Prop. 67 L (2020–2021)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Til innhaldsliste

7 Stortings- og sametingsvalet i 2021

7.1 Innleiing

Neste stortings- og sametingsval skal haldast 13. september 2021. I dette kapittelet vil departementet først gjere greie for arbeidet som er sett i gong på valområdet som ei konsekvens av utbrotet av covid-19. Departementet omtalar også to sentrale endringar i valforskrifta som er vedtekne i forkant av valet.

7.2 Utbrotet av covid-19

Ein pågåande pandemi vil påverke korleis valet kan gjennomførast. Utfordringane knyter seg mellom anna til korleis ein kan sikre at også veljarar i karantene og isolasjon skal få stemt, korleis ein kan unngå lange køar og forhindre at det kan opplevast som risikofylt for veljarar å møte fram for å stemme. Vidare vil det stille større krav til kommunane si organisering av arbeidet i forkant og under valgjennomføringa og kapasitet og bemanning hos andre involverte aktørar. Grunnlova slår fast at valet må vere avslutta seinast i september månad, og vallova har tidsfristar for fleire andre fasar i valet.

Departementet identifiserte våren 2020 at dei generelle anbefalingane knyta til smittevern ville kunne gjere det utfordrande for parti og grupper å samle inn underskrifter på listeforslag fysisk. Departementet fremja derfor eit forslag om ei midlertidig endring i vallova som gjer det mogleg for politiske parti som ikkje fekk tilstrekkeleg oppslutning ved førre stortingsval og uregistrerte grupper å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk. Stortinget vedtok forslaget den 22. juni 2020. Valdirektoratet fekk i oppdrag å utvikle ei digital løysing for innsamling av underskrifter. Løysinga vart teken i bruk 9. oktober 2020.

Departementet har nedsett ei arbeidsgruppe med ansvar for å forberede moglege smitteverntiltak knyta til gjennomføringa av stortings- og sametingsvalet i 2021 med tanke på den pågåande pandemien. Gruppa har medlemmer frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Utanriksdepartementet, Oslo kommune, Viken fylkeskommune, Valdirektoratet, og Folkehelseinstituttet. Gruppa skal levere sine anbefalingar innan 31. desember 2020. Dersom arbeidsgruppa finn eit behov for midlertidige lovendringar for å kunne gjennomføre valet på ein forsvarleg måte, vil det kunne bli aktuelt å fremje ein proposisjon om dette i januar 2021.

7.3 Sending av førehandsstemmer

Den 1. januar 2018 blei A- og B-post slått saman til éin felles brevstraum, jf. Meld. St. 31 (2015–2016) Postsektoren i endring. Omlegginga til éin brevstraum ville ha medført at svært mange førehandsstemmer som var gitt siste fredag før valdagen i 2019, ikkje kom fram innan fristen dersom dei blei sende med vanleg innanlands brevpost, på grunn av kravet til framsendingstid. Departementet fastsette i forkant av valet i 2019 på bakgrunn av omlegginga endringar i valforskrifta § 27, slik at førehandsstemmer ikkje skal sendast som brevpost torsdagen, fredagen eller laurdagen før valdagen.

På bakgrunn av forskriftsendringa gjekk Valdirektoratet til anskaffing av ei forsendingsavtale som alle kommunar kunne nytte seg av. Posten Noreg AS leverte det einaste tilbodet, og direktoratet inngjekk avtale med tilbydaren. Avtalen innebar at alle kommunar kunne få henta førehandsstemmer fredag og laurdag før valdagen, som blei sende med bedriftspakke over natta eller ekspresspost. Desse pakkene har ei framsendingstid på to dagar, noko som skulle sikre at stemmene kom fram til valstyret i heimkommunen til veljaren innan kl. 17 dagen etter valdagen. Kommunane var ikkje forplikta etter valforskrifta til å nytte seg av forsendingsavtalen. Avtalen blei evaluert, og både Valdirektoratet og kommunane var fornøgde med ordninga.

Stortinget vedtok i 2019 endringar i kravet til tal på omdelingsdager frå fem dagar i veka til annankvar dag i ein to vekers syklus, det vil seie tre dagar den eine veka og to dagar den andre, jf. Prop. 102 L (2018–2019). Sjølv om Samferdselsdepartementet i proposisjonen viste til at endringa i talet på omdelingsdager i liten grad kjem til å påverke framsending av førehandsstemmer, meiner departementet det er større risiko for feil og forseinkingar dersom førehandsstemmene som er mottatt måndag til onsdag den siste veka før valdagen, blir sende med ordinær postgang.

På bakgrunn av erfaringane frå valet i 2019 og endringane i postlova før stortings- og sametingsvalet i 2021 anbefalte Valdirektoratet å utvide talet på dagar med ekspress-sending frå torsdag og fredag før valdagen til heile den siste veka i førehandsstemmeperioden. Det inneber at ingen førehandsstemmer skal sendast med ordinær brevpost i perioden måndag til fredag den siste veka før valdagen. Departementet støtta anbefalinga frå Valdirektoratet, og foreslo i høyringsnotatet at perioden for ekspress-sending vert utvida.

Alle høyringsinstansane som uttalte seg, støtta forslaget til departementet. Fleire kommunar viste til at dei hadde gode erfaringar med bruk av avtalen ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Kommunane streka under at dei forutset at Valdirektoratet dekker dei ekstra kostnadane.

Vallovutvalet har diskutert problemstillinga, og meiner samla sett at ein eigen distribusjonsavtale vil vere det mest formålstenlege tiltaket for å unngå at førehandsstemmer kjem for seint fram.

