Prop. 67 L (2020–2021)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Til innhaldsliste

4 Plikt til å stå på liste ved stortingsval (ombodsplikt)

4.1 Gjeldande rett

Sentrale element ved stortingsvalordninga er regulerte i Grunnlova. Ombodsplikta ved stortingsval følger av Grunnlova § 63. Hovudregelen etter føresegna er at vedkommande som blir valt til representant, plikter å ta imot valet. Føresegna gjer unntak frå hovudregelen i tilfelle kor vedkommande er vald utanfor det valdistriktet vedkommande har stemmerett i, og i tilfelle kor vedkommande har møtt som representant på alle storting etter det førre valet, jf. føresegna første ledd bokstavane a og b.

Stortinget vedtok einstemmig den 7. januar 2020 å endre Grunnlova § 63 første ledd (fritak frå ombodsplikta), jf. Dok. 12:30 (2015–2016) og Innst. 129 S (2019–2020). Stortinget vedtok da ei ny føresegn i Grunnlova § 63 første ledd bokstav c, der det blir slått fast at det er tilstrekkeleg for fritak at personen gir ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste. Føresegna opnar berre for å få fritak frå ei bestemt valliste vedkommande er ført opp på, og gir ikkje generelt fritak frå plikta til å stå på liste. Føresegna vil bli nytta for første gong ved stortingsvalet i 2021. Bokstav d i føresegna om at ein kan få fritak frå ombodsplikta dersom ein er medlem av eit politisk parti og er vald på ei valliste frå eit anna parti, blei samtidig oppheva.

Ein generell fritaksregel for kommunestyre- og fylkestingsval blei vedtatt i 2011 og brukt første gong ved valet i 2015, jf. vallova § 3-4 første ledd. Ved kommunestyre- og fylkestingsval er det tilstrekkeleg for fritak at ein person gir ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stille til val på den aktuelle vallista.

4.2 Forslaget til vallovutvalet

Utvalet viser til at departementet i Prop. 64 L (2010–2011) la til grunn at plikta til å stå på liste kan vere i strid med organisasjonsfridommen som kjem fram i FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 22 og Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 11. Det er etter utvalet si oppfatning problematisk at uvillige kandidatar må melde seg inn i eit anna politisk parti for å kunne bli fritatt. Den enkelte sin rett til organisasjonsfridom taler derfor for å utvide åtgangen til fritak. At ein person som ikkje er interessert i eller ikkje vil bli assosiert med det aktuelle partiet, plikter å stå på lista, vil også villeie veljarane. Vallovutvalet støtter på denne bakgrunnen den vedtekne endringa i Grunnlova § 63 om rett til fritak frå å stå på ei valliste. Utvalet er derfor einig i at det bør vere tilstrekkeleg for å få fritak at ein person leverer ei skriftleg erklæring til valstyresmaktene om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste. Utvalet meiner at dei andre fritaksgrunnane i Grunnlova § 63 dermed blir overflødige, og foreslår å oppheve desse. Desse fritaksgrunnane blei ikkje endra av Stortinget i behandlinga av den nye fritaksgrunnen.

4.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å endre føresegna i vallova § 3-2 første ledd bokstav c for å bringe føresegna i samsvar med Grunnlova § 63 første ledd bokstav c. Departementet streka under at endringa bør vedtakast før fylkesvalstyra startar prosessen med behandling av listeforslag for stortingsvalet i 2021. Fritaksgrunnane i Grunnlova § 63 første ledd bokstav a og b går fram av vallova § 3-2 første ledd, og departementet la til grunn at det ikkje er behov for å endre dei.

4.4 Høyringsinstansane sitt syn

Alle høyringsinstansane støtter forslaget eller har ikkje nokon merknad til forslaget. Berre Bergen kommune har uttalt seg konkret om forslaget, og viser til at søknad om fritak blir enklare for veljarane og at behandlinga i valadministrasjonen blir lik ved alle val.

4.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår å endre føresegna i vallova § 3-2 første ledd bokstav c for å bringe føresegna i samsvar med Grunnlova § 63 første ledd bokstav c. Føresegna innfører ein generell rett til å krevje seg fritatt frå å stå på ei valliste uavhengig av årsak. Personar som har gitt ei skriftleg erklæring om at dei ikkje ønsker å stå på ei valliste, har ikkje plikt til å ta imot valet. Føresegna gir ikkje eit generelt fritak frå plikta til å stå på liste, men opnar berre for å få fritak frå ei bestemt valliste vedkommande er ført opp på. Kandidatar som er ført opp på ei valliste, må søke om fritak innan den fristen fylkesvalstyret setter, jf. vallova § 3-2 andre ledd. Elles går retten til ikkje å stå på vallista tapt. Føresegna svarar til føresegna i vallova § 3-4 første ledd om rett til å krevje fritak frå fylkestingsval og kommunestyreval.

Til forsida