St.meld. nr. 5 (2000-2001)

Kredittmeldinga 1999

Til innhaldsliste

8 Verksemda til Folketrygdfondet i 1999

8.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23 - 11 fjerde ledd i lov av 28. februar 1997 nr. 19 «Om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som blei fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar mellom anna som følgje av at ein endra lova om folketrygd. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1999 blei sende til departementet i brev av 9. mars 2000, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

8.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 1999 er vist i boks 8.1.

Boks 8.1 Styret i Folketrygdfondet i 1999

Bjørg Ven, Oslo, leiar

varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo

Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar

varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen

Stein Blindheim, Molde

varamedlem: Linda Orvedal, Flåm

Anne Breiby, Ålesund

varamedlem: Kjell E. Helland, Ranheim

Tove Lehre, Lillehammer

varamedlem: Svein Kiran, Oslo

Per Arne Olsen, Tolvsrød

varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster

Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund

varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten

Oddvar Skaiaa, Grimstad

varamedlem: Johanna Myklebust, Blaksæter

Harald Ellefsen, Trondheim

varamedlem: Anne Berit Andersen, Søgne

Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år. Medlemmene Ven, P.G. Olsen, Blindheim, Skaiaa og Ellefsen er oppnemnde for perioden fram til 15. mai 2002, og dei andre medlemmene og varamedlemmene for perioden fram til 15. mai 2000. 1

Anna Kristine Jahr Røine fungerte ikkje i styret i perioden 18. oktober 1999 til 10. mars 2000, då ho var statssekretær for regjeringa Bondevik. Varamedlem Ola Prestegarden fungerte i hennar plass i denne perioden.

Administrasjonen i Folketrygdfondet har gradvis blitt styrkt dei siste åra ved ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 1999 hadde fondet 21 tilsette. Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet, medrekna husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 24,1 millionar kroner i 1999. Dette var 4,5 millionar kroner, eller 23 prosent meir enn i 1998. 2,2 millionar kroner av auken kjem av auke i lønskostnadene, som igjen hadde samanheng med auken i talet på tilsette. Fondet fekk i 1999 auka talet på stillingsheimlar frå 19 til 23 stillingar. «Andre driftskostnader» er den av dei andre enkeltkomponentane i rekneskapen som hadde mykje av auken (1,5 millionar kroner). Ifølgje fondet kom kostnadsauken i stor grad av store vedlikehaldskostnader til dei elektroniske informasjons- og styringssystema i fondet.

Finansdepartementet ser positivt på at Folketrygdfondet styrkjer mellom anna risikoovervakinga og systemet for risikostyring. Ein er innforstått med at ei slik opprusting krev ressursar. Departementet legg til grunn at Folketrygdfondet, med den opprustinga som fondet har gjort fram til no, er kome langt i dette arbeidet, og at kostnadsauken i tida framover ikkje blir så stor som han har vore dei siste åra. Departementet legg i denne samanhengen også til grunn at talet på tilsette ikkje skal stige vesentleg i tida framover.

8.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i fondet sitt regelverk.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder som følgjer:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer i selskaper notert på norsk børs og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992. Slike retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.

Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinjene, kvart år ramma for Folketrygdfondet sin auke i investeringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Folketrygdfondet kan på førehand kome med innspel til ramme. I brev av 5. januar 1999 til departementet foreslår fondet ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 2,5 milliardar kroner i 1999. Fondet skriv at «... det er av vesentlig betydning for FTFs avkastningsutvikling og plasseringsmessige handlefrihet under skiftende markedsforhold at en rimelig andel av den årlige kapitaltilvekst kan investeres i ikke-statlige verdipapirer (medrekna bankinnskudd). Samtidig vil en påpeke at den statlige andel av FTFs samlede plasseringer har vært økende over de senere år, hvilket - med de nåværende rammebetingelser for plasseringer i statlige papirer - innebærer at FTFs portefølje av verdipapirer har en vesentlig lavere likviditetsgrad enn hva som er ønskelig».

Finansdepartementet fastsette i brev av 12. februar 1999 ei ramme for private og kommunale plasseringar på 1,5 milliardar kroner, det vil seie ei noko lågare ramme enn den som gjaldt i 1998. Annan plasseringsauke skulle skje i statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Departementet legg i si vurdering av ramma vekt på at Folketrygdfondet sine plasseringar i den private marknaden i realiteten inneber at staten må auke si opplåning frå anna hald tilsvarande. Dette følgjer av at statlege budsjettoverskot blir kanaliserte til Petroleumsfondet, og at staten difor kjem til å ha monalege opptak av lån i tida framover, mellom anna knytte til refinansiering av eksisterande gjeld. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet i så fall med på å dekkje dei lån staten har bruk for. Departementet la i si vurdering også til grunn at Folketrygdfondet sjølv utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir kan auke sine nettoplasseringar i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen, ved å omplassere eksisterande bankinnskot og private og kommunale obligasjonar. Den øvre grensa for eigenkapitalplasseringar for Folketrygdfondet svara ved utgangen av 1999 til vel 23 milliardar kroner. Fondet sine eigenkapitalplasseringar var på same tid på vel 13 milliardar kroner, mens dei samla plasseringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var på meir enn 26 milliardar kroner.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av stats- og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån. Som ei oppfølging av vedtak i Stortinget, foreslår Regjeringa, i samband med Nasjonalbudsjettet 2001, å gi Folketrygdfondet høve til å kjøpe aksjar notert på børs i Sverige, Danmark og Finland, jf. kapittel 3.5.2 i Nasjonalbudsjettet 2001.

