St.meld. nr. 22 (2004-2005)

Kultur og næring

Til innhaldsliste

Del 1
Utviklingstrekk, rammevilkår og utfordringar for kulturbasert næringsutvikling

2 Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk

2.1 Kultur, innovasjon og økonomisk utvikling

Både nasjonalt og internasjonalt er det politisk og forskingsmessig interesse for samanhengane mellom kultur, innovasjon og økonomisk utvikling. Mykje av denne interessa har bakgrunn i utviklingstrekk i økonomien nært knytt til den teknologiske utviklinga og særleg utviklinga av informasjonsteknologien.

Den teknologiske utviklinga er ein viktig faktor bak globaliseringa. Stader, verksemder og individ i ulike delar av verda og i Noreg vert stadig meir samanbundne. Denne samanvevinga av land og verdsdelar har ført til auka utveksling av varer, tenester, arbeidskraft og kapital og til utvida politisk og kulturelt samarbeid.

Rapporten Danmarks kreative potensiale (2000) reknar globaliseringa av økonomien for å vere ei viktig drivkraft bak ein tettare allianse mellom kultur og næring. Globaliseringa har skapt ein global konkurransesituasjon som har ført til endringar i aktivitet og arbeidsdeling mellom land og regionar. Auka mobilitet knytt både til næringslivsetableringar og investeringar er eit viktig utviklingstrekk. Arbeidsintensiv produksjon vert i stadig større grad flytta til stader med billegare arbeidskraft, samstundes som ny teknologi reduserer trongen for arbeidskraft og gjev lågare sysselsetjing i tradisjonell industriproduksjon og i landbruket.

Desse globale endringsprosessane har også verka inn på utviklinga i Noreg og andre vestlege høgkostland. Mange næringar må gjennom omstillingsprosessar, noko som er ei utfordring både for enkeltindivid, bedriftene og samfunnet som heilskap. Eit resultat av dei overordna utviklingstrekka er konkurransen både mellom land og regionar. I dette biletet vert kultur ofte trekt fram som ein viktig konkurransefaktor.

Når det vert argumentert for at kunst og kultur er viktig både for innovasjon og verdiskaping, er dette for det første utleidd av førestillinga om at den kreative sektoren er ein stadig viktigare del av den økonomiske utviklinga. For det andre vert kreativitet vurdert som essensielt for økonomien meir generelt, også på arbeidsplassar som ikkje inngår i den kreative sektoren. Det vert såleis lagt vekt på at kreative arbeidarar er heilt avgjerande for vitaliteten i byar og regionar og for den nasjonale økonomien.

Desse ideane og utviklingstrekka har i løpet av dei siste tiåra ført til internasjonalt, nasjonalt og regionalt fokus på kreative byar, kreative klynger, kreative økonomiar og den kreative klassen. Fleire land har dei siste åra gjort forsøk på å måle den økonomiske avkastninga av den kreative sektoren, men legg svært varierande definisjonar til grunn. I Noreg er det gjennomført liknande kartleggingar i enkelte regionar og ei nasjonal kartlegging hausten 2004, jf. ØF-rapport nr. 10: 2004.

Den overordna utviklinga har for mange ført til auka individualisering og større fridom til å velje livsstil og forbruk. Økonomisk utvikling medfører generelt at folk vert rikare og at utdanningsnivået aukar. Begge deler har vist seg å ha ein positiv verknad både for etterspurnaden og tilbodet av kultur. Det er i dag ein større vilje til å bruke ressursar på kultur, opplevingar og reiser.

Etterspurnaden etter livsstilsprodukt og design har auka og konsummønsteret har endra seg. Forbrukaren kan i dag kjøpe seg ein livsstil gjennom globale merkevarer, bruke tilbod frå den internasjonale underhaldningsindustrien og kommunisere ved hjelp av ei rekkje teknologiske nyvinningar som ikkje eksisterte for berre få år sidan. Den teknologiske revolusjonen har ført til eit mangfaldig tilbod og ein stor etterspurnad etter innhald og meining i form av tekst, bilete og musikk. Den teknologiske utviklinga er ein vesentleg faktor bak utviklinga av kulturnæringane på global basis.

Parallelt med endringane i konsummønsteret har også produksjonsstrategiane i store delar av næringslivet endra seg. Produksjon handlar i aukande grad om å tilleggje varer og tenester meirverdiar av kulturell art, medan konsumet meir og meir vert styrt av kunnskapen om slike meirverdiar. Desse utviklingstrekka er i større grad eit spørsmål om bedriftsøkonomi enn eit spørsmål om offentleg kulturpolitikk.

Samla sett inneber geografisk konkurranse, individualisering, endra konsummønstre og produksjonsstrategiar eit vekst og utviklingspotensial for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling.

Alt i alt synest det å vere vesentlege argument for at det med auka økonomisk utvikling vert brukt meir pengar på kultur, noko som både fører til auka etterspurnad og auka betalingsvilje for kultur og opplevingar. Når ein snakkar om kultur, næring og økonomisk utvikling, er det likevel ein utprega tendens til å sjå på spørsmålet den andre vegen; at kultur fører til økonomisk utvikling. Det motsette er truleg like relevant – den økonomiske utviklinga fører til meir kultur. Det kan difor vere grunn til å spørje i kva grad den økonomiske utviklinga kjem på grunn av satsingar på kultur, og i kva grad det er snakk om at økonomisk vekst i seg sjølv vil ha innverknad på kultursektoren?

2.2 Kultur og næring som utviklingsstrategi

Eit sentralt element i St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet – regionalt og lokalt nivå var å fornye og styrke fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. I meldinga vart det peika på at regional utvikling handlar om å fremje ynskt samfunnsutvikling i eige område, og at regionalt utviklingsarbeid er knytt til å sjå samanhengar og fremje samarbeid mellom ulike aktørar om utvikling av strategiar og innsats.

Dei overordna økonomiske og samfunnsmessige utviklingstrekka stiller nye krav til politiske prosessar og strategiar for arbeidet i regionane. Nye roller og endra oppgåvedeling mellom offentleg sektor, næringslivet og det sivile samfunnet tvingar seg fram. Aktørane må samarbeide på ein meir forpliktande måte enn før om planar og strategiar og ikkje minst når det gjeld finansiering og gjennomføring av program og tiltak. Desse partnarskapa gjer det mogeleg å få fram nye løysingar og betre utnytting av dei samla ressursane.

Satsing på kultur og kulturbasert næringsutvikling kan spele ei viktig rolle i regional utvikling og omstilling. Eit mangfald av gode kulturtilbod og aktivitetar kan vere med å styrkje fellesskapen, livskvaliteten og kompetansen hos innbyggjarane. Sjølv om arbeid og utdanning i særleg grad avgjer val av bustad, er også tilgangen på opplevingar og livskvalitet viktige faktorar. Kultur og kulturbaserte næringar kan vere med å auke kjennskapen til ein region, og elles vere viktig i merkevarebygging og profilering av regionen, særleg sett i samanheng med reiseliv.

Kultursatsing kan tilføre ein region kreativitet og dynamikk, noko som både kan føre til at det vert etablert ulike kulturbaserte næringar og at andre verksemder vel å etablere seg i området. Kultur kan såleis medverke til å skape nye arbeidsplassar, både heilt eller delvis offentleg finansierte og reint næringsbaserte.

Satsingar på kultur kan skje med utgangspunkt i ulike strategiar. Ein variant er å satse på ein eller nokre få attraksjonar eller hendingar som trekkjer til seg interesser og ressursar. Slike fyrtårn satsingar kan vere eit spesielt kulturbygg eller til dømes ein festival. Denne typen satsing kan gjere regionen attraktiv. Satsingane kan også føre til knoppskyting i form av ulike etableringar.

Ein annan variant er dynamo strategien, der det vert fokusert på å utvikle den kulturelle energien som finst lokalt. Målet er å skape eit levande og mangfaldig kulturliv som gjer regionen attraktiv for sine eigne innbyggjarar. På sikt vil dette kunne trekkje til seg interesse og ressursar utanfrå og kanskje også medverke til dømes til næringsutvikling.

Mange fylkeskommunar og kommunar arbeider i dag på ulike vis med spørsmål knytte til samanhengane mellom kultur og næringsutvikling. Kultur har difor vorte eit viktigare og synlegare område i ulike kommunale og fylkeskommunale strategi- og tiltaksdokument. Inspirasjonen er i stor grad henta frå internasjonal forskingslitteratur, andre lands strategiar knytte til utvikling av kultur som næring og fleire profilerte by- og regionalutviklingstiltak i Europa med kultur og kultursatsingar som hovudingrediens. Den amerikanske forskaren Richard Florida sine bøker som til dømes The Rise of The Creative Class , har difor fått ein viss innverknad på utforminga av lokale og regionale strategiar og plandokument. Det same kan seiast om den engelske forskaren Charles Landry og boka The Creative City .

I den globale og regionale konkurransen om merksemd, etableringar og om å tiltrekkje seg menneske og turistar er kultur og kulturopplevingar sett på som ein viktig konkurransefaktor. I denne konkurransen er det i dag større fokus på merkevarebygging både av stader, av ulike arrangement og av andre produkt.

Ein nødvendig føresetnad for at kultur skal kunne spele ei utviklingsrolle i samfunnet er likevel at han vert gjort til ein grunnleggjande og integrert del av samfunnsutviklinga. I denne samanhengen er bærekraftig utvikling viktig for å ta vare på eit langsiktig og heilskapleg perspektiv på økonomisk utvikling.

Boks 2.1 Kreative Trøndelag

Sør-Trøndelag fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune har laga ein felles fylkesplan som utgangspunkt for ein heilskapleg politikk i regionen. Fylkesplanen integrerer kunst- og kulturaspektet i ein heilskapleg strategi for innovasjon, utvikling, verdiskaping og bulyst.

Planen tek utgangspunkt i at mennesket er Trøndelags viktigaste ressurs og at Trøndelag skal bli den mest kreative regionen i Europa. Etter planen inneber dette ei langsiktig, tålmodig og målretta satsing på utdanning, kultur, teknologi og næringsutvikling. Mellom hovudmåla i planen er at kreativitet, kunst og kultur skal medverke til utvikling og verdiskaping, og at ein skal klare å utnytte verdiskapingspotensialet i regionen sin kulturelle aktivitet gjennom ei satsing på opplevingsnæringar.

Fylkesplanen vil bli etterfølgd av konkrete handlingsplanar.

Boks 2.2 Satsing på kulturbasert næringsutvikling i Finnmark

I desember 2003 vedtok fylkestinget i Finnmark at ein skulle arbeide for å utvikle kultur som næring i fylket. Målet er å skape 500 nye kulturarbeidsplassar innan 2014. For å nå dette målet vart det vedteke å opprette eit investeringsfond for kulturbasert næringsutvikling ved å nytte 20 mill. kroner av midlane frå salet av Finnmark fylkesrederi og ruteselskap AS (FFR).

Fylkeskommunen ser behov for innsats på fleire område. Mellom anna er det sett fokus på både utgreiingsarbeid, kompetanseutvikling, haldningsarbeid, nettverksetablering og informasjonstiltak. Det er etablert fleire miljø som arbeider med kulturbasert næringsutvikling. Eitt av desse er Hermetikken Næringshage AS, eit utviklingsselskap som skal medverke til kompetanseutvikling og auka inntekter innan kunst, kultur, kreative og kunnskapsrelaterte verksemder. I dag er det 24 deltakarbedrifter i næringshagen, som sysselset om lag 45 tilsette.

By- og stadsutvikling

Dei omfattande endringsprosessane dei siste 50 åra har ført til at vilkåra for byutvikling har endra seg. Dette krev nye innfallsvinklar til fagfeltet. Internasjonalt er det ein tendens til ei breiare, sektoruavhengig, tverrfagleg og samarbeidsorientert planlegging og utvikling, gjerne kalla «urban governance». I større grad enn tidlegare vert det lagt opp til samarbeid mellom offentlege og private aktørar, der det offentlege si rolle er mindre framtredande og marknaden har fått større innverknad.

Internasjonalt har det også vakse fram ein trend som vert kalla kulturplanlegging, urban planlegging eller «cultural regeneration». Dette er særleg knytt til utvikling av byar, bydelar, tidlegare industriområde og hamneområde. Målet med denne utviklinga er hovudsakleg å skape vekst- og aktivitetsfelt for kunnskapsindustrien og kreativ verksemd og å skape miljø som vil tiltrekkje seg «den kreative klassen».

I slike utviklingsprosjekt vert det ofte nytta eit svært breitt kulturomgrep, og kulturen inngår dessutan saman med andre element som til dømes utbygging av infrastruktur, nye og moderne bustader, utvikling av forretningar og kjøpesenter. I Europa vert byar som til dømes Glasgow, Newcastle, Barcelona og Bilbao ofte nemnde som byar som har nytta slike utviklingsstrategiar.

Boks 2.3 Kulturoppfølgingsprogram (KOP), Bjørvika

Oslo kommune har i fleire år arbeidd med utviklinga av Bjørvika, eit av dei største byutviklingsprosjekta i Noreg. Det er ei utfordring å skape ein bydel som skal fylle mange ulike funksjonar for innbyggarane, tilsette, næringsliv og gjester. Det vart nedsett eit fagråd med representantar for dei sentrale aktørane i området. Rådet tok initiativ til å utarbeide eit kulturoppfølgingsprogram, som vart vedteke saman med reguleringsplanen i Oslo bystyre.

Kulturoppfølgingsprogrammet er eit retningsgjevande dokument som utdjupar reguleringsplanen og kjem med tilrådingar og retningsliner for korleis kultur skal inkorporerast i den vidare planlegginga og utbygginga av området. Programmet skal dessutan vere eit hjelpemiddel og ei inspirasjonskjelde for alle planleggings- og byggjeoppgåvene i området.

Dette er første gong eit slikt program vert utarbeidd i samband med eit reguleringsplanarbeid. Statsbygg arbeider no med å utvikle kulturoppfølgingsprogrammet som metode, slik at også andre kommunar kan nytte det i reguleringsarbeidet sitt.

Boks 2.4 Stadsutvikling i Gildeskål

Kulturaspektet kan trekkjast inn i planlegginga også i mindre målestokk. I eit program for stadsutvikling under leiing av Miljøverndepartementet, er 16 mindre kommunar utfordra til å samarbeide med næringslivet og andre private aktørar for å styrkje tettstaden sin identitet og gjere den meir attraktiv som bustad og som arbeidsplass. Fleire av kommunane har lagt vekt på kultur som eit element i utviklingsarbeidet.

Eit døme er Inndyr i Gildeskål kommune, der både riksvegen og fleire offentlege rom er rusta opp. I utforminga av gatemøblar, gatelys og liknande er det brukt referansar til naturen og kystkulturen på staden.

Gjennom eit godt samarbeid mellom planleggjarar, arkitekt og næringsliv, har ein medverka til lokal innovasjon og å sikre oppdrag lokalt. Med ein lokalt tilpassa uttaksmetode vart det mogeleg å finansiere bruk av stein frå eit lokalt granittbrot. Gatelys og gatemøblar vart utvikla og produserte ved ein lokal verkstad som no ser at prototypane kan setjast i produksjon og at firmaet slik får eit nytt bein å stå på.

Dei strukturelle endringane, manifesterer seg også geografisk og sosiologisk, med danning av klynger, eller sterke regionale knutepunkt prega vel så mykje av internasjonale relasjonar som av nasjonale. I desse regionane utviklar det seg på den eine sida ein finans-, media-, kunnskaps- og kulturindustri, og på den andre sida også ei stor servicenæring.

Særleg ser ein at tidlegare industrilokale og område for industriarbeidarar no vert omskapte til kulturelle magnetfelt, der innovasjon, eksperimentering og kreativitet er sentrale stikkord. Desse områda er populære, og tiltrekkjer seg breiare grupper. Bustadinvestorar rykkjer inn, oppkjøparar overtek, prisane går opp, og såkalla gentrifisering og omfattande oppgradering av bydelar er resultatet. I aukande grad ser ein korleis utbyggjarane sel slike prosjekt med ein kulturell profil som ein del av prospektet.

Slike utviklingstrekk ser ein i Noreg med. Også her er utviklinga mest framtredande i byar som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Fleire av desse byane er i ferd med å gjennomgå ein urban transformasjon, med funksjonsendring av bygningsmassen.

Boks 2.5 Kultur og næring i gamle industriområde

Rehabiliteringa av industriområdet Møllebyen i Moss vart gjennomført i eit godt samarbeid mellom investorar og kommune- og fylkesadministrasjon. Investorane og eigarane tilla kultur stor vekt i planane sine og hadde eit langsiktig perspektiv for satsinga si. Kommune og fylkeskommune viste godvilje og fleksibilitet i saksbehandlinga, mellom anna ved å hjelpe til med å leggje uteområda fysisk til rette, gjere dei meir tilgjengelege, montere gatelys m.m. og ved å inngå langsiktige leigeavtalar for bibliotek og museum.

Samtidskunstfestivalen Momentum vart arrangert for første gongen i Møllebyen i 1998, før rehabiliteringsarbeidet starta. I dag er området ferdig utvikla. I gamle møller og kverner er det no bibliotek, museum, kino, serveringsstader, næringsverksemd, ein inkubator for forsking og nyskaping, og ulike utdanningstilbod. Møllebyen fekk statens byggjeskikkpris for 2003.

I Larvik utviklar ein no det store industriområdet Hammerdalen. Grunneigar, kommune, fylkeskommune og andre aktørar har etablert eit samarbeid for å utforme planar for ei heilskapleg utvikling av området, der kultur og næring utgjer eit sentralt element. Mange ulike bedrifter, utdanningsinstitusjonar og organisasjonar skal lokaliserast til området. Nokre av lokala vert nytta av fleire kunstnarar. Også USF Verftet i Bergen og det store verkstadsområdet iFredrikstad er døme på industriområde der ein arbeider med liknande idear.

Desse utviklingsstrategiane er interessante, fordi dei fokuserer på samspelet mellom kultur og ei lang rekkje andre faktorar med innverknad på utviklinga av byar og regionar. Men feltet er samansett og stiller nye og omfattande kompetansekrav til arkitektar, byplanleggjarar og andre aktørar i utviklingsarbeidet. Ein må peike på at ein framleis har relativt lite kunnskap om effekten av desse utviklingsstrategiane og bruken av kultur, og det er gjort relativt lite forsking rundt dei byane og stadene som ofte vert nytta som gode og vellukka døme.

Det er gode grunnar for å tru at slike utviklingsstrategiar vil ha ei rekkje kulturelle, økonomiske, sosiale og politiske konsekvensar. Samanhengane mellom årsak og verknad i eit komplekst felt er ofte uklare. Det er såleis god grunn til å vere nøktern med omsyn til årsak og verknader i slike utviklingsprosjekt. Det er også viktig å vurdere nøye i kva grad det er mogeleg å overføre internasjonal kunnskap til norske og lokale forhold.

Det er eit klart behov for å systematisere røynslene frå desse byane og dei regionane som har lukkast, for å få ein sikrare kunnskap om samanhengen mellom kultursatsing og by- og regionalutvikling og korleis ein skal utløyse potensialet som ligg i dette. Det er behov for ein tverrfagleg og sektoruavhengig arena som samlar, formidlar og debatterer nødvendig kunnskap. Dette vil også kunne medverke til at det vert etablert nettverk mellom byar og regionar. Det er også ei utfordring å spreie informasjon om dei mange ulike prosjekta og aktørane i dette feltet. I St.meld nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminne går det fram at det er behov for betre kunnskapsgrunnlag om verdiskaping med grunnlag i kulturminne og kulturmiljø.

Sidan 1990-talet har fleire departement, fylkeskommunar og kommunar gjennomført mange forsøk og prosjekt for å betre miljøkvalitetane i byar og tettstader. I mange av desse prosjekta har den lokale kulturen, kulturmiljøet og kulturminna vore eit viktig grunnlag og ein raud tråd gjennom arbeidet. «Miljøbyprogrammet» vart avslutta i år 2000, og programmet «Miljøvennlige og attraktive tettsteder i distriktene» avsluttast og oppsummerast i 2005. I tillegg oppsummerar Riksantikvaren no ei rekkje prosjekt i ulike kommunar.

