St.meld. nr. 5 (2000-2001)

Kredittmeldinga 1999

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 1999

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak og forsikringsmeklarar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører òg tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapslova § 13, og med verksemder til filialar av kreditt- og finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir òg ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingar om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd.

Else Bugge Fougner, nestleiar i styret, blei i 1999 friteken frå sitt styreverv. Fram til dette hadde ho permisjon. Asbjørn Rødseth blei i brev av 27. august 1999 oppnemnd som nestleiar i styret. Same dag blei Hilde Myrberg oppnemnd som ny styremedlem og Morten Berg oppnemnd som andre varamedlem. Fagdirektør i Noregs Bank, Asbjørn Fidjestøl, var observatør til styret, med fagdirektør Trond Eklund som varaobservatør.

Styret i Kredittilsynet er etter dette samansett som vist i boks 5.1.

Boks 5.1 Styret i Kredittilsynet

Professor dr. juris Erling Selvig, leiar

Professor Asbjørn Rødseth, nestleiar

Advokat Eli Aas

Direktør Kolbjørn Almlid

Advokat Hilde Myrberg

Varamedlemmer:

Direktør Lisbet Hjort (første varamedlem)

Avd. direktør Morten Berg (andre varamedlem)

Representantar for dei tilsette:

Rådgivar Aud Kogstad

Rådgivar Kjell Engen

Rådgivar Gry Hege Karlsen (t.o.m. 24.09.1999)

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s 61):

«Ved utgangen av 1999 var det 149 fast tilsatte i Kredittilsynet, mot 139 ved utgangen av 1998. Av de fast tilsatte var 52 prosent kvinner.

Kredittilsynet har generelt sett tilfredsstillende tilgang på gode søkere, spesielt nyutdannede fra universitet og høgskoler. I tillegg legges det vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene. Når det gjelder tilgangen på kandidater med denne bakgrunnen og noen spesielle utdanningsgrupper, blant annet aktuarer, er likevel situasjonen noe mindre tilfredsstillende.»

Kredittilsynet overtok tilsynet med rekneskapsførarar (autorisasjonsordninga) frå 1. januar 1999. Sjølv om det blei gjort enkelte forenklingar i regelverket, har forvaltning og tilsyn synt seg særs ressurskrevjande, og meir enn det ein opphavleg rekna med.

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 95,7 millionar kroner, ein auke på 10,0 prosent frå 1997. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Til forsida