8.4 Folketrygdfondet sin balanse i 1999

Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1999 var 71,9 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris), eller 64 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1998 var 66,1 milliardar kroner, dvs. 63 prosent av dei samla plasseringane.

Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 25,7 milliardar kroner ved utgangen av 1999, mot 26,4 milliardar kroner ved utgangen av 1998. Dette svara til høvesvis 23,0 og 25,2 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 922 millionar kroner ved det siste årsskiftet.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 (1990 - 91) og Innst. S. nr. 228 (1990 - 91)). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei, jf. over, utvida frå 15 til 20 prosent av fondet sin forvaltningskapital ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1998 23,1 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 13,6 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 52 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis knapt 0,4 milliardar kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 11,8 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1998 til utgangen av 1999 med 1,5 milliardar kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1999 på 19,9 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 6,3 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente, ikkje utbetalte renter utgjorde 8,4 milliardar kroner ved utgangen av 1999.

Folketrygdfondet sine aksjar på Oslo Børs utgjorde om lag 3,2 prosent av heile børsen i 1999.

8.5 Resultatet til Folketrygdfondet

Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. medrekna urealiserte vinstar) var i 1999 på 9 314 millionar kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 8,4 prosent rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året. Avkastninga i 1998 var på 0,1 prosent. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 1999 på 4,4 prosent, mens avkastninga på aksjar var på 35,4 prosent. Dette var 10,1 prosentpoeng svakare enn avkastninga til totalindeksen på Oslo Børs. Den viktigaste grunnen til mindreavkastninga var ifølgje fondet at kursen til dei enkeltselskapa fondet er tyngst inne i, hadde ei svak utvikling i 1999, til dømes Nycomed, Storebrand, Rieber & Søn, Hydro og Orkla. Fondet understrekar at desse investeringane må sjåast i eit langsiktig perspektiv.

Folketrygdfondet hadde frå 1993 til utgangen av 1999 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på vel 19 prosent, dvs. om lag eit prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for børsindeksen. Den lågare avkastninga i denne perioden kjem av mindreavkastninga i 1999. I 1998 hadde fondet 3,3 prosentpoeng betre avkastning enn totalindeksen på Oslo Børs.

Samla renteinntekter i 1999 var 6 607 millionar kroner, mens motteke aksjeutbytte var på 329 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 2 199 millionar kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 4 317 millionar kroner på aksjeporteføljen og -2 118 millionar kroner på dei resterande verdipapira.

Setninga «Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning» i § 5 i reglementet for Folketrygdfondet (jf. punkt 8.3 over) blei vedteken av Stortinget i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2000. I Revidert nasjonalbudsjett 2000 står det mellom anna:

«Folketrygdfondet skal ut fra retningslinjer fastsatt av Stortinget opptre som en finansiell investor, og investere på bakgrunn av forventet avkastning og risiko. I denne sammenhengen er det ønskelig og naturlig at det utvikles mer systematiske retningslinjer for hvor stor risiko fondet kan ta. Dette kan for eksempel gjøres ved at det settes en grense for hvor store avvik det kan være mellom fondets faktiske plasseringer og en nærmere bestemt referanseportefølje. Et slikt mål, relativ volatilitet, er også satt for Statens petroleumsfond og er nærmere beskrevet i Nasjonalbudsjettet 1998. Det er imidlertid naturlig at Folketrygdfondet gis vesentlig videre rammer enn Petroleumsfondet for hva som bør aksepteres av forskjeller i risiko mellom faktiske investeringer og referanseporteføljen. Dette har bl.a. sammenheng med at Folketrygdfondet er en forholdsvis stor aktør i det norske markedet, og at mulighetene til enhver tid å tilpasse seg til referanseporteføljen er begrenset.

Vurderingen av ulike referanseporteføljer og risikomål må ha en faglig forankring i Folketrygdfondet. Det institusjonelle rammeverket mellom Finansdepartementet og Folketrygdfondet gjør det naturlig at Finansdepartementets oppgave er å påse at Folketrygdfondets styre etablerer et risikostyringssystem.

<...>

Folketrygdfondet har i brev av 4. april 2000 til Finansdepartementet skissert et opplegg for hvordan et risikostyringssystem kan utformes. Brevet følger som trykt vedlegg til denne meldingen. Folketrygdfondet skriver i brevet at totalindeksen på Oslo Børs vil benyttes som referanseportefølje for aksjeplasseringene. Fondet skriver videre at

'Styret i FTF er innstilt på at relativ volatilitet blir tatt i bruk som et ledd i fondets risikostyring i kombinasjon med allerede eksisterende rammer og retningslinjer <...>. En finner det naturlig at det etter hvert som fondet opparbeider mer erfaring med bruken av relativ volatilitet i risikostyringen, blir vurdert om det vil være formålstjenlig å endre risikorammene og den øvrige rammestyringen.'»

Aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet i forhold til totalindeksen på Oslo Børs på 4,4 prosent i perioden 1995 - 1999. Fondet sin portefølje av renteberande papir hadde i same periode en relativ volatilitet på 0,4 prosent målt mot ein samansett referanseportefølje, mens totalporteføljen til fondet hadde ein relativ volatilitet på 0,8 prosent.

Fotnotar

1.

Medlemmene Breiby, Lehre, P.A. Olsen og Jahr Røine og dessutan varamedlemmene Søviknes og Prestegarden er i 2000 blitt oppnemnde for ein ny periode på fire år. Varamedlemmene Helland og Kiran er samstundes blitt erstatta av Ernst Wroldsen og Ingvild Strømsheim Vold.

Til forsida