Det er viktig å byggje på erfaringane frå desse prosjekta fordi dei speglar biletet av forholda i norske byar og tettstader. Det er viktig at kommunane og kulturminneforvaltninga byggjer opp eit godt kunnskapsgrunnlag om sårbare kulturmiljø og kulturminne. Det er eit mål at kulturmiljø og kulturminne skal vere i aktiv bruk. Dei offentlege aktørane bør difor gå inn i ein aktiv og konstruktiv dialog om nye løysingar, samstundes som dei private aktørane byggjer opp kunnskap om potensialet for verdiskaping i den lokale kulturen og dei lokale kulturminneverdiane.

Kunst i offentlege rom

Arkitektur og offentlege miljø av høg kvalitet har stor innverknad på korleis staden vert opplevd. I tillegg kan satsing på kunst i offentlege rom også medverke til økonomisk vekst og verdiskaping ved samarbeid på tvers av sektorar i samfunnet. Politikken på desse områda er såleis viktig i ein utviklingssamanheng.

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg har gjennom 27 år vore statens fagorgan for kunst i offentlege rom og ein pådrivar for å gjere kunst av høg kvalitet meir tilgjengeleg. Fondet har gjennom sine tre ulike utsmykkingsordningar vore med på å tilføre store verdiar i form av kunst i uterom, statsinstitusjonar og i kommunale og fylkeskommunale bygg over heile landet.

Då Utsmykkingsfondet for offentlege bygg vart oppretta, var fondets mål både å formidle kunstimpulsar til eit breitt publikum og gje arbeidsoppgåver til norske biletkunstnarar og handverkarar. I dag er formidlingssida det sentrale, medan oppdragssida har kome meir i bakgrunnen. Med eit gjennomsnittleg totalt kunstbudsjett på om lag 27 mill. kroner årleg er Utsmykkingsfondet Noregs største produsent av visuell samtidskunst. Kunstnarane får inntekter gjennom innkjøp, oppdrag og gjennom oppgåva som kunstnarisk konsulent. I det desentraliserte og delegerte systemet vi har i Noreg med utsmykkingsutval, deltek kunstsakyndige i planlegginga av dei enkelte utsmykkingsprosjekta over heile landet. Utsmykking er ei viktig inntektskjelde for kunstnarane, og ein sentral del av kulturformidlinga. Utsmykking har såleis relevans både i ein kulturpolitisk, ein distriktspolitisk og ein næringspolitisk samanhang.

Staten har dei siste åra auka engasjementet for å betre kvaliteten i dei fysiske omgjevnadene. Det offentlege rommet, inkludert utsmykking, arkitektur og design er sett inn i ein kulturpolitisk samanheng. Parallelt har det skjedd ei utvikling i offentleg sektor med etablering av statlege aksjeselskap og statsføretak. Desse institusjonane fell utanfor dagens statleg finansierte utsmykkingsordning fordi denne ordninga er knytt til statleg eigarskap. Vidare er det ei utvikling der statsinstitusjonane ikkje byggjer sjølve, men leiger av private. Denne omstruktureringa i offentleg sektor er ei utfordring og kan føre til endringar i Utsmykkingsfondets arbeidsmåte.

I tillegg til ei aukande interesse for kunst i det offentlege rom, både blant brukarar, kunstnarar og mellom offentlege planleggjarar, ser ein også ei stigande interesse for utsmykking mellom private planleggjarar. Kunst vert nytta i byplanlegging, både for å fremje livskvalitet og for å byggje merkevarer av institusjonar, byar og regionar. Ei vidareutvikling av Utsmykkingsfondet for å møte utviklinga i offentleg sektor, vil difor kunne medverke til at fondet kan bli ein attraktiv samarbeidspartnar for å kvalitetssikre utsmykkingsprosessar også i privat sektor.

2.3 Nærare om kulturnæringane

Det er eit gjennomgåande trekk at dei ulike landa som arbeider særskilt med kultur som næring nyttar ulike definisjonar og at operasjonaliseringa omfattar ulike felt. Dette, samt visse ulikskapar i oppbygginga av det statistiske materialet, gjer at det er vanskeleg å gjennomføre direkte samanlikningar.

2.3.1 Internasjonale kartleggingar av kulturnæringane

Både Storbritannia, New Zealand, Australia, Danmark og Sverige gjennomfører med jamne mellomrom målingar av sysselsetjing og økonomisk avkasting av kulturnæringane.

Storbritannia, New Zealand og Australia nyttar omgrepet kreativ industri . Av ØF-rapport nr. 10: 2004 går det fram at definisjonen i Storbritannia og New Zealand har opphav i individuell kreativitet og talent, og omfattar næringar som har potensial for jobbskaping gjennom utnytting av intellektuell eigedom. Storbritannia og New Zealand inkluderer annonse- og reklameverksemd, arkitektur, design og motedesign, film og video, forlagsverksemd, musikk, programvare og data, tv og radio og utøvande kunst i sin definisjon. Storbritannia inkluderer i tillegg sal av kunst og antikvitetar. I Australia er definisjonen knytt til varer og tenester som inneheld eit vesentleg element av kunstnarisk eller kreativ innsats. Næringane som er inkluderte er samanfallande med næringane som er inkluderte i den britiske operasjonaliseringa unnateke sal av kunst og antikvitetar. Australia har heller ikkje inkludert utøvande kunst i si operasjonalisering.

Sverige nyttar omgrepet opplevingsindustri . Definisjonen er knytt til menneske eller verksemder med ei kreativ tilnærming som har til hovudoppgåve å skape og/eller levere opplevingar. Dette er ein relativt vid definisjon som i tillegg til dei tradisjonelle kulturbransjane også omfattar marknadskommunikasjon, mote, måltid, opplevingsbasert læring og turisme.

Danmark nyttar omgrepet kultur- og opplevingsøkonomien , og tek utgangspunkt i ein økonomi der kulturlivet og næringslivet møtest og skaper synergiar. Denne økonomien byggjer på den meirverdien som kreativitet skaper i både nye og meir tradisjonelle varer og tenester. I tillegg til dei meir tradisjonelle kulturbransjane er både edutainment, leikety, forlysting, turisme, sport, tekstil og klede inkluderte i operasjonaliseringa.

Økonomi og sysselsetjing

Med utgangspunkt i at kultur kan sjåast på som næring i seg sjølv, er kulturnæringane sin del av BNP og sysselsetjinga blitt rekna ut i ei rekkje land. I dei fleste landa som har undersøkt dette er delen av BNP rekna til om lag 5 avhengig av definisjonen i det gjeldande landet. I Danmark er kulturnæringane sin del av BNP rekna til 5,3 pst., i England 8 pst., i Sverige 9 pst., i USA 7,8 pst. og i New Zealand 3,1 pst.

Undersøkingane i Sverige i 2001 rekna opplevingsindustrien sin del av BNP til mellom 170-190 mrd. svenske kroner. Sjølv om den svenske definisjonen er svært vid, viser undersøkinga at dei meir tradisjonelle kulturnæringane litteratur, kunst, musikk, scenekunst, massemedium og kulturarv til saman stod for mellom 60-70 milliardar svenske kroner i året.

I dei landa der kulturnæringane sin del av BNP er utrekna over fleire år, er vekstraten i dei fleste tilfelle rekna til om lag 5 pst. i året. Dette er meir enn i dei tradisjonelle industriane. Kulturnæringane er rekna for å vere ein dynamisk sektor og viktige innhaldsprodusentar i økonomien. Kulturnæringane er dessutan i høg grad eksportindustriar, som sel produkt også utanfor lokalområdet.

Det er svært vanskeleg å måle både verdien og omfanget av sysselsetjinga og den økonomiske avkastinga i kulturnæringane. Det er såleis mange problem med tala i dei ulike landa. Årsakene er at den offisielle statistikken ofte er for lite differensiert, og ikkje gjev høve til å ta med dei relevante delane av dei ulike bransjane. Det kan også drøftast om det er føremålstenleg å ta med heile turistbransjen eller heile programvarebransjen, slik fleire land gjer. Sidan definisjonane og avgrensingane er så ulike i dei forskjellige landa, er tala heller ikkje mogelege å samanlikne.

2.3.2 Kartlegging av kulturnæringane i Noreg

På oppdrag for Nærings- og handelsdepartementet har Østlandsforskning utarbeidd ei kartlegging av kulturnæringane i Noreg. Føremålet med studien er å medverke til utvikling av kunnskapsgrunnlaget for kulturnæringane og kome med framlegg til omgrep, definisjonar og operasjonaliseringar. I tillegg inneheld rapporten ei nærare skildring og analyse av minst fem sentrale næringar og marknadane desse næringane opererer i. Fokuset i rapporten er kulturell produksjon i eit næringsperspektiv, og studien rettar i første rekkje søkjelyset mot private bedrifter som sel kulturelle produkt som varer i ein marknad.

Studien må reknast som eit første forsøk på å få eit samla bilete av kulturnæringane i Noreg. Studien gjev likevel ikkje uttømande eller utfyllande informasjon om kulturnæringane, men kan medverke til å definere område som treng vidare undersøkingar. Kultur- og kyrkjedepartementet har ikke grunnlag for å kvalitetssikre tala i studien.

Definisjon av kulturnæringane

Østlandsforskning har i sin definisjon valt å ta utgangspunkt i omgrepet kulturelle produkt. Dette er produkt som er framstilte for å kommunisere med/til publikum eller kundane. Kulturnæringane vert definerte som dei næringane som framstiller produkt der dei kommunikative eigenskapane er dei primære . Med basis i denne definisjonen er følgjande næringar inkluderte i analysen:

  • annonse- og reklameverksemd

  • arkitektur

  • bøker, aviser og blad

  • design

  • film, foto og video

  • musikk

  • utøvande kunst

  • tv og radio

  • bibliotek og museum

Sett bort frå bibliotek og museum er alle dei nemnde næringsgruppene med også i dei fleste internasjonale studiane. Grunngjevinga for å ta med bibliotek og museum er at dette er næringar som tek vare på kulturarven. Produksjon av video- og dataspel burde truleg vore inkludert i studien, men per i dag er det ikkje mogeleg å skilje ut desse verksemdene i den norske offisielle statistikken. Annan produksjon av softvare og sportsarrangement er heller ikkje inkludert i studien.

Reiseliv, som fleire av dei internasjonale studiane tek med, er ikkje inkludert i kartlegginga. Dette vert rekna som ei eiga næringsgruppe som omfattar mange ulike produkt og verksemder, og der kulturelle produkt vert rekna som ein viktig innsatsfaktor. For å framheve dette kan det difor vere meir presist å nytte omgrepet kulturbasert reiseliv .

Definisjonen som er nytta i rapporten frå Østlandsforskning må omfattast som snever i høve til liknande internasjonale studiar. Tala må difor reknast som konservative estimat, som ikkje medverkar til å overestimere kulturnæringane sin innverknad på økonomien og samfunnsutviklinga i Noreg. Det er likevel grunn til å vere merksam på at også den offentleg tilgjengelege norske statistikken er hefta med ulike typar feilkjelder. Den eksisterande næringsstatistikken er dessutan tufta på industrielle og yrkesmessige kategoriar som gjer det vanskeleg å identifisere kulturell aktivitet. Talgrunnlaget er tufta på næringskodar som også vert brukte internasjonalt, men dei norske næringskodane er grovinndelte i høve til mange andre land.

Nokre relevante nøkkeltal

Etter kartlegginga å døme er kulturnæringane sin del av den totale sysselsetjinga i Noreg og av BNP om lag 3,5 pst. i begge tilfelle. Kulturnæringane sysselsette om lag 76 000 personar i Noreg i 2002. Dersom ein inkluderer dei offentleg finansierte verksemdene var det om lag 87 000 sysselsette i kulturnæringane i 2002. Dette omfattar 3,7 pst. av alle sysselsette i landet. Til samanlikning sysselsette jordbruk og skogbruk samla 69 000, nærings- og nytingsmiddelindustrien sysselsette 52 000 og fiske 17 000.

Studien viser at grupperinga Bøker, aviser og blad har ein dominerande posisjon når det gjeld sysselsette. Nesten halvparten av dei sysselsette i kulturnæringane arbeider i denne næringsgruppa. Næringsgruppa Utøvande kunst sysselset om lag 12 pst. Generelt sett har kulturnæringane hatt ein relativt stabil del av dei sysselsette i landet dei siste åra, med ein liten reduksjon frå år 2000. Dette skuldast ein nedgang i sysselsetjing i næringsgruppene bøker, aviser og blad, tv og radio og annonse- og reklameverksemd.

Bruttoproduktet i kulturnæringane var 33,6 mrd. kroner i 2001. Dette inneber ein auke i bruttoproduktet på om lag 8 mrd. kroner sidan 1996 då bruttoproduktet var i overkant av 25 mrd. kroner. Undersøkinga syner at bruttoproduktet for kulturnæringane i 2001 var over dobbelt så høgt som for jordbruk og skogbruk der bruttoproduktet var 15,5 mrd. kroner og over tre gongar så høgt som for fiske, fangst og fiskeoppdrett der det var 9,5 mrd. kroner. Det var også høgare enn nærings- og nytingsmiddelindustrien som hadde eit bruttoprodukt på 26,1 mrd. kroner og nesten like høgt som verkstadsindustrien der bruttoproduktet var 36,5 mrd. kroner. Næringsgruppa Bøker, aviser og blad er den største også målt i bruttoprodukt. Gruppa Utøvande kunst , har den største veksten i bruttoproduktet frå 1,8 mrd. kroner i 1996 til 3,2 mrd. kroner i 2001.

Per januar 2004 var det om lag 31 000 bedrifter innanfor kulturnæringane i Noreg. Dette utgjer 7,2 pst. av alle bedrifter i landet. Verksemdene innanfor kulturnæringane er gjennomgåande mindre enn gjennomsnittet på landsbasis.

Figur 2.1 Sysselsette i kulturnæringane i pst. av alle sysselsette i fylket. Privat sektor 2002.

Figur 2.1 Sysselsette i kulturnæringane i pst. av alle sysselsette i fylket. Privat sektor 2002.

Kjelde: SSB. Kartgrunnlag: Statens kartverk. Figur henta frå ØF-rapport nr. 10: 2004.

Oslo skil seg klart ut med omsyn til sysselsetjing i kulturnæringane samanlikna med det samla talet sysselsette i landet. Oslo har over dobbelt så mange sysselsette i kulturnæringane og 2,5 gonger så mange bedrifter som landsgjennomsnittet. 7 pst. av dei sysselsette i Oslo arbeider innan kulturnæringane. Etter Oslo følgjer Hordaland (3,1 pst.), Østfold (3,0 pst.), Sør-Trøndelag og Akershus (2,9 pst.). Det er om lag 27 500 sysselsette innan kulturnæringane i Oslo, medan det er om lag 6 600 i Hordaland. Sogn og Fjordane har færrast sysselsette i kulturnæringane på landsbasis, målt i prosent av alle sysselsette i fylket.

Kartlegging av kultur- og opplevingsnæringar i Innlandet

Kunnskapsparken Hedmark har i samarbeid med Lillehammer kunnskapspark og Østlandsforskning utarbeidd rapporten Kultur- og opplevelsesnæringer i Innlandet . Rapporten inneheld eit breitt oversyn over aktørar i kultur- og opplevingsnæringane og eit oversyn over utdanningar retta mot desse næringane i Hedmark og Oppland. Kartlegginga omfattar heile spekteret frå kulturtiltak med stor grad av offentleg støtte, til reint kommersielle bedrifter av ulik art. Rapporten vart finansiert av Omstillingsprogrammet for Innlandet.

Kartlegginga tek utgangspunkt i ein vesentleg breiare definisjon enn den nasjonale kartlegginga av kulturnæringane omtala ovanfor. Definisjonen ligg tettare opp til dei nasjonale definisjonane i Danmark, Sverige og Storbritannia og omfattar både måltid, mote, turisme og reiseliv, opplevingsbasert læring og sportsbransjen i tillegg til næringane i den nasjonale definisjonen. Årsaka til denne breie definisjonen er eit ynske om å presentere eit materiale som er internasjonalt samanliknbart, og som på same tid presenterer Innlandet sitt totale potensial. Det vert likevel streka under i rapporten at den tilgjengelege statistikken er av ein slik art at det ikkje er mogeleg å presentere faktiske, eksakte tal for kulturnæringane.

Kartlegginga viser at Innlandsregionen har ei rekkje sterke aktørar innan kultur- og opplevingsnæringane. I rapporten vert det hevda at om lag 5 pst. av alle sysselsette i Innlandet arbeider i desse næringane, og at den årlege veksten i sektoren ligg på om lag 2,5 pst. Etter den definisjonen som vert brukt, er dette høgare enn gjennomsnittet av alle næringar i Innlandet. Flest sysselsette i Innlandet er knytte til gruppene turisme og reiseliv, media, måltid og opplevingsbasert læring.

I samband med undersøkinga vart det sendt ut spørjeskjema til alle kommunane i Hedmark og Oppland, samt til sentrale aktørar i verkemiddelapparatet og til om lag 200 kultur- og næringsaktørar. Svara viser at det er knytt stor optimisme til feltet i regionen. Kartlegginga vil kunne fungere som eit utgangspunkt for å utvikle ein regional strategi for kulturnæringane i Innlandet.

Kartlegging av kreative næringar i Rogaland

På oppdrag frå Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Noregs Forskingsråd har Rogalandsforsking utarbeidd rapporten Kreative næringer i Rogaland . Føremålet var å undersøkje den kreative sektoren i fylket og kva denne har å seie for sysselsetjing, produksjon og eksport. Ein ynskte å kartleggje nettverk og stimulere til nettverksdanning mellom aktørar i den kreative sektoren og mellom tradisjonell industri og kreativ industri. Undersøkinga byggjer på intervju og ei spørjeundersøking.

Rapporten tek utgangspunkt i ein breiare definisjon enn den nasjonale kartlegginga, og nyttar difor omgrepet kreative næringar i staden for kulturnæringar som vart nytta i den nasjonale kartlegginga. I tillegg til næringane inkluderte i den nasjonale kartlegginga inkluderer denne undersøkinga verksemder innan til dømes antikvitetar, dataspel, programvare og multimedia, mote, rådgjevings- og konsulentverksemd, tidsskrift, sceneproduksjon, events og messer, utstillingar, forfattarverksemd, festivalar og interiørdesign. Undersøkinga omfattar ikkje sportsbransjen, reiseliv og turisme eller delar av landbruksnæringa.

Reklame, softvare og multimedia og rådgjevings- og konsulentverksemd er etter undersøkinga dei mest sentrale områda innanfor dei kreative næringane i Rogaland. Fleirtalet av verksemdene er organiserte anten som aksjeselskap eller som enkeltmannsføretak. Undersøkinga viste at om lag 44 pst. av verksemdene i undersøkinga er lokaliserte innanfor sentrumsområdet i ein by. Tilgang til rimelege lokale og nærleik til viktige kundar er dei viktigaste årsakene til lokalisering. Nærleik til forskings- og utviklingsmiljø er minst viktig.

Nær 90 pst. av verksemdene i undersøkinga er små føretak med mindre enn fem tilsette. I 2002 omsette desse verksemdene for 1,3 mrd. kroner. Om lag 67 pst. av verksemdene omset for over 1 mill. kroner og 10 pst. for under 100 000 kroner.

Marknaden for kulturnæringane i Rogaland er hovudsakleg lokal, og svært få verksemder har eksportretta verksemd, men undersøkinga registrerte ei viss interesse for å satse på dette i framtida. Særskilt innan næringane forlag, design og arkitektur er det manglande kunnskapar om eksport. Næringane i undersøkinga er generelt avhengige av høgare utdanning, særskilt kompetanse og kreativitet. Uformelle fora og nettverk er generelt viktige for dei kreative yrka.