På bakgrunn av den breie tilslutninga og anbefalingane frå Valdirektoratet og vallovutvalet, fastsette departementet endringar i valforskrifta 20. november 2020. Valdirektoratet vil få i oppdrag å inngå ei ny avtale om ekspress-sending i forkant av stortings- og sametingsvalet i 2021.

7.4 Elektronisk utsending av valkort

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 blei det gjort forsøk med elektronisk utsending av valkort i nokre utvalde kommunar. Totalt 18 kommunar deltok i forsøket: Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.

Alle med stemmerett som var innførte i manntalet i dei utvalde kommunane, og som ikkje stod oppførte som reserverte i registeret over digital kontaktinformasjon og reservasjon, fekk tilgang til valkortet elektronisk. Unntaket var dei som ikkje hadde oppdatert opplysningar om seg sjølve eller stadfesta at opplysningane i registeret over digital kontaktinformasjon og reservasjon var korrekte dei siste 18 månadane. Desse fekk tilsendt valkortet på papir, saman med dei som hadde reservert seg.

Valkortet blei tilgjengeleg for dei med stemmerett ved innlogging på internettsida til Valdirektoratet. Valkortet blei sende elektronisk til den digitale postkassa for dei med stemmerett som hadde oppretta slik postkasse. Veljarane blei varsla med SMS om at dei hadde fått valkortet.

Valdirektoratet har fått gjennomført ei evaluering av forsøket med elektronisk utsending av valkort. Tre av fire spurde veljarar ønsker å få valkortet tilsendt elektronisk ved neste val. Av alle kommunane som svarte på departementet si valgjennomføringsundersøking etter valet, svarte fleirtalet at dei er positive eller svært positive til ordninga med digitale valkort. Fleirtalet av kommunane som deltok i forsøket, oppgav at veljarar hadde behov for rettleiing og informasjon om det digitale valkortet i vallokalet. Dei opplevde òg stor pågang frå veljarar som hadde spørsmål om det digitale valkortet før valgjennomføringa.

Vallovutvalet ser positivt på å innføre elektronisk utsending av valkort, og viser til at elektronisk utsending vil vere i tråd med forvaltningslova § 15 a, som fastslår at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen.

Departementet ser mange fordelar ved ordninga. Det digitale valkortet kan nå fleire veljarar, reduserer kostnadene til produksjon og utsending, og har miljømessige konsekvensar i form av redusert bruk av papir og distribusjon. Valkortet vil i større grad vere tilgjengeleg for veljarar med nedsett funksjonsevne i tråd med CRPD artikkel 29 bokstav a og CRPD-komiteen sine anbefalingar til Noreg om at alt materiell som nyttast ved val er tilgjengeleg. Ei elektronisk utsending er òg i tråd med digitaliseringsrundskrivet, som stiller krav om bruk av digital postkasse for utsending av post til innbyggarar som har valt digital postkasse, og som ikkje har reservert seg. Departementet foreslo derfor i høyringsnotatet at valkort blir sende elektronisk til alle med stemmerett som er innførte i manntalet, og som er busette innanriks, med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Fleirtalet av høyringsinstansane støtta forslaget eller hadde ikkje nokon merknader til forslaget. Einskilde kommunar og KS meinte ein burde vere forsiktig med å innføre noko som krev så mykje rettleiing og informasjon på noverande tidspunkt. Dei viste til usikkerheita rundt den pågåande pandemien, og frykta at digitale valkort vil ta mykje tid og ressursar både i perioden fram mot valet og i sjølve vallokalet. Fleire instansar streka òg under viktigheita av at Valdirektoratet sørger for god informasjon til veljarane og kommunane.

Departementet vedtok 20. november 2020 ei ny føresegn i valforskrifta som fastslår at valkort blir sende elektronisk til alle med stemmerett som er innførte i manntalet og som er busette innanriks, med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Personar med stemmerett som er busette utanriks, på Svalbard eller på Jan Mayen, får ikkje tilsendt valkort elektronisk. Føresegna vil gjelde frå stortingsvalet i 2021. Departementet vidarefører unntaka frå forsøket, slik at enkelte veljarar framleis vil få valkortet tilsendt på papir.

Valdirektoratet er ansvarleg for at kommunar og veljarar får tilstrekkeleg opplæring og informasjon i samband med innføringa av digitale valkort. Kommunane må rekne med at dei får fleire spørsmål om valkort frå veljarar enn normalt, både i forkant av valet og i vallokalet.

7.5 Endringar i forskrift om val til Sametinget

Departementet har vedtatt endringar i valforskrifta som inneber at førehandsstemmer skal sendast på ein raskare måte enn med vanleg brevpost den siste veka i førehandsstemmeperioden. Dette sikrar at så mange førehandsstemmer som mogleg kjem fram til kommunane innan fristen for godkjenning. I høyringsnotatet foreslo departementet ei tilsvarande endring i forskrift om valg til Sametinget § 43 åttande og niande ledd.

I høyringsnotatet foreslo departementet også at utgiftene til oppteljingsvalstyra som blir dekte av statskassa, bør aukast i samsvar med konsumprisindeksen.

Departementet meiner at dei same reglane for assistanse for veljarar som på grunn av psykisk og fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, bør gjelde ved sametingsval som ved stortingsval og lokalval, og foreslo i høyringsnotat ei tilsvarande endring i forskrift om valg til Sametinget § 50 fjerde ledd.

Departementet tar sikte på å vedta desse endringane i forskrifta etter at Stortinget har behandla forslaga til endringar i vallova.

Til forsida