill. kr i forhold til kostnadsramma. Det er føresett at omfanget av utbygginga skal reduserast slik at kostnadsramma ikkje blir overskriden, jf. Prop. 1 S (2016–2017). I tråd med gjeldande retningslinjer er det lagt til grunn at auken frå styringsramma til kostnadsramma skal dekkast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Dette inneber at 1 572 mill. kr (80,5 pst.) skal dekkast med statlege midlar og 381 mill. kr (19,5 pst.) med bompengar.

Det er mogeleg å komme ned til kostnadsramma ved ta ut programområdetiltak som ikkje inngår i vegutviklingskontrakten, ta i bruk ein opsjon i kontrakten og avbestille arbeida på dei to delstrekningane heilt i nord, Krokstrand sentrum og Krokstrand – Bolna (13 km), avbestille føresette arbeid på delstrekninga Raudfjellfors – Krokstrand (6,5 km). I tillegg kan reserven i prosjektet reduserast.

Det er ønskjeleg å gjennomføre prosjektet E6 Helgeland nord som planlagt. Dette skuldast at dei tre nordlegaste delstrekningane også har dårleg standard. Særleg er det ønskjeleg å utbetre delstrekninga Raudfjellfors – Krokstrand som m.a. manglar gul midtlinje. Dersom arbeida blir avbestilte no, må det dessutan påreknast ein vesentleg kostnadsauke dersom utbetringane skal lysast ut på nytt og gjennomførast på eit seinare tidspunkt.

Etter Statens vegvesen si vurdering er det mogeleg å finansiere kostnadene ved utbetring av delstrekninga Raudfjellfors – Krokstrand utan å auke dei statlege løyvingane til prosjektet. Dette skuldast at som følgje av lågare faktisk lånerente enn føresett i Prop. 55 S (2013–3014) vil det krevjast inn om lag 30 mill. kr meir i bompengar over 15 år enn tidlegare berekna. Takstane og innkrevjingsperioden blir ikkje endra som følgje av dette. I tillegg er reserven i prosjektet redusert.

Samferdselsdepartementet har slutta seg til ei slik løysing. Det inneber at prognosen for sluttkostnad er auka med 30 mill. kr ut over fastsett kostnadsramme, til 1 983 mill. kr i 2017-prisnivå. Samferdselsdepartementet legg dette til grunn som ny kostnadsramme for prosjektet.

Fristen for å ta i bruk opsjonen og avbestille arbeida på delstrekningane Krokstrand sentrum og Krokstrand – Bolna går ut i september 2017. Samferdselsdepartementet går inn for at det først blir teke endeleg stilling til om opsjonen skal nyttast etter at Nasjonal transportplan 2018–2029 er lagt fram og behandla av Stortinget.