Undersøkinga viser at under 10 pst. av verksemdene har motteke offentlege tilskot eller lån. Ved finansiering av oppstart for kreative næringar i Rogaland er 54 pst. av etableringane heilt eller delvis tufta på personleg eigenkapital. 40 pst. av respondentane gav uttrykk for at finansiering ved oppstarten var vanskeleg.

Oppsummert viste undersøkinga at det er trong for bistand til eksportretta tiltak, tilknyting til internasjonale nettverk, lettare tilgang på risikokapital og opplæring i marknadsføring, kreativitet, planlegging og strategiutvikling.

2.3.3 Sentrale aspekt ved kulturnæringane

Internasjonale og nasjonale undersøkingar viser at kulturnæringane er samansette av kommersielle næringar på den eine sida og næringar med ein meir blanda økonomi på den andre sida. Dei kommersielle næringane lever i større grad i takt med marknaden, medan dei sistnemnde i høg grad er avhengige av offentleg finansiering og friviljug innsats. Den offentlege og friviljuge innsatsen har stor innverknad mellom anna for utviklinga av talent og idear som på sikt kan generere inntekter i dei meir kommersielle delane av kulturnæringane.

Eit særpreg ved dei fleste kulturnæringane er at dei ofte vert trekte mellom mål om kunst- og kulturfagleg kvalitet på den eine sida og krav til marknadstilpassing og inntening på den andre sida. Dette gjeld både dei kommersielle næringane og i aukande grad dei offentleg finansierte verksemdene med auka krav til eigeninntekter.

Eit gjennomgåande trekk er at kulturnæringane er samansette av mange små føretak med få eller ingen tilsette på den eine sida, og større – ofte multinasjonale selskap, på den andre sida. Mange av dei store selskapa har dei siste åra vore prega av oppkjøp, samanslåingar og utsetjing av oppdrag. Årsakene til denne utviklinga er både den internasjonale konkurransen og utviklinga av ny, digital teknologi. Resultatet har vorte ein horisontal og vertikal integrasjon der stadig færre, store føretak dominerer marknaden og verdikjedene. Samstundes er det tendensar til at fleire etablerer nye, små føretak innanfor kulturnæringane. Mange av desse små føretaka leverer varer og tenester til dei større bedriftene.

Både internasjonal forsking og dei norske kartleggingane viser at kulturnæringane er typisk urbane næringar. Dette vil seie at dei har ein tendens til å vere lokaliserte i byar eller bynære område. Byane sin dominerande posisjon i desse næringane har samanheng med ein tilstrekkeleg masse av nøkkelfaktorar som kulturnæringane er avhengige av. Dette gjeld i første rekkje menneske og idear, men det gjeld òg høve til fysisk interaksjon mellom ei stor gruppe menneske som ein føresetnad for nettverksproduksjon. Internasjonal forsking tyder likevel på at kulturnæringane kan ha stor innverknad for mindre byar og meir rurale område, sjølv om det er rimeleg å tru at desse stadene ikkje vil ha den same breidda innanfor kulturnæringane som dei større byane. Kulturbasert næringsutvikling tufta til dømes på lokal natur, kultur og tradisjonar sett i samband med reiseliv har eit breiare grunnlag i heile landet.

Kulturnæringane er generelt innovative, lærande og arbeidsintensive. Det er dessutan tette koplingar mellom dei ulike kulturnæringane og mellom kulturnæringane og fleire andre næringar. Prosjektbasert nettverkssamarbeid synest å vere ei utbreidd arbeidsform for dei mindre bedriftene. Kreative klynger vert såleis skapte gjennom utviklinga av gode nettverk. Mange kulturnæringar inngår også som viktige innsatsfaktorar i andre næringar. Døme er musea og festivalane sin verdi for reiselivet, og design og reklame sin verdi for industrien. Bedrifter med spesialisering innan ny teknologi, film og digitale medium kan også ha aukande verdi for utviklinga av formidlinga ved tradisjonelle kulturnæringar som til dømes museum.

Kulturnæringane er ofte tenesteytande næringar, og nye kulturnæringar er gjerne ulike former for konsulentverksemd med basis i kunstnarisk kunnskap. Døme er skrive- og taletrening, kurs i skodespelarkunst, ulike former for undervisning i kunst og kultur, levering av events, tilbod innanfor rollespel og improvisasjon og ulike former for terapitilbod, til dømes musikk- og kunstterapi.

Mange av dei tenesteytande kulturnæringane er dessutan næringar der leveranse i stor grad har utgangspunkt i personleg kompetanse, ofte i grensesnittet mellom teknologi og konsulentverksemd. Den teknologiske utviklinga har ført til ein stor auke i etterspurnaden etter og tilbodet av kulturbasert elektronisk innhald. Dette har ført til eit auka potensial for å utvikle nye tilbod innanfor tv- og dataspel, mobiltelefoniteneste, edutainment, infotainment, digitale bøker og språkteknologi.

Mange av dei små verksemdene innanfor kulturnæringane står ofte fram som lause eller flytande klynger utanfor eller i utkanten av den offentlege finansieringsstrukturen.

Innovasjon Noreg framhevar at det ikkje er generell kapitalmangel eller svikt i kapitalmarknadane i Noreg. I den grad kapitaltilgangen kan vere knapp, gjeld dette bedrifter i ein oppstartfase. Dette vart også omtala i Finansdepartementets rapport Kapitaltilgong og økonomisk styring (2004). Innovasjon Noreg meiner at årsaka til at kulturbaserte næringar kan ha vanskar med å skaffe finansiering frå bankar og finansinstitusjonar, er at desse næringane ofte ikkje oppfyller kapitalmarknadens krav til risikojustert avkasting. Mange kulturbaserte prosjekt har vanskar med å sannsynleggjere lønsemd på sikt. Innovasjon Noreg meiner difor at det innanfor kulturbaserte næringar er behov for kunnskap og kompetanse til å utvikle meir langsiktige forretningsmodellar.

Denne mangelen på kapital i etableringsfasen er likevel ikkje noko sernorsk fenomen. Dei fleste land i Europa har tiltak som ulike garanti-, tilskots- eller låneordningar retta mot verksemder i etableringsfasen. Trass i dette er det ein tendens til at næringar tufta på kultur ofte ikkje vert prioriterte av bankar og andre private finansieringsinstitusjonar.

2.3.4 Om samanhengen mellom teknologi og kultur

Det er ein velkjend samanheng mellom teknologiutvikling og utvikling av nye produkt, nye formidlingsmåtar og metodar. Dette har også innverknad på utviklinga i kunstfeltet og kulturnæringane og har danna utgangspunkt for ei rekkje nye produkt der ulike kulturuttrykk er viktige innsatsfaktorar. Særleg har informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) vist seg å ha transformerande effekt på fleire samfunnsområde, og har også hatt stor innverknad for formidlinga av ulike kulturelle uttrykk.

Det finst mange døme på korleis samspelet mellom teknologi og kultur fører til innovasjon og nyskaping. Materialteknologi har stor innverknad på utviklinga av ulike musikkinstrument. Film og video har ført til ei rekkje nye uttrykk innanfor dei visuelle kunstformene og har dessutan danna grunnlag for ein film- og videoindustri. LP, VHS og DVD-formata har hatt stor innverknad på formidling og mellom anna danna utgangspunkt for utvikling av musikkindustrien. Det er lite som tyder på at denne utviklinga vil stanse.

I dag fører samansmeltinga av internettbasert formidling, kringkasting og telefoni (konvergens) til ei rekkje nye uttrykk. Grafisk design har i løpet av nokre tiår vorte ein grunnleggjande innsatsfaktor i all trykksak- og webproduksjon, og teknologiutviklinga har lagt grunnen for nye produkt som dataspel og ulike visuelle uttrykksformer med stort kommersielt potensial. Mobilt innhald har i løpet av få år vakse fram som ei stor næring der mellom anna musikk, spel, bilethandsaming og ulike typar digitalobjekt utgjer viktige faktorar.

Noreg har eit godt utgangspunkt for å nytte teknologien til verdiskaping, effektivisering og deltaking. Norsk næringsliv og innbyggjarene generelt er viljuge og avanserte brukarar av ny teknologi. Til dømes har 97 pst. av unge opp til 20 år tilgong til Internett, dei same tala for folk under 40 år er 90 pst. 76 pst. av norske husstander har heimedatamaskin og over 1.3 mill. husstandar har tilgong til Internett heime. Sjølv om det framleis er demografiske ulikskapar, nyttar 59 pst. av alle med tilgong til nettet dagleg. Det er rask vekst i netthandelen (TNS Gallup, Intertrack 2004). Viljen til å ta i bruk ny teknologi og til å nytte teknologi til innovasjon og omorganisering i næringslivet er også stor.

Boks 2.6 Kunst og teknologi

Det elektroniske kunstfeltet er eit veksande tverrfagleg felt. Produksjonsnettverket for Elektronisk Kunst (PNEK) er eit landsomfattande nettverk for elektronisk kunst. Nett­verket omfattar BEK (Bergen senter for elektronisk kunst, Atelier Nor, NOTAM (Norsk Nettverk for teknologi, Akustikk og musikk), TEKS (Trondheim Elektroniske kunstsenter) og io/LAB i Stavanger. Tverrfaglege prosjekt som omfattar produksjon, forsking og formidling har vore ei hovudsatsing.

Utviklinga innanfor det elektroniske kunstfeltet skjer parallelt og i konstant dialog med den generelle teknologiske utviklinga. Eit nærare samarbeid mellom det teknologiske kunstfeltet, forsking og teknologiorienterte næringar kan vere teneleg for alle partar. Det kan medverke til alternativ finansiering, fremje kunnskaps- og kompetanseutveksling mellom sektorane og medverke til økonomisk verdiskaping i næringslivet. Store delar av det utstyret som vert brukt i kunstproduksjonen vert òg nytta i forskingsfeltet, næringslivet og av alminnelege forbrukarar. Det teknologiske kunstfeltet kan òg gje viktige innspel til næringslivet som ofte endrar produkt og idear frå kunstmiljøet og gjev dei ein kommersiell plattform.

2.4 Ungdomskulturar, innovasjon og kommersialisering

Endringane i produksjonsstrategiar- og konsummønstre som er omtalt i kap. 2.1 er sterkt påverka av merkevareindustrien og marknadsføringa deira. Likevel vert dei ofte fronta av innovative ungdomsmiljø.

Desse miljøa er opptekne av det som er nytt, og idealiserer personar som har «antennar» i høve til det som skjer internasjonalt. Samanlikna med andre alderssegment er ungdom også mindre prega av tradisjonelle smakspreferansar og etablerte handlingsmønster. Når ungdom til dømes har ei særskild rolle i høve til etablering av nye teknologiar er det ikkje berre av di dei er tidlege brukarar, men òg av di teknologibruken deira ikkje er prega av etablerte bruksmåtar og tilnærmingar.

Ungdomsmiljøa skaper stadig nye trendar, mellom anna ved å inkludere dei nye produktverdiane, knytte til symbol og opplevingar, i sine identitetsskapande prosjekt. Men ungdom opptrer også som skaparar av meiningssamanhengar langt utover det som er uttenkt frå marknadsførarare. Eit klassisk døme kan hentast frå HellyHansen, som opplevde at trendsetjarar i New York byrja å bruke deira tekniske allversklede. Dette gav verksemda grunnlag for ein større ekspansjon innanfor ungdomsklede.

Ungdomsgrupper kan også vere opphavsstad for kulturell og teknologisk innovasjon med vidtrekkjande samfunnsmessige konsekvensar. Dei går ofte nye vegar og kan vere spiren til nye aktivitetar og stilartar som får større breidde etter kvart. Jamvel om aktivitetar som tagging og graffiti ofte må karakteriserast som hærverk, er desse teknikkane av mange dyrka til kulturuttrykk som ikkje kan fråskrivast kvalitative verdiar. Slike fenomen kan òg verte fanga opp av trendindustrien og vere sporen til motar og sjangrar som leiar til eit breitt spektrum av kommersielle tilbod.

Eit anna illustrerande døme er snøbrett, som i løpet av 1990-talet utvikla seg frå å vere eit marginalt fenomen til å bli ein dominerande vintersportsaktivitet for born og ungdom i Noreg. Desse ungdommane var sjølvstendige pådrivarar for industriell innovasjon innanfor produkt relaterte til snøbrett og rullebrett i Noreg. I tillegg oppretta dei eigne IKT-baserte medium.

Det er liten tvil om at ungdomsmiljø i mange samanhengar spelar ei viktig rolle i samband med kulturspreiing og innovasjon. Koplingane mellom ungdom og næringsinteresser på dette området er likevel uklare og i liten grad dokumenterte gjennom forsking. Det er difor vanskeleg å sjå kva konsekvensar desse koplingane har for ungdomskulturane, for næringslivet og for innovasjonskrafta i samfunnet.

På den eine sida gjev ungdomskulturane viktige innspel til trendindustriane, og dei kan vere pådrivarar for både kulturell og industriell innovasjon i eit dynamisk samspel med næringslivet. På den andre sida er born og unge i aukande grad utsette for sterke kommersielle krefter. Særleg frå slutten av 1990-talet har meir pågåande marknadsføring i stadig fleire kanalar lagt eit stort kommersielt press på barne- og ungdomskulturane.

Den teknologiske utviklinga har ført til raske endringar i medietilbodet og i born og unge sin mediebruk. Den nye medie- og kommunikasjonsteknologien har stor plass i born og unge sin kvardag. Media er ein stadig viktigare sosialiseringsfaktor for born og unge og påverkingskrafta er stor.

Det er ein generell trend at reklame og redaksjonelt stoff i større grad vert blanda saman i ulike media gjennom til dømes produktplassering, spin-off produkt m.m. Leik, spel og oppgåveløysing løyner reklame, særleg på Internett. Undersøkingar har vist at det er vanskeleg for born og unge å kjenne igjen nye salsfremjande tiltak som marknadsføring.

I ein slik situasjon er det viktig å setje born og unge i stand til å ta i mot og fortolke ulike uttrykk, gjenkjenne ulike sjangrar og skilje det kulturelt verdfulle frå reine kommersielle medieprodukt. Barne- og familiedepartementet har etablert tiltak som kan gjere born og unge betre budde i møtet med dei kommersielle uttrykka, jf. tiltaksplanane Barn, unge og Internett (BFD, 2001) og Nei til kommersielt press mot barn og unge (BFD, 2003).

Det er òg behov for rettsleg regulering for å oppretthalde og verne dei fristadene born og unge har. Arbeidet med slik regulering er eit av satsingsområda i handlingsplanen frå 2003. I norsk marknadsføringsrett er det i dag ikkje noko særskilt forbod mot reklame retta mot born og unge. Etter marknadsføringslova er det på generelt grunnlag ikkje tillate å drive marknadsføring som strir mot god marknadsføringsskikk og som står fram som urimeleg overfor forbrukaren. Det følgjer av Forbrukarombodet sin praksis at lova vert tolka spesielt strengt når marknadsføringa rettar seg mot born og unge.

Marknadsføring i tv og radio er strengare regulert. Kringkastingslova forbyr å sende reklameinnslag i samband med program for born og reklameinnslag som særleg er retta mot mindreårige.

Kor strenge krav vi kan ha på nasjonalt plan er avhengig av kva rammer EU-lovgjevinga stiller opp. EU er i ferd med å vedta eit nytt direktiv om urimeleg handelspraksis, som inneber at reglar knytte direkte til forbrukaren sine økonomiske interesser vil verte harmoniserte i EU/EØS. I samband med føreståande revidering av marknadsføringslova og innarbeiding av det nemnde direktivet, vil Barne- og familiedepartementet vurdere om det er mogeleg med særlege reglar ved marknadsføring som rettar seg mot born og unge.

Som ledd i oppfølginga av tiltaksplanen mot kommersielt press samarbeider Barne- og familedepartementet og Forbrukarombudet om å styrkje dialogen med annonsørar, reklamebransje, media og idretten for å skape debatt og påverke haldningar. Dialogen med bransjane har ført til større medvit og meir aksept for å skjerme born og unge mot kommersielt press.

Eit sentralt spørsmål når ein skal vurdere ei sterkare kopling mellom kultur og næring er om dette kan utviklast i tråd med regjeringa sitt ynske om fristad og særskilt vern for born og unge frå kommersielt trykk.

3 Rammevilkår og utfordringar

3.1 Innleiing

Kulturbasert næringsutvikling er avhengig av rammevilkår og verkemiddel over eit breitt spekter av politikkområde. Verkemidla innanfor dei ulike sektorane er retta inn mot ulike føremål og har ulike effektar. Ein politikk for kulturbasert næringsutvikling må difor balansere og samordne politiske ambisjonar og tiltak med ulik sektorforankring slik at dei på best mogeleg måte verkar saman og byggjer opp under heilskaplege politiske løysingar.

Det er ei kontinuerleg statleg oppgåve å arbeide for at dei generelle rammevilkåra i form av til dømes lover, reglar og forordningar til ei kvar tid er så gode som mogeleg. Samstundes er det viktig at skatte- og avgiftssystemet er enkelt og oversynleg. Staten skal dessutan leggje til rette for ein heilskapleg og koordinert politikk for kulturbasert næringsutvikling som tek omsyn til både kulturelle, økonomiske og teknologiske endringar. Å utvikle gode rammevilkår for kulturbasert næringsutvikling krev at ein tek omsyn til alle ledda i verdikjedene.

Føresetnaden for utvikling av kulturbasert næringsutvikling er ikkje dei same i dei ulike delane av landet. Kommunane og regionane står såleis overfor ulike utfordringar. Kommunar og fylke har i dag stor fridom til sjølve å gjere eigne prioriteringar innanfor både kultur- og næringsutvikling. Ein praktisk politikk for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling krev kunnskap om regionale og lokale tilhøve og bør difor i høg grad utformast regionalt og lokalt i partnarskap med ulike aktørar innanfor og på tvers av både kulturliv og næringsliv og utdannings- og forskingssektoren.

Som regional utviklingsaktør vil fylkeskommunane, i partnarskap med ulike aktørar som næringslivet, private organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, kommunar og dei ulike verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet spele ei viktig rolle for å få til eit samla grep om innovasjon og kulturbasert næringsutvikling rundt om i landet. Eit godt samarbeid mellom offentleg og privat sektor og mellom regionalt, lokalt og statleg forvaltingsnivå vil vere viktig for å integrere kulturnæringane i nasjonale og regionale innovasjonssystem.

Utforminga og gjennomføringa av nasjonal politikk på mange område er i aukande grad påverka av internasjonale avtaleverk. Dette gjeld først og fremst EU- og EØS-regelverket og avtalane mellom landa i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Det er difor viktig at Noreg deltek aktivt i internasjonale forum som har innverknad på utforminga av internasjonale konvensjonar og avtaleverk og medverkar til at Noregs kulturpolitiske og nærings- og handelspolitiske mål vert reflekterte og balanserte i internasjonale handelsavtaler.

3.2 Kulturpolitikken

Kultur- og kyrkjedepartementet har det overordna ansvaret for den statlege kulturpolitikken. St. meld nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 trekte opp hovudlinene for kulturpolitikken og kulturpolitiske prioriteringar for det neste tiåret. Ein hovudbodskap i meldinga er at den profesjonelle kunsten og den fagleg forankra kulturinnsatsen har ein verdi i seg sjølv. Den grunnleggjande ideen er at kulturpolitikken skal fremje intellektuelle og estetiske verdiar som er grunnleggjande for menneskeleg utvikling og samfunnsutviklinga som heilskap. Det er faglege kvalitetsvurderingar som er avgjerande for at eit kulturtiltak skal vere prioritert i den statlege kulturpolitikken.

Regjeringa sine hovudmål for kulturpolitikken er å fremje kulturelt og estetisk mangfald, stimulere kunstnarleg kvalitet og nyskaping, bevare og sikre kulturarven og leggje til rette for at heile folket har tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod. Ein av hovudprioriteringane i kulturpolitikken fram mot 2014 er å leggje til rette for og stimulere til auka internasjonalisering av kulturlivet både på produksjons- og formidlingssida.

