Prop. 73 L (2015–2016)

Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen og høyringane

2.1 Bakgrunnen for dei ulike lovframlegga

2.1.1 Personval

Bakgrunnen for framlegget om å endre personvalreglane ved stortingsval er eit oppmodingsvedtak frå Stortinget av 14. juni 2012 (Dokument 8:191 (2009–2010), Innstilling 297 S (2011–2012)). Vedtaket lét slik:

Stortinget ber regjeringen utrede endringer av valgordningen for stortingsvalg slik at velgerne gis mulighet til å påvirke rekkefølgen av partienes kandidater, samtidig som hensyn til partienes mulighet til å sikre innflytelse over hvilke kandidater som velges, sikres. Stortinget ber om at en slik reform for stortingsvalg utredes slik at den eventuelt nye valgordningen kan innføres ved stortingsvalget i 2017.

Personval gjer det mogleg for veljarane å påverke kva kandidatar som blir valde frå den vallista dei stemmer på. Personval er eit kjent og mykje brukt høve ved lokalval. Ved stortingsval er den ordninga som gjeld, mindre kjend og brukt, og ho har heller ikkje påverka kva kandidatar som er blitt valde.

Departementet har greidd ut og drøfta ulike alternative ordningar for personval, blant anna ved å utlyse eit utgreiingsoppdrag for å vurdere moglege konsekvensar av å endre personvalreglane ved stortingsval. Våren 2014 leverte Institutt for samfunnsforskning (ISF) rapporten «Personvalg ved stortingsvalg – konsekvenser av en endring av personvalgreglene ved stortingsvalg». Regjeringa meiner at veljarane bør ha eit reelt høve til å kunne påverke kva personar som blir valde som stortingsrepresentantar, slik at både nominasjonane i partia og personstemmene til veljarane bidreg til kandidatutveljinga ved stortingsval. Å innføre den same personvalordninga som ved fylkestingsval inneber også at vi forenklar regelverket.

2.1.2 Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen

Alle veljarar som har stemmerett ved valet, er førte inn i manntalet i ein kommune. Når veljarane stemmer, blir det kryssa av i manntalet, slik at veljaren ikkje får gjeve meir enn éi stemme. Denne avkryssinga er på valdagen blitt gjord i papirmanntal.

Formålet med å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen er at dette gjer det mogleg å avvikle valet meir effektivt på valdagen for veljarar og valfunksjonærar, både i vallokalet, under oppteljinga og ved valoppgjeret. Eit anna omsyn er at elektronisk avkryssing i manntalet mest sannsynleg reduserer talet på feilavkryssingar i manntalet, sidan funksjonærane i stor grad bruker strekkoden på valkortet til å søkje fram veljaren.

Ved å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen oppnår vi at alle stemmer, uavhengig av kva valkrets dei blir gjevne i, blir behandla på lik måte.

Innbyggjarane i Noreg i dag ventar at det offentlege tilbyr gode digitale tenester, også på valområdet. Departementet har utført tre forsøk med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, og har fått svært gode tilbakemeldingar frå deltakarkommunane. Valadministrasjonssystemet EVA har ein ferdig utvikla funksjon for dette. På bakgrunn av dette fremjar departementet framlegg om å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen som ei frivillig ordning for alle kommunar.

2.1.3 For seint innkomne førehandsstemmer

Departementet har ved tidlegare høve drøfta om det bør setjast i verk tiltak for å redusere talet på for seint innkomne førehandsstemmer. Departementet varsla seinast i Prop. 83 L (2014–2015) at det i samband med valet i 2015 kjem til å bli gjennomført undersøkingar for å kartleggje omfanget av for seint innkomne førehandsstemmer. Departementet varsla i same proposisjonen at når det blir innført eventuelle endringar i postlova som påverkar førehandsstemmegjevinga, vil departementet på nytt vurdere endringar i fristane før stortingsvalet i 2017.

Ny postlov blei vedteken av Stortinget i juni 2015 og tok til å gjelde 1. januar 2016. Ein konsekvens av denne lova er at Posten ikkje har leveringsplikt av post på laurdagar. Departementet vurderer det derfor slik at det er naudsynt å sjå på eventuelle fristendringar, for å sikre at denne endringa ikkje fører til ein vesentleg auke i for seint innkomne førehandsstemmer ved stortingsvalet i 2017. Laurdagen før valdagen er svært viktig for å sende førehandsstemmer, sidan dette er den siste ordinære postdistribusjonsdagen før valdagen.

Departementet meiner at det er svært uheldig å avgrense høvet veljarane har til å stemme. Derfor føreslår departementet å flytte fristen for å godkjenne førehandsstemmer frå valdagen kl. 21 til tysdag etter valdagen kl. 17.

2.1.4 Reglar for fritak ved kommunestyre- og fylkestingsval

Reglane i vallova om retten til å krevje seg friteken frå å stå på valliste ved kommunestyreval og fylkestingsval blei endra på bakgrunn av Prop. 64 L (2010–2011). Denne endringa tok først til å verke ved lokalvalet i 2015.

Departementet har i samband med valet i 2015 fått førespurnader som tyder på at ordlyden i vallova § 3-4 (2) og (3) kan misforståast. Det blir sagt at det kan sjå ut til at teksten opnar for at ein som er vald, i visse tilfelle kan gjere fritaksgrunnar gjeldande etter at han eller ho er blitt vald. Departementet meiner derfor at lovteksten bør presiserast og forenklast.