Staten tek i bruk eit breitt spekter av lovheimla, økonomiske, organisatoriske, informerande og kontrollerande verkemiddel for å nå dei kulturpolitiske måla. Det er gjort ein omfattande gjennomgang av desse verkemidla i St.meld nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 , kap. 4. Statens rolle skal først og fremst vere å leggje til rette for og stimulere utviklinga i kultursektoren. Hovudverkemiddelet er økonomisk driftsstøtte til institusjonar og støtte til infrastruktur direkte over statsbudsjettet, samt prosjektstøtte gjennom underliggjande fagorgan som til dømes Norsk filmfond, Norsk kulturråd, og ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

Over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2005 er det løyvd om lag 4,3 mrd. kroner til kulturføremål og film- og medieføremål. I tillegg kjem den delen av overskotet til Norsk Tipping AS som vert fordelt av Kongen (300 mill. kr. i 2004). Det vert òg løyvd midlar til kulturføremål over andre departement sine budsjett.

Sjølv om verkemidla er innretta mot kulturelle mål, har dei på ulike måtar òg innverknad på utviklinga av næringspotensialet i kultursektoren. Først og fremst har dei betydning som grunninvestering i sektoren, men nokre av verkemidla kan òg meir direkte medverke til å utløyse næringspotensialet i sektoren.

Norsk filmfond vart oppretta i 2001 og alle tilskotsordningane til filmproduksjon er samla der. I 2005 forvaltar fondet om lag 228 mill. kroner. Norsk filmfond og dei ulike tilskotsordingane er nærare omtalte i kapittel 6.

Norsk kulturfond har som føremål å stimulere skapande åndsliv innanfor litteratur og kunst, verne om kulturarven og formidle kulturgodane til så mange som mogeleg. I 2005 er fondet tildelt om lag 250 mill. kroner over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Norsk kulturråd forvaltar midlane i fondet. Rådet legg vekt på å støtte nyskapande kunst og stimulere nye kunstnariske uttrykksformer, nye formidlingsformer og kulturelt mangfald. Større eingongstiltak og forsøksprosjekt som fell utanfor ordinære tilskotsordningar vert prioriterte.

Gjennomføringa av kulturpolitikken er avhengig av eit nært samarbeid mellom staten, fylka og kommunane, mellom politiske og faglege aktørar og mellom desse og dei utøvande institusjonane og verksemdene. Også private aktørar og næringslivet er i aukande grad ein viktig samarbeidspartnar for kultursektoren. Den kulturpolitikken som vert ført i kommune og fylke er delvis eit resultat av eigne prioriteringar og støtte til lokale og regionale tiltak, dels er det snakk om delansvar for drift av kulturinstitusjonar i samarbeid med staten, dels er det snakk om investeringar i kulturell infrastruktur. Lovregulerte kulturoppgåver på kommune- og fylkesnivået er avgrensa til folkebibliotek, musikk/kulturskular og ansvar for å halde orden i eigne historiske arkiv.

Mange delområde av kultursektoren treng bygningsmessig infrastruktur av høg kvalitet. Det offentlege finansierer allmenne kulturbygg og bygg for musikk- og scenekunstinstitusjonar, arkiv, bibliotek og museum m.m. Nokre vert heilt ut bygde for statens rekning, andre ved ulike former for spleiselag mellom forvaltningsnivåa, medan folkebibliotek i all hovudsak vert finansierte av kommunane. Unnataksvis har private sponsorar medverka til realiseringa av museumsbygg. Privat finansiert og kommersielt driven infrastruktur finst først og fremst innanfor den marknadsbaserte delen av musikk- og scenekunstfeltet.

Opphavsrett

Regelverket omkring opphavsretten er ein viktig del av rammeverket for kulturnæringane. Det er ei sentral statleg oppgåve å sikre at Noreg heile tida har eit oppdatert regelverk. Dette er viktig både av omsyn til den teknologiske utviklinga og våre internasjonale forpliktingar.

Den sentrale lova på opphavsrettsområdet er lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverklova). Dette er ei særs viktig kulturpolitisk lov som inneheld rettsreglar om vern og utnytting av åndsverk av alle slag. Opphavsmannen til eit åndsverk er i lova gjeven ein vid einerett til å rå over verket sitt. M.a. har han retten til å bestemme om og korleis åndsverket skal bli gjort tilgjengeleg for andre. Rettsreglane sikrar at opphavsmannen kan ha eit økonomisk utkomme av det han har skapt.

På grunn av teknologisk utvikling er reglar som vernar åndsverk gjort gjeldande utanfor opphavsretten sitt kjerneområde. Reglar som i utgangspunktet skulle verne opphavsmannen sin skapande innsats, gjeld no i tillegg for innsatsen frå utøvande kunstnarar (skodespelarar, artistar) og for den tekniske og økonomiske innsatsen frå plate- og filmprodusentar, kringkastingsselskap med fleire. Til dømes må ein ha samtykke frå både opphavmann, artist og plateselskap om ein i kommersiell samanheng vil kopiere eit musikkverk som er spelt inn på plate.

Sett frå samfunnet si side er det viktig at den skapande og utøvande verksemda vert sikra med rettsreglar som gjer at rettshavaren kan ha kontroll med og krevje vederlag for bruk av verna materiale. Dette vil sikre rettshavaren eit økonomisk utkomme og stimulere til kreativ innsats på området, noko som er grunnleggjande for den vidare samfunnsutviklinga.

Samstundes er det frå eit samfunnsmessig synspunkt viktig at flest mogeleg på fornuftige vilkår vert gjevne tilgang til åndsverk. For å ta vare på slike omsyn, fastset åndsverklova at på sentrale bruksområde kan åndsverk bli brukte utan at rettshavaren har samtykka. Ein kan til dømes på nærare vilkår kopiere åndsverk til privat bruk og sitere frå slike verk. Åndsverklova har reglar både om fri bruk og bruk mot vederlag. Om bruken berre kan skje på vilkår av betaling av vederlag kjem an på kva type bruk det gjeld, og kva konsekvensar bruken har for rettshavar. Lova har også reglar om forenkla klarering av rettar. Etter desse reglane kan brukaren inngå avtale med ein representativ rettshavarorganisasjon om bruk som det utan slik avtale ville vore praktisk umogeleg å få klarert rettane til, t.d. fotokopiering i undervisning.

Åndsverklova søkjer på denne måten å skape ein rimeleg balanse mellom rettshavaren sine interesser og meir samfunnsmessige omsyn som kulturarv, utdanning og forsking, allmennopplysing, privat bruk m.m. Reglane må alltid ta omsyn til dei mogelege nye handlingsromma ny teknologi gjev med omsyn til bruk av opphavsrettsleg verna materiale. Den digitale teknologien opnar for både bruk og misbruk på ein helt annan måte enn tidlegare. Eit åndsverk i digital form er enklare å kopiere til mange på kort tid, kopiane vert like gode som originalen og originalen er dyr å produsere, men billeg å kopiere.

Denne utviklinga har auka misbrukspotensialet. Samstundes eignar åndsverk seg særs godt til både distribusjon og bruk i digital form. Utviklinga av datanettverk, særleg Internett, har gjort det mogeleg å distribuere åndsverk raskt over lange distansar på tvers av landegrensene. Behovet for internasjonale reglar har såleis vorte endå større enn tidlegare, sjølv om det på opphavsrettsområdet heilt frå 1886 har vore utstrekt internasjonalt samarbeid gjennom multinasjonale konvensjonar. I tillegg til Bern- og Romakonvensjonen, skal i denne samanheng avtalane i SN under Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar og avtalen under Verdas handelsorganisasjon om handelsrelaterte sider ved immaterielle rettar (TRIPS), bli nemnde. Samstundes er EU særs aktiv på opphavsrettsfeltet, og sidan 1989 er det vedteke sju direktiv som harmoniserer reglane innanfor den indre marknaden. Noreg er såleis i stor utstrekning internasjonalt forplikta til å tilpasse opphavsrettslovgjevinga.

Det er ikkje berre ny teknologi og auka internasjonalisering som representerer utviklingstendensane. Det har også vore ei utvikling med omsyn til den økonomiske innverknaden opphavsretten har. Åndsverklova er ikkje berre ei særs viktig kulturpolitisk lov, den er òg sentral i næringsmessig samanheng. Dette kjem mellom anna fram i ei undersøking om opphavsretten si økonomiske tyding frå 1999. 1

Opphavsretten breier sine økonomiske verknader utover i ulike sektorar av økonomien. Enkelte bransjar ville ikkje eksistere utan eit opphavsrettsleg vern. Dette er bransjar som produserer opphavsrettsleg verna materiale, til dømes presse og litteratur, film og musikk, programvare og databasar, arkitektur og reklame. Verdiskapinga i desse bransjane er i undersøkinga sett til å vere på heile 45 005 mill. kroner, noko som utgjer 3,76 pst. av BNP. Presse og litteratur, samt programvare og databasar står for over to tredelar av den samla verdiskapinga innan desse bransjane.

Andre bransjar ville eksistere også utan opphavsretten, men dei ville vore vesentleg mindre. Verksemda i desse bransjane er i hovudsak avhengig av at det vert produsert verna materiale. Desse bransjane produserer og distribuerer opphavsrettsrelatert utstyr (elektronikk, datamaskiner, musikkinstrument, fotografisk utstyr, nettverk m.m.). Omsetjinga i desse bransjane er oppgjeven til 105 350 mill. kroner. Verdiskapinga var på 19 484 mill. kroner. Dette representerer 1,63 pst. av BNP.

Undersøkinga identifiserer også ei tredje gruppe av bransjar med relasjonar til opphavsretten. Dette er bransjar der verksemda og produksjonen delvis avheng av opphavsrettsleg verna materiale, til dømes ved at slikt materiale genererer ein del av produksjonsverdien i bransjen. Eksempel på slike bransjar er produsentar av smykke, møblar, klede og fotty. I studien av opphavsretten si økonomiske tyding i Noreg er effekten av desse bransjane ikkje teke med.

Samla verdiskaping i dei opphavsrettsbaserte bransjane i Noreg var på 64 489 mill. kroner, noko som utgjer eit bidrag til BNP på 5,39 %.

Utviklinga på opphavsrettsområdet representerer såleis ikkje berre store utfordringar, men også mange mogelege nye handlingsrom. Det er lagt fram eit framlegg om oppdateringar av åndsverklova i Ot.prp. nr. 46 (2004-2005). Framlegget tek sikte på å gjennomføre eit EU-direktiv om opphavsrett i informasjonssamfunnet. Oppdateringa vil også leggje til rette for at Noreg tiltrer dei tidlegare nemnde traktatane under Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar.

Kulturpolitikk, marknad og konkurranse

Dersom ein vel å sjå kultursektoren i eit marknadsperspektiv, dvs. som eit forhold mellom tilbod og etterspurnad, kan staten sitt engasjement delvis knytast til ulike former for marknadsimperfeksjonar. Dette gjeld først og fremst dei delane av kultursektoren der ein produserer varer og tenester som vert selde i ein marknad.

Av ulike grunnar er det ikkje mogeleg å realisere dei kulturpolitiske måla om mangfald, kvalitet og tilgjenge på marknadens premissar åleine. Dels kan store faste kostnader knytte til frambringinga av kulturgodane føre til for liten produksjon og til einsretting ved ei rein marknadsløysing. Dels har kulturuttrykk meirverdiar for samfunnet utover den prisen som marknaden er villig til å gje. Kunnskap, refleksjon, kreativitet og kritikk er døme på slike verdiar som er med på å danne vilkåra for ytringsfridom i eit demokratisk samfunn, men som ikkje kan fangast opp i marknaden.

Dette er verdiar som i dei fleste samfunn vert sett på som nødvendige dimensjonar i menneskeleg utvikling og for samfunnsutviklinga som heilskap. Vi viser i denne samanhengen til artikkel 8 i UNESCOs universelle erklæring om kulturelt mangfald:

«Med vår tids økonomiske og teknologiske endringer, som åpner for enorme perspektiver når det gjelder kreativ virksomhet og nyskaping, må det vies særskilt oppmerksomhet til mangfoldet i tilbudet av kreativt arbeid, til behørig anerkjennelse av rettighetene til forfattere og kunstnere, og til særpreget i kulturprodukter og -tjenester, som i egenskap av bærere av identitet, verdier og mening ikke kan betraktes som vanlige varer eller konsumgoder.»

I langt dei fleste land er det difor utvikla særskilte verkemiddel for å nå dei kulturpolitiske måla. Det er likevel store ulikskapar knytte til i kva utstrekning dei ulike verksemdene i kultursektoren er avhengige av innsats frå det offentlege. Sektoren er svært samansett og omfattar eit breitt spektrum av verksemder frå dei reint ideelle som alltid vil vere avhengige av offentleg støtte i heile eller delar av produksjons-, distribusjons- og formidlingsapparatet til dei reint kommersielle verksemdene som vert drivne på forretningsmessig grunnlag. For ei rekkje verksemder er offentleg støtte den viktigaste inntektskjelda.

Den kulturpolitiske innsatsen er i første rekkje retta mot dei delane av kulturlivet som ikkje har tilstrekkeleg finansiering gjennom inntekter frå omsetjing av varer og tenester i ein marknad. Bransjeaktørar som opererer på kommersiell basis spelar likevel ei viktig rolle i store delar av kulturproduksjonen og kulturformidlinga. Det er difor utvikla ulike former for bransjetilpassa ordningar. Døme på slike ordningar er mellom anna momsfritak, innkjøpsordningar og produksjonstilskot, jf. nærare omtale i kapitla om dei enkelte kulturnæringane. Også desse ordningane har kulturpolitisk og ikkje næringspolitisk grunngjeving, det vil seie at dei skal medverke til å oppretthalde mangfald og kvalitet i den nasjonale kulturproduksjonen og betre tilgjenget på tvers av sosiale og geografiske skiljeliner.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om konkurransepolitikk. I meldinga vert også forholdet mellom konkurranse og kulturpolitikk diskutert. Meldinga peiker på at ei rekkje kulturgode vert produserte og selde på lik line med andre varer og tenester i marknader med stort innslag av kommersielle aktørar. Vidare er samansmeltinga av offentlege tiltak, friviljug innsats og privatøkonomiske profittinteresser framtredande i delar av kultursektoren. I dei delane av kultursektoren kor dette gjer seg gjeldande kan ein ikkje unndra seg krav til samfunnsøkonomisk effektivitet, og konkurranse kan vere eit tenleg utgangspunkt. Det vil likevel vere nødvendig å supplere konkurransen med direkte støtteordningar eller særskilde sektorreguleringar for å oppnå mål som marknadsløysingane ikkje realiserer.

Dei kulturpolitiske måla kan fremjast gjennom ulike former for verkemiddel som vil ha forskjellige samfunnsøkonomiske konsekvensar. Det er viktig å velje dei verkemidla som på best mogeleg vis fremjar dei kulturpolitiske måla og samstundes er samfunnsøkonomisk effektive. I dei delane av kultursektoren kor kommersielle aktørar og privatøkonomiske profittinteresser er framtredande, kan det vere mest tenleg å velje direkte verkemiddel som løyser dei aktuelle problema utan å redusere konkurransen, i den grad det er mogeleg.

3.3 Nærings- og innovasjonspolitikken

Nærings- og handelsdepartementet har det overordna ansvaret for norsk næringspolitikk. Næringspolitikken heng nært saman med både forskings- og utdanningspolitikken og distrikts- og regionalpolitikken. Dei ulike departementa sine målsetjingar, satsingar og verkemiddel utgjer rammene for eit innovasjonssystem der også kulturnæringane skal ha plass. Eit viktig trekk er at dei ulike departementa i stor grad nyttar dei same verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd, SIVA og fylkeskommunane til å forvalte sine program og satsingar.

Det overordna målet for norsk næringspolitikk er å leggje til rette for størst mogeleg verdiskaping i norsk økonomi. Verdiskaping skjer i kvar enkelt bedrift i Noreg når det dei produserer har minst like stor verdi som kostnadene ved å lage produkta. For å oppnå høg verdiskaping må ressursane brukast i næringar og i verksemder med god lønsemd. Slik får ein mest mogeleg ut av dei ressursane som er tilgjengelege i økonomien i samfunnsøkonomisk forstand.

Velferda vår er nært knytt til verdiskapinga i samfunnet. Økonomiske verdiar må skapast slik at flest mogeleg av måla om velferd kan bli oppfylte. Folks sjansar til å oppnå høg levestandard vert såleis bestemt av den samla økonomiske verdiskapinga i samfunnet.

Å kunne realisere slik verdiskaping er avhengig av ei rekkje faktorar, og mange av desse vert påverka eller fastsette av politiske styresmakter. Tilgang på kompetente menneskelege ressursar, utforming av lover og reglar, tilgang på finansiering i kapitalmarknadene og utforming av skattesystemet er døme på rammevilkår som legg føringar for i kva grad lønsame prosjekt kan realiserast. I tillegg er det ei målsetjing at næringspolitikken skal vere offensiv på område som fremjar økonomiens evne til å omstille seg generelt og evne til omstilling i bedriftene spesielt. Evne til omstilling er viktig fordi vi i større grad enn tidlegare vert påverka av at internasjonale økonomiske forhold og rammevilkår endrar seg raskt. På denne måten vil næringspolitikken vere med på å fremje høg økonomisk verdiskaping og samfunnsøkonomisk god bruk av ressursane.

Næringspolitikkens rolle er å syte for at dei samla rammevilkåra er utforma slik at næringslivet står best mogeleg rusta til å oppretthalde verdiskapinga i marknader som krev auka omstillings- og innovasjonsevne. Det krev både gode generelle rammevilkår som fremjar effektivitet i marknadene og effektiv ressursbruk, og at politikken er særleg utforma for å fremje forsking, innovasjon og lønsame omstillingar. For bedriftene vil rammevilkåra knytte til mellom anna makroøkonomisk stabilitet, skattar og avgifter, velfungerande marknader, tilgang på kapital og kompetente investorar, utdannings- og kompetansenivå i arbeidsstyrken samt kvaliteten på infrastrukturen vere avgjerande for lønsemda. Alle desse politikkområda påverkar også innovasjonsevna i bedriftene.

Forsking og innovasjon

I tillegg til at dei generelle rammevilkåra må vere på plass, må ein framtidsretta næringspolitikk også ha ein politikk som har som si primære oppgåve å leggje til rette for forsking, innovasjon og lønsame omstillingar. Dette vil mellom anna omfatte politikk som fremjar brukstilpassa forsking, kommersialisering av forsking og medvit om innovasjon.

Den delen av forskingspolitikken som er grunngjeven ut frå eit mål om auka verdiskaping, er sentral i innovasjonspolitikken. Den går nettopp ut på å leggje tilhøva til rette slik at forskinga kan levere nye innsikter som kan takast i bruk. Eit aspekt ved dette er å sikre eit lite land som Noreg tilgang til den store mengda kunnskap som er akkumulert i den internasjonale forskingsverda. Ei auka satsing på FoU for å fremje innovasjon må følgjast av kommersialisering av forskingsresultata. Tiltak for å fremje kommersialiseringskompetansen er difor også ein viktig del av innovasjonspolitikken.

For at investeringane i FoU ved universitet, høgskular og institutt faktisk skal føre til auka verdiskaping på sikt, må resultata og den nye kunnskapen nyttast i verdiskapande verksemd. Dette krev samarbeid og kan henda også mobilitet mellom forskingsinstitusjonane og næringslivet. Regjeringa legg no fram ei stortingsmelding om forsking, St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forsk­ning . Grunnforsking, internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping er gjennomgåande prioriteringar i meldinga.

Det er også grunn til å tru at vi kan fremje innovasjonsevna vår ved at alle involverte aktørar både i offentleg og privat sektor aukar medvitet sitt om og forståinga av innovasjon. Auka medvit kring innovasjon er difor eit sentralt element i ein innovasjonspolitikk. Av tiltak som siktar mot skjerpa fokus på innovasjon, har vi regjeringas handlingsplan Fra idé til verdi , regjeringas innovasjonsutval med 9 underliggjande innovasjonsprosjekt og nasjonalt innovasjonsforum.

Entreprenørskap

Entreprenørskap – etablering og utvikling av ny verksemd – er ei viktig drivkraft bak fornying, vekst og verdiskaping i økonomien. Det er påvist ein klar samanheng mellom høg etablerings- og avviklingsrate og produktivitetsvekst. Dette vil igjen sikre velferd og vekst i norsk økonomi.

Entreprenørskap er sentralt for å sikre omstilling, fleksibilitet og innovasjon i næringslivet. Innovasjon skjer ofte i randsona til det etablerte næringslivets kjerneområde. Dersom nye produkt og løysingar skal kunne prøvast ut, er det viktig at det er lett å etablere ny verksemd og nye bedrifter. Det er også viktig for konkurransen i marknadene at det er lett å etablere verksemder som kan tevle med etablerte bedrifter.

Entreprenørskap er også ei viktig kjelde til etablering av nye arbeidsplassar. Gode vilkår for entreprenørskap er difor viktig for å sikre tilveksten av nye arbeidsplassar. Etter kvart som delar av den tradisjonelle industrien får problem, må vi skape arbeidsplassar tufta på produkt som kan bere eit høgt norsk kostnadsnivå. Dersom nye produkt og løysingar skal kunne prøvast ut, er det viktig at det er lett å etablere ny verksemd og nye bedrifter.

Nærings- og handelsdepartementet legg følgjande definisjon av entreprenørskap til grunn:

«Entreprenørskap er ein dynamisk og sosial prosess der individ, åleine eller i samarbeid, identifiserer økonomiske handlingsrom og gjer noko med dei ved å etablere ny verksemd. Denne prosessen krev kvalitetar som sjølvkjensle, evne til å ta risiko og til å vise personleg engasjement og forplikting.»

Næringslivet endrar seg i rask takt. Dersom tendensen vi ser i dag held fram, vil berre 15 pst. av dagens bedrifter framleis eksistere i 2020. Ein god entreprenørskapspolitikk er difor ein politikk som fremjar nyetableringar og som ikkje skaper unødvendige barrierar for entreprenørane. Vi treng menneske som ser sjansane i marknaden og som vågar å satse på nye idear. Nokre gründerar vil lukkast betre enn andre. Det er opp til marknaden å avgjere kva for prosjekt som har livets rett. Dersom nye produkt og løysingar skal kunne prøvast ut, må vi gjere det enkelt å starte opp ny verksemd. Regjeringa vil gjennom ein målretta entreprenørskapspolitikk syte for gode rammevilkår for oppstart.

Entreprenørskapspolitikk er ein viktig del av regjeringas plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. I regjeringas innovasjonsplan vert målsetjinga om å stimulere til fleire nyetableringar med vekstpotensial presisert. For å medverke til dette vil regjeringa styrkje entreprenørskapsopplæringa i skule og høgare utdanning, gjere det enklare å starte ny bedrift i Noreg, målrette dei direkte verkemidla retta mot entreprenørar, unge bedrifter og små- og mellomstore bedrifter (SMB) med vekstpotensial, og medverke til auka risikoavlasting og tilgang på kapital i tidleg fase.

Med di det er ei rekkje tilhøve som verkar inn på i kva grad enkeltpersonar skaper ny verksemd, femner entreprenørskap som politikkområde breitt. I tillegg til generelle rammevilkår speler styresmaktene ei viktig rolle for å fremje næringsutvikling og nyetablering på ei rekkje område. Det handlar først og fremst om:

  • Reduksjon av den administrative børa

  • Rådgjeving og nettverk

  • Tilgang til finansielle verkemiddel

  • Etablering av ein entreprenørskapskultur

  • Entreprenørskap i utdanning

Å etablere ny verksemd er krevjande. Det er viktig at skjemavelde og offentleg byråkrati ikkje hindrar oppstart av ny verksemd og skaper unødvendige barrierar for potensielle entreprenørar. I eit moderne samfunn vil det alltid vere behov for regelverk og innrapporteringar, men regjeringa arbeider for at det offentlege skal verte opplevd som enkelt og ubyråkratisk. Tida ein gjennomsnittleg næringsdrivande brukar på statlege innrapporteringskrav er redusert med 15 pst. sidan 1998, og 80 pst. av dei 108 tiltaka i handlingsplanen for «Et enklere Norge» er gjennomført eller under arbeid.

Rådgjeving retta mot entreprenørar, saman med etablering av nettverk der entreprenørar kan utveksle røynsler med andre i same situasjon, er viktig for at fleire entreprenørar skal lukkast. Det kan for mange entreprenørar verte opplevd som ei støtte å ha dugande rådgjevarar, diskusjonspartnarar og eit godt nettverk som kan fungere som positive støttespelarar inntil bedrifta står på eigne bein. Det offentlege verkemiddelapparatet skal spele ei rolle i å gje råd i oppstartsfasen og tilretteleggje for opprettinga av nettverk og møteplassar for utveksling av erfaringar mellom entreprenørar og relevante fagmiljø og investorar. Innovasjon Noreg (IN) er eit resultat av ei samanslåing av Eksportrådet, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Turistrådet og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar (SVO). Entreprenørskap er eit sentralt satsingsområde til Innovasjon Noreg og verkemidla er no i større grad koordinerte og slagkraftige.

For at nye prosjekt skal kome i gang, krevst det både kapital og gode prosjekt. Kapital, og spesielt såkornfond, har vore halde fram av mange som eit kritisk element for å få til god næringsutvikling. Regjeringa tek dette på alvor og har nyleg vedteke løyvingar til fire landsdekkjande såkornfond og fire distriktsretta såkornfond. Føremålet med ordningane er å skaffe tolmodig kapital og relevant kompetanse til nye prosjekt med vekstpotensial.

Entreprenørskap handlar ikkje berre om å leggje til rette for gode rammevilkår – ein av dei største utfordringane våre er å skape ein kultur for entreprenørskap, dvs. ein kultur som motiverer til å tenkje nytt og verdsetje dei som lukkast. Det er også viktig at vi gjer det akseptabelt å feile. Otten for å mislukkast og sosial stigmatisering av personar som ikkje har lukkast med etableringsforsøk, er noko Noreg har til felles med andre europeiske land. I USA derimot vert det å ha gått konkurs før ein startar på nytt i mange samanhengar først og fremst sett på som ei verdfull erfaring.

Utdanningssystemets evne til å formidle kunnskap om entreprenørskapsprosessar er viktig for å skape ein god entreprenørskapskultur. Å utruste dei unge med etablerarkompetanse aukar trua på eiga skaparkraft og gjer terskelen lågare for å starte opp på eiga hand seinare. Skulen kan formidle ein kultur som løner det å prøve og verdsetjer læringsprosessen knytt til det å feile. Ulike studiar viser at elevar som har delteke i ungdomsbedrift på skulen oftare enn andre jamnaldrande startar eiga bedrift seinare i livet. Regjeringa lanserte ein strategiplan for entreprenørskap i utdanninga i mai 2004, Se mulighetene og gjør noe med dem! . Planen gjeld for perioden 2004-2008 og omfattar heile utdanningsløpet frå barneskule til universitet og høgskule, inkludert lærerutdanninga.

Landbruks- og matpolitikken, fiskeri- og kystpolitikken

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet er også næringsdepartement, med eigne sektorpolitikkar og eigne verkemiddel retta mot forsking, utvikling og innovasjon i sine næringar. Eit viktig utviklingstrekk er at kulturelementet i landbruks- og matpolitikken og til ein viss grad i fiskeri- og kystpolitikken har vorte styrkt dei siste åra på ulike vis og dei ulike næringane si interesse for å kople kultur, næring og innovasjon har auka.

Mykje av landbruksnæringa er kulturbasert gjennom sin nærleik til matkultur og til kulturlandskapet. I samsvar med dette har verkemidla i landbruks- og matpolitikken ofte parallelle kultur- og næringspolitiske mål. Landbruks- og matpolitikken femner om heile produksjonskjeda frå produsent til forbrukar og skal sikre ein nasjonal matproduksjon og trygge matvarer. Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Politikken skal også medverke til å nå ei rekkje sentrale samfunnsmål knytte til miljø- og ressurspolitikk, distrikts- og busetjingspolitikk, nærings- og reiselivspolitikk, kultur-, helse- og ernæringspolitikk.

I matpolitikken vert det lagt vekt på hovudområda mattryggleik, livskvalitet, matproduksjon og næringsutvikling. Mat og foredling av denne er viktig for lokal og nasjonal eigenart, oppleving, kultur og reiseliv og som grunnlag for auka verdiskaping og ny næringsutvikling.

Landbruk Pluss-strategien skal medverke til at landbrukspolitikken i større grad legg til rette for å utvikle ny aktivitet og attraktive stader. Dette krev nytenking innanfor område som til dømes reiseliv, matkultur og bruk av utmarksressursar. Hovudstrategiane for arbeidet er forenkling av verkemiddel som set grenser for næringsutvikling, busetnad og arealdisponering og auka satsing på nyskaping og kunnskapsutvikling gjennom etablering av møteplassar og nettverk, og styrking av kjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering.

Det er utarbeidd ein handlingsplan for norsk matkultur (SND, 2000) med hovudmål å leggje til rette for verdiskaping og samhandling som fremjer foredling og etterspurnad av norske råvarer og mattradisjonar.

Gjengroing av verdfull kulturmark og nedbygging av jordbruksareal er ei nasjonal utfordring. Landbruks- og matdepartementet ser det som viktig å verne om dyrka og dyrkbar jord og ta vare på viktige kulturlandskap slik at det biologiske mangfaldet og miljøkvalitetane i kulturlandskapet vert sikra.

3.4 Om nærings- og innovasjonspolitiske verkemiddelaktørar

3.4.1 Innovasjon Noreg

Selskapet Innovasjon Noreg vart oppretta 1. januar 2004. Administrativt ligg selskapet under Nærings- og handelsdepartementet. Selskapet er ein fusjon av verkemiddel som tidlegare låg under Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Noregs eksportråd, Noregs turistråd og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar. Selskapet har hovudkontor i Oslo og kontor i alle fylke og i meir enn tretti land.

Selskapet er det sentrale statlege organet for bedriftsretta tiltak og ordningar. Selskapet skal forvalte og utvikle verkemiddel som skal vere med å leggje til rette for nyskaping i næringslivet over heile landet. Kundane skal stå i sentrum for aktiviteten.

Dei primære målgruppene er entreprenørar, unge bedrifter og små og mellomstore bedrifter med vekstpotensial. Selskapet skal arbeide for at kvinner i større grad går inn i næringslivet, både som entreprenørar og som leiarar. Dette skjer gjennom særskilde satsingar, men er òg ein integrert del av heile verksemda. Selskapet skal arbeide aktivt med utvikling av innovasjonssystem og sjå innovasjon, regional utvikling og internasjonalisering i samanheng. At næringslivet er i stand til å konkurrere internasjonalt, vil svært ofte vere ein føresetnad for å lukkast med kommersialiseringa av nye idéar og produkt. Målet om eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv skal difor prege heile aktiviteten.

Selskapet kan forvalte verkemiddel innanfor alle dei fire hovudkategoriane som er skisserte i St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv :

  • Finansiering, medrekna tilskots-, låne-, garanti- og eigenkapitalordningar

  • Rådgjeving og kompetansehevande tiltak

  • Nettverk og infrastruktur

  • Profilering av norsk næringsliv i utlandet

Selskapet skal kunne kombinere ulike verkemiddel avhengig av kva kundane har behov for. Det vert difor lagt opp til at selskapet skal ha stor fridom til å utforme bruken av verkemiddel innanfor budsjettrammene. I det brukarretta arbeidet skal det leggjast vekt på å finne ein god balanse mellom bruk av økonomiske verkemiddel i form av finansieringsordningar og kompetansebaserte verkemiddel i form av informasjonstenester, rådgjeving og kompetanseoverføring. Vidare skal selskapet initiere, planleggje og gjennomføre marknadsføringstiltak for å fremje Noreg som reisemål. Med «profilering av norsk næringsliv i utlandet» tenkjer ein både på marknadsføring og generell omdømmebygging for norsk næringsliv, marknadsføring av Noreg som reisemål og profilering av Noreg som attraktivt land å investere i.

Innovasjon Noreg fekk i det fyrste driftsåret løyvingar frå fire departement (Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet), frå alle fylkeskommunane og fylkesmennene. I tillegg forvaltar selskapet verkemiddel på vegner av Miljøverndepartementet og har eit tett samarbeid med Utanriksdepartementet.

I 2004 gav Innovasjon Noreg tilsegn på 87,1 mill. kroner i lån og tilskot til kulturbasert næringsutvikling. Innovasjon Noregs støtte til kulturbasert næringsutvikling skjer også på andre måtar enn gjennom tradisjonelle lån og tilskot. Døme er nettverks- og kompetansetiltak retta mot bransjar og verdikjeder, slik som ARENA-programmet, FRAM-programmet, BIT-programmet eller fellestiltak som marknadsføringskampanjar.

Hovudtyngda av støtta i 2004 har gått til kulturell tenesteyting, reiseliv, stadsutvikling, og nettverksetablering. Prioriterte næringar har vore dataspel, design og motedesign, film og video, kunsthandverk, musikk, programvare, datasørvis, TV og radio samt utøvande kunst. Generelt har ein hatt fokus på den tidlege fasen i etableringa, internasjonalisering, eksport og investering i kompetanse.

Internasjonalisering er ein sentral og integrert del av innovasjonspolitikken. I arbeidet retta mot internasjonalisering skal Innovasjon Noreg prioritere innsatsen retta mot internasjonalt forskingssamarbeid, kunnskapsutveksling, teknologioverføring og nettverksbygging. Verksemda retta mot internasjonalisering skal òg omfatte oppgåver knytte til meir tradisjonell eksportfremjing, som informasjon og rettleiing, profilering og døropning. Innovasjon Noreg er ikkje gjeve særskilte føringar for å fremje eksport og internasjonalisering av kulturnæringane, men vil kunne hjelpe kulturnæringane ut frå ei vurdering av verdiskapingspotensialet på lik line med andre næringar. Eit viktig arbeidsområde for Innovasjon Noreg er å byggje merkevara Noreg i reiselivsmarknaden. Norsk natur, kultur og kulturbaserte næringar inngår i dette arbeidet.

3.4.2 Norsk Designråd

Norsk Designråd er ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet som har som overordna mål å auke innovasjonsevna i norsk næringsliv, jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003). Norsk Designråd er ei privat stifting oppretta av NHO og Noregs Eksportråd i 1963.

Organisasjonen mottek i 2005 16,9 mill. kroner i tilskot frå budsjettet åt Nærings- og handelsdepartementet. Av dette er 4 mill. kroner øyremerkte gjennomføringa av Designåret 2005, jf. nærare omtale i kapittel 5. Siktemålet med tilskotet er å fremje kunnskapen i næringslivet om innverknaden av design som verkemiddel for å styrkje lønsemd og konkurranseevne i norsk industri og tenesteyting. Designrådet arbeider aktivt for å få norske bedrifter til å bruke design strategisk gjennom bedriftsrådgjeving og formidling av designarar, samt marknadsføring av norsk design og norske designarar både nasjonalt og internasjonalt.

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Innovasjon Noreg og Designrådet når ein i dag ut til bedrifter over heile landet gjennom distrikts- og lokalkontora til Innovasjon Noreg. Det er gjeve opplæring til eigne designansvarlege ved kontora. Innovasjon Noreg har også ei eiga finansieringsordning for bedrifter som tek i bruk design for første gong (isbrytarordninga). Designarbeidet i verkemiddelapparatet er eit godt døme på korleis auka samarbeid mellom institusjonar kan medverke til meir effektiv verkemiddelbruk.

3.4.3 SIVA

Statsføretaket SIVA (SIVA SF) arbeider for å utvikle sterke regionale og lokale verdiskapingsmiljø i heile landet. Selskapet har utvikla eit omfattande nettverk av innovasjonsselskap som legg til rette for nyskaping. SIVA arbeider med verdiskaping og innovasjon, både som eigar av fysisk infrastruktur, tilretteleggjar gjennom innovasjonsselskap og som investor i ulike såkorn- og venturefond.

SIVA er morselskap i eit konsern med ulike dotterselskap, tilknytte selskap og minoritetsaksjepostar. Ved utgangen av 2003 hadde SIVA SF eigarpostar i totalt 137 aksjeselskap. Fleire av desse selskapa har igjen eigardelar i andre selskap. Dei fleste underliggjande aksjeselskapa er anten reine eigedomsselskap som eig kunnskaps- og forskingsparkar, næringshagar og utviklingsselskap retta mot aktivitetar i desse anlegga. SIVA har etablert 44 industri- og næringsparkar i Noreg. Selskapet er medeigar i 10 forskingsparkar, 15 kunnskapsparkar, 34 næringshagar, 18 inkubatorar, 8 FoU- og utviklingsselskap og 12 såkorn-/venturefond.

SIVAs eigardelar i såkorn- eller venturefond varierer frå under 1 til ca. 30 pst. I tillegg har SIVA indirekte eigardelar i slike fond gjennom investeringar frå forskingsparkar der SIVA er medeigar. SIVA sit gjerne i styreposisjon i dei fonda dei investerer i, og hjelper til med nettverk, erfaring, prosjektidéar og leiing. SIVA har ingen eksplisitte målsetjingar eller vurderingskriterium for engasjementet sitt i fonda, som til dømes krav om stønad til visse næringar, lokalisering eller liknande. Ei hovudsak for SIVA har vore å sjå til at det vert oppretta denne typen kapitalmiljø i distrikta, og å byggje nettverk mellom kapitalmiljø, bedrifter og FOU-miljø. Fonda har eigne tilsette som forvaltar porteføljane.

Nokre av fonda rettar seg inn mot spesifikke næringar, men ingen er spesielt innretta mot kulturnæringane. Dei av fonda som er generelt innretta, kan i prinsippet også vere opne for kulturnæringar, men hovuddelen av investeringane er innanfor tradisjonelle næringar, marin sektor, jordbruk og skogbruk, bergverksdrift, bank, forsikring og tenester, næringsmiddel, maskiner og utstyr etc. I dei fleste fonda har risikoprofilen ikkje vore spesielt høg.

SIVA har vore sentral i utvikling av næringshage-konseptet, der idéen er å samlokalisere bedrifter som driv innanfor kunnskapsintensive næringar. Nokre av næringshagane har ein profil som rettar seg mot kulturnæringar, til dømes Hermetikken Næringshage i Vadsø. Dette gjeld også nokre av kunnskapsparkane, til dømes Lillehammer kunnskapspark, som legg særleg vekt på film og medium, design og arkitektur, kunst, litteratur, musikk og opplevingsindustri. Her står forsking og næringsutvikling i høgsetet, og det er mellom anna etablert samarbeid med høgskular i regionen.

Boks 3.1 Kunnskapsparkar for kulturnæringar i Hedmark og Oppland

Kunnskapsparken Hedmark (KPN) er eit innovasjonsselskap for regional næringsutvikling med spisskompetanse innanfor kultur- og opplevingsnæringar. KPH vart etablert i 2001 og er ein del av SIVA sitt nasjonale InnovasjonsNettverk for kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar. Innanfor satsingsområdet kulturnæringar fokuserer kunnskapsparken på tre hovudprosjekt:

  • Musikkproduksjon: støtte til etablering av ei klynge for musikkproduksjon i Innlandet og eit senter for musikkproduksjon i Moelv, Ringsaker kommune. Hovudsamarbeidspartnarane er musikknæringsaktøren Popartner og Foreningen Mjøskryss i Moelv.

  • Mat, måltid og oppleving: etablering av eit senter for mat, måltid og oppleving på Åker Gård i Hamar kommune.

  • Dataspel- og edutainmentproduksjon: etablering av ei klynge for dataspel- og edutainmentproduksjon i Hedmark. KPH driftar bedriftsnettverket IGDA Hamar. Tett samarbeid med Høgskulen i Hedmark som i 2004 starta opp Noregs første bachelorprogram i spel og mediaprogrammering.