2.2 Høyringane

I høyringsbrev av 17. september 2015 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet på høyring framlegget om å innføre personval ved stortingsval. Høyringsfristen blei sett til 17. desember 2015. Departementet har fått høyringssvar frå 61 instansar. Av desse var 17 utan merknader.

I høyringsbrev av 24. november 2015 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet på høyring framlegget om endringar i vallova. I høyringsnotatet gjorde også departementet greie for problemstillinga med for seint innkomne førehandsstemmer, og føreslo tre alternative løysingar for å møte denne utfordringa. Høyringsfristen blei sett til 25. januar 2016. Departementet har fått høyringssvar frå 63 instansar. Av desse var åtte utan merknader.

Høyringane blei sende til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Barneombodet

  • Brønnøysundregistera

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa

  • Fylkesmennene

  • Helsedirektoratet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Konkurransetilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Medietilsynet

  • Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

  • Noregs Bank

  • Noregs forskingsråd

  • Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (NORDEM)

  • Riksarkivet

  • Skattedirektoratet

  • Statens helsetilsyn

  • Statens kartverk

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemma

  • Statens seniorråd

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Tillitsmannsordninga i forsvaret (TMO)

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Valdirektoratet

  • Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

  • Rokkansenteret

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • Ombodsmannen for forsvaret

  • Riksrevisjonen

  • Sametinget

  • Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU)

  • Sivilombodsmannen

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Den norske kyrkja

  • Likestillingssenteret

  • Norsk rikskringkasting (NRK)

  • Posten Noreg AS

  • Aftenposten

  • Akademikerne

  • Arbeidarpartiet

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Dagbladet

  • Dagens Næringsliv

  • Delta

  • Demokratane

  • Den Norske Advokatforening

  • Den Norske Dommerforening

  • Den norske Helsingforskomité

  • Den norske Revisorforening

  • Det Liberale Folkepartiet

  • Elevorganisasjonen

  • EVRY

  • Fagforbundet

  • Faglig forum for formannskapssekretærer

  • Fellesforbundet

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring

  • Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)

  • Framstegspartiet

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Høgre

  • Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

  • Institutt for samfunnsforsking (ISF)

  • Kristeleg Folkeparti

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Kystpartiet

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

  • Mediebedriftenes Landsforening

  • Miljøpartiet Dei Grøne

  • MiRA-Senteret

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Noregs Kommunistiske Parti

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norsk design- og arkitektursenter

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Bolig- og Byplan-forening (Norsk BOBY)

  • Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR)

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Pensjonistforbund

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk Rådmannsforum

  • Norsk studentorganisasjon

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norsk Telegrambyrå (NTB)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Partiet Dei Kristne

  • Pensjonistpartiet

  • Piratpartiet

  • Raudt

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • Samfunnspartiet

  • Senterpartiet

  • Sosialistisk Venstreparti

  • Sparebankforeningen

  • Tverrpolitisk Folkevalde

  • TV2

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Valgforum

  • Venstre

  • Verdens Gang (VG)

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

Til høyringa om personval ved stortingsval har følgjande instansar kome med realitetsuttalar:

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Akershus fylkeskommune

  • Buskerud fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Oppland fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Asker kommune

  • Bergen kommune

  • Bærum kommune

  • Drammen kommune

  • Dyrøy kommune

  • Grue kommune

  • Hamar kommune

  • Hammerfest kommune

  • Hjelmeland kommune

  • Hobøl kommune

  • Larvik kommune

  • Lenvik kommune

  • Mandal kommune

  • Nittedal kommune

  • Oppegård kommune

  • Oslo kommune

  • Ringebu kommune

  • Skedsmo kommune

  • Sola kommune

  • Trondheim kommune

  • Træna kommune

  • Vefsn kommune

  • Ørland kommune

  • Øvre Eiker kommune

  • Dommerforeningens fagutvalg for offentlig rett

  • Fagforbundet

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

  • Oslo Arbeiderparti

  • Rødt Bergen

  • Kjetil Torgrim Homme

Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistera

  • Datatilsynet

  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa

  • Kyrkjerådet

  • Skattedirektoratet

  • Statens kartverk

  • Statistisk sentralbyrå

  • Skjåk kommune

  • Fellesforbundet

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Til høyringa om endringar i vallova har følgjande instansar kome med realitetsuttalar:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Statens kartverk

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Akershus fylkeskommune

  • Buskerud fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Alta kommune

  • Asker kommune

  • Austrheim kommune

  • Bærum kommune

  • Fredrikstad kommune

  • Gjerstad kommune

  • Gran kommune

  • Halden kommune

  • Hattfjelldal kommune

  • Horten kommune

  • Hå kommune

  • Kåfjord kommune

  • Levanger kommune

  • Lunner kommune

  • Moss kommune

  • Namsos kommune

  • Nedre Eiker kommune

  • Notodden

  • Os kommune

  • Oslo kommune

  • Radøy kommune

  • Rauma kommune

  • Røyken kommune

  • Sandnes kommune

  • Sarpsborg kommune

  • Stavanger kommune

  • Stjørdal kommune

  • Sør-Aurdal kommune

  • Sørum kommune

  • Tana kommune

  • Tromsø kommune

  • Trondheim kommune

  • Træna kommune

  • Tysnes kommune

  • Vefsn kommune

  • Ørskog kommune

  • Øvre Eiker kommune

  • Øyer kommune

  • Ålesund kommune

  • Posten Noreg AS

  • Kommunenes Sentralforbund (KS)

  • Noregs Kommunistiske Parti

  • UNIO

  • Valgforum

Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Kyrkjerådet

  • Noregs bank

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

Til forsida