Lillehammer kunnskapspark (LKP) har som målsetjing å medverke til nyskaping og nyetableringar, omstilling og fornying og har sidan etableringa i 1999 arbeidd med kultur- og opplevingsnæringane. Merksemda er særleg retta inn mot samarbeid mellom opplevingsbasert reiseliv og store arrangement. LKP arbeider konkret med:

  • eit hovudprosjekt i ARENA-programmet innan kulturnæringane

  • inkubator for kulturnæringar, Comig@ng

  • å samlokalise bedrifter som er ferdige i inkubatoren og andre verksemder innan nærskylde næringar

  • å etablere eit regional utvikingsselskap innan film- og tv-produksjon, Film3

  • å delta i nordisk nettverk for kulturnæringar, Jenka

  • å kome med framlegg til nye utdanningstilbod

  • å dokumentere utdanningstilbod og verdiskaping i innlandsfylka saman med Kunnskapsparken i Hedmark

  • å etablere Lillehammerkonferansen som sentral møteplass med fokus på verdiskaping

  • talent og konseptutvikling innan dette feltet

3.4.4 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i forskings- og innovasjonspolitikken. Forskingsrådet mottek løyvingar frå fleire departement. Dette omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og midlar øyremerkte spesielle program eller prosjekt.

Forskingsrådet har gjennomgått ei grundig omorganisering der innovasjon og brukarstyrt forsking har fått ein sentral plass. I dei nye vedtektene heiter det mellom anna at Forskingsrådet skal arbeide for innovasjon i heile landet. Forskingsrådet har styrkt det regionale arbeidet mellom anna ved å tilsetje eigne medarbeidarar i distriktskontora til Innovasjon Noreg.

For å stimulere næringslivets forskings- og utviklingsinnsats er ordninga med skattefrådrag for FoU-prosjekt, SkatteFUNN , eit sentralt verkemiddel. Den rettar seg mot breidda i norsk næringsliv og supplerer dei meir spissa programma i Noregs forskingsråd. Ordninga vart lansert i 2002 og gjev skattytarar som driv verksemd i Noreg eit frådrag i skatt på inntil 20 pst. av kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter nærare fastsette reglar. Ordninga er heimla i skattelova og vert administrert av Noregs forskingsråd i samarbeid med Innovasjon Noreg.

Føremålet med SkatteFunn-ordninga er å framskaffe ny kunnskap, informasjon eller røynsle som igjen kan føre til nye og betre produkt, tenester og produksjonsmåtar. I 2004 vart om lag 5 970 prosjekt med totalbudsjett på i underkant av 10,2 mrd. kroner godkjende. Om lag 1,7 mrd. kroner gjekk til IKT-næringa medan budsjetterte kostnadar til prosjekt innanfor fritid, kultur og sport var om lag 39 mill. kroner.

Alle prosjekt som er i samsvar med lov og forskrift, gjev rett til skattefrådrag. Prosjekt retta mot alminneleg bedriftsorientert produktutvikling utan forskingspreg vert ikkje godkjende. Dette omfattar til dømes prosjekt som:

  • omfattar modifikasjon av produksjonen, tenesta eller produksjonsmåtane til verksemda, når dette ikkje omfattar utvikling av ny kunnskap eller bruk av ny kunnskap på nye måtar

  • i hovudsak omfattar organisasjonsutvikling, opplæring eller kvalitetssikring

  • kan karakteriserast som kunstnariske, musikalske, litterære eller liknande

Ordninga kan også omfatte enkelte verksemder i kulturnæringane så lenge dei oppfyller krava i lov og forskrift. På grunn av at kulturnæringane i heller liten grad nyttar forsking i sitt utviklingsarbeid, er ordninga likevel mindre relevant. I kulturnæringane vert det likevel gjennomført mykje utviklingsarbeid som fører fram til ulike typar produkt med næringspotensial, og ofte burde det vore gjort mykje meir og grundigare arbeid i desse fasane i dei kreative prosessane.

3.4.5 Utdannings- og forskingsinstitusjonane

Kulturnæringane er i høg grad kunnskapsintensive næringar som føreset kompetanse innanfor og på tvers av ei rekkje fagområde som kunst- og kulturfag, teknologi, økonomi og entreprenørskap. Utdannings- og forskingsinstitusjonane vil difor spele ei sentral rolle for utviklinga av kulturnæringane.

Kvalitetsreforma i høgare utdanning har som mål å betre både kvalitet og relevans på høgare utdanning og forsking. Som ledd i dette er det difor lagt til rette for tettare oppfølging av studentane, auka internasjonalisering og auka samspel mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og arbeids- og næringslivet.

Utdanningsinstitusjonane er gjevne større fridom og insentiv til å utføre oppgåvene sine ut frå regionale og nasjonale utfordringar og behov. Institusjonane har òg fått auka fridom til å organisere oppdrag og verksemd ut over institusjonen si ordinære forsking og undervisning. Desse prinsippa er vidareførte i framlegg til ny lov om universitet og høgskular som no er lagt fram for Stortinget.

Det er utarbeidd eit nytt regelverk som gjev institusjonane betre høve til samarbeid med offentlege og private aktørar og høve til å ta på seg oppdrag. I tillegg er hovudregelen at det er universiteta og høgskulane som sjølve vedtek kva utdanningstilbod som er aktuelle. Fleire utdanningsinstitusjonar har dei siste åra hatt ei større fokus på samanhengen mellom kultur og næring, jf. nærare omtale i kap. 4.

3.4.6 Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar

Hovudmålet i regional- og distriktspolitikken er å sikre busetjing og verdiskaping i alle delar av landet. For å oppnå dette vil ein mellom anna arbeide for å styrkje evna til innovasjon og nyetablering, samt delegere og desentralisere meir ansvar og fleire oppgåver til regionalt og lokalt nivå.

Regional- og distriktspolitikken tek utgangspunkt i at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og har ulike rammevilkår. Når ein skal ta avgjerder om bruk av offentlege verkemiddel krev dette kunnskap om regionale og lokale tilhøve. Frå og med 2003 vart hovuddelen av dei regional- og distriktspolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet desentralisert til regionalt nivå gjennom ansvarsreforma.

Som regionale utviklingsaktørar forvaltar fylkeskommunane middel for regional utvikling i forpliktande partnarskap med ulike aktørar som næringslivet, private organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, kommunar og dei ulike verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Fylkeskommunane/den regionale partnarskapen skal fastsetje eigne krav, strategiar og resultatkrav for bruk av midlane.

Dette inneber at det er opp til fylkeskommunen/den regionale partnarskapen å avgjere korleis dei ulike innsatsane kan sjåast i samanheng for å få til eit samla grep for regional utvikling knytt til entreprenørskap, nyetablering og innovasjon i kvart fylke. Kulturfeltet i skjeringspunktet mot næringsutvikling, kan vere døme på slike sektorovergripande tiltak.

Midlane vert løyvd over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett og utgjer nærare 1,1 mrd. kroner i 2005. Om lag 55 pst. av midlane går til Innovasjon Noreg via fylkeskommunane. Ein del fylke fekk i tillegg kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift på totalt 755 mill. kroner og 255 mill. kroner i tilsegnsfullmakt. Desse midlane skal gå til tiltak som kan gje varige, positive effektar for næringslivet og regionane. Næringslivet skal ha ein sentral plass i å definere bruken av midlane.

Kommunal- og regionaldepartementet har også såkalla nasjonale tiltak for regional utvikling der omstilling, innovasjon og nyetableringar står sentralt. Ein vesentleg del av denne innsatsen skjer gjennom programsatsingar i regi av dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Midlane til verkemiddelaktørane over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett utgjer 195 mill. kroner i 2005.

Boks 3.2 Næringsretta HøgskoleSatsing

Næringsretta HøgskoleSatsing (nHS) i regi av Forskingsrådet er eit døme på ei programsatsing finansiert av Utdannings- og forskningsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, og Kommunal- og regionaldepartementet. Næringsretta høgskulesatsing skal medverke til at dei statlege høgskulane vert meir attraktive og tilgjengelege for næringslivet. Programmet er ei regional innovasjonssatsing med mål om å få høgskulane til å samarbeide tett med regionale bedrifter og inngå forpliktande samarbeid med regional forvaltning, FoU-miljø og verkemiddelapparatet.

Desse midlane vert nytta til ei rekkje ulike program som i fleire tilfelle er finansierte saman med Nærings- og handelsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Programma får såleis ein fagleg tyngde der eit breitt regionalt nedslag vert sikra.

Kommunal- og regionaldepartementet vil leggje fram ei ny regionalmelding våren 2005.

3.5 Utanrikspolitikken

Ansvaret for internasjonalt samarbeid på kulturområdet er delt mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet. Kultur- og kyrkjedepartementet har det overordna ansvaret for nordisk og multilateralt kultursamarbeid og formidling av internasjonal kultur i Noreg. Utanriksdepartementet har det overordna ansvaret for presentasjon av og informasjon om norsk kultur i utlandet og for gjensidig kultursamarbeid mellom Noreg og land i sør. Utanriksdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet sitt arbeid må likevel sjåast i nær samanheng på tvers av dei administrative sektorgrensene.

Utanriksdepartementet sitt arbeid med internasjonaliseringsprosessane for norsk kulturliv har utgangspunkt i følgjande målsetjingar:

  • Arbeide for breiare internasjonal kontaktflate for norsk kulturliv

  • Leggje vekt på kulturen si rolle i utviklinga av Noregs bilaterale og multilaterale tilhøve til utlandet

  • Auke interessa for Noreg og norske verdiar gjennom å sjå kulturpresentasjonar i utlandet i samanheng med tiltak innan andre sektorar

  • Sikre at arbeidet med å styrkje Noreg sitt omdømme i utlandet inkorporerer kulturelle aspekt og nyttar kulturuttrykk i formidlinga av dei handlingane og verdiane som pregar det norske samfunnet.

Utanriksdepartementet har dei seinare åra arbeidd med å grunnfeste det internasjonale kultursamkvemet i kulturlivet sine eigne organisasjonar og formidlingsinstansar. Det er eit nært samspel mellom desse organisasjonane, utanrikstenesta og eit verdsomspennande apparat av ambassadar og konsulat med stor internasjonal fagkunnskap. Det er òg etablert eit eige forum for strategisk tenking og informasjonsutveksling leia av Utanriksdepartementet si presse-, kultur og informasjonsavdeling. Rådet for internasjonal kultur- og samfunnskontakt er samansett av representantar for kulturlivet, næringslivet, forskingssektoren og media. Samla medverkar dette til å styrkje det norske kulturlivets nettverksbygging og kontaktflate både i dei tradisjonelle marknadene og i nye marknader for norsk kultur i utlandet.

Forvaltninga av Utanriksdepartementet sine søknadsbaserte tilskotsordningar på kunstfelta er lagde ut til faglege institusjonar og organisasjonar på dei respektive felta. Dette er gjort for å sikre ei profesjonell vurdering av prosjektsøknadene og at satsingane ute har direkte relevans for miljøa heime. Dei utvalde institusjonane og organisasjonane fungerer også som hovudrådgjevarar for utanrikstenesta på dei respektive kunstfelta. Ordningane medverkar til at norske kunstnarar kan delta på viktige arenaer i utlandet, som til dømes internasjonale festivalar og kunstbiennalar. Budsjettala for dei søknadsbaserte støtteordningane kan variere noko frå år til år. Samla har ordningane eit omfang på omlag 3,8 mill. kroner. Dei vert forvalta av Office for Contemporary Art, Norway (OCA), Musikkinformasjonssenteret (MIC), Danse- og Teatersentrum, Norske Kunsthandverkarar, Norsk Form og Kontoret for norsk litteratur i utlandet (NORLA) på sine område. I tillegg kjem dei budsjettmidlane Utanriksdepartementet, inkludert utanriksstasjonane, sjølve nyttar for å fremje norsk kunst og kultur i utlandet. Samla utgjer dette om lag 12 mill. kroner i året.

Norsk kulturliv sitt engasjement internasjonalt er avhengig av ein aktiv dialog med relevante utanlandske institusjonar, fagmiljø og media. Det er ei av utanrikstenesta sine oppgåver å leggje til rette for å styrkje norsk kulturliv sine internasjonale kontaktar og nettverk. Gjennom eit eige presse- og besøksprogram vert representantar for utanlandske media og avgjerdstakarar på kunstfelta inviterte til Noreg for å knyte personlege og faglege kontaktar med dei levande kunst- og kulturmiljøa i Noreg. Det er særskilt festivalar og breiare kulturmønstringar i Noreg som gjev gode høve til å invitere utanlandske media og kunstfaglege aktørar til Noreg. Ei slik utviding av kontaktnettet medverkar òg til auka kunnskap i Noreg om interessante miljø og arenaer i utlandet. Utanriksstasjonane arbeider også for å leggje til rette for møteplassar der næringslivet og kulturlivet sine behov kan sameinast.

Utanriksdepartementet er det overordna fagdepartementet for generell Noregsprofilering. Departementet har eit særleg ansvar for å medverke til ein koordinert innsats innanfor dette feltet. Utanriksdepartementet samarbeider nært med Innovasjon Noreg som den viktigaste verkemiddelaktøren for Noregsprofilering.

3.6 EU og EØS-regelverket

3.6.1 EU-programma

Gjennom EØS-avtalen kan norske aktørar delta i ei rekkje av EU-programma. Program som kan ha innverknad på utvikling av kulturbasert næringsutvikling er til dømes Kultur 2000, eContentplus, Mediaplus, Interreg og EUs sjette rammeprogram for forsking og utvikling.

Programmet Kultur 2000 gjev økonomisk støtte til prosjekt innan heile kulturfeltet. Det er ein føresetnad for støtte at prosjekta ikkje gjev økonomisk vinst. Kulturprogrammet gjeld for perioden 2000-2006 og har ei ramme på 236,5 mill. euro. EU-kommisjonen har lagt fram eit forslag til eit nytt kulturprogram frå 2007.

MEDIA Plus er eit program for utvikling av europeisk audiovisuell industri. Programmet gjev støtte innanfor utvikling, distribusjon og marknadsføring av audiovisuelle produksjonar og dessutan til opplæring/utdanning. Det vert òg gjeve støtte til pilotprosjekt for utprøving av ny teknologi. MEDIA Plus gjeld for perioden 2001-2006 og har ei ramme på 513 mill. euro. EU-Kommisjonen har òg lagt fram eit forslag til eit nytt program, MEDIA 2007 (2007-2013).

Det nye programmet eContent-plus vart etablert 1. januar 2005 som ei vidareføring av eContent-programmet og har ei ramme på 149 mill. euro for åra 2005-2008. Programmet skal gje økonomisk støtte til små og mellomstore føretak som arbeider med utvikling av elektronisk innhald. Aktivitetane er konsentrerte rundt tre tiltaksområde:

  • Tiltak for å betre tilgangen, bruken og vidareforedlinga av digitalt innhald innanfor det europeiske fellesskapet.

  • Tiltak for å leggje til rette for auka kvalitet og for å fremje «best practice» knytt til digitalt innhald mellom produsentar og brukarar av digitalt innhald på tvers av sektorane

  • Tiltak for å styrkje samarbeid mellom interessentar i digitalt innhald

Det sjette rammeprogrammet for forsking og utvikling dekkjer perioden 2003-2006. Fokuset ligg på utviklinga av teknologi, næringsliv og den kunnskapsbaserte økonomien. Innanfor rammeprogrammet er det delprogrammet Information Society Technologies (IST) som har det sterkaste fokuset på kultur, men området er i første rekkje retta mot utvikling av teknologi, ikkje utvikling av kultur. Totalbudsjettet for programmet er 16,27 mrd. euro.

Sjette rammeprogram dekkjer sju tematiske forskingsområde, som utgjer størstedelen av budsjettet for programmet. Inndelinga signaliserer dei viktigaste prioriteringane innanfor forsking den perioden rammeprogrammet gjeld. Kultur og kulturarv er ikkje prioritert som eige tematisk område, men er inkludert i andre område som til dømes i underprogramma Information Society Technologies (IST-programmet) og Citizens and governance .

Den overordna visjonen for IST-programmet er «ambient intelligence», det vil seie ein visjon om å innarbeide IKT/elektronikk i menneskelege omgjevnader, slik at dei reagerar intelligent på menneskeleg nærvær og menneskelege behov. Målet er å setje brukaren i sentrum av utviklinga. Fokus er på den nye generasjonen teknologi med datamaskinar og nettverk integrerte i våre daglege omgjevnader.

Arkiv, bibliotek og museum er viktige innhaldsleverandørar som er i ein kontinuerleg prosess med å utvikle nettbaserte tenester. Utvikling av slike tenester gjer det nødvendig med eit tettare samarbeid og ein betre dialog mellom abm-institusjonar og teknologileverandørar.

Den delen av programmet som heiter Citizens and governance har som mål å ta i bruk kunnskap innan både samfunnsvitskap og humaniora for å forstå overgangen til eit «europeisk kunnskapsbasert samfunn». Programmet gjev rom for å generere forsking på mellom anna korleis teknologiutviklinga kan medverke til auka kreativitet i eit sterkare samspel mellom kultur- og kunn­skaps­institusjonar som arkiv, bibliotek og museum og næringslivet.

Interreg er eitt av EUS fellesskapsinitiativ og vert finansiert av strukturfonda til EU. Målsetjinga med Interreg er å fremje sosial og økonomisk integrasjon i Europa gjennom grenseoverskridande, transnasjonalt og interregionalt samarbeid, med sikte på å skape eit EU utan indre grenser. Interreg starta opp i 1990. Noreg har teke del i programmet sidan 1996. Vi er no inne i den tredje programperioden, Interreg III, som strekkjer seg fram til 2006. I eit framlegg til strukturfondspolitikk for perioden 2007 til 2013 foreslår EU-kommisjonen å oppgradere Interreg-samarbeidet ved å gjere territorielt samarbeid til eit eige målområde.

Målet for norsk deltaking er å betre vilkåra for næringsutvikling, verdiskaping og sysselsetjing i grenseregionane og å sikre ei balansert utvikling i større transnasjonale samarbeidsområde. Deltaking i programma styrkjer også Noregs samarbeid med andre land gjennom konkret samhandling mellom lokale og regionale aktørar. Aktiviteten i programma vert samordna med regionale utviklingsprogram og med dei nærings- og sysselsetjingsstrategiane fylka utarbeider.

Kultur er prioritert innanfor Interreg-samarbeidet. Kultur og kulturelt samarbeid er ofte eigne innsatsområde innanfor dei ulike Interreg-programma. Dette gjeld mellom anna det grenseregionale programmet for Nordkalotten og Barentsregionen, Interreg IIIA Nord, og dei transnasjonale programma for Austersjøen og Nordsjøen: Interreg IIIB Austersjøen og Interreg IIIB Nordsjøen. I alle programma vil ein finne kulturprosjekt. I tillegg til å fremje kulturelt samarbeid skal prosjekta fremje næringsutvikling og lokal og regional utvikling.

Boks 3.3 Interreg-prosjekt som kombinerer kultur og næring

Døme på Interreg-prosjekt som kombinerer kultur og næring er Nave Nortrail , Nordsjøsykkelruta og Rock Art in Northern Europe . Alle tre prosjekta er baserte på ein aktiv og medviten bruk av kulturminne og kulturmiljø.

Nave Nortrail utviklar fotturisme i Nordsjøområdet ved å kombinere nye turtrasear med lokalt kulturliv. Nordsjøsykkelruta er teke inn i Guiness rekordbok som verdas lengste sykkelrute rundt Nordsjøen.

Prosjektet Rock Art in Northern Europe er eit samarbeidsprosjekt om bergkunst i Norden og Russland. Den rike førekomsten av hellerissingar i dei nordiske landa er grunnlaget for prosjektet. Føremålet er å auke regionalt samarbeid om bergkunst i Norden, og samtidig betre dokumentasjon, vern og forvaltning av den felles kulturarven som hellerissingar er i dei nordiske landa og Russland. Målgruppa for prosjektet er forvaltningsstyresmakter på ulike nivå, reiselivsorganisasjonar og lokalt næringsliv.

Boks 3.4 Nordisk InnovationsCenter

I tillegg til europeiske samarbeidsprogram skjer det også eit samarbeid mellom dei nordiske landa som har innverknad for kulturbasert næringsutvikling.

Nordisk Innovations Center (tidlegare Nordisk industrifond) vert finansiert av dei nordiske landa, og har sitt virke under Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Nordisk InnovationsCenter skal arbeide for å etablere Norden som ein velfungerande indre marknad og ein grenselaus region, utan barrierar mellom nasjonane som hindrar fri rørsle av kompetanse, idear, kapital, menneske og produkt.

Nordisk InnovationsCenter gjennomfører i 2005 ein serie prosjekt med overskrifta «Creative Industries», i tydinga produkt og tenester der oppleving for brukaren står i sentrum. Døme er festivalar, industridesign, turisme og interaktiv teknologi. Målsetjinga er å identifisere områder på feltet med stort vekstpotensial basert på prosjekt og analysar i heile Norden. Prosjekta skal resultere i konkrete råd om korleis innovasjonstakta og konkurranseevna på området kan betrast.

3.6.2 Europeisk kulturhovudstad

Kvart år utpeikar EU ein eller to europeiske kulturhovudstader. Bergen var europeisk kulturhovudstad i 2000, og i mai 2004 vart Stavanger vald som europeisk kulturhovudstad for 2008 saman med Liverpool i Storbritannia.

Frå 2005 har EU lagt ned nokre overordna retningsliner for kva kulturhovudstadsåret skal innebere, men byane er sjølve ansvarlege for å utforme program og finansiere feiringa. I EUs kriterium for tildeling av tittelen vert det lagt vekt på kulturell kvalitet, kunstnarisk mangfald og sosial inkludering. Byane sjølve har som regel fleire tilleggsmålsetjingar, til dømes regional utvikling og økonomisk vekst. Ein studie frå 2004 viser at fleirtalet av byar har forventningar om at kulturhovudstadsåret vil føre til næringsutvikling. I første rekkje ventar byane auka vekst i turistsektoren. I tillegg verkar det som om mange byar søkjer å trekkje til seg investorar og elles ventar ein generell auka interesse for byen som arbeids- og handelssentrum. Studien viser at det finst lite eller ingen dokumentasjon på om desse måla vert nådde.

I søknaden til EU gjer Stavanger også greie for dei næringspolitiske målsetjingane ved tiltaket:

«Stavanger-regionen kan imidlertid om få tiår bli rammet av nedgang i sin sterkt oljeavhengige økonomi når oljefeltene i Nordsjøen gradvis tømmes. Men regionen har ennå handlingsrom og ressurser til å kunne møte en slik fremtidig utfordring. Det kan bare gjøres ved å etablere en mer mangfoldig og mindre sårbar økonomi som hviler på flere søyler enn i dag. Både politikere, næringslivsledere og folk flest har pekt på kultur som en slik søyle. Kultur har sin åpenbare egenverdi, men kan i tillegg være et velegnet virkemiddel i arbeidet for å fremme næringsliv, utdanning og helse.»

3.6.3 EU-regelverket og EØS-avtalen

EU-regelverket har innverknad for valet og utforminga av dei verkemidla dei nasjonale styresmaktene tek i bruk. Viktig i denne samanhengen er reglane om deifire fridomane – fri rørsle for varer, personar, tenester og kapital, konkurransereglane for føretak som regulerer konkurranseavgrensande samarbeid, misbruk av dominerande stilling og fusjonar og oppkjøp, og til sist reglane om offentleg støtte . På desse områda speglar EØS-reglane langt på veg EU-reglane.

Reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen inneber at all offentleg støtte til næringslivet, som vrir eller kan vri konkurransen, er forbode i den grad handelen mellom EØS-landa vert påverka. Regelverket inneheld likevel fleire generelle unnataksføresegner, samt rom til å gje dispensasjonar i enkelttilfelle. EFTA sitt overvakningsorgan (ESA) har ansvaret for ei korrekt gjennomføring av EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte. Alle planar om innføring av nye offentlege støttetiltak utanom eksisterande støtteordningar skal difor førehandsmeldast til ESA for godkjenning. Det same gjeld endringar i eksisterande ordningar. Nye støttetiltak og endringar kan ikkje setjast i verk før tiltaket er godkjent av ESA. Når det gjeld ESAs vurdering av norsk filmstøtte, viser vi til pkt. 6.3.4.

Allereie i EØF-traktaten frå 1957 vart kulturomsyn nemnd som eit omsyn som kan grunngje avgrensingar i utvekslinga av varer over landegrensene. Praksis frå EF-domstolen viser at kulturomsyn kan grunngje restriksjonar også i dei andre fridomane. Innanfor nedslagsfeltet til konkurranse- og statsstøttereglane kjem stillinga til kulturelle omsyn til uttrykk gjennom fritak, gjeve på EU-nivå, frå forboda mot konkurransevridande samarbeid og statsstøtte.

I dag kjem kulturen sin plass i det europeiske fellesskapet sin politikk og i EU-retten til uttrykk i Unionstraktaten art. 6 nr. 3, der det står at unionen respekterer dei nasjonale særtrekka i medlemsstatane, og i EF-traktaten art. 151. EU si nye grunnlov legg til grunn dei same prinsippa som artikkel 151 i EF-traktaten. Det er grunn til å framheve at kulturen sin plass og rolle som mogeleg avgrensing i rekkevidda av fellesskapet sine tiltak på andre område, slik det no er kome til uttrykk i de nemnde føresegnene, allereie var ein integrert del av EU-retten då føresegnene vart vedtekne, og då EØS-avtala vart forhandla fram.

Artikkel 151 slår fast at felleseuropeiske aktivitetar på kulturområdet skal fremje og styrkje nasjonalkulturane. EU har avgrensa kompetanse på kulturområdet og kan ikkje gripe inn i medlemslanda sine avgjerder, så langt verknadene av desse er avgrensa til kulturområdet. På grunnlag av protokoll 31 i EØS-avtalen om samarbeid utanfor dei fire fridomane tek Noreg fullt ut del i kultursamarbeidet i EU.

EØS-avtalen legg føringar på kultur- og næringspolitikken på to måtar. For det første må tiltak som vert sette i verk vere i samsvar med dei krava som følgjer av føresegnene i EØS-avtalen sin hovuddel. Desse føresegnene gjeld som norsk lov, og skal leggjast til grunn ved eventuell motstrid med andre norske føresegner. Dette er hovudprinsippa om dei fire fridomane, forbodet mot konkurranseregulerande samarbeid og forbodet mot statsstøtte. Sidan desse reglane gjeld som norsk lov, kan verne- og stimuleringstiltak for kultur utfordrast direkte for norske domstolar der tiltaka påverkar samhandelen i EØS-området. Sak 1/01 frå EFTA-domstolen, den såkalla Einarssonsaka, der differensierte momssatsar for framandspråkleg og islandskspråkleg litteratur vart utfordra, kan tene som døme på dette.

For det andre krev EØS-avtalen at dei direktiva og anna sekundærlovgjeving som vert vedtekne i EU og som EØS-komiteen seinare fastset skal innlemmast i EØS-avtalen, skal gjennomførast i norsk rett.

EØS-avtalen er ein folkerettsleg avtale. Ved § 1 i EØS-lova er føresegnene i hovuddelen av avtalen også vedtekne som norsk lov. Dei EU-reglane som vert innlemma i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen, må innarbeidast i norsk rett. EØS-loven § 2 fastset at «Bestemmelser i lov som tjener til å oppfylle Norges forpliktelser etter avtalen, skal i tilfelle konflikt gå foran andre bestemmelser som regulerer samme forhold. Tilsvarende gjelder dersom en forskrift som tjener til å oppfylle Norges forpliktelser etter avtalen, er i konflikt med en annen forskrift, eller kommer i konflikt med en senere lov.» Dei norske gjennomføringsføresegnene skal såleis som hovudregel leggjast til grunn ved eventuell motstrid med andre norske rettsreglar som regulerer det same tilhøvet. Dersom ein EØS-regel anten ikkje er gjennomført i norsk rett, eller er mangelfullt gjennomført, kan den likevel etter omstenda ha innverknad på norsk rett. I tillegg kan denne situasjonen føre til traktatbrotssøksmål ved EFTA-domstolen, og etter omstenda òg gje grunnlag for krav om skadebot frå staten.

3.7 WTO og kulturnæringane

Verdens handelsorganisasjon (WTO) regulerer handel mellom statar. WTO er ei vidareføring av Generalavtalen om tolltariffar og handel (GATT), oppretta i 1948. Den siste breie forhandlingsrunden i GATT var den såkalla Uruguay-runden (1986-1993) som mellom anna resulterte i opprettinga av WTO. Noreg har vore med i WTO sidan etableringa og har heile tida hatt som mål å styrkje det multilaterale handelssystemet.

Eitt av dei nye avtaleverka som kom på plass etter Uruguay-runden var avtalen om handel med tenester (GATS). GATS omfattar handel med tenester som vert omsette kommersielt. Avtalen pålegg i utgangspunktet likebehandling mellom utanlandske tenesteytarar. Det er ingen føresegner i avtalen som pålegg statar å privatisere offentlege institusjonar eller å kjøpe inn tenester frå private verksemder. Medlemene avgjer sjølve kva for plikter dei vil ta på seg. Pliktene vert førte opp i såkalla bindingslister for kvart einskild land. GATS slår vidare fast medlemenes høve til å gjere reguleringar for å tilgodesjå nasjonale politiske målsetjingar.

Det er to tenestesektorar i GATS som vedkjem kulturnæringane, (i) audiovisuelle tenester (motion picture and video tape production and distribution services, motion picture projection service, radio and television services, radio and television transmission services, sound recording, other services), og (ii) rekreasjon, kultur og sport (entertainment services, news agency services, libraries, archives, museums and other cultural services, sporting and other recreational services and other services).

I GATS er det lagt opp til suksessive rundar med tingingar for å liberalisere handelen med tenester. Tingingar om å utvide plikter på tenesteområdet er ein del av den pågåande runden med tingingar (Doha-runden) som tok til i 2001.

Tingingane om kulturelle og audiovisuelle tenester (til dømes film, TV, radio og musikk) er sensitive. Dette heng i hop med at desse tenestene – og særleg media – er berarar og formidlarar av eit lands kultur og kulturytringar. Svært få land har liberalisert kultur- og audiovisuell sektor under GATS, noko som m.a. heng saman med at det under Uruguay-runden ikkje var mogeleg å nå semje om korleis desse tenestene skulle handsamast i ein handelssamanheng. Noreg har teke atterhald i GATS som gjev Noreg eit visst høve til å handsame WTO-medlemer ulikt, mellom anna av omsyn til kultursamarbeidsavtalar som Noreg har inngått. GATS-avtalen er ikkje til hinder for at Noreg subsidierer kulturtenester.

Noreg har ikkje teke på seg plikter på det audiovisuelle området, men tilgjenget til marknaden for tenesteytarar frå utlandet er langt på veg liberalisert, og det er i røynda omfattande samarbeid med utlandet og innkjøp av tenester frå utanlandske leverandørar. Det gjeld likevel særlege avgrensingar og konsesjonsordningar med om­syn til kringkasting av fjernsyn og radio.

Jamvel om Noreg òg har ein etter måten liberal praksis med omsyn til tilgjenge til marknaden for kulturtenester som sorterer under rekreasjon, kultur og sport, har Noreg berre teke på seg plikter i høve til tenester frå nyhendebyrå.

Det er berre eit fåtal WTO-medlemer som til no har ynskt å plikte seg på kulturtenester i GATS. Det er først og fremst USA, Japan og ein del land i Latinamerika og Asia som ynskjer å føre tingingar om bindande plikter på området.

Det har ikkje vore aktuelt for Noreg å tilby ytterlegare plikter i den pågåande tingingsrunden på kultur- og det audiovisuelleområdet. Tingingane på dette området vert òg oppfatta som svært sensitive i EU og ein del andre land. I dagens situasjon er det lite sannsynleg at desse tingingane vil munne ut i plikter som vil innebere endringar i norsk regelverk på området.

Regjeringa vil framleis arbeide for å tryggje nasjonale og regionale verkemiddel slik at oppnåinga av dei politiske måla på kultur- og det audiovisuelleområdet kan haldast oppe.

3.7.1 UNESCO og kulturelt mangfald

I kjølvatnet av Uruguay-forhandlingane har det vakse fram ei erkjenning av at kultur i global samanheng ikkje bør regulerast utelukkande i ein slik handelspolitisk og rettsleg samanheng. Dette førte mellom anna til ei UNESCO-erklæring i 2001 som slo fast at kulturprodukt og -tenester i eigenskap av å vere berarar av identitet, verdiar og meining ikkje kan sjåast på som vanlege varer. I Europa vedtok Europarådet ei erklæring om kulturelt mangfald med tilsvarande meining året før.

Slike erklæringar gjev likevel ikkje det enkelte land eit større handlingsrom i høve WTO. Som følgje av vedtak på UNESCO sin generalkonferanse hausten 2003, er det lagt opp til at ein internasjonal konvensjon om kulturelt mangfald kan bli vedteken på generalkonferansen i september 2005. Gjennom handsaminga av globaliseringsmeldinga har Stortinget slutta seg til at Noreg skal vere ein aktiv pådrivar i dette arbeidet.

Det vil vere eit poeng å få fram at kulturvarer og -tenester har både ei kulturell og ei økonomisk side. Tanken bak ein slik konvensjon er ikkje å redusere den internasjonale handelen med kulturelle varer og tenester. Det er viktig å formidle at ein slik konvensjon ikkje handlar om å stenge resten av verda ute, eller å reise proteksjonistiske barrierar. Siktemålet og perspektiva er tvert om kulturen si grunnleggjande rolle i samfunnet. Føremålet er å utstyre regjeringar med eit internasjonalt rammeverk for å sikre at eit mangfald av kulturelle varer og tenester vert skapte og gjorde tilgjengelege for publikum. Omgrepet kulturelt mangfald omfattar per definisjon at det eksisterer tilgang til eit variert kulturelt innhald, både heime og ute. Difor vil det vere naudsynt å sikre eit adekvat samsvar mellom denne konvensjonen og andre internasjonale avtalar, inkludert WTO.

3.8 Utfordringar for vidare utvikling av kulturbaserte næringar

Dei kulturbaserte næringane er samansette av svært ulike næringar med ulikt potensial og utfordringar. Dette inneber at ein må ta omsyn til dei ulike karakteristika som næringane har og dei kombinasjonane som finst lokalt. Det vil likevel vere mogeleg å identifisere nokre generelle utfordringar for kulturbasert næringsutvikling. Særskilde utfordringar innanfor ulike kulturnæringar vert nærare omtala i dei einskilde kapitla.

3.8.1 Skatte- og avgiftssystemet

Hovudprinsippa for skattesystemet er likehandsaming, breie skattegrunnlag og låge satsar, jf. mellom anna NOU 2003: 9 Skatteutvalet og St. meld. nr. 29 (2003-2004) Om Skattereform . Skattemessig likehandsaming mellom næringar er vesentleg for at investeringar skal kanaliserast til dei næringane og dei prosjekta der dei kastar mest av seg. Særordningar er generelt uheldig. Desse medverkar til å snevre inn grunnlaget og gjer det vanskeleg å halde låge satsar. Skattesystemet vert meir komplisert, uoversiktleg og kostbart å administrere, både for styresmakter, enkeltpersonar og verksemder.

Skattemessige særordningar er dessutan eit lite presist verkemiddel for å oppnå særlege næringspolitiske mål. Dersom ein ynskjer å tilgodesjå særlege føremål, er det normalt meir effektivt å støtte dei direkte.

Regjeringa har lagt fram framlegg om ei omfattande skattereform som skal fasast inn over tre år. Reforma byggjer mellom anna på eit hovudprinsipp for bedrifts- og kapitalskattlegging om å betre ressursutnyttinga gjennom meir einsarta skattlegging av næringsinntekter og lågare skattesatsar. Innføring av særlege skattetiltak retta mot enkeltsektorar vil bryte med dette.

Meirverdiavgift og kultur

I St.prp. nr. 1 (2004-2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak er det varsla at regjeringa vil kome attende med ei heilskapleg vurdering av meirverdiavgiftsplikta i kultursektoren. Dette er eit omfattande arbeid som det vert arbeidd vidare med i Finansdepartementet.

Tenester på kulturområdet er i dag i hovudsak utanfor meirverdiavgiftsområdet. Unnataket omfattar teater-, opera-, ballett- og sirkusførestillingar samt utstillingar i galleri og museum. Unnataket omfattar også konsertar, idrettsarrangement og inngang til familieparkar og opplevingssentra. I tillegg gjev meirverdiavgiftslova unnatak for kunstnarisk framføring av åndsverk og tenester som er ein integrert og nødvendig del av framføringa. Også tenester som omfattar omsetning frå opphavsmann ved eigen utnytting av opphavsrett til eigne litterære og kunstnariske verk og omsetning ved mellommann i opphavsmannen sitt namn kan vere unnateke meirverdiavgiftsområdet.

Dagens unnatak skaper fleire vanskelege grensedragningar mellom avgiftspliktig og ikkje-avgiftspliktig verksemd. Dette kom særleg til uttrykk då film- og kinoområdet vart teke inn i meirverdiavgifta frå 1. januar 2005. Dette skuldast at delar av filmbransjen delvis hadde avgiftspliktig verksemd, til dømes omsetning og utleige av video, medan delar av verksemda ikkje var avgiftspliktig, som til dømes omsetning og utleige av kinofilm. Dette innebar at til dømes filmprodusentar måtte fordele inngåande meirverdiavgift høvesvis mellom avgiftspliktig og ikkje-avgiftspliktig verksemd. Finansdepartementet vurderte det likevel slik at sjølv om ein burde vurdere meirverdiavgiftsregelverket for heile kultursektoren under eitt, ville innføring av meirverdiavgift på kino- og filmbransjen medverke til administrative forenklingar.

Finansdepartementet har starta eit arbeid med å gå nærare gjennom heile kultursektoren i forhold til meirverdiavgiftsregelverket. Kultursektoren er stor og mangslungen og kan omfatte alt frå utøvande og skapande kunstnarar, teater, konsertar og idrett. I utgangspunktet kan delar av denne sektoren vere godt eigna for avgiftsplikt. Dette gjeld teneste som står i eit rimeleg forhold til verdien av den tenesta som vert ytt, til dømes inngangsbillettar til konsertar og idrettsarrangement. På andre delar av kulturområdet som til dømes teater, opera og ballett er billettprisane vesentleg lågare enn produksjonskostnadene. Årsakene til dette er først og fremst at offentlege tilskot er ei viktig finansieringskjelde. Når slike tenester vert tekne inn i meirverdiavgiftsområdet, vil den kostnadsreduksjonen som vert oppnådd gjennom full frådragsrett for inngåande meirverdiavgift ofte verte større enn verdien av utgåande meirverdiavgift på vederlaget for tenestene. Meirverdiavgiftsplikt på desse tenestene vil difor medføre eit provenytap.

Sidan kultursektoren er stor og samansett, vil arbeidet krevje vanskelege vurderingar både økonomisk og juridisk. Særleg regelverket om omsetjing av opphavsrettar er komplisert og vil vere ein del av dette arbeidet. Eit slikt omfattande arbeid vil også krevje offentleg høyring. Regjeringa vil arbeide vidare med denne saka.

3.8.2 Finansiering

I Noreg er det ikkje ein generell kapitalmangel eller svikt i kapitalmarknaden. Innovasjon Noreg hevdar likevel at det finst ein svikt i kapitalmarknadene overfor særskilde grupper av bedrifter. Særleg utprega i så måte er skorten på risikokapital til innovasjon og entreprenørskap, noko som også vert påpeika i rapporten Kapitaltilgang og økonomisk styring (2004) frå Finansdepartementet. Dette råkar bedrifter innan kulturbasert næringsutvikling særleg hardt i sentrale strok, då desse i mindre grad vert prioriterte i konkurranse med meir FoU-baserte verksemder.

Innovasjon Noregs finansieringsrolle er tradisjonelt grunngjeven med svikt i kapitalmarknadene. For å fremje innovasjon møter Innovasjon Noreg ulike former for marknadssvikt i kapitalmarknadene gjennom å tilby og utvikle dei tenestene som mest effektivt møter avgjerande flaskehalsar. Flaskehalsane varierer med geografi, målgrupper og bransjar. Innovasjon Noreg meiner at marknadsgrunnlaget for prosjekt innan kulturbaserte næringar truleg er større i sentrale strok, og at det er lettare å skaffe privat finansiering i sentrale strok enn i rurale område. Innovasjon Noreg forvaltar flest midlar som er retta mot distrikta, medan det generelt er fleire prosjekt innanfor kulturnæringane utanom distrikta.

Dei midlane som er til rådvelde for enkeltprosjekt på kvart enkelt distriktskontor er avgrensa i høve til behov og gjev berre plass for dei prosjekta som vert vurderte å ha størst økonomisk utviklingspotensial. I høve kulturnæringane viser det seg ofte å ikkje vere godt nok grunnlag for å medverke med lån, ofte på grunn av svakt økonomisk grunnlag, høg risiko og dels også mangel på økonomisk sikring. Fleire kulturnæringsprosjekt har karakter av å ha driftsfinansieringsbehov. Innovasjon Noreg medverkar i liten grad med driftsfinansiering. Innovasjon Noreg skal gje støtte til prosjekt med høgast mogeleg økonomisk verdiskapingspotensial. I følgje Innovasjon Noreg har fleire av prosjekta innanfor kulturnæringane vanskar med å sannsynleggjere naudsynt framtidig inntening.

Innovasjon Noreg hevdar at det generelt er vanskeleg å reise privat kapital til kulturproduksjonar. Noko av årsaka til dette er at kulturnæringsprosjekt ofte har karakter av å vere «fellesgodetiltak», der inntekter ikkje nødvendigvis vil falle tilbake til investor. Privat kapital som vert nytta i slike samanhangar er ofte kapital som det ikkje er knytt normale kommersielle krav til avkastning til. Privat kapital føreset at det er ein rimeleg balanse mellom risiko og forventa avkastning. Mange av prosjekta i kulturnæringane vert vurderte å ha høg risiko, men lågt avkastningspotensial.

Innovasjon Noreg hevdar at det i all hovudsak er større risiko knytt til investeringar i kulturnæringar enn i andre næringar. Dette skuldast først og fremst at inntektsstraumen til desse næringane er meir usikre enn i tradisjonelle næringar. Mange aktørar etablerer seg innan til dømes film og musikk som underleverandørar av produkt utan at kundane og marknaden er klart nok definert. Ofte er den lokale, regionale eller nasjonale marknaden for liten, slik at ein må tenkje internasjonalt, og då stig automatisk risikoen.

I dag er dei finansielle verkemidla for kulturnæringane først og fremst kulturpolitisk grunngjevne, sjølv om desse også på ulike måtar og i ulik grad medverkar til å utvikle næringspotensialet i kultursektoren. I avgrensa periodar har ein også hatt selektive ordningar for kulturbaserte næringar innanfor det næringspolitisk verkemiddelapparatet, både som eigen programsatsing (1997-1999) i samarbeid med Norsk kulturråd og gjennom øyremerkte midlar (2003-2004). Eit oversyn viser at i 2004 gav Innovasjon Noreg tilsegn om lån og tilskot på om lag 87 mill. kroner til kulturbaserte næringar med dei same kodane for næringsgruppering (NACE) som vart brukte i kartlegginga av kulturnæringane i Noreg , jf. ØF-rapport nr. 10: 2004.

Nokre fylke har valt å opprette eigne satsingar på kulturnæringar og kulturbasert næringsutvikling. Enkelte har etablert eigne fond for kulturbasert næringsutvikling. Det kan sjå ut til at desse fonda generelt sett ikkje har dei same krava til lønsemd som Innovasjon Noreg eller same krav til avkasting som dei meir kommersielt funderte såkornfonda. Desse fonda har såleis eit breiare samfunnsøkonomisk føremål. Det kan generelt sett også sjå ut til at desse fonda legg vekt på å sikre både kulturfagleg og økonomisk kompetanse i fordelinga og prioriteringa av midlar. Mange kommunar og fylke vurderer no om det lèt seg gjere å etablere liknande fond eller andre former for avsetningar til kultur- og næringsføremål.

Boks 3.5 Cultiva

Cultiva vart oppretta av Kristiansand kommune for å sikre at delar av dei midlane som kommunen vart tilført ved sal av eigardelar i Agder Energi A/S, skal kunne tene ibuarane på lang sikt. Cultiva forvaltar i alt 1,44 mrd. kroner og realavkastninga vert brukt til utdeling. Føremålet med stiftinga er å sikre arbeidsplassar og gode levekår i Kristiansand ved å gje støtte til prosjekt, etablering av kunst-, kultur- og kunnskapsinstitusjonar eller organisasjonar som medverkar til nyskaping, utvikling og kompetansebygging i Kristiansand. Også kunnskapsinstitusjonar som utviklar kreativitet og nyskaping kan få midlar frå stiftinga.

Institusjonar eller organisasjonar som mottek støtte, må drive verksemd på kvalitativt høgt nivå til nytte for lokalsamfunnet. Cultiva kan gje støtte i form av tilskot, gunstige lån og i form av medeigarskap (aksjar). Dei fleste søknadene vert handsama på slutten av året, når den årlege avkastinga på fondet er kjend.

Boks 3.6 NESTA

I Storbritannia vart NESTA – The National Endowment for Science and the Arts etablert i 1998 med ein grunnkapital på GBP 200 mill. Grunnkapitalen vart auka til GBP 250 mill. i 2003. Grunnkapitalen er ei avsetjing frå National Lottery.

Gjennom ei rekkje programsatsingar gjev NESTA stønad til å utforske nye idear, utvikle produkt og tenester eller eksperimentere med nye måtar å utvikle kreativitet i vitskap, teknologi og i kunst.

NESTA går tidleg inn i prosjekta, og har eit langsiktig tidsperspektiv. Det vert investert i prosjekt som har kommersielle potensial, men ein legg i like stor grad vekt på den sosiale og kulturelle verdien av prosjekta. NESTA legg til grunn eit breitt innovasjonsomgrep der kulturelle og økonomiske verdiar vert sett på som like viktige komponentar i innovasjonssystemet.

NESTA er ikkje berre ein finansieringsinstitusjon, men spelar ei vidare rolle i arbeidet med å utvikle klimaet for kreativitet og innovasjon og endre haldningar og barrierar som er til hinder for at landets innovasjonspotensial vert utnytta.

3.8.3 Kompetanse, nettverk og infrastruktur

Kunnskap og kompetanse vert rekna som den primære innsatsfaktoren for innovasjon, konkurranseevne og verdiskaping. Ei heilskapleg satsing på kultur og næring tilseier kompetanseheving og kompetanseutveksling også innanfor dette næringsfeltet. Eit vilkår for dette er effektiv infrastruktur og tenlege informasjons- og nettverksstrukturar mellom ulike utviklingsmiljø, kunnskaps- og næringshagar, inkubatorar og forskings- og utdanningsinstitusjonar med røynsle og kompetanse på kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling.

Utdanning og forsking

Kulturnæringane er kunnskapsintensive næringar. Kunnskaps- og kompetansefremjande tiltak står følgjeleg fram som viktige. Det er både behov for fremje områdespesifikk og tverrfagleg utdannings- og forskingsinnsats og å stimulere samvirke mellom forsking, kompetanseutvikling og konkret utviklingsarbeid. Dette tilseier nært samvirke mellom utdannings- og forskingsinstitusjonane og kulturnæringane.

Det er særleg viktig å styrkje utdanning og kompetanseutvikling både innanfor kunst- og kulturfag og tilgrensande felt som til dømes teknologi, administrasjon, marknadsføring, produsentverksemd og entreprenørskap. Det er viktig at kompetanse- og utdanningsbehov innanfor kulturbasert næringsutvikling vert fanga opp av utdanningsinstitusjonane.

I eit næringsperspektiv er det særleg viktig at aktørar i kulturnæringane har god forretningsmessig kompetanse. Dette vil kunne hjelpe dei til å utvikle eit eventuelt potensial for lønsemd. Fleire universitet og høgskular har dei siste åra kopla kultur og næring meir eksplisitt, jf. nærare omtale i kap. 4. Dette kan på sikt medverke til å styrkje både den forretningsmessige kompetansen i kultursektoren og den kunst- og kulturfaglege kompetansen i næringslivet.

Forsking og utvikling er rekna mellom dei viktigaste kjeldene til innovasjon og langsiktig vekst. I regjeringa sin innovasjonsplan er det skissert ei rekkje tiltak for å medverke til å styrkje forskingsinnsatsen generelt, stimulere forsking og utvikling i næringslivet, auke kvaliteten og internasjonaliseringa i norsk forsking og fremje kommersialisering og samarbeid mellom kunnskapsinstitusjonar og næringsliv. Det er viktig at også forsking og utvikling knytt til kulturbaserte næringar vert fanga opp av desse tiltaka, og at også kulturnæringane vert stimulerte til å initiere prosjekt med FoU-innhald.

Det er viktig at kulturnæringane vert fanga opp av ulike forskingssatsingar innanfor og på tvers av kunst- og kulturfag, teknologi og økonomi. Det er trong for forskingsbasert kunnskap om produksjon, distribusjon og konsum innanfor dei kulturbaserte næringane nasjonalt og internasjonalt. Det er vidare behov for kunnskap om korleis verksemder og kreative miljø i grensesnittet mellom kultur og næring opererer og korleis relasjonar mellom kultur og næring fungerer.

Kulturen si rolle i høve til stad-, by- og regionalutvikling er også kompleks og variert. Det er ynskjeleg å frambringe meir og breiare kunnskap om dei ulike samanhengane og verknadene også på dette feltet. I eit komparativt perspektiv er det ikkje minst viktig å styrkje kunnskapen om kva som rører seg på kultur- og næringsfeltet i andre land.

Rapporten Kulturstatistikk – med vekt på næringsmessige og økonomiske tilhøve (2003) peiker på at kulturstatistikken bør utvidast og gje meir samanhengande informasjon også om næringsmessige og økonomiske tilhøve i kulturlivet. Rapporten legg til grunn at viktige strukturendringar i kulturlivet tilseier at ein generelt bør leggje meir vekt på å utvikle statistikk om tilbodssida på kulturfeltet, dvs. produksjon, distribusjon, omsetning og marknad. I den generelle kulturstatistikken vil ein i åra som kjem, i aukande grad få fram opplysningar som kastar lys over dei næringsmessige aspekta i tilknyting til kultursektoren.

For å utvikle ein treffsikker politikk er det òg behov for forskingsbasert evaluering av verkemiddel og empiriske analysar av korleis ulike verkemiddel fungerer i høve til måla.

Møteplassar og informasjonsverksemd

Det vert stadig sett sterkare søkjelys på utviklinga av kulturbaserte næringar og samspelet mellom kultur og næring. Aktivitetsnivået innanfor forsking, utvikling, planlegging og informasjon er omfattande. Det er ei utfordring å samle, leggje til rette og formidle kunnskap og informasjon til ulike målgrupper på ein tenleg måte. Ein viktig del av informasjonsverksemda vil vere å få fram kva for aktørar og miljø som arbeider på området. Dette vil igjen kunne medverke til at det vert etablert kontaktar og møteplassar.

Det skjer ei oppbygging av kompetanse gjennom kunnskapsparkar, utdannings- og forskingsinstitusjonar, fylke, kommunar og andre miljø. I Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd, SIVA og gjennom regionale partnarskap finst også offentlege verkemiddel som kan vere med på å utvikle feltet.

Forum for Kultur & Næringsliv er alt etablert som ein viktig møteplass for samspelet mellom kultur og næringsliv og har vore ein sentral aktør for informasjon og nettverksbygging mellom kulturliv og næringsliv i Noreg. Forum for Kultur & Næringsliv har vore svært aktivt, og har gjort mykje for utviklinga på feltet.

Etter kvart som det veks fram fleire miljø og aktørar på dette området, bør ein sjå nærare på korleis informasjonskanalane kan tilpassast kvarandre slik at ein kan få ein effektiv flyt av informasjon og eit meir gagnleg system der synergieffektar vert utnytta på best mogeleg måte.

3.8.4 Internasjonalisering og profilering

Internasjonalisering og eksport

Aukande internasjonalisering og rask kunnskapsmessig og teknologisk utvikling representerer store utfordringar for norsk næringsliv og kulturliv, men samstundes opnar dette handlingsrom på nye marknader og nye kunnskapsområde. Store delar av dei kulturbaserte næringane har eit stort internasjonalt vekstpotensial, med omsyn både til uttrykksformer, estetiske standardar, produksjons- og distribusjonsnettverk og marknad. I denne samanhengen vil kulturbaserte næringar kunne dra nytte av både det nærings- og innovasjonspolitiske, utanrikspolitiske og kulturpolitiske verkemiddelapparatet.

For nokre kulturbaserte næringar har utanlandseksponering ein direkte og viktig funksjon i innteninga, og næringane har viktige marknader i utlandet. Musikkbransjen er eit godt døme. For fleire norske utøvarar er utanlandsmarknaden for konsertar og platesal større enn heimemarknaden. Også andre bransjar, som til dømes arkitektur og design, vil auke sjansane sine for internasjonale oppdrag, produksjon og sal ved eksponering på viktige internasjonale arenaer. Slike oppdrag kan også medverke til auka vokster for norske underleverandørar.

For andre delar av kulturfeltet, som biletkunsten/visuell kunst og scenekunsten, er ikkje eksporten i seg sjølv ei så viktig direkte kjelde til inntening, med viktige unnatak for enkeltkunstnarar. Det internasjonale arbeidet har likevel ein viktig funksjon for verdiskaping i eit breiare og meir langsiktig perspektiv. Ei brei deltaking i internasjonal kunstdialog og formidling på desse felta er sentralt for utviklinga av feltet også i Noreg. Det er like viktig å ta i mot uttrykk utanfrå som å stimulere til internasjonale kontaktflater ute. Slik vert òg dei heimlege arenaene internasjonale og norsk kunst- og kulturliv vert ein organisk del av ein internasjonal marknad.

Distribusjon, informasjon, promotering og marknadsføring, retta både mot heimemarknaden og internasjonale marknader, vil vere avgjerande for å fremje utviklinga av dei kulturbaserte næringane. Det vert drive eit omfattande informasjons-, promoterings- og marknadsføringsarbeid nasjonalt og internasjonalt i ulike interesseorganisasjonar og verksemder som til dømes Musikkinformasjonssenteret (MIC), Music Export Norway, NORLA, Office for Contemporary Art, Norway (OCA), Norsk Designråd og Norsk Form.

Å sikre internasjonal distribusjon og marknadsføring er kostnadskrevjande og krev mellom anna at ein knyter kontaktar med distribusjons- og promoteringsnettverk i aktuelle satsingsland. Dette vil krevje ein innsats frå bransjane sjølve, interesseorganisasjonane og ei tilrettelegging av gode rammevilkår frå det offentlege si side. Det vil vere ei viktig statleg oppgåve å leggje til rette for internasjonal nettverksbygging gjennom ulike former for verkemiddel tilpassa dei ulike næringane. Det er viktig at dei statlege finansieringsordningane kan tilpassast dei aktuelle krava.

Dei teknologiorienterte kulturnæringane kan til ein viss grad fangast opp av eksporttiltak retta mot IKT-næringane. Dersom dei teknologiorienterte kulturnæringane ikkje i tilstrekkeleg grad vert fanga opp av eksporttiltak retta mot IKT-næringane bør det vurderast ytterlegare tiltak. Nærings- og handelsdepartementet er i ferd med å utarbeide ein strategi for auka IKT-eksport .

Innovasjon Noreg har god erfaring med nettverk i teknologiorienterte næringar. På feltet digitalt og mobilt innhald organiserer det no sjølvberande nettverket New Media Network store delar av bransjen og kombinerer møteplassfunksjonen med kompetansehevande og eksportfremjande tiltak.

Det kan vere tenleg å vurdere om det bør opprettast tilsvarande nettverk for musikkeksport og for spelutviklarar, distributørar og eksportørar. Måla om at nettverka over tid skal vere sjølvfinansierande bør oppretthaldast både av motivasjonsomsyn og for å sikre nettverka sin relevans. Samstundes bør innrettinga av slike nettverk for kulturnæringane ta omsyn til at mange små- og mellomstore bedrifter vanskeleg kan dekkje særleg store eigendelar i ein oppstartsperiode. Det er altså viktig å gradere eigendelane og å la nettverka få ei tilstrekkeleg lang løpetid før dei vert sjølvberande eller eventuelt nedlagde. Nærare innretning av nettverka bør utformast i samarbeid med bransjesamanslutningar og verkemiddelapparatet.

Kulturbaserte næringar i Noregsprofilering og omdømmepolitikk

Det vert stadig meir krevjande å hevde seg på internasjonale arenaer i ei meir globalisert verd. Samstundes er det klåre samanhengar mellom konkurranseevne og omdømme i utlandet. Noregs omdømme vert forma i eit totalbilete der politikk, kultur, næringsliv, turisme, forsking, design osb. er viktige element. Noregs omdømme kan difor svekkje eller styrkje Noreg sin samhandel og samarbeid med viktige utanlandske partnarar.

Ei rekkje marknadsundersøkingar internasjonalt viser at det generelle kunnskapsnivået om Noreg gjennomgåande er lågt, og at biletet av Noreg i utlandet er svakt og utydeleg. Ei viktig utfordring er difor å hjelpe til slik at Noreg framstår med ein klarare og sterkare profil. Samstundes er det viktig å tilpasse omdømmearbeidet til dei interessene for norske varer, tenester og kultur som finst i ulike land.

Kulturbaserte næringar er svært viktige i samband med utviklinga av norsk omdømmepolitikk, Noregs internasjonale profil og arbeidet med å knyte forretningskontaktar i utlandet. Gjennom presentasjon av nyskapande, kreative samtidsuttrykk på den internasjonale arenaen, vil dette spegle ein nyskapande og kreativ nasjon, som det er interessant å ikkje berre bli betre kjent med, men også samhandle med – det vere seg kulturelt, næringsmessig og/eller politisk. I framtida bør difor dei kulturbaserte næringane som ein del av norsk næringsliv vere ein integrert del av og få større fokus både i arbeidet knytt til statsbesøk og offisielle gjestingar til og frå utlandet, i profilering av norsk næringsliv og den meir generelle noregsprofileringa. Norsk mat og matkultur har dei siste åra kome inn som eit nytt og viktig element i noregsprofileringa og i marknadsføringa av Noreg som reisemål.

Eit positivt omdømme er viktig for ein nasjon og kan skape ringverknader som får konsekvensar for eit breitt spekter av samfunnsområde. Ein tydeleg, attraktiv og relevant profil kan medverke til å styrkje næringslivets marknadstilgang, auke eksportinntektene og skape interesse for norske kulturuttrykk. Det kan òg medverke til å styrkje biletet av Noreg som eit attraktivt reisemål og som land for investeringar i mellom anna kunnskap og kapital og for kommersialisering av forskingsresultat. Vårt høve til å få gjennomslag for politiske standpunkt vert også påverka av det generelle biletet av Noreg.

Fotnotar

1.

Kultur- og kyrkjedepartementet tinga studien av dei opphavsrettsbaserte bransjane i Noreg av Det finske opphavsrettsinstituttet. Arbeidet vart utført av Mediegruppa ved Senter for næringslivsforsking og -utvikling ved Turku handelshøgskule.

Til forsida